Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Hush little Norway

Publisert 2011-07-10 10:40:02, sist endret 2011-08-27 13:45:32

Hush little Norway

- Anne Brown i Porgy and Bess med urpremiere 1935
Verda blir dikt... Verda sett frå Noreg minner om klassiske skildringar av imperialismen. Statsselskapet Statoil kan brukast som døme på norsk offisiell økonomisk politikk, nemleg ved å herje og røve fritt rundt i verda etter ressursar. Forsvaret i Noreg, det norske forsvaret, er blitt eit åtaksmillitære og lite anna. Og dette byrja tydeleg for Norges del med NATO-åtaka mot Jugoslavia og mot taliban i Afghanistan for 10 år sidan eller så.

Men med verda kan vi gå lenger tilbake i tid, og flytte ca førti år i det politiske rundt på kloden. For eit dikt som heilt nyleg sto i trykt Klassekampen 8. juli 2011, skrive av Einar Økland, det kom første gongen sommarstid fram gjennom laussals-avisa Dagbladet 27. juli 1972 (opplyser forfattaren om). Og diktet lyder:



(Norwegian version)


Summertime – and the livin’ is easy
Bombs are falling
And the pilots are high
Uncle Sam is rich
And his war is good-lookin’
So hush little Norway
Don’t you cry

One of these mornings
You’re gonna rise up fightin’
Then you’ll spread your wings
And you’ll take to the sky
But till that morning
There’s a-nothing can harm you
With US and NATO
Standin’ by


God og trygg med US og NATO? Neppe... Det er mykje ein kunne sagt om diktet. Uncle Sam is rich? Ja. Og borgarskapen og statsborgarskapen er filtra inn i kvarandre uavhengig av alle grenser, på grunn av børsane og investeringane i verda.

Den originale og kjende teksten «Summertime», til jazzlåta med same namn, er frå operaen Porgy and Bess. Youtube har opera-opptaket frå 1940 der Anne Brown syng Bess si rolle: Summertime .




Ps 31. juli:
Denne artikkelen blei skriven av meg og lagt ut 10. juli. Noreg er ein imperialistisk stat. Så kjem dette forferdelege tolv dagar seinare, terroråtaka frå høgreekstrem(e) på regjeringskvartal og ungdommane i AUF. Og styresmaktene og kongehuset i landet saman med folk flest reagerer på desse åtaka med å søke felles sorgarbeid og ved å ønske seg meir av open og vennleg norsk innanrikspolitikk, og slett ikkje dei omfattande politistatmetodane som USA utvikla etter 11. september 2001.

Eit spørsmål melder seg med ein gong: Kvifor er det akkurat i Noreg at det høgreekstremistiske slår til med attentat på det parlamentariske demokratiet? Ei feilvurdering gjort av høgreekstreme? Kanskje. Dette kan - får ein håpe - den vidare etterforskinga som politiet gjer, saman med meir og betre politietterforsking internasjonalt, finne svar på.

Iallfall tyder den enorme interessa internasjonalt for: 1) desse høgreeksstreme terroråtaka i Noreg 22. juli og: 2) vår reaksjon etterpå på at landet Noreg må vere viktig.