Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Dikt som pageturner

Publisert 2011-07-01 10:36:41, sist endret 2011-07-08 13:43:09

Dikt som pageturner

Pål Angelskår debuterer med dikt
Eg får ti bøker frå biblioteket i hendene. Til låns. Det er ti diktbøker som nyss er komne til biblioteket for registrering. Eg stokkar bøkene og mønstrar dei. Her er alt. Den mest morosame å sjå på, alt frå omslaget, er Pål Angelskårs bokdebut: I sommer skal jeg gifte meg med Cecilie. Men eg tenkjer på sosiale media når eg les, og eg tenkte samtidig på konkretistisk readynade når eg såg denne boka og blei glad.

Og når eg set i gang med å lese dikt 1 først og dikt 2 deretter, så tar det eine diktet det andre, og dette er ikkje korte dikt, dei fleste lengre enn ei side. Og boka syner seg å vere ei ”pageturner”-bok, som ein seier om fascinerande romanar. (Og da meiner eg heller ikkje det nye lesetreningsprogrammet på nettet, Pageturner.)

Ja, eg tenkte på forskjellige nyare bøker om identitet. Eg tenkte på Ingrid Z Aanestads første setning i romandebuten hennar, eg tenkte på Ruth Lillevolden sin diktdebut med lange dikt (og Oslo-miljø), og etterkvart tenkte eg aller mest på Levi Henriksen sin uredde diktdebut frå i fjor. Også Pål Angelskår - slik Levi Henriksen gjer det - tematiserer dei tre generasjonane . Hos Engelskår vil dette seie ein ung son på 5, faren hans på veg imot dei 40 - slik eg tolkar det - pluss denne faren sitt tilhøve til generasjonen over.

Skilnaden mellom dei to er at der Levi Henriksen inkluderer kona si (i den mellomste generasjonen), der inkluderer Pål Angelskår dei ulike kompisane, og det skal han ha betaling for.

Slik er første dikt i I sommer skal jeg gifte meg med Cecilie, diktet Oslo-Kristiansand:



han våkner idet bussen
stopper utenfor enda en bensinstasjon
Fokserød denne gangen
hvor er mamma nå, spør han?
Jeg vet ikke, svarer jeg
og jeg vet ikke

fem timer på bussen
en time for hvert år
lener panna mot glasset
i fjor ville det ikke gått

utenfor er det sommer
når man er fem, er det ute man skal være
når kroppen din ikke er noe du bærer med deg
men noe du tilfeldigvis lever i
overraskelsen over å kjenne sin egen tyngde
setet som knager mot rumpa

han er fem
og finner alltid noe å løpe ettter
for det er han som har’n
og byttet er rett der borte
nei, pappa, der!
på den andre siden av ruta
ute i verden
der man kan bade litt lenger
fiske en krabbe til

du er flink, sier jeg
til hva da, spør han
blikket hans finner noe nede på gulvet
til å sitte stille, skulle jeg sagt

hvor var det mamma skulle hen, spør han
jeg har jo sagt at jeg ikke vet, sier jeg
pekefingerhøyt
han ser meg rett inn i øynene
vurderer meg
vet du ingenting, eller?

Jeg venter ganske lenge før jeg svarer



Dette er vakkert om foreldre/ barn. Stilen i dette diktet blir vidareført utover i boka, og motiva vidareførte, og dette smakar bra. Fremst merkar eg meg brukt tre motiv i dikta: tilhøvet til kompisar, tilhøve mellom far og son og tilhøve mann kvinne slik eg-personen opplever det. Tema er heile tida kjærleiken.

Folk vil kritisere at dikta handlar om det dei handlar om. Eg vil ikkje bli forbausa om bl.a dette skjer. Folk vil ta imot det kollektive og nye. Enkelte forvaltarar vil kritisere på vegner av deira poetar, som har skrive i tusen år om mann utan andlet og mann utan born og foreldre og utan kompisar. Men eg ler av ein kritikk som vil alvorleg skulde Pål Angelskår for å vere banal eller altfor fanga i ”intimssfæren”. For akkurat dette er poeten nemleg ikkje, nei han er frisk ideologisk utoverretta og moralsk kjenslevar og har plenty av konkret stoff og nye ting i dikta. Les og opplev sjølv.