Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Politiovervaking av intellektuelt arbeid?

Publisert 2004-11-19 13:03:21, sist endret 2015-03-27 13:41:24

Politiovervaking av intellektuelt arbeid?

.....Politiets overvakingsteneste....
I 1966 kunne ein journalist, på grunn av lekkasje, avsløre at Cornelis Vreeswijk blei overvaka. No etter 37 år har den interne kjelda i over-vakinga stått fram offentleg og stadfesta påstanden. I Aftonbladet for 3. og 4. mars og i Aftenposten for 3. mars går det fram korleis Säpo overvaka svenske artistar, forfattarar og intellektuelle.

Bibi Andersson, Monica Zetterlund, Pär Westberg, Allan Edwall, Sara Lidman, Joachim Israel, Lille Bror Söderlund blei overvaka på jobb. Eg finn dette oppsiktsvekkjande på alle måtar.Minst fire sjefar og med-arbeidarar i Svensk radio og TV var agentar for overvakingspolitiet og leverte rapportar om arbeids-kollegaene sine. Fleire hundre tilsette i SR/ SVT skal ha blitt registrerte.

Kvifor skjedde dette? Den svenske overvakinga rettferdiggjorde desse handlingane politisk i høve til moglege kommunistiske sympatiar hos ofra. Så langt Aftonbladet og Aftenposten.

Er det grunn til å tru at liknande overvaking har utvikla seg i Noreg? Eg har ikkje finkjemma Lund-rapporten, men delar av mappa mi som eg har fått frå Innsynsutvalet, tyder på generell overvaking av Forfattarsentrum.

Og politiagentar har overvaka kulturelle arrangement og rapportert om programmet. Eg har heilt frå ung-domstida forstått det naudsynte for staten i å overvake spionasje og andre alvorlege kriminelle handlingar; men den «verda» som blir rulla opp ved McCarthy-tida i USA, omkring Säpo i Sverige og rundt den politiske overvakinga i Noreg etter krigen, har ikkje noko med dette naudsynte å gjere. Like lite som Lund-rapporten fann skuldige på den norske venstresida, fann McCarthy nokon «uamerikansk» person gjennom det hysteriske korstoget mot mange amerikanske kunstnarar og intellektuelle.

Etter at eg gjekk ut med opplysningane mine om overvakinga av Forfattarsentrum, har eg blitt kontakta av forfattarar med utfyllande stoff frå deira mapper. Inntrykket mitt frå samtaler til no er at dei fleste for-fattarane som har søkt om innsyn i mappene sine, ventar på tur til å motta det som etter kvart blir frigjort til innsyn. Men dokument frå mappa mi tyder på at ungdom generelt og lærarar generelt har blitt sett på som strategiske grupper å overvake. På liknande vis som i Sverige vil eg tippe at mediafolk, intellektuelle og forfattarar i Noreg har vori utsette.

I Aftenposten nyleg (22.8) går det fram at den dominerande kulturpolitikaren Morten Falck i 1972, aktiv m.a. i Profil frå 1969, blei oppsagt som typograf/grafikar i Aftenposten. Oppseiinga var reint politisk, melde avisa sjølv til overvakinga. «Det er ikke fremkommet noe klanderverdig ved ham for så vidt gjelder arbeidet,» skreiv avisa sjølv til POT. Oppseiinga av Falck blei heldigvis avverga av at arbeidskameratane gjekk til «sit down» og ville vite grunnen til overvakinga. Aftenposten skryt i dag av Falcks store arbeid i avisa og har påskjøna han. Så langt Aftenposten.

Forfattaren og kunstnaren Synnøve Persen, som t.d aldri har vori med i noko politisk parti, blei overvaka av POT straks ho hadde teikna eit utkast til det samiske flagget - i 1977. Ho var med i Samisk kunstnergruppe i Masi, som også blei overvaka. Dette går fram av mappa hennar, etter avisa Nordlys .

Sjølv om utskriftene av mappene hos overvakingspolitiet er forma som ei slags personleg sak mellom individ og innsynsutval, vil eg meine at dette som forfattarane er blitt utsette for, ikkje er ei privatsak, meir eller mindre tung å bere og leve med, men noko som organisasjonane våre må ta tak i.

Vi må få innsyn ikkje berre på individuelt plan, men også i emnemappa på organisasjonen Forfattarsentrum. Sakshandsaminga i innsynsutvalet må ikkje dragast ut i tid. Det må opnast for at nye folk som vil ha innsyn i mappa si, skal kunne få det. Staten må også kunne koste juridisk bistand til dei som krev innsyn og dei som krev erstatning. Dette er rett og rimeleg.


(Denne artikkelen blei først publisert i Forfatteren nr 3/ 03 på side 35. Der finn du også, på sidene 36-37, den kristne pasifisten og forfattaren Gerd Grønvold Saue sin rapport om overvakingspolitiet, slik mappa hennar (frå 1959 og framover) må tolkast - og etter dette hennar uoverstigelege problem med å få jobb igjen som journalist i store aviser og i NRK.)



- - - - - - -
Etterskrift:

I det følgjande er både pkt 1. og pkt 3 fjerna frå nettet (iallfall pr 23/3-2014)

1. Ønskjer du å sjå på den delen av mappa mi hos overvakingspolitiet som handlar om overvaking av både lærarar og av Forfattarsentrums Vestlandsavdeling? Gå i gang. Enkelte av personnamna i teksten her har staten retusjert bort. Nokre andre personar er retusjerte bort av meg/Organisasjonen mot politiovervaking, som fekk leggje denne delen av mappa mi ut på OPO.

2. Og berre sjå, for nettstaden OPO har samla inn forbausande mange avisartiklar frå Noreg og Sverige, og mange linkar til temaet politisk overvaking. Men temaet politisk overvaking av kunstnarar og intellektuelle har ikkje kommi opp i full breidd enno, men ventar på ei grundigare, felles handsaming.

3. Eit intervju med meg (26/3 2003) om overvakinga som blei avslørt frå mappa mi, finn du snøgt ved å trykkje på Klassekampen. (Der får du også med kommentarar frå Wenche Blomberg/ OPO.)

4. Endring av namn: Det som tidlegare var kjent som POT (O=overvaking), er blitt avløyst av noko i dag som er døypt «Politiets sikkerhetstjeneste», forkorta PST.





Ps 26/3-08
om folka: Frå filmen Persona (1966) har (hadde) You Tube snuttar av Bibi Andersson og Liv Ullmann ... Her er songarinna Monica Zetterlund i Ein gång i Stockholm . Litt mindre skjønnsong enn hos Monica har Allan Edwall i Rasmus på Loffen .





Og eit ps september 2011:
Her hos Torstein Finnbakk rapporteres om dikt frå Helgeland som blei overvaka .