Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Jan Erik Vold som avantgardist

Publisert 2011-03-15 10:17:14, sist endret 2014-03-13 20:14:42

Jan Erik Vold som avantgardist

Kunsten i Noreg blei opptatt av helikopter under Vietnamkrigen - .
Forskinga på poeten Jan Erik Vold er aukande. Jubileumsbok nr 2 om Jan Erik Vold (passert 70) er også gjeve ut. Redaktørar er Ole Karlsen og Thorstein Norheim. Boka har fått tittelen «Volds linjer». (Forlag er: Unipub.) Den første jubileumsboka var Varmestafetten (redaktør var Bendik Wold). Vi kjem tilbake til innhaldet i Volds linjer. Her publiserer eg på nettet min eigen artikkel frå boka. Eg ser over Jan Erik Vold som avantgardist. (Ti år tidlegare, da Jan Erik Vold var tema på Flisa-festival, medverka eg med ein analyse som legg større vekt på at Vold sine 1960-talsbøker er versjonar som han jobba med parallelt, sidan eg kjende han i samband med Kommet forlag hausten 1966 .)


Den følgjande artikkelen heldt eg opphavleg som eit foredrag 13. november 2009 på Litteraturhuset i Oslo. Seinare er teksten blitt språkleg omarbeidd for å kunne trykkjast i bokform. Utgangspunktet var Jan Erik Volds 70-årsdag, og eg opna foredraget mitt med å seie at den beste gåva som jubilanten Jan Erik Vold kunne få til fødselsdagen, var kanskje alt gitt under feiringa i oktober - med boka Varmestafetten.


***

Boka Varmestafetten – ordet er lånt frå eit av Volds dikt – fokuserte på Jan Erik Volds kykelipi. I det litterære tidsskriftet Profil nr. 1/1967 kunne ein lese følgjande «kunngjering», eit demonstrativt enkelt dikt av Jan Erik Vold:

Mitt nye dikt

Mitt nye dikt
begynner slik.
Siden fortsetter det
med noen linjer til
og når jeg synes
det er langt nok
sier jeg stopp.
Slik blir da
mitt nye dikt.

Dette diktet fekk ein naturlig plass i samlinga kykelipi to–tre år etter den demonstrative offentleggjeringa i tidsskriftet Profil. Her er eit anna og stuttare døme frå kykelipi
:
Ønsker de fellestransport? Ja/Nei

Spørsmålet er ein såkalt readymade, døme på noko lånt og ”ferdiglaga” (eller det ser ut som det er lånt) frå skilt, reklame eller liknande, deretter er det sett inn i ein litterær samanheng (som ei diktsamling er), altså ein litterær readymade. Ein readymade er element som blir valde ut frå kvardagen og får stå for seg sjølv med meining, overflata er nokså uendra av kunstnaren (bortsett frå plasseringa). Denne sjangeren er ein slektning eller nabo av montasjen og i seg sjølv ein montasje i kontekst (som eg kallar det).

Like gjerne kunne eg hoppe til det stadig populære diktverket Mor Godhjertas glade versjon. Ja. For her heiter det – med ei ”stensilert helsing” – langt inne i diktet ”Folk”:

”KJÆRE URANIENBORGER!
I Uranienborg menighet bor det nå ca 13 000
mennesker. Forbindelsen mellom Kirken og
den enkelte er ikke alltid god nok.
For å kunne tilby kontakt vil en utsending fra
menighetsrådet ringe på døren hos Dem en
gang i neste uke.
Med hilsen”

Og framhaldet av diktet ”Folk” kommenterer denne helsinga slik: ”– å jo, folk fins og folk / har sitt, jeg minnes Tobit fra Indonesia, min romkamerat […]”

Her er denne meldinga frå Uranienborg kyrkje altså montert inn i diktet. Vi merkar oss igjen at det er montasje, også i Mor Godhjerta. Det er rett og slett mykje montasje ved dette verket. Montasjen av Uranienborg-folka er del av ein brodd mot sinte sosialistar, poeten sjølv irekna.

No tar eg føre meg Jan Erik Vold som avantgardist. Og eg kallar Jan Erik Volds avantgardisme for den avantgardistiske flaumen i Noreg, ikkje minst som ei følgje av den journalistiske farsarven hans, med reiser og engasjement, og Jan Erik Volds svenske og amerikanske påverknader tidlegare på 1960-talet gjennom lengre reiser og opphald. Sverige og USA var avantgardistiske land for kunsten i ei avantgardistisk tid, kan ein seie svært forenkla; Noreg hadde ei samanpressa avantgardistisk tid.

Kva tyder avantgardistisk? Avantgarden er fortroppen. Opphavleg er uttrykket militært. Og opphavet kan vere nyttig å tenkje på når vi vurderer den krafta og sjølvkjensla ein treng for å vere ein verkeleg avantgarde.

Hos Jan Erik Vold blei internasjonale avantgardistiske strategiar prøvde ut i stor breidd i 1966, spesielt i manusform, om ikkje alt med ein gong i dei to verka som han gav ut i 1966, blikket og HEKT. For landet vårt har Jan Erik Vold likevel brukt avantgardistiske strategiar gjennom eit svært langt tidsspenn, og dette trur eg vil komme fram i studiar etter kvart. Her prøver eg å sjå på rolla hans i den første, viktige fasen av forfattarskapen, det vil seie fasen frå debutboka mellom speil og speil (i 1965) til samlinga spor, snø (i 1970). Vi kunne leggje til innsatsen i tidsskriftet Profil her, og innsats gjennom aviser, platedebut, store opplesingar i auditorium og i media. Alt dette heng saman, og det går føre seg parallelt.


***

Søkjelys vil eg spesielt setje på ein tidleg korrigeringsdel, ein frigjerande korrigeringsdel i forfattarskapen og verksemda hans elles. Korrigering skapte opningar for han til mange kantar. Alt eit par år før vi treftest i 1966, hadde Vold korrigert dei opphavlege dikta som skulle bli mellom speil og speil. Han gjorde tekstane sine annleis visuelt og transponerte dei til figurdikt, logisk nok ut frå temaet.

Eit av dikta som skulle komme i debutboka, korrigerte han via utbygging og repetisjonar til å bli det lange permutasjonsdiktet blikket. Også dette hadde skjedd før vi trefte kvarandre og seinare saman gav ut blikket på eit nytt, «eige forlag», døpt Kommet forlag, hausten 1966; dette var etter at manuset til blikket var refusert av hans eige forlag, ifølgje forfattaren. Og blikket var ikkje berre det einaste ”datamaskinverket” i norsk litteratur. I forfattaren si raske og intense opplesing lydde det rytmisk som ein trommesolo. Forskaren Walter Baumgartner (2000) har forska på Vold og jazz og meiner blikket minner om Max Roach.

Da er vi samtidig inne på Volds nybrottsarbeid med å knyte dikt ikkje berre til fjern, opphøgd, klassisk musikk, men til nyare jazz og rett folkeleg jazz, eit sprang for musikk og poesi som var på tide i Noreg, må vi seie. For Vold kan dette sterke tilhøvet mellom musikk og poesi - og tilhøvet mellom populærkultur og moderne poesi - klart tilsvare og forsvare trekk frå montasje i kunsten.

I 1966 hadde Jan Erik Vold lese og sett dikta mine i handskriven form, og det var han som gjorde framlegg om at BOK, som blei debuten min, skulle givast ut på Kommet forlag i handskrift, altså med mi handskrift, noko som innebar både ei Voldsk korrigering og ei vidare konkretgjering av dikta mine; alle dikta låg føre og var nye for alle, stort sett også for meg personleg.

Volds korrigeringsarbeid hadde verkeleg mange sider. Det største korrigeringsarbeidet skjedde under skrivinga av Mor Godhjertas glade versjon. Ja. I dette verket er det mykje nytt, det er éin ting, og det er spesielt mykje tekst, omfattande og frodig, vilter tekst, det er det andre. Vold prøvde dessutan å stå fram som godmodig i dette verket, iallfall godmodig i det ytre uttrykket, noko som var ei sterk og nesten naturstridig øving for representanten for den framstormande kritiske ungdomsgenerasjonen.

Ein stor del av korrigeringa undervegs i skapingsprosessen kan lesast direkte ut frå sjølve verket, dette var eit viktig poeng; slik vi alle med tunge moderne tradisjonar i målarkunst kan oppfatte prosessar gjennom målarstroka i bileta. (Målarprosessar blir sette på spissen i action painting hos Jackson Pollock.) Men noko parallelt med «action» i målarkunst har ikkje vore sterkt framme i moderne norsk poesi.

Godhjerta skulle vere godhjerta. Den store endringa i enkelte delar av Volds verk korrigerer seg sjølv i konseptuell Godhjerta-retning. Det lange ”Kongediktet – for tredje gang”, som mellom anna handlar om den seine forlovinga mellom Harald og Sonja, er forsynt med ein ”fortale” til diktet. Her heiter det at ”[…] opprinneleg ble det / skrevet sommeren 66 og er lest høyt én gang i Kunstnernes Hus / på en aften der i forbindelse med Moderna Muséets besøk / samme høst; annen versjon ble så, etter å være refusert // i Aftenposten, lagt frem i PROFIL 2/68 noe revidert [...]”. Og deretter held diktteksten fram, med poeten sine ulike motførestellingar, ramma inn av enkle hakeparentesar og innanfor der igjen av doble hakeparentesar. Dette trekket skaper liv, det skaper autentisitet, det skaper truverde.

Inger Hagerup skreiv ein gong eit dikt om sitt eige ”forkasta” dikt, som lesaren kan studere den nye utgangen på. I Jan Erik Volds svært kjende Mor Godhjertas glade versjon. Ja finst noko liknande, til dømes ”Trikkeskinnediktet”, og elles bryt forteljaren stadig inn i dikta sine for å korrigere seg, for å korrigere seg ut av eldre, humørlaus seiemåte og gammal stivna stilart, for å frigjere seg frå abstrakt og usann framstilling. Konkret er det store og avgjerande honnørordet. Og han gjer det med ærleg andlet og letta hjarte, som alt saman smittar over på den glade lesaren og lyser opp den kritiske lesaren. Avantgarde kan for guds skyld også vere moro. Ja, kan det stemme? Denne korrigeringa sitt omfang har ikkje vore lese og forstått nok.

Boka blei vel feillesen av somme ansvarlege: Endeleg (etter fire bøker)! – trudde dei mange nøgde – hadde forfattaren angra seg og endra personlegdom og kall. Så kom kykelipi året etter, i 1969, som eit sjokk eller eit tilbakeslag eller noko uforståeleg og nokså skuffande. Først no kom diktet ”kulturuke” i bokform. Heile kykelipi kan lesast som konseptkunst, viser Bendik Wold i jubileumsboka Varmestafetten, og han viser til stor internasjonal parallellitet i og med kunstverda.

I 1969 hadde kykelipi rolla som sjølve avantgardeverket i norsk poesi. Boka var samansett av demonstrativt kortare dikt, slik vi såg eit par døme på, av fragment, alt er uvanleg ope og ”ufullenda”, og boka var slett ikkje småsnakkande instruksjonar og instruksar til lesaren, slik som ein stor del av dikta i Mor Godhjerta fridomsleg var.

Poenget mitt her er likevel at dei konseptuelle kortare dikta i 1969 stammar frå om lag same tid som langdikta i Godhjerta, same tid som dei såkalla haikudikta i spor, snø (1970) og same tid som mykje av det andre mangearta som poeten skreiv i 1966; da han hadde ein plan for sju bøker; dette var noko han nemnde i ein samtale med meg på Briskeby dette året. Og sju bøker blei det etter tur, pluss BusteR brenneR som kom ut enda ei tid etter desse sju.

Noreg kjenner etter kvart til Volds mangeårige kamp for modernistiske poetar. Med andre ord: Medan Vold i år etter år streva for å gi modernismen ein rettmessig plass i nasjonen, jobba han samtidig for å sprengje modernismen sine rammer, alt frå første stund i 1960-åra. Blei dette for innvikla for oss alle?


***

DET FINNES INGEN TRYGGHET, skriv faktisk Jan Erik Vold i 1968:

Det finnes ingen trygghet. Røyken
stiger opp av husenes skorsteiner, sirlig grå

mot himmelens blekblå, så er røyken
ikke mer, skal aldri være mer, om så husene

står der og skorsteinen står der og røyk
vedblir å stige. Selv har du vel iblant

stanset opp – i en park, på en plass, foran
ditt eget vindu – og sett dette: Du vet

at det finnes ingen trygghet. Det fins røyk.
Dikt.

Diktlandskapet i Godhjerta er mangfaldig og stort. Det siterte diktet lyder nært opptil tonefallet under høgmodernismen i Noreg. Eg tenkjer på Gunvor Hofmos tidlege dikt ”Det finnes ingen hverdag mer”, og eg tenkjer på Erling Christies dikt ”Verden består”. Hofmo og Christie er elles to døme av mange på poetar som Vold set pris på og har jobba samvetsfullt for.

Dødsdiktet – eller like gjerne einsemdsdiktet – ”Det finnes ingen trygghet” står ikkje i ei av dei fire store underbøkene i Mor Godhjerta, men i ei eiga kortare avdeling som heiter ”Byen H” (kva ”Byen H” tyder, veit eg ikkje heilt). Eg tar med dette diktet og siterer det for å vise kva Jan Erik Vold bala med samtidig i arbeidet med komposisjonane sine. Tenk på at Mor Godhjerts glade versjon. Ja også romma dikt som var refuserte frå avisene, slike som det svært konkrete og framfor alt openhjartige ”Funny”, som er eit paradedikt i dag.

Volds kampanje for å ordne opp i modernismen skjedde aller mest i essayistikken, må eg vel seie. Avantgardist er han aller mest i poesien, i sin eigen skapingsprosess, ein prosess som ofte er svært innretta på den aller nærmaste samtida og internasjonale litterære utfordringar og førebilete og former i denne samtida.

Frå Varmestafetten låner eg følgjande frå Jørgen Magnus Sejersted: ”Nei, kan noen peke på noe dristigere og mer radikalt i norsk poesi – politisk og formmessig – enn JEVs politiske diktning på 1990-tallet?” Dette spørsmålet frå Sejersted høyrer med i biletet av Jan Erik Vold, poeten som går imot tidsånda og diktutgjevingane (på 1990-talet) og innimellom tillèt seg åtak langt inne bak fienden sine liner.

Ja, eg har trekt fram montasje fleire gonger. Montasje er eit av grunnprinsippa for avantgarde-kunsten, seier Peter Bürger. Og han har nok rett. Historisk var det noko brått og kraftig i montasjen, og det må også vere noko brått og kraftig i seinare montasje for å fortene merkelappen avantgarde.

Kva er avantgarde? spør ”Nettverket Norsk avantgarde”, som er etablert dei aller siste åra og snart kjem med sine første resultat. Definisjonen på avantgarde hos ”Nettverket” er følgjande:

”Sentralt i avantgardismen står formeksperimentet og bruddet med kunstens tradisjonelle fremstillingsformer, samt en fundamental kritikk til kunstinstitusjoner og samfunnssystemer”.

Denne definisjonen er vel grei å bruke. Eksperiment og brot, kritikk av institusjonar og samfunnssystem - desse fire hovudpunkta passar godt på avantgardisten Jan Erik Vold.

Gjeve desse fire hovudpunkta: Dermed er avantgarde aldri berre éin persons forteneste eller berre éin persons jobb. Samtidig kan ikkje neoavantgardisme vere nokon godt opptrakka sti. Ei presisering frå meg trengst her: Kva som kan gå for å vere formeksperiment og brot med tradisjonelle former i kunsten, har endra seg og vil endre seg.

Berre éin persons jobb? Går vi til poesien i 1960-åra, var ikkje Vold heilt aleine om ei konseptuell tilnærming, om vi til dømes ser blant dei yngre i Profil-generasjonen. I Noreg var Dag Solstad tidleg ute med prøver i konseptuell og nyenkel kortprosa; slik kom samlinga Svingstol (1967) som eit pionerarbeid. Og Paal-Helge Haugen gav ut ein poetisk roman, Anne, basert på klart oppfatta diktmontasje. Dette skjedde jo same året som Mor Godhjerta kom ut, og begge bøkene blei publikumsyndlingar, noko som berre provar at avantgarde ikkje alltid er for dei få.

Trass i enkelte likskapar mellom poetar rundt Profil i 1960-åra er det likevel mykje som skil Jan Erik Vold ut som avantgardist. Eg har her særleg tatt føre meg korrigeringsstrevet internt i dikt og i verk han har skrive. Det finst ei parallell utoverretta korrigering rundt arbeidet hans med å trekkje fram norske lyrikarar frå samtida. Eg meiner at også dette arbeidet hans er prega av avantgardisten Vold. Avantgardismen er eit samanbindande trekk ved forfattaren.

For eit par år sidan sende Vold meg ”Volds-posten”, dette var fotostatkopiar av Volds ca. 40 innlegg, intervju og avisinnsatsar og politiske utspel i 2007. I eit intervju mellom desse fotostatkopiane gjekk det fram at poeten aldri fekk noko tilbod frå Dagbladet om å bli litteraturmeldar. For dette tilbodet kunne han jo godt ha fått og dermed blitt litteraturkritikar med inntekt.

Dei andre sentrale redaksjonsmedlemmene frå 1966 fekk jo prompte freistande jobbtilbod frå Oslo-avisene, som dei takka ja til. Solstad raste inn i Arbeiderbladet, Obrestad inn i Aftenposten, Einar Økland inn i VG, og prosaisten Espen Haavardsholm kom inn i Dagbladet som 22-åring, meiner eg å hugse. Om Vold hadde fått tilbod frå Dagbladet, ville han nok sagt ja, forsto eg av intervjuet frå 2007.

I så fall hadde vi hatt ein aktiv og stor litteraturkritikar, trur eg, med fastare inntekt enn han fekk (aviskritikk var mykje betre betalt den gongen). Iallfall ein litteraturkritikar som nasjonen hadde fått god bruk for. Men Vold fekk heller velje vegen som reisande sceneartist og reisande avantgardist og opplysar med den strategiske oppgåva å vere nasjonsbyggjar, altså fullføre den nasjonen som klassiske poetar hadde meir eller mindre skapt eller starta på. (Denne norske tradisjonen er også Jørgen Magnus Sejersted er inne på i Varmestafetten.)

Her ser vi at avantgardisme kan ha samband med det som blir ein hovudstraum i den historiske utviklinga.

Eg har pukka på alt det ulike litterære stoffet som poeten skreiv ned og skreiv vidare på i 1966. Året før byrja amerikanarane å pøse på med fleire soldatar i Vietnamkrigen og trappe opp bombinga over jungelen. Denne utviklinga vekte ein ungdomsgenerasjon rundt om i store delar av verda til solidaritet med frigjeringsfronten i Vietnam. Krigen, som liknar ein del på Afghanistan i dag, førte til dikt på dikt frå Vold frå 1965 til 1967. Poeten formulerte altså ulike reaksjonar som utløyste veksande engasjement. Nasjonsbyggjing? Ja, for nasjonsbyggjing fører historisk med seg å reagere på imperialismen internasjonalt.

Også dei mange fredsdikta hans høyrer med når vi ser på kva poeten og strategen Jan Erik Vold hadde føre seg dette året, og også kva som kom ut av det.

Over sine ”dype depressive drag” (uttrykk frå eit dikt henta etter minnet) la Jan Erik Vold det største presset på seg sjølv og skapte ei konseptuell ”Mor Godhjerta”, som eg har brukt som hovuddøme mellom andre døme på avantgardisme hos forfattaren.


***

Om kjeldene:
Artikkelen er opphavleg skriven som foredrag, derfor går eg ikkje detaljert inn på kjeldene mine utover ein presentert ny analyse av dikttekstar og det å lese montasje i kontekst. Eg byggjer vidare på kjelder som eg fann fram under arbeidet med artikkelen ”Jan Erik Vold og Jan Erik Vold” frå 2000, denne artikkelen ligg ute på nettet . Ein artikkel av meg i tidskriftet Kuiper nr. 1/2005 om trekk som kjem tilbake i poesiestetikken, med lesing av Vold-dikt, ligg ute på nettet. Elles viser eg til boka etter Vold-seminaret i 1999 på Flisa og generelt til delar av den nye Varmestafetten, mellom anna Karin Haugens bidrag der. Opplysninga om refusjonen av det datamaskinaktige blikket er sjekka med Vold via e-post i oktober 2010. Kommet forlag var inspirert av Åke Hodells forlag i Stockholm, Kerberos Förlag, skreiv Vold.




Etterpåklokskap 23/11-2011



A. Ved lesinga av VOLDS LINJER


Etter diktarjubileum og bokutgjevingar byrjar forskinga i Norden å bli saman om å trenge inn i fenomenet Jan Erik Vold. Grunnen til at inntrenginga går noko seint, er nok ikkje vond vilje, men at dei vanlegaste forskingsmetodane i dagens litteraturkunnskap ikkje svarer til Vold som forskingsobjekt og at mange andre fagfelt enn litteraturvitskap er like så relevante - .

Om (hovudsakleg) den danske historievarianten: Vold er «tredje fase modernisme»:

Denne termen er ikkje dårleg, i og med at ingen annan forfatter i Noreg passar så godt til (eller omsluttar) definisjonen på tredje fase modernisme som nettopp Jan Erik Vold. Men Noregs litteratur følgde ikkje så nøye denne fasen. Louise Møgster har ein interessant og god artikkel om fenomenet Vold i Volds linjer. Men: «Den glade modernisme» er likevel ikkje heilt god tittel meint på Volds heile 1960-tal eller generelt på Vold (sjølv om tittelen er meir morosam enn «tredje fase osv»).

Da eg fekk spørsmål om å ta for meg Vold, tykte eg at eg måtte snakke om og skrive om Jan Erik Vold som avantgardist. For ingen annan norsk forfattar passar så godt til definisjonen på avantgardisme. Spesielt om vi tenkjer på volum i verksemda og når vi også tar alvorleg Volds 1990-tals dikting (med politikken), så blir all avantgardismen hos forfattaren påtrengjande - .

Artikkelen min i Volds linjer er ikkje først og fremst lesing av eit enkeltverk som Mor Godhjerta, men heller ein artikkel om avantgardismen i Noreg - ved kjende Vold-verk, og spesielt ved hovudverket som ikkje er lese som avantgardisme før. I Mor Godhjerta - slik som i andre av Volds verk på 1960-talet - er det nettopp Vold som innfører heilt nye ting i norsk litteratur. Tinga er direkte nye for Noreg, sjølv om utlandet har vore der før, eksempelvis ved Appolinaire, John Cage, Öyvind Fahlström eller Klaus Rifbjerg osv. Det er noko heilt anna energisk å gjere figurdikt, datamaskindikt, «tørre» ready mades, det nyenkle og jazz & poetry for kongeriket Noreg enn i føregangslanda rundt oss.



B. Noko om litteraturen i prosjektet NORSK AVANTGARDE


Slik det går fram av verket si innhaldsliste, så rommar studia to djupdykk i litteraturen. Dette er:
1) Om Kommet forlag og tidsskriftet Profil.
2) Om Stuntpoetane.

Kva finn vi når det gjeld Kommet forlag og 1960-åra?

Interessant å merke seg er at Jan Erik Vold, når han blir spurt om sine tidlege gode kontaktar i Sverige, så mins han ikkje at han såg på verksemda si som avantgardistisk. (Sjølv etter fleire inngåande spørsmål i intervjuet med Per Bäckström). I mitt tilfelle, i artikkelen min , går det fram at eg ikkje hadde rukke å plukke opp førebilete i litteratur frå Sverige/ Danmark før eg gav ut BOK. Inspirasjonen hadde runne annanstads frå, nemleg frå musikk, biletkunst. (Og aktuell fransk og polsk eller italiensk film, trur eg.)

- I artikkelen min frå Volds linjer (kom i vår), «Jan Erik Vold som avantgardist», vurderte eg Vold som ein sterk avantgardist, ikkje berre med eit par bøker, men også sterk avantgardist i den svære og populære Mor godhjertas glade versjon. Ja. For å grave dette fram, har eg lese verka ut frå graden av montasje og montasje i kontekst (og andre relevante kriterium).

- Men tankegangen generelt hos Vold, var likevel å bøte på manglar i - og vurderinga av - den norske poesien frå det førre århundret. Tykkjest det som. Dette ligg fast om ein skal stole på svara hans i 2011 til Norsk avantgarde og dertil vere interessert i heilskapen hos denne produktive forfattaren.

- Dessutan blir det vel meir og meir tydeleg, tykkjer eg, at «avantgarde» har ikkje heilt same tyding hos viktige aktørar i Noreg som hos viktige aktørar i Sverige & Danmark. La likevel ikkje definisjonsbruken skjerme for inngåande lesing av verka.