Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Dugnad - å gjennomføre dikt

Publisert 2011-01-29 11:05:46, sist endret 2011-08-23 18:26:14

Dugnad - å gjennomføre dikt

Paal Bjelke Andersen m/ Dugnad
Paal Bjelke Andersen går opp igjen vegane i poesien gjennom debutboka si Dugnad, og han gjer dette spennande, reisa blir spennande.

Her er uvanlege ting: Parallelle forløp med liten vald og tatt direkte korrespondanse på ei enkelt side. Montere noko frå notida til utvalde hendingar som har hendt dei siste femti åra. Kva frå notida? Jo, Afghanistan-nyhende; ofte «foto», til dels propaganda-foto, får ein tru, frå ISAF og Forsvaret og frå meir eller mindre krigslojale internasjonale pressebyrå. Denne stripa, nede på kvar einaste bokside, syner seg etter kvart å vere rett og slett bilettekstar frå foto i Aftenposten sitt store nettarkiv.

Utporsjonert altså, på ei løpande smal stripe nede på både omslaget og på kvar einaste bokside utan unntak. Den samla informasjonen hos Paal Bjelke Andersen fortell at Noreg er i krig, om enn full krig langt unna våre eigne fjell.

Dette er kraftig montasje, sjølv med tida som er gått sidan avantgarden sine sterke tider. Montasjen hos Bjelke Andersen minner om tidsskriftet Profil i slutten av 1960-åra, her er avansert sitatbruk. Også i sjølve hovudteksten, midtteksten på boksidene i Dugnad, er det sitat, store og små sitat. Så boka må lesast med tanke på at tekstdelar er lånte formuleringar.

1. Boka startar demonstrativt med langdiktet Til folket, som synte seg å vere svære sitat frå ”De norske statsministrenes nyttårstaler 2000-2010”, dette blir omtalt bak i den 192 siders diktsamlinga. Nyttårstalane, spesielt dei delane som dreier seg om krig og flyktningar, blir handsama og omskrive til lyrikk i sju heilt ulikt redigerte bolkar. Dette kan høyrast enkelt ut å seie. Men som bokmeldar må eg i første omgang gjøre reie for kva slags tekst vi har med å gjere, korleis det kan bli å lese.

2. Han bruker også si eiga røyst eller sitt eige poetiske utgangspunkt:

Jeg føler at jeg kan åpne hjertet mitt, bitene er på plass nå.

Dette er noe av det jeg føler.

Og så føler jeg meg nær naturen.

här är ett rum. Det är helt litet. Ansvaret.

At jeg må presse stemmen for å lage en lyd som føles.

Navnet lyder annerledes på det språket.

Jeg føler at krigen i Afghanistan er en krig.


Språkundersøking også i og gjennom Bjelke Andersens eigen stil.

3. Forfattaren går tilbake og rundt og lagar collage av røyster på bokmål, dialekt, nynorsk, dansk og svensk. Heile verket Dugnad rommar 14 langdikt eller lange dikt. På side 186 går det også fram kor fleire av tekstane har vore publiserte tidlegare, i nordiske tidsskrift og katalogar.

4. Frå før har forfattaren vore ein av dei store introdusørane i Norden av samtidspoesi. Han debuterer i lyrikksamlingform med sin eigen lyrikk på det ferske, men ekspenderande og allsidige forlaget Flamme Forlag.

5. Selvportrett som Arild Asnes (s 90) ser ut som komprimert roman. Tilslutning, ikkje avstand. Igjen minne om: Sitatbruken for dei store dikta er forklårt bak i boka, dette ser ein etter kvart, og opplysningane styrer lesinga vidare. Eg spør meg fleire gonger under lesinga kor langsamt eller hurtig skal ein lese dikta i denne boka, omgåast denne type dikt med sitat og realopplysningar. Dessutan kjem mykje vellykka konkretisert arbeid frå forfattaren til, slik at boka fortener fleire lesingar enn dei aller mest tilfeldige ein hektisk kvardag - .

6. Notida er, i teksten, 2010, og boka blir avslutta 25/8, dvs. litt langt uti året i fjor. Diktet Kapitéler syner at boka sitt sentralpunkt dreier seg om: Oslo (Oslo i Noreg). Han svarer i Kapitéler på den visuelle Oslo-poeten Ottar Ormstads Telefonkatalogdiktet frå 2006, både i metode og verknad, og dreg Ottar Ormstad inn i norsk lyrikk.

7. Ikkje så få ord i diktet Folkets røst står utheva med feit skrift, som om ein hadde ei lærebok i hendene. Dette framhevar det didaktiske i denne poesien. Nok eit verkemiddel ein kan sjå på som lån frå dei seine 1960-åra, teknisk og ideologisk.

8. Forfattaren fangar venleik i vanleg snakk og i språket sine ulike stillag. Venleiken i dei ulike røystene - og i dette at ulike røyster skiftar og møtest - .

9. Heile boka avsluttast med diktet Navnet – et dikt for høytlesning på norsk, dansk eller svensk, noko som syner seg å vere ei stor afghansk sivil namneliste med færre nordiske namn i.

Før namnelista kjem denne teksten:

En verden
hvor forsvaret af vores sikkerhed
starter fjernt fra dansk jord.

*

Vi måler ikke suksessen med antall drepte på den andre siden.
Den vitenskapelige verdien er så liten at vi ikke bruker de tallene.
Det er kultur for å bære vekk sårede og døde så raskt som mulig.
Det blir heller ikke kontrollert nært for å bekrefte tap.
Vi vil aldri helt vite hvordan fakta er.
Da måtte man ha fulgt opp med varmesøkende kameraer.

*

Sverige gör skillnad i Afghanistan.

Dugnad byggjer på sterke dokumentariske element gjennom research, og boka sameiner både seint 1960-tal og tidleg 1970-tal i Noreg med utgjevingar frå det siste tiåret. Sjølv har eg sett ikkje så lite notidig poesi her i Noreg, men inkje som dette. Kanskje viktigast ved denne utgjevinga er at forfattaren med Dugnad syner oss tydeleg det fellesprosjektet som poesi er - og som dokument vitskap er.





Ps 23/9:
I sommar publiserte tidsskriftet Vagant si melding av boka, der danske Tue Andersen Nexø les Dugnad som poetisk konseptualisme og kjem ut med eit heilt anna resultat enn mitt.


.