Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Folkedikt som juledikt?

Publisert 2010-12-18 15:04:09, sist endret 2011-02-16 17:39:30

Folkedikt som juledikt?

Ha god jul i London - . Foto: LUKE MACGREGOR/REUTERS
Eg som administerer ein diktnettstad, møter kvar desember – og faktisk alt midt i november – ein ovstor etterspurnad etter juledikt. Søkeorda på ”juledikt” slår tidleg ut alle andre diktbehov og diktønsker på nettet. Og eigentleg finst det vel få uttalte svar på dette - utanom velbrukte gamle julesongar og julesalmar...

Derfor vil det vere opp til meg å sjå etter kanditatar i diktvrimmelen som eg kjem innom. Eg tenkjer: Det er da bra at dikt blir etterspurd. Og etterspurnaden syner kor mykje den sterke juletida har å seie for folk, for dei mange, mange.

Eg trur at eg straks vil bla opp ei bok som heiter Dainas. Dette er folkepoesi frå Latvia, ein sjanger som er blitt brukt av kvinner spesielt. Her er første prøve:

Også katten ba til Gud
når den vesle jenta fødtes
for når hun skal mjølke kyr
lar hun pusen slikke bøtta.


Forma er enkel, som du ser, men ikkje derfor mindre vanskeleg å overføre og setje om frå latvisk til norsk. Det er Erling Kittelsen som har gjort arbeidet her, nærmare 240 dainas. Ei prøve til:

Kjære gamle kjerringkrok
sangen din er jammen vakker
gjennom lunden slentret jeg
tok deg for ei purung jente.


Rytmen er ein god og mykje brukt trokeisk rytme, men utan enderim. Kittelsen er ekspert på slike rytmar, og han har elles i år gitt ut si eiga bok med tittel Diktet løper som en by. Kanskje ønsker dei som er på nettet og søker, eit juledikt med nettopp enderim, slik julesongane frå gammalt av er? Det får bli deira sak. Dei latviske folkedikta kom elles 1996 i norsk bokform. Boka kom med dette aktuelle korte diktet om midtvinter og folk:

Sol, du steig seint på himlen
Hvorfor drøyde du i morges?
stoppet opp et tak bak berget
for å varme tiggerunga.


Ja, var ikkje også dette eit aktuelt juledikt? Før dei ca 240 korte gjendiktingane står eit interessant forord. I tillegg til å vere ein svært produktiv forfattar er Erling Kittelsen også ein lærd mann, og ein person som har mykje kontakt med utanlandsk litteratur og med utlendingar gjennom mange år. Mitt siste døme her frå folkepoesien er:

Glad i hugen vil jeg leve
for mitt liv er ikke langt
ikke lenger varer det
enn en sommermiddagsstund


Men må det vere folkedikt for meg? Vi kan gå over frå folkedikt til dikt skrive av kjende forfattarar. Her er eit slags juledikt skrive av Rudolf Nilsen, for mange herrens år sidan, om flagga, der forfattaren har brukt gode enderim og eit anna versemål enn i dei fire latviske dainas over. Men det eg blir aller mest slått av i Flaggene, er forfattaren si skarpe argumentering og heilskapelege samla resonnement.


Det vaier så mange slags faner på jord
for frihet og rett,
de mette, tilfredse og selvgode ord
som skinner av fett.
De vaier for rettens og frihetens ånd,
for Eidsvoll, Bastillen og Washington.

De heises på alle de høieste hus,
på storting og slott.
Så kan de bli sett selv av fattige lus,
og det er jo godt!
For ellers så vilde de neppe ha sett
det spor til vår frihet og rett.