Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Litteraturen sine vilkår debattert

Publisert 2010-11-24 18:50:20, sist endret 2011-02-16 18:16:25

Litteraturen sine vilkår debattert

Foto: LUKE MACGREGOR
Den norske Forfattarforeining hadde tromma saman til medlemsmøte med invitert panel. Stikkord: Nisjer – bloggarane overtar. Stikkord: Kommersialiseringa i dagspressa. Stikkord: Det elektroniske innrykket. Jo, eg var der (men trur ikkje eg høyrde rett på det siste stikkordet).


Olemic Thomessen

Helst ville DnF hatt kulturministeren der. Ministeren hadde også Olemic Thomessen ønskt, Thomessen er framståande medlem i kulturkomitéen på Stortinget og representant for Høgre på møtet. Anne, sa han vendt til Anne Oterholm, som er leiar for forfattarforeininga: ”Verkemidla i kulturpolitikken har til no vore vellykka.”

Han tenkte vel på innkjøpsordninga av ny norsk litteratur til biblioteka og på stipendordningane, på gratis utlån i biblioteka eller på alle typar klassiske verkemiddel. Dei blei innførte av det regjerande Arbeidarpartiet i si tid, hugsar eg. Men no var Olemic Thomessen uroleg for at Anikken Huitfeldt og Arbeidarpartiet etter jul vil fjerne fastprisen på fagbøker.

”I sak etter sak er det DNA som liberaliserer og opnar slusene.” Han hevda at kulturdepartementet er «det minst viktige for kulturen no». Og han rekna opp fem departement som hadde oppgåver som gjorde dei viktigare for kulturen enn Huitfeldt sitt.

Kva med Høgre? Høgre går for momsfritak på e-bøker. Thomessen (H) spådde eit ”nytt regime” for aviser og media, og da forsto eg at det var DNA som ville stå for det nye regimet.

Elles var representanten ein ihuga tilhengjar av norsk medlemsskap i EU. Med medlemsskap så kunne Noreg påverka mange direktiv på ein annan og betre måte, forklarte han. Eg noterte at han tør iallfall flagge dette EU-standpunktet sitt. Flagge kan også eg tore: Eg er imot norsk medlemskap i EU.


Paneldebatten

Etter at Olemic Thomassen hadde rådd grunnen aleine, på grunn av ein manglande Anikken Huitfeldt, var det paneldebatt med tre innleiarar. La meg også referere nokre hovudpunkt for desse tre innleiarane: Rune Bjerkestrand, Karin Haugen og Jo Randen.

Bokbloggar Rune Bjerkestrand fortalde at blogginga skjedde i fritida hans. Han starta med ein bokhandlarbakgrunn, seinare blei han rein lystlesar. Og han skriv om det som han likar. Rekna seg ikkje som kritikar. ”Pressa driv med noko anna...” Dessutan tok han ikkje imot bøker frå forlaga, ville heller kjenne seg uavhengig. På nettet las han Bokelskere.no, fortalde han.

Karin Haugen redigerer på heiltid bokbilaget til Klassekampen. Avisa bruker mykje ressursar på bokbilaget, fortalde ho. Og som ei mindre avis kan ikkje Klassekampen økonomisk tillate seg å gå på nett. Ho hadde ikkje noko imot bokbloggarane, men skilde skarpt mellom dei og litteraturkritikken, som ho forsvarte (i denne samanhengen). Noko eg trur fall i god jord hos Forfattarforeininga. Haugen kritiserte kulturredaksjonen i Dagbladet fordi nettavisa hadde etterspurt 300 bokmeldarar for «engasjement». Og personleg ”skydde” Karin Haugen dei sosiale media, men ho la ut både musikk og fotografi på nettet, vedgjekk ho.

Jo Randen... forsto eg ikkje så mykje av, eg byrja da å bli lite fokusert. (Jo Randen representerte i kulturredaksjonen i Dagbladet). Dessutan måtte eg forlate lokalet for andre gjeremål.


Etterpåklokt 24/11-2010

Eg trur at Forfattarforeininga er på sporet etter noko viktig og at Karin Haugen gjer rett i å forsvare litteraturkritikken i avisene. Svært ofte tar litteraturkritikken heilt feil, men den er ein arena for idéane. Og denne arenaen er nødvendig for litteraturen, meiner eg da. Om dei sterke idéane vitnar både mangfaldet av fortida sine bøker og mangfaldet i den myldrande utanlandske litteraturen.

Det finst nok mindre enn 40 ”literaturvitarar” tilsette i dagspressa, tippar eg. Dette blir for lite imot alle dei yngre menneska som har gått på skriveskolane og meir eller mindre blitt skjønnlitterære forfattarar eller som i det minste har studert det teoretiske universitetsfaget litteraturvitskap. Om denne samla veksande gruppa kastar seg på nettet, så blir det ei heilt anna kraft i litteraturfeltet enn det bokbloggane er blitt hittil.

Og korleis det går med Dagbladet sitt opplegg, står igjen å sjå.