Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  1960-åra fyller 70 år

Publisert 2010-10-03 10:29:02, sist endret 2012-07-23 08:57:54

1960-åra fyller 70 år

Eldrid Lunden starta det praktiske med forfattarutdanning i Noreg.
(Til Eldrid Lunden)


Det er 1960-åra som fyller 70 år. Upresist å seie det, kanskje, når menneske fyller år. Men eg skal forklåre kva eg meiner. Enkelte årtider er meir av tidsskiljer enn andre, men dei består sjølvsagt av menneske som er prega av og har prega si tid, i dette tilfelle snakkar vi om menneske som blei medvitne og aktive med idéar i 1960-åra.
(Denne artikkelen står i ei festbok for Eldrid Lunden ved feiringa av fødselsdagen hennar oktober 2010.)

Dette har noko med skoleungdom å gjere, mange fleire i landet skulle ha utdanning og gå vidare til topps, iallfall eventuelt heilt til topps. Opplysninga i folket auka på den måten, i breidda. Og til dømes opplysninga om (den eldre) imperialismen blei spreidd saman med mistru til regimer generelt, styresett både i aust og i vest. Alt blei tatt godt imot av ideologiglad ungdom.

For Amerika og Europa gjorde auke og rørsle i dei krigsfødde og etterkrigsfødde ungdomsmassane at unge i større grad klarte å få sleppe til med idéar ut på 60-talet, ikkje berre med ungdomskultur men med almenne demokratiske idéar. Anten ungdommane var småbrukardøtre eller andre arbeidsfolk eller dei kom frå mange utdanna krinsar. Eldrid Lunden var ein av dei. Eg var ein av dei. Sjølv byrja eg på vidaregåande skole (gymnas) i 1960, i ein flokk frå Elverum med bygdene ikring, som ein utvald mindre prosent av heile årskullet for distriktet. Prosenten i landet auka sterkt utover tiåret.

Kva slags demokratiske idéar snakkar vi om? På 1960-talet blei det bygd nye kulturelle institusjonar, nye breie institusjonar, i somme tilfelle etter modell frå arbeidarrørsla si eiga folkeopplysning tidlegare, men nytt kom til. Først kom den kulturpolitiske innkjøpsordninga av ny norsk skjønnlitteratur i 1965, det vil seie at forfattarane skreiv bøker som ubemidla kunne finne gratis i folkebiblioteka og skolebiblioteka.

1960-åra sitt unge forfattarmiljø klekka ut Forfattarsentrum, ein organisasjon som for statsmidlar kunne sende ei større rekkje forfattarar, subsidiærte, rundt på skolar og diverse institusjonar, til breie lag.

Forfattarane skulle også ha eit forfattaryrke meir på linje med andre yrke, og deira spesielle yrke trong ikkje berre engasjement og talent, men også arbeidande kunnskap og ny utdanning. Altså ei ny forfattarrolle. Seinare, som ein oppfølgjar av denne nye rolla kom Forfattarstudiet, etter idé og delvis utforming av Eldrid Lunden. Ho blei også den første rektoren i bransjen og har halde det gåande sidan.

Forfattarjobben skulle vere eit levebrød, også dette blei utprøvd og kjempa for. Dette kom, det kom iallfall for somme av dei nye forfattarane. Men vanskeleg å oppnå.

Årsinntekter utan fast jobb krev mange honorar og honorar som ikkje sviktar. For å få skrapa saman nok inntekt til forfattarane og kunstnarane så oppsto etter kvart Kunstnaraksjonen sin faglege tanke: Vederlag for bruk! Aksjonistisk. Utlån av bøker i folkebiblioteka og skolebiblioteka skulle forfattarane ha betaling for. Og ei årleg aukande betaling for dette, utrekna etter summen av bøker, er blitt ordna. Samanlagt var dette store pengar for ei gruppe kunstnarar. Slik det blir sagt i den kjende og klassiske franske filmen Tåkekaien: «Alle veit at kunstnarane har lite pengar.»

Ja vel. Desse ungdomsgruppene utover 1960-åra var meir samansveisa om idéar enn nye grupper komne seinare som vi kan jamføre med, når vi sit pr i dag med gårsdagens og dagens gruppelandsskap.

I 1966 blei ein yngre flokk forfattarar, samansett av svært ulike menneske, samla for å gjere om studenttidsskriftet Profil til eit unglitterært tidsskrift med eige litterært program. Eg blei raskt trukki til desse folka. Det same blei Edrid. Trukki til tyder her medlem av redaksjonen.

Det som var spesielt med denne forfattargruppa i høve til litterære grupperingar i dag, var at alle hadde skaffa seg, eller fekk like om hjørnet, ei vanleg borgarleg høgare utdanning, slikt som medisin, psykologi, filosofi, matematikk, engelsk, pedagogikk. Dette enda medlemmane kom frå relativt enkle kår. Frå ulike landsdelar.

Men berre ein liten del av gruppa utdanna seg akademisk i litteratur. Eldrid var vel nærmast, og det fekk følgjer for henne. Eg tok utdanninga i norsk 10 år seinare, utan tanke for - heller ikkje da - på å kunne leve av litteraturen og litterære sysler. I dag har ein større del av alle skrivande yngre tatt faget litteraturvitskap. For det første. Og for det andre: I dag finst det vel kanskje fleire alternativ å bruke denne utdanninga til, i andre nyare media.

Eg blei lenger i Profil enn Eldrid blei. Dikta hennar gjorde inntrykk. Eldrid trefte eg berre sporadisk etter [/i]Profil[/i], og samantreffa skjedde på seminar og liknande, særleg hugsar eg eit par høve på 1980-talet, eitt artig i regi av Samlaget og eitt folksamt på Bø i regi av Norsk Forfattarsentrum. Og det varte heilt til 2002 før vi tok kontakt om noko.


Fruktene. Fire av Eldrids mange elevar:

Eg fekk i oppgåve av rektor ved Forfattarstudiet i Bø, Eldrid Lunden, å undervise gruppa på femten elevar i ei side ved 1960-talet når det galdt lyrikken. Dette var heilt på tampen av skoleåret 2002/2003, og det var tilfeldigvis det første kullet som skulle opp til vanleg akademisk eksamen, og elevane var derfor eksamensnervøse og hadde samtidig den årleg trykte elevantologien å avslutte semesteret med. I timane måtte eg vere smidig. Men det gjekk bra for meg å ta over «stafettpinnen» som eg gjorde, på dette tidpunktet, fordi eg før har hatt røynsle med slike typer organisatoriske oppgåver.

Eg møtte opp på staden. Når Eldrid skulle sette meg inn i jobben og presenterte elevmaterialet, nemnde ho at Morten Wintervold alt hadde debutert med dikt før han kom inn på studiet. Ho la til at han var opptatt av Jan Erik Vold, og dette merka eg også snart sjølv. Altså ein type forfattarskoleelev som alt måtte ha røynsler og eigne preferansar. Her kan eg bruke Wintervold som døme på ein slik student. Eg hugsar at han på den tida var opptatt av kråkemetaforar, og han synte meg ei rekkje dikt med slike metaforar, og for min del gjorde eg han merksam på internasjonale og norske dikt som sterkt hadde brukt kråka som metafor. Same kva med studenten Wintervold den gongen, så har han seinare, slik eg ser det, iallfall halde seg til viktige element frå 1960-talsestetikken, han har vore ein spesielt god diktopplesar og i tillegg utvikla seg sterkt som organisator. (Kuiper og Nordnorsk forfattarlag...)

Med Ole Asbjørn Ness frå det same kullet var det annleis, om eg tar med utgangspunktet hans på studiet, for han debuterte raskt etterpå i 2004 med romanen Det er natt, ei svært mørk bok med ein mannleg hovudperson som overrumpla meg. Grunnen til at eg blei overrumpla, var at under studiet merka eg meg Ole Asbjørn Ness som ein ekstra roleg og kjenslevar forfattar i skrivinga, han kom opp med slike skriftstykke som Kom da, sa jeg (sjå i avslutningsantologien 2002-2003 frå studentane). Men folk og forfattarar har mykje ulikt i seg, som dei også byr på.

Over studentkullet på Bø året etter, der eg hadde fått partnarar og andre undervisningsoppgåver av rektor, der var gjennomsnittsalderen på elevane mykje yngre. Og likevel har relativt fleire frå desse kullet debutert/ gitt ut eigne bøker etter studiet. La meg berre nemne Ingrid Zachariassen Aanestad. Ho skreiv både lyrikk og prosa under studiet sitt på Bø og var ivrig på det. Prosaen var Cora Sandelaktig, sa eg til henne, eg såg eit kunstnartema i skildringa av den søkande unge hovudpersonen. Ho heldt same kva fast på stoffet sitt. Og Aanestad debuterte med den på alle måtar porsjonerte miniromanen I dag er ein fin dag (2006), som også er etterfølgd av ny bok i same sjanger. I tillegg til å skrive har Aanestad jobba som journalist for radio.

Å jobbe som journalist i radio gjorde også kullkameraten Mona Vetrhus, mest kjend for å gje liv til og leie Nrks faste og journalistiske lyrikkprogram Diktafon. Diktafon er einaste riksdekkjande lyrikkprogram i norsk radio. Derfor fekk Vetrhus ein særs viktig jobb for litteraturen. Eg bruker Vetrhus som døme på forfattarstudentar som (enno) ikkje har debutert med eiga bok, men har nok å gjere på anna hald og som eg følgjer med på, vidare, av Eldrids skrivande elevar.

Første gongen eg kom inn som lærar hos Eldrid Lunden, altså i 2002, så feira nett dette studentkullet eit tjueårsjubileum for Forfattarstudiet i Bø. Noko må ha endra seg med kulla på desse åra, tenkjer eg. Ved starten for Bø i 1982/83 blei det funne og ”klekka ut” langt fleire bokskrivande skjønnlitterære forfattarar. Det trur eg har noko med eit direkte oppdemd behov for både talentspeiding og skolering rundt 1982. Dertil finst det i dag fleire og ulike skriveskolar, dei mest kjende som studentane fritt søkjer seg inn på, er Bø, Bergen og Tromsø og Gøteborg. Dessutan har forlag i seinare tid byrja med eigne interne skolar. Så situasjonen er snudd om. Her vil eg takke Eldrid Lunden for den svære jobben med å finne og skolere forfattarar i tiår etter tiår.