Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Hoems foredrag

Publisert 2010-08-07 16:28:36, sist endret 2012-05-02 15:48:02

Hoems foredrag

(...)
Vår ære og vår makt
har hvite seil oss brakt.
(...)

Skværrigger på veggmålarstykke av Kjell Martin Nilsen - .
Hoem var her - det var sommar ute, men det var heilt fullt på biblioteket i Kragerø, i god tid. Og han tok sitt Bjørnson-foredrag, som delvis er bygd på første del av biografien frå seinhaustes i fjor. Og andre del av Bjørnson-biografien skal deretter komme ut i haust (medan tredje del: «når Gud vil») kjem seinare. Fortalde Hoem forsamlinga.

Edvard Hoem var vittig og poengtert og full av data og datoar, alt kvikt etter minnet. For han kan stoffet og har halde foredraget sitt nokre gonger. Eg kan tenkje meg at dette var overfor nokså mange tilhøyrarar. Vel. Forfattaren er sterkt engasjert i stoffet og i Bjørnson si rolle under den eineståande framgangen som landet vårt hadde alle dei siste femti åra av 1800-talet.

Etter at Hoem var ferdig og hadde gjort eit djupt inntrykk på forsamlinga, var så det eit tradisjonelt boksal. Biografien og lydbøker. Dedikasjonar blei forfatta. Vi kjøpte lydboka av romanen Mors og fars historie.

Litt lokalstoff: Nordraak-familien var frå Kragerø. Og ei gate der Nordraak-familien sitt hus sto, er oppkalt etter familienamnet. Bjørnsons mor, Inger Elise (1808-1897), var fødd og døypt Nordraak. Så Rikart, den unge komponisten, og Bjørnstjerne dei var samarbeidande fetrar. Kragerø var i si tid, i seglskutetida, ein stor sjøfartsby og ein like stor iseksportør.

Alt før Hoem sitt freske besøk i Kragerø, laga eg ei bokmelding for den biografien i tre band som Hoem skriv på om Bjørnson, og eg kan gjenta teksten her:



Ved starten av Bjørnson-året (for fire månader sidan) hadde Edvard Hoem gitt ut del 1 av sin Bjørnson-biografi, den delen som omhandlar dei første førtitre åra av Bjørnstjerne Bjørnson sitt dramatiske liv.


X

Eg har nett byrja å lese biografien og komme førebels til side 172, da romanen om Synnøve Solbakken og Torbjørn Granliden, som blei Bjørnsons litterære gjennombrotsverk, blei utgjeve. Dette verket inneheld nokre mykje sungne romanse-tekstar. Men det finst ikkje så mykje om desse dikta i biografien, det overraska meg.

Derimot bier Hoem mykje ved teateret, ved det utstikkande hos Bjørnstjerne Bjørnson når det gjeld teateret i hans tid, teater i usjølvstendige Noreg. Hoem skriv engasjert om Bjørnsons tilhøve til norsk språk kontra dansk språk på teaterscena i Christiania. Og det er interessant å lese fleire nærgåande analyser om Bjørnsons tilhøve til andre diktarar med same utspring, særleg den unge revolusjonære, men utilnærmelege, Henrik Ibsen. Elles held jo ungdom saman og bur saman den gongen, på liknande måte som no.

Og stendig får vi vite mykje om journalisten, publisisten Bjørnson. Hoem får fram oversikt, og han får viktige element på plass! Eg merkar tydeleg Hoems eigen kompetanse når det gjeld teater-samfunnet og Hoems eigen kompetanse når det gjeld strev med å vere i forkant i tidsprosessen for ein forfattar, og det å vere i tida, skarpt og tidleg ute, og strevet for eit utkomme, noko å leve av for ein forfattar i eit fattig og lite land.

Boka har tittelen Villskapens år. Ein stor porsjon villskap er nødvendig i kamp, men eg oppfattar meir ein tidleg strategi hos diktaren Bjørnstjerne Bjørnson, mykje meir enn villskap. Og strategien er også det aller mest interessante. Når det gjeld strategi kjem Bjørnsons lange verksemd som journalist, alt frå 17-årsalder, inn som intrument. Ei betre samanfatning hadde kanskje vore ”Nasjonens vår og villskap”? Tittelen Villskapens år er kan hende laga av forlaget?

Heldigvis:
Heldigvis heftar ikkje denne Bjørnson-biografien seg altfor mykje opp i det som kunne blitt ein lausrivi barndom hos Bjørnson, heller ikkje i det som kunne vore ein lausrive foreldre-biografi. Og metoden til Edvard Hoem er å gjere klårt i forteljinga det som forskinga veit, og det som ein ikkje veit, men som likevel kan vere tilfelle eller for den del er lite sannsynleg.

*
Men som sagt, eg var komme til side 172 før eg byrja å skrive. Da eg var komme til side 272, og eg hadde fått med Bjørnsons vanskelege periode som redaktør av Aftenbladet og fått fortalt den første delen av ekteskapet hans med den yngre Karoline Reimers, og forfattaren fått reist til Italia, da passa nok tittelen Villskapens år betre! Femti sider seinare, etter den dyktige diktaren sine reportasjar frå Sør-Italia og etter hans ekteskapelege reparasjon, da blir eg i tvil.

Diktet Jeg velger meg april, som vi alle kan, dette fortel noko generelt om Bjørnsons usvikelege kampvilje:


Jeg velger meg april.
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
i den blir somren til!


Y

Etter nokre veker har eg no avslutta første band av Edvard Hoems fine biografi over Bjørnstjerne Bjørnson. Det var 600 sider, pluss tillegg som eg har bladd i. Forvitneleg lesing, eit stort arbeid. Første band går til og med 1875. Bjørnsons samtidsdrama En Fallit sigrar i Tyskland. Det har skjedd utruleg mykje med Noreg på tjue, tretti år - .

Edvard Hoem har hatt ei ekstra stor stoffmengd til denne biografien. Første del av biografien er like mykje nordisk og europeisk soge som han er norsk (pluss dansk) litteratursoge og ein forfattar-skjebne med mange kapittel. Inntrykket mitt er at Hoem har tatt ein heller pragmatisk innfallsvinkel til den store stoffmengda og dermed komme trygt i land.

Andre synspunkt på biografien enn hos meg kjem fram i Bodil Stenseths melding i Dagbladet .







Ps 2.mai 2012:

Før Edvard Hoem gav seg i kast med det store Bjørnson-prosjektet sitt, var han innom andre prosjekt med store poetar. Hoem har vore ein framståande romanforfattar, og han har også vore dramtikar og ein periode teatersjef for eit regionteater. Her blir eg freista til å kommentere noko med eit dikt som eg trykte i bokform 2006 (bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar):



Det liknar



Kvinnene ved fjorden, kvinnene ved fjorden.
Edvard Hoem var nord i domkyrkja med Petter Dass
”Snøkvite skuldre og lenders lyse styrke,” song dei
og eg tenkjer på andre fargar som gjer meg glad og kåt

Prestegarden hans var greiast i heile Nordland.
Edvard Hoem følgde diktaren Petter Dass og jamførte nok
dei kjære Romsdals-alpane sine med Dei Sju Søstrene på Alsten
Korleis gjekk det med dei, eg kjende til eventyr og bråstans

Snøkvite skuldre og lenders lyse styrke