Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Varmestafetten VARMESTAFETTEN

Publisert 2010-01-31 13:55:27, sist endret 2010-09-07 20:23:16

Varmestafetten VARMESTAFETTEN

Bendik Wold har redigert stafett:
Varmestafetten.
Ein kommentar til boka

I høve Jan Erik Volds 70årsdag seinhaustes i fjor gav Gyldendal ut boka VARMESTAFETTEN, redigert av Bendik Wold, med mellom anna 15 essays om Jan Erik Vold skrive av yngre forskarar. Og dette er blitt ei svært spesiell bok, som femner lenger enn det bøker om Jan Erik Vold tidlegare har gjort. Med «lenger» kan ein her gjerne lese: lenger ifrå universitetsseminara. Mellom anna er boka eit nybrottsarbeid på norsk om konseptuell litteratur. Ja, konseptuell kunst blir stadig omtalt i ulike norske media, men sjeldan blir konseptuell litteratur og det konseptuelle i norsk litteratur omtalt; nesten ikkje nokon plass skjedde det hos oss før 2009, og denne forbausande lenge vedvarande mangelen var eit merke for kongeriket Noreg. Men no er da isen brote og råka blitt ganske stor.

1
Dette framoverpeikande ved VARMESTAFETTEN finst ikkje minst i essayet til Karin Haugen. Til dømes rekk ho å teikne opp dei ytre grensene for konseptuell litteratur, noko som norske litteratar har vore svært forsiktige og feige med å prøve på. Da tenkjer eg måle opp grensene på eit prinsippielt grunnlag. Karin Haugen gjer ei parallellføring mellom Hans Jørgen Nielsen og Jan Erik Vold, to store leiarskapnader for det nye i dansk og norsk poesi på midten av 1960-talet. Dei to poetane hadde mykje sams utgangspunkt, finn Karin Haugen ut og dokumenterer det godt, og dertil hadde dei to nordiske poetane mykje likt interessefelt. Men likevel leverer dei ein klårt ulik poesi. Dette ulike kan ein betre sjå i ettertid. Ikkje minst på grunn av denne artikkelen.

Karin Haugen gjer ei lesverdig interessant jamføring mellom dei to førande poetane rundt 1966-68, poetar frå kvart sitt spesifikke nordiske land, Jan Erik Vold og Hans Jørgen Nielsen. Som konklusjon på jamføringa og på kva desse to poetane sine bidrag fekk å seie for utviklinga av poesien framover imot i dag, oppsummerer Karin Haugen slik for poesien i dag (sitat side 92):
Det finnes i dag en betydelig og berettiget irritasjon over at litteraturfeltet har avskåret seg fra store deler av den utviklingen kunstfeltet har gjennomgått, og en protest mot restene av den greenbergske idologien.
Merknad: Clement Greenberg=make it new=høgmodernistisk. Avsnittet held fram slik:
I praksis kan dette oppgjøret likevel gi seg paradoksale utslag, i såpass strengt konseptuelt utførte idéverk at litteraturen ender opp med å bli nærmest høymodernistisk i sin purisme. Stikkord fra [Tania] Ørums beskrivelse av Hans-Jørgen Nielsen – reduksjonistisk kjedelig – er lett å assosiere med mye av dagens poetiske fortropp.(...) (sitat slutt)

2
La oss ha fåren for det reduksjonistiske i mente, det meiner eg er eit godt poeng for dagens poesi. La oss unngå det altfor keisame i kunsten.

Kor mange samtidige, eller nesten samtidige, sterke impulsar verkar inn på ein kunstnar, også på ein poet, i denne tida som vi snakkar om, på 1960-talet! og som endrar litteratur og kunst og musikk på ein brå måte. Med ei lang rekkje kunstnarar i rørsle. Impulsar (tatt etter minnet): avantgardistisk arvegods frå hundre år tilbake, eller vekt på det nyenkle, konkretistiske, beat, Zen, haiku, konkret musikk, attityderelativisme, postmodernisme, sosialisme og særleg opprøret i Frankrike, futurisme og oktoberrevolusjonen. Vel.

Dette er til dels merkelappar, eller det er først og fremst utgangspunkt, og for all del ikkje heile saka i kunstverk. Det som står seg kanskje aller best i dag som eit først og fremst estetisk omgrep, er det konseptuelle, altså at verket prøver ut og verkeleggjer ein fattbar(!) heilskapeleg kunstnarleg idé.

Eit kjend døme på fattbar idé (mitt døme): Alle som høyrer permutasjonsdiktet kulturuke (frå performance-opplesing eller ut frå boka kykelipi), skjønar og får med seg at diktet er eit permutasjonsdikt, og desse mange blir ofte imponerte av rikdomen og spennet i nyorda som oppstår. Det avgjerande for diktet og nettopp elementet som held diktet friskt etter 44 år, er den kunstnarlege intensiteten fanga i ramsa av ord. Derimot vil det eksperimentelle verket som verken er fattbart tematisk eller fattbart teknisk for tilhøyraren, ikkje vere eit gyldig konseptuelt verk, etter mitt syn, og vil måtte kallast noko anna.

3
Eit bidrag frå redaktøren for VARMESTAFETTEN, Bendik Wold, må nemnast: Han skriv om Jan Erik Volds bok kykelipi frå 1969. Det er første gong, så vidt eg veit, at ein litterat/ journalist set seg føre å lese ei norsk diktsamling ut ifrå plassering i den internasjonale kunstverda og i ein samanheng med tidleg amerikansk konseptuell poesi. kykelipi altså. Bendik Wold finn ei konseptuell tidsramme for Jan Erik Vold i kykelipi, og denne ramma er internasjonal: åra 1950-1965. Kryss i taket for ei slik lesing av kykelipi.

Nylesinga hans av kykelipi er eit kvantesprang i resepsjonen av denne frå før av altfor mistydde boka. Det som står att å gjere etter boka VARMESTAFETTEN - eventuelt for andre litteratar enn Bendik Wold - er no å setje kykelipi i samanheng med norsk samtidig biletkunst, norsk samtidig musikk og samtidige andre kunstartar på norsk grunn. Jan Erik Vold er ein norsk forfattar først og fremst for eit norsk publikum, det vil seie i eit anna litterært miljø enn både det danske og det svenske og det amerikanske.

Bendik Wold slår fast (sitat side 124):
I dag husker vi ikke, eller forstår vi ikke, hvilket lynnedslag kykelipi var da den utkom. Og boka er en trussel mot kunstinstitusjonen.



PS: For meg er Jan Erik Volds maksimalistiske Mor Godhjertas glade versjon. Ja frå 1968 - med sin forteljar-konstruksjon «mor godhjerta» som ei innstilling for boka - også eit konseptuelt verk! For min del melde eg boka i det den gongen avantgardistiske Profil hausten same året. Og i 1968 forsto eg ikkje, og kunne ikkje forstå, det nest siste ordet i boktittelen: «versjon»! at verket var meint og forsøkt som ein heilskapeleg og vald versjon mellom andre versjonar (til dømes forløparen «SAD & CRAZY» og etterfølgjaren kykelipi), trass i godhjerta-verket sine fint innebygde korreksjonar og mange kommenterande parentesar. Og eg var heller ikkje aleine om å tru at Jan Erik Vold personleg rett og slett var blitt «mor godhjerta». Det var mange kritikarar som trudde at dette var skjedd. Og nettopp derfor var desse kritikarane (i motsetnad til meg sjølv) glade og letta. Men så braut klagene laus året etter.




Ps 3/2-10: VARMESTAFETTEN er banebrytande på meir enn ein måte.

Og ps 13/2-10: Her er Jesper Olssens melding av VARMESTAFETTEN i Svenska Dagbladet .