Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Bjørnson igjen

Publisert 2010-01-13 12:05:46, sist endret 2012-01-07 20:03:05

Bjørnson igjen

- den yngre Bjørnstjerne Bjørnson -
Eit nytt år går og eit nytt år kjem. I fjor blei det feira for Edvard Munch eit hundreårsjubileum på grunn av at Munch i 1909 no vende heim frå utlandet og slo seg ned i Noreg, nærmare bestemt Kragerø, og dermed innleidde ein ny fase i kunsten sin, som romma nye monumentale verk og samtidig nærare kontakt med det norske livet. Aula-dekorasjonane (sola) er det mest kjende.

Edvard Munch var på denne tida blitt lei av bohemen, og han var mot det som bohemen sto for. Og Munch skreiv følgjande i notata sine €:


Kjære mine dommere
bohemer og griser -
- Hva har jeg gjort
- Jo det skal jeg si!
Jeg har skidt i en lort

For dydens fanfare
en helvedes vare
Den handling var sort



Så: I 1910 døydde diktaren Bjørnstjerne Bjørnson. Dermed blir det også for han eit jubileum, no kjem det eit svært fortent jubileum . Vi får tru eit stort og omfattande, det ser slik ut. Tidleg hos Bjørnstjerne Bjørnson kan vi finne dette verset, i den kjende bondeforteljinga En glad gutt:


Elsk din neste, du kristensjel,
tred ham ikke med jernskodd hæl,
ligger han enn i støvet!
Alt som lever, er underlagt
kjærlighetens gjenskaper-makt,
bliver det bare prøvet.



Eg kan ikkje anna enn å tenkje både på finanskrisa, på pandemi, og i 2009 på ein merkeleg ulogisk retorikk rundt sjukeløna. Bjørnson bana veg for velferdsstaten, og denne må folket framleis kjempe vidare for. Både velferdsstaten og demokratiet. Derfor vil diktaren framleis vere ein inspirasjon.

Denne nettstaden tematiserer dikt. Berre ein handfull dikt står igjen etter Bjørnson?

Nei, det er langt fleire enn ei handfull dikt frå Bjørnson som lever og vil leve vidare. Det er mange dikt av Bjørnson som eg er glad i. Mor mi likte Taylors sang («Hver gledestund du fikk på jord»), med Nordraaks melodi, og det same gjer eg. Teksten er bra! Bjørnsons lange ekteskapsdikt Mitt følge har svært vakre og realistiske parti, tykkjer eg. Gode ekteskapsdikt er det ikkje for mange av.

Den beste salmen hans er Ære det evige forår i livet. Og fedrelandssongen Ja, vi elsker liker eg godt, det same er tilfelle med kampsongen Arbeidermarsj («Takt, takt, pass på takten!»). Bjørnson har alle gode føresetnader for dikt om kamp.

*Frå bondeforteljinga Synnøve Solbakken elskar eg (blant anna) Haren og reven. *Frå bondeforteljinga Arne liker eg den rolege Ingrid Sletten, og eg liker også Treet, eg liker Tonen, og alle desse dikta er med flinke (var søskenbarnet) Rikard Nordraak sine originale og folkeviseaktige melodiar.

Dette har eg alltid gjort og vil gjere framleis, trur eg.



- Edvard Hoems biografi om Bjørnson er kommi ut, del 1: Villskapens år. Utdrag frå mange presseomtalar finst hos forlaget Oktober . Dramatikken og samtidsliv er naturleg nok mykje framme i denne biografien. (21/4:) Sjølv har eg skrive ein førebels omtale av biografien her .




____________
€ Munch-sitatet er henta frå Poul Erik Tøjner: Munch med egne ord (2000), den første eigentlege utgjevinga av Munchs papir. Sitatet er eit avsluttande sitat i boka (N155).