Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Å forfølgje det konkrete i poesi

Publisert 2009-11-03 18:22:53, sist endret 2011-10-18 15:46:47

Å forfølgje det konkrete i poesi

Korleis grip sansane inn i poesi?
Eg har hang til ein konkret poesi. Og i motsetnad til å velje å elske abstrakt poesi, påstandspoesi, forfølgjer eg det konkrete i poesien. Sjølvsagt er eg ikkje imot påstandar i poesien, men tilknytinga som innhaldet har, skal også vere konkret festa, dersom eg skal tru på innhaldet. Det konkrete i poesi har ei rekkje sider, og dette har ikkje minst noko med sansane å gjere: Det visuelle, det lydlege, men også det språklege og det dokumentarbare. Det er slike sider ved det konkrete som eg forfølgjer gjennom poesi.

Konkret poesi har fleire gonger vori oppe som term og parole, t.d her i Norden i 1960-åra, tida da eg fekk mitt ideologiske utspring. Men i denne artikkelen lar eg bruken av konkret gå fritt forbi det vanlegaste litteraturhistoriske om 1960-åra. Ja, eg har merka meg endra tendensar i norsk poesi det siste tiåret. Termen konkret poesi og definerte nærståande sjangrar - dette har kommi tilbake som tendensar. Eg nyttar berre enkle og nesten sjølvsagte diktdøme i det følgjande og siktar mot fleire av dei ferske døma frå bokhausten 2004 - som noko av det meir spennande – blant anna Marte Hukes Se sol og Vemund Solheim Ådlands Profylaktisk skjønnhet.
Merk: Denne artikkelen er oppdressa etter at første utgåve kom januar 2005. Dette er gjort i høve til den store merksemda som blir Jan Erik Volds 1960-talspoesi til del under jubileet for han, i oktober og november. Ikkje minst har eg merka meg at litteraturtidsskriftet Ratatosk gir ut eit nummer over forfattarskapane til fleire av dei poetane som eg tok føre meg i den opphavlege artikkelen min kalt: «Konkret i poesi?» Framleis tar eg ein slags omveg innom Inger Hagerup, som er ein levande realitet i norsk poesi også i dag.

1. Det visuelle i poesi:
Er poesien visuell eller ikkje? Her vil eg starte roleg og breitt med vers og noko velkjend, som noko trygt å sjå det skapte på 2000-talet ifrå. Når ein setter opp vers, blir det visuelt, skal vi merke oss: Eit Inger Hagerup-dikt skrivi om til prosaoppsett først, det blir slik: «Døden er en gammel snekker. Og han kan sitt fag. Aldri har han skoftet noen time eller dag. Jobber trofast i mitt hjerte like til det siste hammerslag er slått, og han er ferdig med min kiste.» Kjendest det så bra? Sikkert betre slik at akkurat dei same orda blir stilte som vers (og det var nok meir som vers ho skreiv dei frå første stund, Inger Hagerup, og iallfall ikkje slik som turnert ovafor):

Døden er en gammel snekker.
Og han kan sitt fag.
Aldri har han skoftet noen
time eller dag.

Jobber trofast i mitt hjerte
like til det siste
hammerslag er slått, og han er
ferdig med min kiste.

Sjå det, no har vi fått opp versdeling og vers, tilsaman åtte versliner eller to sågodtsom kongruente strofer når det gjeld stavingar og rytme; eit lite Hagerupdikt som er blitt trykt og sitert ofte, det er tett, musikalsk, har alvorleg tema. Versdelinga, det visuelle, skaffar fleire tydingar, alle er tydingar som går på temaet død og det ubønhøyrlege - med biletet av eit nødvendig «fag».

Eg preiker ikkje dette for å konfirmere forfattarar eller studentar, men for å vise enkelt at det konkret visuelle har lange tradisjonar i poesi. Versdelinga over syner fram enderima, også dette er visuelt (ikkje berre den lydlege rytmen og det lydlege ved rimet). Kva gjer versdeling elles? Versdeling gjer mykje, for versdeling heftar og seinkar farten på lesinga, slik som når vi ser på eit bilete, og slik at det meirtydige kan komme fram og kjem effektivt ut til oss: «Og han kan sitt fag.» Derfor seier eg: Den dyktige delen av norsk metrisk lyrikk gir poesien generelt ei gåve og ei utfordring for poesien vidare.

Somme plassar i desse strofene blir det såkalt versbinding (enjambement). Versbinding møter vi når ei logisk-grammatisk samanhengjande ordgruppe strekkjer seg frå eitt vers over i eit anna (Hallvard Lie). Versbindinga med «noen//time» og versbindinga med «siste//hammerslag» trer fram som brot for synet. Dei korte verslinene rundt versbindinga «er//ferdig» understrekar det harde menneskebort-arbeidet som døden gjer: hammerslag er slått, og han (=døden) er... Deretter avslutninga om arbeidet: ferdig med min kiste.

Versdelinga hos Hagerup kastar heller ikkje på båten den prosaiske hovudmeininga, påstanden, i setningane, men gjer merksam på utfyllande meining; versa gjev meir forførande kjensle til utsegner «gøymde» innafor setningane. På grunn av det visuelle les du både bortover og vidare vanleg vertikalt; du les kvar enkelt versline meir isolert for seg, og dette er snodig å merke, det skjer noko elegant her. I diktet les vi «Aldri har han skoftet noen» og vi les «like til det siste» på ein heller upompøs måte, det må ein seie er bra, om døden.

Eit fullstendig ulikt døme på det visuelle i ei diktside er heile fjerde side i Audition for fenomener uten betegnelse (2004) av Ottar Ormstad:

LENG RENG SENG

LING RING SING

LONG RONG SONG


Ottar Ormstad var med i tidsskriftet Profil rundt 1970 og skreiv alt på slutten av 1960-talet visuelle dikt, «figurdikt». Prøver på typiske figurdikt, som Audition for fenomener uten betegnelse vitterleg rommar (i andre halvdel av boka), får eg ikkje gitt igjen med verktøyet mitt her. Den etterfølgjande og femte sida i 2004-boka hans ser slik ut (med heilt uvanleg store bokstavar utover boksidene):

LANG RANG SANG TANG

LENG RENG SENG TENG

LING RING SING TING

LONG RONG SONG TONG


Så langt minner det om permutasjonsdikt, «datamaskindikt», á la Apollinaires dikt Linda eller Jan Erik Volds Kommet-bok blikket - eller like gjerne Volds «nasjonalsang» kulturuke.

Du kan sjå Ottar Ormstad-utstillingar. I Bærum kuturhus var boksider gjort i plakatformat 70x70. Eit poeng ved dette ligg i at sjangeren «konkret poesi» knyter seg til biletkunst (og andre kunstartar). Til Norden kjem dette frå den svenske målaren og forfattaren Øyvind Fahlstrøm, i 1954 og i 1961. Kanskje skjedde påverknaden i Norden også direkte frå brasilianske poetar, sidan dei var tidleg ute med ulike sjangrar.


2. Det lydlege i poesi:
Hørsla er ein viktig poetisk sans. Mange poetar blir inspirerte av musikk, og mange musikarar har likt for eksempel vers av Inger Hagerup. I «Døden er ein gammal snekker» kan vi snakke om versmål og metrisk bundne vers, eit fasttømra system av lyd. Rima i versa til Inger Hagerup over er lydlege, slik alle rim er, ofte deler rimord opp setningar i porsjonar, og samtidig er rimorda fag/dag og siste/kiste sentrale nøkkelord i biletet av døden som ein snikkar.
Jobber trofast i mitt hjerte
like til det siste
hammerslag er slått, og han er
ferdig med min kiste.

Lydar blir gjentatte, -ag/-ag i første strofe og -iste/-iste i andre strofe. Men ikkje nok med det: det trykksterke -ag blir også gjentatt i ordet hammer-slag i andre strofe. Vidare: framlydsrim (som må vere frampå trykksterke stavingar) kjem i tillegg til enderima for å banke fram rytme, nemleg framlydsrima ha-/ha- i trykksterke hammerslag og han; det er også framlydsrim med sl-/sl- i trykksterke slag og slått, slik at nest siste versline får tildelt full rimrustning, før det roar seg ned i sluttlina og kista er ferdig.

Det trengst påpeiking av dette lydlege arbeidet i gode metriske vers, og eg vil gjerne påstå følgjande: Herman Wildenvey, Rudolf Nilsen og Inger Hagerup er mellom dei i det førre århandret som kan få musikk ut av såpass sterke lydlege verkemiddel, fordi dei kan kunsten å integrere ordmusikken i det relativt naturlege talespråket brukt som utgangspunkt for diktet. Sagt på ein annan måte: Kunsten å føye noko konkret, original metrikk, originale vers og originale rimord, saman med noko anna konkret, ei (relativt) muntleg språkføring, dette skaper produktiv spenning. Samtidig må eg seie at vi dessverre manglar, på norsk grunn, ei vitskapleg oppdatering av utvikiinga i norske vers etter 1967. Vi manglar tilsvarande verk som Dan Ringgaards Digt og rytme, 2001 (Gads Forlag, København). Og vårt standardverk er framleis Hallvard Lies Norsk verslære, 1967.

Eit kort døme, døme først og fremst på det lydlege nivået, er tittelen/tittelsida på dikt nummer to, det lange ”lydlege” diktet, i Se sol (2004) av Marte Huke:

Kom
Tom
Rom


Denne tittelen/tittelsida liknar på rimord utan setningar, rimord utan trykkstyrke og utan spesifikk vekt, men nytta som teikn og potensiell meining med stor valfridom rundt. Eg kjem til framhaldet av dette diktet nedanfor: (under punkt 5) At ord er bokstavar...

Uttalen av orda Kom/Tom/Rom er uviss, les vi o-lyd eller å-lyd i orda, kanskje les vi med o-lyd i Tom/Rom - og les inn ei koda melding? Dette kan sjølve diktet som følgjer, gje ein peikepinn på eller gje eit prov på.

Slik eg har møtt det i samtlega av diktdøma lånte hittil for denne artikkelen, så heng det visuelle og det lydlege oftare saman enn støytar kvarandre bort. Og kvifor skal vi nøye oss med berre ein faktor - eller ein enkelt sans - om gongen?


3. Det språklege i poesi, det vil seie språkkritikken:
Meir av det konkrete i poesi er språkkritikk, i seg sjølv eit uoversiktleg tema. Eg tenkjer aller mest på det konkrete tilfanget som kan påvisast, det språklege materialet som avslører verda. Her er det passeleg å hente diktdøme frå 1960-åra, nemleg eit typisk kortdikt frå Poesi (1968) av meg sjølv, Helge Rykkja:

Alle folk er til å skru på
De gir seg


I dette korte er det noko med språket, la oss sjå på det. Språket er parallelle ”stiar” med dobbelttydingar som gjeld på den eine sida menneske og på den andre sida skruar. I diktet blir menneske til noko konkret, nesten slik som kunsten blir gjort til noko fast i den politiske utsegna til Lenin/ deretter Mao, her sitert etter sitatutgåve frå Peking 1967 på norsk, side 333: «Den proletariske litteraturen og kunsten er en del av proletariatets hele revolusjonære sak, eller som Lenin sa, et lite hjul og en liten skrue i revolusjonsmaskineriet.» Diktet ovafor kommenterer dette synet på det faste og avgrensa. Og diktet delvis motseier biletet av det faste og avgrensa, det faste og avgrensa ved mennesket og kunsten, delvis stadfestar diktet konkretgjering av menneske.

Ordet «skru» er eit mangfaldig ord. Ein av dei parallelle ”stiane” i diktet er det seksuelle, jamfør den engelske slangvarianten av screw. Liksom alle religionar er erotiske og har reglar for det erotiske, er alle dikt erotiske i ein viss forstand; dikta har ein erotisk dimensjon, dersom det er tale om dikt. I dette diktet kjem språket springande med fleire konkrete tydingar og med avsløring av samanhengar. Går det bra med slike språk?


4. Er det dokumenterbart?
I Inger Hagerups dikt ovafor er hjarteslaga styrte av døden, for døden er aktiv i hjartet, jobbar der. Kroppen blir til slutt ei kiste. Kvifor er døden i hjartet, og ikkje tildømes i magen eller i hjernen eller i lymfeknutane? Det er mange slags sjukdomar i aldringa av det levande mennesket, langt fleire enn hjartesjukdomar som angina og hjarteinfarkt. Hjarteslaga, når dei er jamne, liknar dei eit ur; går ikkje heilt på same jamne måte som eit lite ur eller ei veggklokke, men det liknar. Likninga i diktet er allegorisk tenkt meir enn konkret medisinsk tenkt.

Er det dokumenterbart at døden er i hjartet, at døden er i hjartet til den som eldast, eller er det kjensla av å gradvis miste kjærleiksevna som diktaren skriv om? Eg spør sidan det er noko usagt, noko som glimrar med sitt fråvær i diktet, og eg spør sidan vi har med ein eksplisitt kjærleiksdiktar å gjere. Kjenslemessig er hjartet sentralt hos Inger Hagerup, ikkje minst er merke på «hjartet» og påkjenningar på «hjartet» eit tema for henne. Jamfør Det tatoverte hjerte, og jamfør Fra hjertets krater.

Om påstandar er dokumenterbare eller ikkje, det er ein lang prosess å finne ut av, dette gjeld dessverre også for poesien. Setninga at «døden er ein gammal snikkar» - det er ein påstand (i forma), ja, men isolert sett ein heller poetisk påstand. Berre ein poet ville sette fram ei slik setning, isolert sett, som påstand. Men vi såg jo at Inger Hagerup gjennom diktet sitt hadde eit eige opplegg for å søke å underbyggje påstanden i første versline, i det minste underbyggje poetisk.

Dei tre orda «Kom/Tom/Rom» (hos Marte Huke) er jo ikkje ein påstand i seg sjølv, heller ikkje er «rimorda» LENG RENG SENG TENG« (hos Ottar Ormstad) ein påstand, ikkje direkte, men derimot heile verket til den »visuelle« eller »konkrete« poeten kan nok gøyme påstandar, usagde, indirekte. Og det er nettopp nye og indirekte resultat eller påstandar i poesi som har mykje konkret i seg, som er aller mest moro og fint og bra i lyrikklandskapet. Vi går til neste bolk.


5. At ord blir oppfatta som bokstavar og lydar i poesi:
Det er ein tendens i ny norsk poesi til å peike på at ord er bokstavar; og enkelte poetar ynskjer også å vere fysisk merksame på det kroppslege. Det lange diktet til Marte Huke som vi var inne på, med tittelen/opninga Kom/Tom/Rom, forsyner seg av alfabetet, særleg vokalane. Eg blar til utsnitt to av diktet, som er side 16 i boka. Her kjem Å, ordet å, lyden å, bokstaven å:

Jeg går inn i ansiktet
Jeg kjenner på huden
Jeg kjenner på øyet
Nesa. Munnen, å munnen
Å, munnen

Jeg forsvinner inn i munnen
Jeg tar tak i tennene, holder meg fast, holder
Å i munnen. Meg i den varme ånden
Drøvelen dirrer i åpningen ned til svelget, magen
Jeg holder munnhulen åpen, vidt gap der pusten kommer ut


Dette er nøye registrert og konstatert. Bokstavlydane blir jo forma i munnen, om enn bokstavlydane blir heilt ulikt plasserte med/i munnen, ved sine ulike dialektar og språk! I dette diktutsnittet finn vi versliner. Og i staden for rimlydar ved metrisk verssynging så smett anna oppatt-taking inn nesten på automatikk. Setningsdelar sentrale for meininga, blir repeterte; ikkje for hovudmeininga sin del, men for lyden sin del og for det insisterande og poetisk intense sin del og for nyanseregisteret i det som blir repetert.

Eit liknande diktutsnitt, alt i alt like konkret, meir vekt på språkkritikken og meir komprimert enn det siste dikt-utsnittet hos Marte Huke, serverer Vemund Solheim Ådland i Profylaktisk skjønnhet (2004), side 47:

Så tar jeg alt med skje - inn i munnen.
Tann og gard. Hus, heim, alt jeg tar inn i munnen.
Inn der, og der er du.


Dette er eit komprimert kjærleiksdikt, eit ekte kjærleiksdikt, skrivi lett og elegant. Og det er humant av Marte Huke og Vemund Solheim Ådland, meiner eg, å skrive så vakkert om munnen, når det er påstått så mykje positivt om auge og øyre. Eg blar vidare i Profylaktisk skjønnhet, og to sider vidare skriv Ådland slik (brått dramatisk lite av syntaks og ord, han haugar opp lausrivne bokstavar og lydar og visuelle forkortningar og legg att eit skrantande skal av typografi og rettskriving og rim):

Prikk pret. Jak. Pumpeklange! Vi te ly o ek.
JOK Vek. Tøkk Prok Dra. Lak
Am; lin. Em. Splak o ekse.


Er dikt å tale i tunger? Dette diktet handlar om bokstavar, og minner om tale i tunger, med innslag av ulike faktiske historiske språk: urnordisk (ek), østnordisk (jak), norsk (ly), engelsk (Am) osv. Slike dikt som dette, som ofte er uttalt kroppslege og som innfører ord som ikkje finst i norsk, har Ådland gitt solide prøver på i dei to bøkene han har gitt ut, han lagar ein breiare veg der Øyvind Berg og andre før har laga sti.

At ord er bokstavar (lydar) i poesi blir altså utvikla både i metriske vers av eldre kaliber og i ny norsk poesi, i ein ny poesi som stort sett unngår metriske vers. Eg tar opp eit eige underpunkt om bruk av dialekt her, for dialekt hentar nettopp lyden og viser noko både autentisk og konkret. Likevel kan dialektar ofte gje eit framandarta skriftbilete i poesien. (Og korleis skal dialekten til ein person lesast høgt av ein person med heilt annan dialekt?)

Øyvind Rimbereid er ein som merkar seg ut ved nye språklege divisjonar. Rimbereid startar diktsamlinga si i 2004 med eit ovlangt dikt tufta på nykonstruert framtidsspråk for Stavanger. Vi kan trekkje ein parallell til Jan Erik Volds demonstrative lyst til å blande dikta sine i 1968 med svensk, med engelsk og med jazzslang for samlinga Mor Godhjertas glade versjon. Ja (og i samlinga kykelipi, året etter).

I Rimbereids Solaris korrigert, ei modernistisk bok om universet og om overleving, er staden konkret og dialekten konkret, gjennom den sungne setninga først i diktet »Septemberskru«:

Og akkurat då bler det mulig
å hørra jubelen løfta seg
øve byen øve Vålandstårnet.(...)


Vel, desse få lausrivne verslinene frå Solaris korrigert demonstrerer pedagogisk enkelt, tykkjer eg, at ord er bokstavar, overraskande bokstavar, ved poesi. Dikta frå Øyvind Rimbereid 2004 peikar på at det finst ein konkret veg frå stjerna sola til Stavanger-distriktet, like så vel som til andre distrikt - og i omvendt retning.



Epilog om poesi som konsept
Ved det konkrete finst det ei side til, som kom til syne i norsk poesi utover i andre halvdel av det tiåret vi vinkar til. Dette skjedde når det konkrete mest fekk å gjere med heilskapen i diktverk. Diktsamlingane kunne vere konsentrerte på eit enkelt definert gjennomgåande samfunnsmessig tema hos relativt etablerte forfattarar, la meg særleg nemne utvalde familiære vinklar (Eksempelvis hos: Synnøve Persen, Lars Amund Vaage og Oddveig Klyve). Eller så kunne bøkene dreie seg om heilskaplege ”konsept”. Oftast blir ordet konsept brukt om ei utvikla marknadsmessig vinkling. Med konsept brukt om dikt meiner eg – i tråd med den vanlege estetiske bruken av ordet – at ei diktbok omfattar ein oppfatta heilskap og slik verkeleggjer sin kunstnarlege idé. Filosofisk vil ein kunne hevde at det konkrete utan unntak eksisterer i ein heilskap. Jamfør tilhøvet mellom tre og skog.

Dermed er undersøkinga kommi til Kristin Auestad Danielsen si andre utgjevne bok, med tittel Nynorsken (2007). Heile denne diktboka handlar om nynorsken eller har diverse forhold til nynorsken som fenomen. Forfattaren splittar ikkje ut tolkingar av ordet, til dømes eit språk, til dømes ein kultur, til dømes eit historisk emne osb. Men boka stoler rett og slett på kjenslene, som om «Nynorsken» skulle vore ein nær person eller noko anna som får fram alle kjenslene i skrivinga, det kan vere alt frå sterke religiøse bilete eller nasjonale symbol til personlege, men kjøleg kritiske mediaobservasjonar. Og det er dette som er konseptet.

Og temaet »nynorsken" er som skapt for konseptpoesi, poesi som omfattar både språk og kultur og historie. Utfallet for Nynorsken blei etter mi meining vellykka: Ein «diktfamilie» på seksti sider blei frigjord på denne måten, «såg» mangt og fanga opp noko spenstig på si ferd. Her siterer eg sidene frå 50 til 52, og eg legg litt typografisk leseluft mellom kvar av dei tre dikta, som altså er på kvar si bokside.




Og det som måtte kome:
Utanfor skogen har det kome tilreisande,
dei lagar tivoli, ein liten tjukk mann står utanfor og skrik:
Velkommen til det nynorske paradiset!







Hopp på Halldis Moren Vesaas-hjorten på karusellen!

Køyr med Arne Garborg sitt fylleangst-tog!

Skyt blink og få bamse.

Elsk i nasen til Ivar Aasen,
og der: Ein diftongklovn frå helvete.

Dei moralsk forkastelege sjanglar
seg til bokmålshorene i utkanten
og får kviskra opphissande ord i øyro: jeg er skitten.


Vaa-svana svirrar rundt og rundt, kvalm og ør og går i bakken.

Ei smekker dame i pepitaruter, Åse Marie Nesse-bjørka, svaiar sanninga i augo våre.






I nynorskland får alle lov til å skrike:
Bokmålet. Bokmålet. Bokmålet. Bokmålet.

I nynorskland kan høflegheita vike:
Bokbålet. Bokbålet. Bokbålet. Bokbålet.