Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Tenkje heilt nytt

Publisert 2008-12-08 15:53:45, sist endret 2010-01-11 10:13:59

Tenkje heilt nytt

-- finansminister (på tredje året) --
Det offentlege har alt gripe inn i høg grad...

Vi tenkjer på krisa, vi tenkjer på budsjett, vi kan ikkje tenkje på anna enn krise og budsjett. Kvifor gjer vi det? Grunnen er ikkje at vi, dei fleste av oss, er direkte pissredde for jobbane våre eller for pensjonane våre, men fordi alt er snudd på hovudet, heile den fastspikra forståinga av korleis økonomi skal handterast, er splintra. Kva er god økonomi, for søtten, kva er god økonomi!

Før tenkte dei fleste av oss at privat sektor var det som dominerte og styrte og skulle vekse. Og privat sektor måtte også vere det som dominerte, styrte og hadde stor vekst. Synd for kommunane da, tenkte vi stadig, men slik måtte det likevel vere i noko som skaper rikdom rundt seg. No er det ikkje lenger så sjølvsagt med privat innretning, tvert imot.

Dette berre vi tenkje på kvar dag. Stadig hever det seg mange røyster som seier at det offentlege må gripe inn og ta ansvaret, ta eit mykje større ansvar for rekninga etter finansbobla. Dei fleste seier at det offentlege må gripe inn og ta direkte ansvar for pengeflyten over alt i samfunnstrukturen. For elles stoppar alt opp, heile bankvesenet ”går sakte” eller går i stå, og den store eksportindustrien går på trynet, bygg og anlegg får seg ein smell, kommunane må no tenkje grundig på samla syssel-setjing.

Litt av ein omsnunad på mindre enn eit halvt år!

Vi skal handle, vi skal bruke pengar!

Bankar er redda så langt.

Det finst mykje nyttig, det veit jo alle, men det nyttigaste er å bruke pengar. Og no finst det brått nye formål som staten sine pengar kan brukast på. Det offentlege skal verkeleg gripe inn når det er slik det er, no i slutten av året 2008. Du verda!

Det blir som å tenkje heilt nytt det, akkurat som om meir flesk i kosten skulle bli det nye sunne. Som om å sitje stille blir medisin! Og endringa er som om søte likørar blir eit godt råd til folket! Tusen takk.

Kanskje blir det leiande fylket i Noreg no Telemark, etter ein slags fattigdom lenge og lite fagnad.

Men vi veit ikkje korleis dette som vi ser, ender. I går såg eg eit innslag med arbeidslause kinesarar som hadde flytta langt og jobba ei tid i Sør-Kina, fabrikken deira var lagt ned, og eigaren var langt av stad. Kommentaren frå NRK var at estimatane for veksten i kinesisk økonomi for 2009 var 7,5 % vekst, medan veksten dei seinare åra har vore dei rekordhøge (i verdsmålestokk): over 10 % vekst! Men likevel, så er ikkje heller 7,5 % dårleg det heller, tenkte eg, føy og føy til vekst!

Problema for kinesiske verksemder var, ifølgje NRK igjen, ein tydeleg mindre marknad for den svære kinesiske eksportindustrien. I alle høve er denne nye verdskrisa vanskeleg å få tak på, sjølv om medisinen ser ut til å vere klår i dei vestlege landa, nemleg sterk statleg innblanding og statleg styring i økonomien.

Vi nordmenn går i alle fall inn i jula med ein del julegåver under armen og ei ukjend framtid føre oss, medan vi ventar på krisepakkar neste år og håper at bankrenta skal synke også i vårt land. Kanskje er renta alt sett kraftig ned når du les artikkelen her. Kanskje er vi på eit vis blitt klokare i slutten av 2008. Eg sa kanskje. Eg har eit håp.



Kva blir så resultatet for tida av denne nye tenkjinga? Ja, sjå det. Her er eit døme. Dette er eit samrøystes vedtak i Kragerø kommunestyre 12/12 2009, ført i penna og foreslått av representantane for Rødt Kragerø, Charlotte Therkelsen og Helge Rykkja:

Uttalelse (til regjering/ fylke)


Kragerø kommune kommer til å merke at den internasjonale krisen slår inn i økonomien: Vi regner med å merke arbeidsløshet. Og de ekstraordinære tapene som har oppstått i pensjonskassene kan bli lagt over på kommunen.

For sysselsettingens skyld trenger kommunen større rentefrie lån til oppussing og oppjustering av kommunale bygg med lite vedlikeholdsbudsjett og dårlig inneklima.

Kommunestyret er tvunget til å vedta kutt i bemanningen i neste års budsjett, og i økonomi-planen for de neste årene ser det enda mer dystert ut.

Vi må være forberedt på tap i forhold til budsjetterte skatteinntekter i 2009. Like mye som banker og eksportindustri har fått en hjelpende hånd, så må det ytes betydelige kompensasjoner til kommuneøkonomien.

Også kommunene må få!


Pengar er eit breiare tema enn nokonsinne. Filosofifestivalen På kanten i Kragerø tar opp temaet pengar fullt ut 4.-7.juni 2009.