Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Ein inspirasjon

Publisert 2008-08-21 10:17:55, sist endret 2009-01-07 18:51:29

Ein inspirasjon

Mao Zedong at the First National Conference of the Communist Party of China, i det svært fjerne Herrens år 1927, før eg blei fødd
Her kjem ein artikkel skrivi av meg; og den er etterfølgd av to faktaboksar og eit intervju, dette gjort av Maren Ingeborg Hvamstad.

Ein journalist spurde meg om kva eg hadde blitt inspirert av; avisa meinte av litteratur - . Vel, det kjem så mange slags litteratur, tenkte eg, ikkje berre finst det skjellsetjande dikt. Og eg tok meg da den fridomen å tenkje etter kva enkelte av Formann Maos skrifter hadde tydd for meg, i det som eg heldt på med for nange år sidan, og det som eg held på med for tida, altså over ein lang tidsperiode. Sjølv blei eg overraska. Her kjem først artikkelsvaret som eg gav på spørsmålet, dvs artikkelen: Eg og Mao


Terroråtaket den 11. september 2001 og den amerikanske reaksjonen etterpå la eit autoritært teppe over verda, slik eg kan analysere dette. Den amerikanske dominansen er slakka noko seinare, pga mange store problem.


Da eg debuterte med diktsamlinga BOK i 1966 var det for meg ei antiautoritær handling - ja, nettopp ei antiautoritær handling frå ein diktelskar som meg. Og eg var inspirert lik mange andre av ei antiautoritær tid, ungdomsopprøret - . Her skal eg også ta føre meg noko som inspirerte meg tidleg i året 1969, da eg organiserte meg i ungdomsforbundet SUF, som nettopp hadde skilt lag med moderpartiet sitt, Sosialistisk Folkeparti.


Enkelte antiautoritære korte tekstar skrivne av den kinesiske kommunistleiaren Mao Zedong, blei spreidde i stort omfang, i aust som i vest, på den tida. Der var også sjølvsagt eittparti-doktrinar, og der var mykje autoritær røynsle frå krig og borgarkrig, krigshandlingar har lite med fredstid å gjere, er viktig å forstå. SUF såg stort og enkelt på det og slukte alt i same magen utan å forstå så mykje av sider som det er nødvendig å forstå.


Dei tekstane som har gjort mest varig inntrykk på meg – fordi eg har hatt bruk for dei også fram til no i 2008 - er slike som: «Arbeidsmetodar i partiutvala» (ein tekst frå 13/3 1949, eit halvt år før folkerepublikken blei proklamert).


Saka er den: Eg er leiar for eit lokallag av Rødt, eg bruker meg trass mine mogne år. Hos Mao sto det: ”Samankall ikkje til møter i all hast”. Det sto: ”Forhøyr deg hos dine underordna”. Det sto: ”Samarbeid med kameratar som har andre meiningar enn dine eigne”. Eg er inspirert av dette. Og det sistnemnde rådet her, følgjer eg ikkje berre i politikken, men generelt... Vi veit at ekte venner har ulike meiningar, men talet på venner er ikkje stort, og vi må samarbeide godt med langt fleire folk enn det.


Skal du vere tillitsvald, kan du lese Tillitsmannen av Einar Gerhardsen. ”Ver på vakt mot arroganse,” står det hos Mao. Dette rådet tenkjer eg ofte på når eg skriv og redigerer nettstaden min om poesi. ”Utveksle informasjonar,” står det hos Mao. Eit godt råd for meg når det gjeld personar som står meg nære. Men rådet er så menn lett å gløyme i kvardagen.


Maos råd ”Ha sans for tall” er for meg rett og slett eit kardinalråd for fornufta, fornufta i alle fasongar. Vi treng fornufta over alt. ”Lær å spele piano,” er litt vittig, eit humoristisk råd, ikkje minst når ein tenkjer på at pianoet vart mistrudd ei tid under ”kulturrevolusjon”, og det gjekk rykter i Noreg om at Ludwig van Beethovens musikk (av all musikk!) var tatt for borgarleg musikk, på kinesisk jord. Med parolen ”Lær å spele piano!” brukte Mao i si tid, altså 1949, eit bilete på det allsidige, sidan ein må bruke alle ti fingrane godt og variert på dette instrumentet.


Mao Zedong er det store personsymbolet i Kina, enn i dag. Alle dei største feila gjorde han og partiet hans etter at den nye staten blei oppretta med han sjølv som overhovud. På nepotisk vis blei den siste kona hans, Jiang Qing, gjort til leiar av kinesisk kulturarbeid under ein såkalt kulturrevolusjon, frå året 1966. Eg fekk aldri sett Pekingoperaen sine ti mønsteroperaer, dei var godkjende av henne personleg. Men alle dikt eg såg som sleppte ut av kulturrevolusjonen, var aldri noko meir enn papp. Hugs at denne spesielle kinesiske tidsperioden (som påverka verda) varte nærpå 10 år.


Poesi har eg haldi på med i all tid, på mitt vis, poesien ser eg på som feltet mitt. Konkretpoesien. La meg knytte han til fornufta. Eit slagord i Sverige nettopp omkring 1966 var nyenkel poesi, som greit kan knyttast til det antiautoritære. Men slagordet nyenkel fekk ikkje så mykje nytt å seie i Noreg, sidan vårt lenge enkle og fattige og utsatte land har hatt ein meir ubroten anti-autoritær tradisjon, også hos dei relativt opplyste og til dels leiande samfunnsklassane her. Og dette som i Noreg tidvis etter 1970 blei kalt ”nyenkelt”, kunne vere altfor likt «pappen» frå det store landet fjernt, fjernt i aust, Kina.


Maren Ingeborg Hvamstad
INTERVJUAR OM INSPIRASJON



Inspirert: Helge Rykkja

Fødd 27.august 1943 på Mysen.
Etablerte Kommet forlag saman med Jan Erik Vold i 1966 og debuterte same år med diktsamlinga Bok. Har gitt ut 11 bøker, dei fleste diktsamlingar, den førebels siste kom i 2006 og heiter bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar.
I 1968 las Jon Leirfall (SP) diktet Det er ikke noe i veien med ørene mine, frå diktsamlinga Poesi, høgt på Stortinget, som eit døme på eit dikt som ikkje måtte bli inkludert av den nye innkjøpsordninga for litteratur. Heile opplaget på 3000 eksemplar vart utselt.
Rykkja har vore lærar i ungdomsskulen og gjestelærar på Forfattarstudiet i Bø, og er no AFP-pensjonist. Han har vore og er framleis lokalpolitikar i Kragerø.


Inspirerande: Mao Zedong

Fødd 26.desember 1893 i Shaoshan, i Hunanprovinsen.
Mao, best kjent som Formann Mao i Vesten, var leiar av Folkerepublikken Kinas kommunistparti frå 1935 fram til sin eigen død i 1976.
Han var òg kjent som den «fire store»: Store lærar, store leiar, store øvstkommanderande og store styrmann. Under leiinga hans fekk partiet makta over det meste av Kina under den kinesiske borgarkrigen i 1949. Mao er framleis eit viktig symbol for Kina, han var og er framleis svært populær, men samstundes er han òg hugsa for eit brutalt valdsstyre.
I 1960 kom ei lita samling med sitat frå den store leiaren, Sitat frå formann Mao Tse-tung, som for alvor vart verdskjent frå 1964 da ho kom i ny raud utgåve og praktisk lommeformat som «Maos lille røde». Boka inneheld 427 sitat og er truleg den boka i verda som har selt mest etter Bibelen, med eit verdsomspennande opplag på over 1 milliard eksemplar.
Mao døde 9.september 1976 i Beijing.



RAUD OG NYENKEL


Helge Rykkja er framleis antiautoritær. Og litt avhengig av inspirasjon.

Intervjuar: Maren Ingeborg Hvamstad
mareningeborg@gmail.com


- Kva slags forhold har du til ordet inspirajon?

Eg er ein person som er litt avhengig av inspirasjon. Enkelte i bransjen brukar han som eit levebrød, og utnyttar former som kan støtte opp kring levebrødet. Men eg driv med poesi, og det kan eg ikkje ha som levebrød. Det er noko som gir meg personleg glede og nytte. Og såleis er eg litt avhengig av inspirasjon.

- Er ein poet meir avhengig av inspirasjon enn ein prosaist er, trur du?

Eg vil kanskje tru det, for det er ingen som kan leve av å skrive poesi i Noreg. Utøvarar av litteratur er avhengige av inspirasjon for å få fart på produksjonen. Eg er heldig når det gjeld inspirasjon, for eg har vore aktiv over ein lang periode. Eg har lese mykje poesi og vore opptatt av den forma. Det hender at forfattarar må skifte sjanger for på nytt å kunne skape, men eg har greid å halde fast i diktforma, og har hatt stor glede av det, sjølv om poesi ikkje får særleg mykje merksemd. Det ligg ikkje stablar med poesi i bokhandlane.

- Og du blir inspirert av sjølvaste Mao Zedong?

Ja. Det heng saman med kva for eit liv eg har valt å leve. Eg er ikkje kunstnar på heiltid, som visse andre, eg har vore med på ein del ting som ikkje har med skriving å gjere. Eg har vore lærar og lokalpolitikar, og no har eg trødd inn i rekka av AFP-pensjonistar, men eg er leiar for Rødt Kragerø, og sitt i kommunestyret.
Ei av Rødt Kragerø sine største kampsaker er å verne område til allmenn bruk, og det er ei stor utfordring i ein by som er blant dei mest populære turistmåla attmed sjøen.

- Me er for turisme, men ikkje for konstruksjonar som hindrar allmenn bruk av områda ved fjorden, seier Rykkja og held fram:
I dag er det ofte marknadsliberalismen som er autoritær, og som piskar ”medlemmene” sine i same marsj og same retning. Det gamle føydale samfunnet med ein autoritær godseigar har blitt endra til eit marknadsdiktatur. Til dømes er det no forbode ved lov å subsidiere sine eigne ting, det skal vere isolert konkurranse på alle felt. Me følgjer eit EØS-regelverk som gjer det vanskeleg å føre ein særeigen politikk som er tilpassa nettopp Noreg, til dømes ein politikk som kan syte for busetting i heile landet.

- Dette er for så vidt små ting i høve til kva dei måtte bale med under borgarkrigen i Kina, der landet måtte gjennom enorme omveltningar, men me er ein del av eit internasjonalt system, sjølv om me lever under eit fredeleg kommunalt sjølvstyre i Kragerø.

Helge Rykkja trur at kva type poesi han heller mot, heng saman med korleis han starta opp som poet.
- Mi første diktsamling Bok vart avvist av Gyldendal, og eg starta opp mitt eige forlag for så å distribuere gjennom Forlagssentralen. Det var ikkje så vanleg den gongen, og på sett og vis ei antiautoritær handling.
Sjølv hevdar Rykkja at han alltid har vore antiautoritær, og at han framleis er det.

- Eg kjenner meg antiautoritær sjølv om eg har levd eit langt liv og har vore med på å byggje opp det samfunnet me har ikring oss, og trass i at eg har fått barnebarn og er med og styrar ein kommune. Men mange av dei ”programmatisk” antiautoritære dikta frå kulturrevolusjonen var svært dårlege. Dei var berre pappfigurar. Mao var sjølv poet, og hadde god kjennskap til litteratur. Dikta hans var først og fremst romantiske. Men det er ikkje dikta hans eg er inspirert av, dei er prega av ønsketenking, slik nokre av vala han gjorde som statsmann òg var. Det er dei tidlege politiske skriftene hans eg blei inspirert av. Desse tekstene har nådd ut til milliardar, og er kanskje berre forbigått i utbreiing av Bibelen og Koranen.