Til hovedside
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Artiklar
 
Feminisme tidleg
- Publisert 30/01-08


Ein av dei første, Marie Takvam. Foto: Karina Jensen/SCANPIX -
Kvinnesaka kom først; seinare kom feminismen til Noreg. Ein av dei første nyfeministane her var vel Marie Takvam, som nett no er død, 81 år gammal. Marie Takvam var fin lyrikar. Diktet Ei kvinne gav ho ut i 1962, dette var ti år etter debuten hennar som forfattar og om lag på den tida som Marilyn Monroe blei funnen død og eit år føre John F. Kennedy blei skoten og Beatles sin enkle Love me do slo gjennom. Diktet Ei kvinne blei gitt ut ti år før Kvinnefronten og Nyfeministane blei starta og stormen var i gang om politisk vinnande feminisme, ein prosess som sidan har gått vidare til denne dag, når så mange slags menneske i grunnen reknar seg som feministar.




Ei kvinne stogga meg på gata og sa:

Du syng om kjærleik
og om stjerner
som om du ikkje veit kor livet ter seg!

Kva ser vel vi av stjerner her
i gater mellom lysreklamer?

Å høyr, du veit nok like godt som eg
at draumar høyrer heime utved havet
der kvinnene går einsame og ser mot horisonten.

Men prøv å temje kjærleiken
og bere den til frukostbord og middag
på kjøkkenet i plastikkblått og kvitt,
og du har same hell som om du fanga solgull
i dine hender
og bruka det til lykt igjennom netter.

Alt er bedrag, bedrag, bedrag.
Ein einsleg maidag
har aldri kasta sol
som lyste opp om hausten.


Dette er eit slags nasjonaldikt, det vil seie eit dikt som handlar om andre nasjonaldikt. Dette Marie Takvams nasjonaldikt tar form av eit versifisert «referat» som reflekterer hennar utgangspunkt både i kyst-Noreg og det vaksne og veksande urbane engasjementet, sett frå eit kompromisslaust perspektiv. Grepet er også at ho gjer «ei kvinne som stoggar henne på gata» til talerøyr, til ekstra taleført og godt formulert; og dermed er ei ny tid i gang. Men først skulle ungdomsopprøret køyrast. Sjå på The Times They Are A-Changin' .





(Oppdatert 01/02-08  15:22)

 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn