Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Norsk konseptpoesi?

Publisert 2008-01-08 18:09:07, sist endret 2009-11-03 18:20:00

Norsk konseptpoesi?

Poeten Kristin Auestad Danielsen Foto: Christian Elgvin
Den siste hausten fekk eg hekta meg opp i spelnye diktsamlingar med eit stramt tematisk utgangspunkt - eller med heilt andre godt samlande utgangspunkt. Eg spekulerte særleg på ulike diktbøker med eit «godt konsept»... No for tida blir nok ordet konsept brukt om ei bra utvikla marknadsmessig vinkling. Her meiner eg med konsept (i tråd med den vanlege estetiske bruken av ordet) at boka, som heilskap, verkeleggjer ein kunstnarleg idé. Og for min del er diktsamlingane gjevne ut i haust framleis like gode på nyåret - eller utover vinteren...

Det er ikkje berre å sluke 70 samlingar på eit par månader heller. Heller vil eg like den jobben som eg har tatt på meg av eigen gjennomtenkte vilje.

Denne gongen er eg kommi til Kristin Auestad Danielsen si andre utgjevne bok, Nynorsken. Heile diktboka handlar om nynorsken eller har div forhold til nynorsken som fenomen. Forfattaren splittar ikkje ut tolkingar av ordet, td. eit språk, t.d ein kultur, t.d eit historisk emne osb. Men rett og slett stoler på kjenslene, som om «Nynorsken» skulle vori ein nær person eller noko anna som får fram kjenslene i skrivinga, det kan vere alt frå sterke religiøse bilete eller nasjonale symbol til personlege kritiske mediaobservasjonar. Og det er dette som er konseptet.

Og temaet nynorsken er som skapt for konseptpoesi; eller som ei form for konkret poesi, ville eg seie, sidan poesi vel alltid er både språk i høg grad og kultur i høg grad. Utfallet blei altså vellykka. Ein «diktfamilie» på seksti sider blir frigjord på denne måten og ”ser” mangt, og han fangar opp noko spenstig poetisk på si ferd. Vel. Dette er påstandane mine.

Etter slike få merknader til boka presenterer eg dei korte sidene 50 til 53... Eg prøver her å leggje typografisk «luft» mellom desse fire boksidene (dvs det nynorske paradiset... det nynorske tivoliet... nynorskland... den nynorske perleporten...):







Og det som måtte kome:
Utanfor skogen har det kome tilreisande,
dei lagar tivoli, ein liten tjukk mann står utanfor og skrik:
Velkommen til det nynorske paradiset!






Hopp på Halldis Moren Vesaas-hjorten på karusellen!

Køyr med Arne Garborg sitt fylleangst-tog!

Skyt blink og få bamse.

Elsk i nasen til Ivar Aasen,
og der: Ein diftongklovn frå helvete.

Dei moralsk forkastelege sjanglar
seg til bokmålshorene i utkanten
og får kviskra opphissande ord i øyro: jeg er skitten.


Vaa-svana svirrar rundt og rundt, kvalm og ør og går i bakken.

Ei smekker dame i pepitaruter, Åse Marie Nesse-bjørka, svaiar sanninga i augo våre.






I nynorskland får alle lov til å skrike:
Bokmålet. Bokmålet. Bokmålet. Bokmålet.

I nynorskland kan høflegheita vike:
Bokbålet. Bokbålet. Bokbålet. Bokbålet.







Eg er lei av alle mindreverdskompleksa som fører til idiotisk overmot.
Nynorsken, c’est bon!
Eg proklamerer herved: Nynorskland er opna!
Eg opnar herved Det Nynorske, Paradiset.
Eg fører herved det norske folket til den nynorske Perleporten!