Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Kva er det å tenkje?

Publisert 2007-11-26 10:22:43, sist endret 2012-03-26 12:12:27

Kva er det å tenkje?

ein lyrikkambassadør, Leevi Lehto
Kva er å tenkje? Er dette 2 heilt motsette ting? Poet og forfattar Karin Sveen skriv fast i ei dagsavis, sist laurdag noko som ho kalte ”Utelivsspalte”, som verken dreide seg om å gå på kafé eller ut på restaurant, men om å gå i gater, om å bruke beina og sansene fritt utandørs, i eit såkalt ”bylandskap” eller kva ein skal kalle det. I utelivsspalta var vakker konkret skildring av litt kropp og mykje haust i by, men det er likevel resonnementet til forfattaren som eg mest heftar meg ved. Her kjem eit Sveen-premiss samla i eit par bitar resonnement:
(...) Det er et språk uten ord, i en verden av snakk. Fint å høre dråper tromme mot paraplyen. De skal ikke kommenteres eller analyseres. Fint å høre blåstens og trærnes munner. De skal ikke forståas.(...) Hvis turen skal ha en hensikt, består den i å glemme hensikten. Først når jeg glemmer hvor sunt dette måtte være er, blir det sunt. Først når jeg glemmer å tenke, tenker jeg. Først når jeg glemmer å observere, observerer jeg.(...)
Vi, nettstaden, går deretter vidare til Bergen...
Tidlegare i haust tydde eg til ein poesifestival i Bergen med ein del førande internasjonale poetar til stades, og der noterte eg meg haldningar til språk og tanke. Desse observasjonane følgjer her. Og merk berre at avstanden mellom den relativt enkle avisspalta ovafor (i norsk dagsavis, Klassekampen) er ikkje så heilt uoverstigeleg over til materiale som dei avanserte poetane på poesifestival bryr seg med. Men aller først innom noko tatt frå ei avis, også denne gongen med noko plassert før orda...


Ja, kor viktige er eigentleg orda i den store samanhengen? Det er eg som vidarefører spørsmålet. Eg såg Liv Holtskogs dikt Før orda er songen. Dette diktet er trygt kommi ut i Holtskog si nye diktsamling, men eg las det bak på Dag og tid:
Bylgjer bårar i barnebrystet

I strupen stig bublar frå ukjend djup

Ein liten tone voggar fram

Barnet gurglar

smiler i svevn

Gleda og songen

Ein kvitrande fryd før orda

Diktet fortel oss at noko kjem før orda, noko grunnleggjande kjem før, skjer før. I paneldebatten under Audiatur, Bergen, spissformulerte Leevi Lehto, han er finsk diktar busett i Helsingfors, at: «Noko er meir grunnleggjande enn orda. Men kva så dette er, det har vi ikkje namn på.» (fritt omsett av meg frå eit Lehtosk såkalla «barbarengelsk») At noko kjem før noko anna, det er eit viktig tilhøve. Og at noko er meir grunnlegjande enn noko anna, eg ikkje fullstendig same sak.

Lehto, som for meg var nok ein poesifinne med fortid planta i politikken, grunngav språksynet sitt med følgjande observasjon (sitert frå mi 15.rad): «Språka er klassespråk.» Det er absolutt skjedd eit klimaskifte i synet på språk! Da eg i august skulle dikttolke bokstavteppa til Ottar Ormstad, blei det skapt følgjande spontane dikt:
Kvifor skal orda råde i verda?
Kvifor skal orda råde i verda?

- kvifor skal bokstavar leggjast på teppe?
er det fordi vi skal tenkje
og komme nærare kvarandre?

la ikkje orda få råde for mykje
la bokstavane få danse

vi må la armane få bokse
la armane få jobbe

la bakaren få bake lalala
og kua få gå på gras

la kua få snakke
dette er kanskje eit kvad til kua

kua er så glad i ø
Øøø!
Ø-lyden er ikkje ukjend på fransk: På Audiatur laurdag kveld drog 75-årige Jacques Roubaud sin «fisken sin song», med munnen open (=ø), ord liksom i vatn (dvs mime). Og da han enda meir skulle streke under alle poenga sine, drog Roubaud «den franske fisken sin song», på same måten, men slik at vi kunne sjå at rytmen gjekk på Marseillaisen sin rytme. Det var akkurat som om forsamlinga i Teatergarasjen blei letta - .

Eit barnebarn av meg som nærmar seg seks år, fekk dessverre ikkje vori med på dette... Men ho fekk med seg Lehto sitt lange Norwegian ordsHordaland kunstsenter tidlegare på dagen og likte det. Diktet er skrivi på norsk, eit språk som Lehto ikkje kan, men som han les svært energisk. Berre synd for den almenne kommunikasjonen at eit langstrekt lokale som blei brukt, minner aller mest om eit kremlsk landsmøte med dei leiande kadrane plassert på fremste rader - og kanskje «rølpen» heilt der bak - .

Også paneldebatten var der - , med sterke danske Mette Moestrup som motor; men det er ei anna soge. (Ho er kvass og streit både som poet, som intervjuobjekt og som rolleanalytikar.) Og festivalkatalogen er i år på 830 sider! Her er program, presentasjonar, dikt, essay m.m. Også på denne tredje Audiatur-festivalen er Paal Bjelke Andersen og Audun Lindholm allestads nærverande og intense. (Og Susanne Christensen var god konferansier på poesikvelden.) Vel. Eg nytta høvet i Bergen til å finne, kjøpe Jacques Roubauds (omsette) lewis' mangfold av verdener og samtidig skaffe meg Caroline Bergvall sin eigen antologi Fig. Påpasselege meg fekk også med dei båe to poetane sin rykande velviljuge autograf... Deretter drog eg til Kattuglebrotet.

Kontrollspørsmål: Er ikkje filmane
klassefilmar?

Nynorsk er eit nydemokratisk klassespråk.


Ps 3.okt: Litt meir frå Audiatur. Som svar på eit spørsmål frå Tyra T. Tronstad i tilbakemeldingsspalta mi brukte eg som døme eit par deltakarar frå Audiatur, Tomomi Adachi og Linn Hansén , slik du ser 30/9 og 3/10. Elles finst dei mange festivaldeltakarane som eg ikkje omtalte, på lenka over - og foto f.eks her .

Ny kontroll: Snakkar kyrne fransk? I så fall kan da Lehto berre snakke med dei, sidan han mest av alt er ein verksam poesiambassadør. Kontroll, kontroll: Er denne omseggripande haldninga til språk og tanke ei antiintellektuell bølgje? Eg meiner nei.



Ps 1/12-07: Kva er å tenkje? For den amerikanske konseptpoeten Kenneth Goldsmith er «thinkership» eit sentralt omgrep som han stiller i motsetnad til omgrepet «writership». Jamfør Oslo poesifestival 2007.