Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Tore Juell og snøen

Publisert 2007-08-12 09:29:58, sist endret 2009-10-11 13:33:43

Tore Juell og snøen

T. Juell: Vintersol - Barthebrygga
Eg ville seie litt om Tore Juell her, det har vori utstilling for han i Kragerø tre år på rad.

Først her skal eg registrere at det finst relativt kravlaust stoff om kunst og musikk på nettet, iallfall finst lite analytisk stoff; det ser ein når ein jamfører med det tilsvarande artikkelstoffet om litteratur. Opplevinga er nok viktig både i kunst og i musikk. Når det gjeld måleri, kan ein leggje vekt på sal ved kunstutstilling. Når det gjeld populærmusikk kan ein leggje vekta på publikumsoppslutning på konsertar. Trass i dette skulle det vori meir av enkel form- eller innhaldsanalyse i samband med kunst og musikk, tenkjer eg når eg ofte observerer tilfeldig det relativt skrinne tilbodet på nettet.

Det er fire TING som fascinerer meg ved Tore Juell :
1. Portretta som han målar, ofte etter oppdrag internasjonalt. Denne sjangeren gir vel levebrødet til kunstnaren – i tillegg til dei målariske utfordringane han får med form og lys og skugge.

2. Og dei flotte vinterbileta. Svært mange meiner at Kragerø, der kunstnaren er ifrå, er eit eldorado om sommaren. Sol, svaberg, overraskande strender, vid skjærgard, flotte feriehytter, pitoreske trehusgater i bysentrum er kjende ingrediensar i eit slikt måla bilete. Kvifor målar da kunstnaren så mange vinterbilete, så store vinterbilete?

3. Snøen står fromt i fokus på vinterbileta, ikkje individa. Tore Juell kan den sorga å kapsle inn livet og overlevinga i snømengder. Istadenfor personar måla han dei aller siste åra seriar med klynger av hus pakka saman i snø, Kragerøklynger. Dette er natur og arkitektur som menneskeleg metafor. I den ferskaste utstillinga på Nicoline har snøen fått enda meir varme og lys. Eit bilete av brøytekant på Utsikten (fylkesvegen) har ei snøsamling som tar form av kremkakefest. Snøen, som Tore Juell er ein rein meister i å måle, er på bileta frå i år knytta enda tettare til temaet hans: lyset!

4. Ja, bilete med mykje framkalt lys. Sjølvsagt kjem skuggar inn i biletet, dei byggjer opp Juells knips av lyset, sollyset. Etter ein sjukdomsperiode han hadde nyleg, er bileta hans sikre invitasjonar til å gå inn i naturen, inn i og gjennom perspektivet. Dei i og for seg fine og lågmælte naturskildringane hans er blitt til reine festinvitasjonar. Grunnen til at Tore Juell får slikt så godt fram, er ein overlegen teknikk som blei utvikla gjennom alle dei mange åra med penselen i handa. I fjor gav elles kunstnaren ut boka Årstider - Kragerø , med sin eigen tekst.


Og eg har skrivi noko enkelt om ein annan norsk målar med utstilling på Nicoline. Her er noko rapportert av meg om antikrigs-ikonet Per Kleiva .