Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Edith Piaf tilbake

Publisert 2007-04-27 10:41:30, sist endret 2010-05-25 11:00:43

Edith Piaf tilbake

Ei av moglege forteljingar om Piaf
Etter fransk målestokk kom Edith Piaf frå artistambisjonar i ein enkel familie, ambisjonar som ho tok med seg frå tidleg alder. Det vil vere eit hardt liv å prøve å overleve i show business, noko filmen om Edith Piaf syner oss. (Filmen blei lansert i februar og hadde ordinær kinopremiére i Noreg 30.mars.) ”There’s no business like show business”. Og det manglar ikkje på dramatisk stoff å låne frå Edith Piafs liv, når ein prøver å fange livet hennar - og songane - inn på spelefilm. Denne nye filmen byggjer både effektivt og overtydande opp for sluttsongen Je ne regrette rien! (”Æ angre ittjnå!”); ein song som kronar filmforteljinga. Filmen bryt delvis sund verkeleg kronologi for å følgje opp draumane hennar. Men til den internasjonale lanseringa så låner filmen heller den ironiske songtittelen La vie en rose (Kan eg da seie ”Det rosa livet” eller passar «Livet i rosa» betre?). Her er elles You Tubes versjon av Piaf og La vie en rose .



Notat til filmen:

1. Det romantiske året som Piaf hadde med boksaren Marcel Cerdan, gjer seg godt på film, sidan det er ein slåande parallell mellom boksekampar og dette å kunne slå gjennom med nye artistnummer.

2. Deriomt har filmen i valet av bakgrunnsstoff hoppa bukk over den livslange vennskapen hennar med den avantgardistiske multikunstnaren Jean Cocteau. Heller ikkje songarar/ skodespelarar som Gilbert Becaud eller Charles Aznavour eller Yves Montand, som kunne vori ein større parallell til og dermed ein inngang til Piaf, er vigd plass i denne filmforteljinga.

3. Det uroar meg elles generelt kring kunstnaren at den store makta i songrøysta til Edith Piaf alltid blei lagt merke til, medan filmen ikkje peikar på det mest karakteristiske ved denne røysta: Ikkje er det det raspande, men derimot ein makelaus vibrato som særpreger røysta. Og vibratoen får meg til å tenkje på fugleartar som ristar når dei syng.

4. Namnet «Piaf», som tyder ”Sporven”, var eit kunstnarnamn, konstruert av ein impressario (=bareigar). Småsporven gjeng i tunet. Piaf song opphavleg på gata. Småsporven ler av katten grå.

5. Piaf var først og fremst songar og skodespelar, den i Frankrike som folk meir enn kanskje nokon annan elska å høyre synge. I filmen får vi nyte henne synge i opptak og dertil sjå ein dyktig skodespelar mime henne og spele henne på og utanfor scenen. Marion Cottillard gjer ein stor innsats. Aftenposten skriv at det er blitt ny Edith Piaf-feber i Frankrike.

6. Filmen tar oss med til gatelivet og underverda og oppover til det fashionable, gjennom trist men nådelaus alkoholisme, narkomani, sjukdom og død. Det som artisten spelar på i songar og i intervju, er l'amour.

7. Ei stund fekk eg det føre meg at Jaques Brels vise Titine handlar om den same hora som tok seg av Edith ein del år medan Edith var lita (før ho kom tilbake til far sin, som var i krigen, og seinare i eit sirkus). Men her må det vere ein for stor aldersforskjell mellom dei to Titine.

8. Avslutning: Temaet dreier om det som mange alt veit om romantikk og død og liv, men verket er likevel ei svært dyktig fortalt forteljing på film. Hadde eg fått ønska meg ein fersk film til om Piaf, så ville nettopp Jean Cocteau spela ei viktig rolle i den. Livslange vener skal ein ikkje kimse av når ein lagar biografi. At Jean Cocteau var mykje eldre enn henne og homoseksuell og avantgardist og kjend med dei heilt store modernistane, hadde ikkje gjort noko. Dessutan ville eg ikkje hoppa over andre verdskrig i forteljinga. Sjølv om verdskrigen er eit smerteleg tema for franskmenn, så spelte vel Piaf hemmelege spel og redda franske motstandsfolk ved å bruke løynde meldingar, har eg lesi meg til. Og er det da ikkje sant?


Her er ei relativt nøktern og god attforteljing av filminnhaldet .