Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Metode for politisk roman

Publisert 2007-01-05 10:02:43, sist endret 2007-07-28 08:52:34

Metode for politisk roman

Fotoet er lånt (med takk) av Evan Siegle/ Green Bay Press-Gasette
Nettstaden har begynt på nytt år, liksom mangt anna har begynt på nytt år. Rundt denne tida plar ein kvar gong å oppsummere hendingar og tendensar i det som har vori. For meg er det fleire saker i fjor som eg kunne stoppe opp ved no og streke under. I fjor hadde eg ein mindre kommentar til usemja om Dag Solstads roman var ein politisk roman . Iallfall skapte romanen noko politisk debatt, så på den måten var boka politisk. I dette tillegget vil eg gå vidare til å stille spørsmål ved om Armand V. i grunnen er fotnotar, om ikkje boka mest av alt er ein roman (om enn ho er roman av ein annan type enn Genanse og verdighet eller T.Singer er - eller for den del forskjellig frå det hovudparten av norske romanar er).


A. Det finst riktignok nokså flust med fotnoteinnslag i boka (sjølv om dei står f.eks midt på boksida), men enkelte av dei mange nummererte bokpartia er små perler av mikroessays, medan andre parti er nokså lange og drivande gode episke romankapittel. Går det an å vere både for flott og for smålåten? Men det er bra , det er vellykka. Ei sak for seg, som eg berre set fram som ein påstand her, er at ARMAND V. Fotnoter til en uutgravd roman i delar viser opp ein ny venleik i språket i høve til Solstads tidlegare romanprosa.


B. Her er heile dømet på ein på kort fotnote, nummerert nr 60 i boka, plassert godt over midten (sitat):
Av mange grunner kunne ikke Armand, ikke en gang for seg selv, gjennomføre en konsekvent kritikk av Amerika, og Amerikas oppførsel i verden. Ikke en gang overfor seg selv. Men han visste det, og han unnlot ikke å gjøre oppmerksom på at han visste det, for seg selv.
Dette er tørr prosa, tørr «god gammaldags» allvitande forteljar-prosa og ein slags demonstrasjon på dei mange stillaga i boka.


C. Først og fremst er ikkje romanen ein vanskeleg «utgraven roman», men teksten er ei omskriving av ein estetikk, ei tilbakevending i Solstads tilfelle til 1960-talsmåten hans, slik den førre romanen hans også var ei tilbakevending (i nesten like høge grad som teksten i 2006) til utgangspunktet hans. Dette er inntrykket mitt, og det er også påstanden min. Sanninga er at forfattaren er meir seg sjølv enn nokon gong tidlegare, i denne nye skrivefasen som er proklamert. Forfattaren har verkeleg funni seg sjølv litterært, og han gjev det eine strålande intervjuet etter det andre om forfattarskapen, t.d no sist i Bok og Samfunn. (Og eg skriv ikkje om meg sjølv her, men om den leiande norske romanforfattaren Dag Solstad).


D. I Armand V. går forfattaren eit steg vidare vekk frå høgspråket i litteraturen. Delar av romanen liknar ein referatstil som er identisk med kulørt vekebladspråk i føljetongar, slik eg hugsar språket i Allers frå min spede ungdom...


E. I skildringa av studentkafeen Frederikke på Blindern tar forfattaren i bruk dei store kronikørevnene sine. Han er svært fortruleg med 1960-talet sine kulissar, noko han også tidlegare har synt at han er.


F. Noko av det mest romanaktige ved boka er at ho går gjennom store biografiar, frå eit sentralt møtepunkt i 1960-åra, og ho tar med somme personar den lange tida heilt fram til notida, 2006.


G. Dag Solstad har no definitivt forlatt mellomperioden sin med kulturpessimisme, og han gjev mykje argumentasjon med den nye romanen for denne vendinga vekk frå kulturpessimismen.


H. At det liksom skulle vere tilfeldige restar eller lause ting som han jobbar med til ei slags romanform i nød - no for tida, og på sine eldre dagar - det vil eg nekte for. Dette utspelet med «utgraven roman» er nok berre tekniske hypotesar og dominospel som inspirerer forfattaren til å skrive. Dag Solstad bruker vere nøye med lesar-kontrakten når han kjem med noko, slik han jo nesten alltid har vori. Og eit komposisjonsprinsipp og spel med fotnotar er og vil bli ein del av lesarkontrakten framover. I historisk tid finst det døme på fotnotar brukt for å omgå sensuren, i dette tilfellet frå 2006 må vi tenkje på sjølvsensuren som ein forfattar kan ha fått i høve til å satse på eit storpolitisk romanopplegg.


I. Personen Dag Solstad opptrer opent i sin eigen roman igjen, viftande med sin eigen biografiske horisont. Det følgjande noterte eg tidlegare om Dag Solstads roman 16.07.41 (frå 2002), når det galdt tilbakevending til 1960-talsestetikk:
Dag Solstad overraskar noko med romanen sin i 2002. Men denne reaksjonen har vi ikkje grunn til å få. Solstad fekk i året 1967 sitt første litterære gjennombrot - det var iallfall eit gjennombrot for dei som følgde med - med den friske og freidige tekstsamlinga Svingstol. Teorien for verket er ikkje berre eksplisitt i mange delar av verket, men heile ballet startar - med: ”Vi vil ikke gi kaffikjelen vinger”, ei slags programmatisk opning. Svingstol rommar faktisk fleire av komponentane i 2002-boka hans, eg ramsar opp frå mi eiga lesing: det kollasjaktige spekteret av prosastilar, inklusive massemediet sin stil, uttalte og tydelege sjølvbiografiske innslag, reiseskildringar, politisk skildring (i teksten ”Moskva”) som minner om eit parti i teksten om Aust-Berlin i 2002-boka. Svingstol rommar katalog-estetikken, nærveret av ein volumiøs by (her: Oslo). Samanhengen mellom Solstad 1967 og 2002 kan forklåre kvifor det skulle bli Solstad som Røssaak hadde til det klåre kardinaldømet på norsk roman i sterk omskaping, når det nettopp gjeld å iscenesetje «sjølvet». Solstads estetikk går tilbake til ein første litterær offensiv frå han, og til eit første litterært gjennombrot for han, i 1960-åra.
Dette er henta frå eit tilsvar til Eivind Røssaak .



Ps: I tidsskriftet Rødt! knyttar Øyvind Andresen andre trådar og band mellom Armand V. og fleire delar av Solstads forfattarskap. Andresen legg vekt på analysen av den intellektuelle .