Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Seksten kvadr.meter

Publisert 2006-11-05 21:26:16, sist endret 2013-10-27 12:51:39

Seksten kvadr.meter

Ingrid Zachariassen Aanestad på jobb
I ein av biografiane om Billie Holiday byrjar teksten drastisk, rett på det harde livet, og innleiingsorda endar opp med at lesaren enkelt kan rekne ut at Billies mor var 13 da ho fekk Billie. (Faren hennar var heller ikkje særleg gamal da Billie kom til, nøyaktig kor gamal han var, hugsar eg ikkje no, var det femten?) Romanen I dag er ein fin dag, av Ingrid Z. Aanestad byrjar slik, med første setning:
Folk brukar å seia at hybelen hennar var fin, at han er så ryddig, at han ser stor ut til å vera bare seksten kvadratmeter.(...)
Her finn vi altså den nakne talmessige sanninga alt i første roman-setning, men velplassert sist i setninga. Dette talet på seksten kvadrat-meter seier litt om kva for eit liv som skal levast mellom veggane, og romanen gjev seg i kast med å fortelje korleis til og med så smålåtne mengder kvadratmeter må fyllast med nok!

Ingrid Z. Aanestad bruker den konkrete forteljemetoden vidare i romanen, etter oppskrifta: Don’t explain. Tell. No, don’t tell. Show. Både forfattarstemma og den unge hovudpersonen i romanen med namnet Maria er slik at dei søker det verkeleg røynde. Romanen byggjer opp døgn og dagar, Maria byggjer opp kosthald, byggjer opp det sosiale, byggjer opp det ømme, Maria byggjer opp menneskelege kontaktar som følgjer berre med det å ta ansvar for andre. Utgangspunktet er å vere relativt ny og tynn og aleine i ein større by og i ei årstid som går imot haust og kulde.

Alt saman søker Maria gjennom med tanke for ein heilskap som er sjølvsagd, og byggjer det ut. Og ho er samtidig open for dette bråe som kan dukke opp utanom planane sine. Nødvendigvis er ho open for det tilfeldige. Elles kan det ikkje bli noko «liv» utav alt. Og det mest bråe er ei ung jente på gata, som liknar på ein prikk på Maria og som derfor får Maria til å søke ei god stund etter henne.

Eg les ein kunstnarproblematikk inn i romanen. Hovudpersonen er svært kjenslevar for fargar. Både bilet-kunst og dansekunst er med i tematikken. Er du kunstnar i ditt indre, vil nok dette med å byggje opp eit tilvære bli eit enda større løft for deg. Kroneksemplet på dette i norsk litteratur, det er sjølvsagt Knut Hamsuns Sult, med sin eksepsjonelle stil og sine eksepsjonelle vanskelege tilstandar. Men Ingrid Aanestad går klår av Hamsuns medvitne mystifisering. Ho har meir til felles med Cora Sandels store Alberte-trilogi, særleg med bandet der Alberte bur i Paris.

Romanen til Aanestad har mange føremoner, mellom anna ein musikalsk stil. Likeså er mange tilhøve mellom hovudpersonen og Johannes (Hamsun) effektivt skildra, det same med tilhøve mellom hovudpersonen og venninna Monika, og fleire tilhøve mellom hovudpersonen og den eldre biletkunstnaren Alise. Dette er ein roman som du kjem deg ganske så velberga gjennom.

Romanen kan like så gjerne lesast av tenåringar som nyskilde, like gjerne av enkemenn eller pensjonistar, det vil seie av nesten alle lesarar. Typografisk er boka nesten som ei lettlesbok. Forlaget Oktober har all ære av denne utgjevinga. Aanestad er elles debutant. Les no desse udramatiske, men konkrete avslutningsorda i romanen; og dette er absolutt det siste som skjer:
Maria skiftar til pyjamasbukse og nattrøye. Ho klatrar opp på hemsen og legg seg under dyna, ho gnir leggane og handflatene mot kvarandre for å få varme i kroppen.


______
Ps 25/8-08: Denne hausten kom Ingrid Z.Aanestad ut med romanen Eg kjem med toget, det er ein roman som eg enno ikkje har lesi, men som - frå omtale - ser ut til å vere ein oppfølgjar av, om ikkje eit framhald av, I dag er ein fin dag (frå 2006). Berre som eit lesartips - .


Og ps 9/10-08: Og her er lesinga mi av Eg kjem med toget.