Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Vennskap i lyrikk?

Publisert 2006-08-10 15:04:10, sist endret 2017-05-06 11:05:36

Vennskap i lyrikk?

Kate Næss, her (lenger ned i artikkel) m/ diktet VENNER
Som ung i 1963 opplevde eg Halldis Moren Vesaas på eit kultur-arrangement. Det var på Rauland - nærmare bestemt. Seinare såg eg ein svart-kvit film, der Moren Vesaas las eigne dikt sitjande utan noko papir framføre seg. Ho las m.a det kjende diktet Ord over grind og kommenterte at mange har lesi diktet som eit kjærleiksdikt - .

Halldis Moren Vesaas nytta derfor høvet på filmopptaket til å fortelje at diktet handla om to venner, ikkje to kjærastar eller noko slikt, at diktet var eit vennedikt. Eg tar atterhald for dette som eg gir igjen her, sidan det berre er frå minnet og ikkje tatt frå andre kjelder. At poeten fortalde dette for meg heilt avgjorte alt om diktet Ord over grind og skapte det berre betre for meg. Men folk vil gjerne lese inn i dikt ein ikkje fullført kjærleik i alt som er.


Du går fram til mi inste grind,
og eg går fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galdt oss to.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.


Mange søkjer etter vennedikt på internett. Og hos meg på nettaden min kjem dei inn på ein artikkel om diktsamlinga Mor Godhjertas glade versjon. Ja. Dette er ei diktsamling som inneheld uvanleg mange vennedikt. Samlinga har eit gjennomgåande vennetema og er i grunnen skrive til venner, slik som dette høvesvis korte og delvis feminiserte vennediktet i avdeling tre er: Å MØTE EN GAMMEL KJENNING NOEN ÅR SENERE


Kjære gamle venn
som har fått kone jobb og
leilighet du er fornøyd med og er begynt
å snakke important om livet
og pengene, jo – det virker solid
det du sier, hos meg
skal du ikke frykte
dine argumenter underkjent, hadde jeg
vært en pike skulle jeg tatt
det snakkende hodet ditt
mellom hendene mine og rusket opp
i ditt kjemmede hår, massert leppene dine
litt løsere og kysset
de store øynene dine som snakker og snakker
slik, først det ene, så forsiktig
det andre og hvisket deg
i nakkegropen: Så så vennen min, så så
så så –



Desse orda er Jan Erik Volds midt i 1960-åra. Seinere har eg høyrd same Jan Erik Vold offentleg etterlyse vennedikt i norsk lyrikk. Eg skjønar han godt. Og sant å seie finst det få av slike dikt for dei som søker temaet vennskap på internett. Derimot ligg kjærleiksdikt ute her og der. Og kjærleiksdikt er også samla i populære eigne trykte antologiar; eg er sjølv med i somme av dei. Og enda er nok dei fleste dikta som går for å vere kjærleiksdikt, helst berre dikt om sakn og om tilhøve som for lengst er avslutta. Og eg vil på ingen måte hevde at det finst meir enn nok av kjærleiksdikt i fritt omløp. Men her i artikkelen er det vennedikt som det skal spørrast om, og spesielt da gode og etterlengta dikt for ein framand lesar. Altså tilbake til vennedikt:

Eg vil no be lesarar av herverande nettstad tipse meg om vennskapsdikt som de veit om. Deretter vil eg skrive ein del to av denne artikkelen - med mange av dei gode døma det er råd å finne ved å leite godt rundt. Lettast ville det sjølvsagt vere å gå ut av norsk litteratur og inn på utanlandske døme, det trur eg nok, men la oss likevel tru at ein del døme finst på norsk.

Det er eitt vennedikt som svært mange kjenner, og det er eit klårt programatisk vennedikt som Jan Erik Vold plasserte i samlinga kykelipi, i 1969, det heiter TA VARE.


TA VARE

på vennene, ta VARE
på vennligheten, vis gjerne
litt selv om du kan, dagen er blå
og dagen er grønn, dagen
er hvit – det er ikke annet
enn livet det her, vi er alle borte – nå
eller om litt, take it easy menneske
but take it, det er ikke
annet enn virkelighet
vet du, snart er 101 inne snart
er 101 ute – jeg sier:
vennlighet varer lenger, ta VARE
på vennligheten, ta VARE
på vennene – HEI HEI! Ta nå
vare på hverandre.



Her må han faktisk over i engelsk midt i diktet, for å klare det. Men eg går litt vidare no. Det første diktet i Sigbjørn Obstfelders debutsamling Digte frå 1893 er langt og forteljande og heiter VENNER, og det sluttar med det obstfelderske spørsmålet ”Tror du, tror du at venner mødes på nye kloder?” Vakkert, tykkjer eg. Bjørnstjerne Bjørnson, som hadde fleire venner enn dei fleste får, og han var ein uvanleg hjelpsam mann heilt utan å spare seg sjølv, han har eit typisk bjørnsonsk temperamentsfullt dikt med temaet vennskapet sine grenser: I EN TUNG STUND


Vær glad når faren veier
hver evne som du eier:
Jo større sak,
dess tyngre tak,
men desto større seier!
Går støttene i stykker,
og vennene får nykker,
så skjer det blott
fordi du godt
kan gå foruten krykker. –
Enhver
Gud setter ene,
han selv er mere nær.



Takk skal du ha, Bjørnstjerne! Deretter kan det passe å sitere Kate Næss sitt dikt VENNER, frå om lag same tid som Vold-dikta ovafor. Diktet finst i samlinga Blindgjengere, og det finst også i bokklubb-antologien Poesi 14 x 14. Også diktet VENNER går passasjen (turen) ved grensene for vennskapen, mange vennedikt gjer det, også Ord over grind gjorde det. Eg skulle så gjerne ha høyrt Kate Næss lese VENNER, den dag i dag ville eg gitt mykje for å høyre det:


det er fint å ha venner
ordentlige venner mener jeg
som det er fint å snakke sammen med
når det faller seg slik:
så treffes de da og så tier de og snakker de
forsiktig eller impulsivt
om ja
ja man har da sitt eget liv ikke sant?
kanskje ikke så bra men
det er godt å ha venner som vil ha
arbeidsro hus - og matfred
sitt privatliv intakt
ja de snakker og fornemmer og går
ytterst forsiktig tilverks
helt vennskapelig
og som regel
noe man ikke helt våger å nærme seg
løfter hatt eller lue eller hånd
og har det bra
så lenge
plutselig er det alltid en
som ikke riktig holder det ut



Dermed oppfordrar eg på nytt: Send meg tips om du finn vennedikt. Kan eg seie det slik: Gjer meg ei venneteneste, ei slik venneteneste. Og vi tar det ut i ny artikkel eller i «tilbakemelding». Men derimot ein trykt bokantologi det får andre lage, tykkjer eg. God jakt!





Ps 11.okt. 2008:
Det kom ikkje inn altfor mykje dikt på oppfordringa mi, og eg trur at det nok ikkje finst svært mange vennskapsdikt i norsk litteratur. Storparten av det som eg fekk samla inn til nettstaden, var plukka opp her og der av Anne Danielsen og meg sjølv. Du finn resultata ved å gå over til Tilbakemeldings-spalta og sjå nedover overskriftene til du kjem til overskrifta «Om venner» (21/8-06). Der finn du andre døme på vennskap i lyrikk enn dei fem i artikkelen ovafor. Kanskje vil du da likevel bli glad for dei diktdøma som finst samla?







Ps mykje seinare, den 27.april 2012:

Eg fekk ein tanke til. Også i den tida som er gått etter artikkelen over og haustinga etterpå, har eg ikkje støtt på mange andre dikt om vennskap. Men iallfall laga Nrk ein programserie som heitte «Hver gang vi møtes», etter Halfdan Sivertsen sin kjende tekst på dialekt. Teksten har gode definisjonar på kva venner er. Iallfall var dei nye innspelingane som følgde med TV-serien, så populære at salet av skiver på desse nesten redda skivebransjen...

Ja, eg starta denne artikkelen med Haldis Moren Vesaas sitt vennediktdikt «Ord over grind». For nokre år sidan skreiv eg eit dikt til Moren Vesaas, som parafraserer det velbrukte diktet «Det heiter ikkje eg lenger»:



Det heiter ikkje eg lenger



Straks vil du finne plassen din
for du er ei av mange gode
som vinglar rundt med ein kjærast ved side
Du er ei kjekk ei, og det er på tide
at du no finn plassen din

Snart har du funni plassen din
fått med at små kan smette inn
i kvar si gode leikegrind
men óg fått kjend ei open verd
der arbeidsløyse, fjell og fengsel

og Halldis Moren Vesaas -- er