Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Södergran og Södergran

Publisert 2006-07-09 14:56:25, sist endret 2014-03-23 18:17:31

Södergran og Södergran

Den svenske forfattaren Mara Lee
Den svenske forfattaren Mara Lee heldt eit todelt foredrag på Lille-hammerfestivalen 2006, den eine delen var om Caroline Bergvall, den andre delen, som eg skal ta føre meg, var essayistisk om forståinga av kjend klassisk litteratur, August Strindberg og Edith Södergran. Eg har møtt og sitert Mara Lee før. Her er Gunnar Wærnes sin presentasjon av henne frå ÆÅ-festivalen i fjor . Mara Lee var m.a seminarleiar der, eg svarte henne med eit dikt .

Først noko frå foredraget til Mara Lee, om metafor-endringar: At hjartet = metafor for liv, dette blei gjennomskoda av realismen som løgn, som maskert løgn, meinte ho å konstatere.

Ho las eit dikt av August Strindberg om slakteria, med godt trykk på dei gode rimorda, men rett fram, fort, på svensk, og veldig godt, det tykte eg og fleire med meg. Og høgtlesinga hennar minte meg litt om rapping i rytmen; berre det at Mara Lee stod og står bak ein talarstol med eit manuskript framføre seg... Diktet av August Strindberg jamførte kalvehjarte som hang utandørs på slakteriet, med forfattaren sitt hjarte.

”Lika blir meir levande enn dei levande,” høyrde eg bli sagt kvikt av Mara Lee, som framførte manuset sitt utan nøling. (Ho las, og ho trong elektrisk lys på manuskriptet.) «Lika blir meir levande enn dei levande,» meiner eg nok det var. Og eg tenkte da straks på Vysotskij, som også blei høyrd på Lillehammer, gjennom Dan Fägerquist sitt svenske: ”Bara den døde er fri, fri, fri.” Men eg tenkte også på ein annan mann, ein privatperson, som sa: ”Eg er ikkje redd for å døy, men redd for at livet blir for kort.”

Mara Lee kom deretter inn på - og framleis i samband med Strindbergs dikt - at ein kan vere mindre redd for eit hjarte enn for eit blikk. Hjartet blir brukt som noko mindre farleg i metaforverda enn blikket blir...

Deretter flytta ho seg over frå August Strindberg og til ein poet som er ”obligatorisk i Sverige” og kjend ute i verda, ei kvinne som talte sju språk og blei rekna som overspend i sine fråsegner - og som sa: ”Jag lever helgonens liv”, men sa om sine dikt: ”Att det är vers, vill jag icke påstå”. (Merknad: Eg må ta atterhald for somme av sitata mine, som er festa etter minnet og etter - sikkert - for raske notat.)

Vi talar om den finlandssvenske poeten Edith Södergran og om ei stadig interesse for poeten Södergran. Få veker før Lillehammerfestivalen hadde eg tatt føre meg eit Södergran-dikt som ”nesten alle” kjenner, for å parafrasere diktet i eit allusjonsprosjekt, men utan at eg lykkast med jobben når det galt Södergrans dikt. Og etter litteraturfestivalen veit eg også kvifor. Diktet er ”Dagen svalnar...”. (Men ikkje det at eg ville prøve meg på akkurat desse sluttlinjene: ”Du sökte en kvinna/ och fann en själ - / du är besviken.” Slett ikkje, for eg ville prøve meg på den svært så bedande og bydande førstestrofa.) Og her er heile diktet:
DAGEN SVALNAR...

I

Dagen svalnar mot kvällen...
Drick värmen ur min hand,
min hand har samma blod som våren.
Tag min hand, tag min vita arm,
tag mine smala axlars längtan...
Det vore underligt att känna,
en enda natt, en natt som denna,
ditt tunga huvud mot mitt bröst.

II

Du kastade din kärleks röda ros
i mitt vita sköte --
jag håller fast i mina heta händer
din kärleks röda ros som vissnar snart...
O du härskare med kalla ögon,
jag tar emot den krona du räcker mig.
som böjer ned mitt huvud mot mitt hjärta...

III

Jag såg min herre för första gången i dag,
darrande kände jag genast igen honom.
Nu känner jag ren hans tunga hand på min lätta arm...
Var är mitt klingande jungfruskratt,
min kvinnofrihet med högburet huvud?
Nu känner jag ren hans fasta grepp om min skälvande kropp,
nu hör jag verklighetens hårda klang
mot mina skära, skära drömmar.

IV

Du sökte en blomma
och fann en frukt.
Du sökte en källa
och fann ett hav.
Du sökte en kvinna
och fann en själ --
du är besviken.

Er dette eit reint kjærleiksdikt? Poenget til Mara Lee er henta frå nyare forsking, nemleg at diktet ”Dagen svalnar” skildrar like mykje det å bli forfattar som det skildrar eit kjærleiksmøte mellom to personar. (Mara Lee viste til andre forskarar her.) Og ho siterte eit brev som Edith Södergran skreiv til Hagar Olsson, forfattar og venn: ”Såra mig du, Hagar!” Altså at dikt trong hjarteblod for å kunne skrivast.

Og eg, som altfor lenge hadde vori så uheldig å høyre på desse som einsidig las diktet som eit kjærleiksdikt mellom mann og kvinne, syntes vel da ikkje at slutten på Södergrans dikt var like så spennande i vår tid, men at det, kjære meg, blei meir spennande no med den doble lesemåten. Og eg skjønte den fordobla kvida i opningsstrofa betre, og eg skjønte også så knakande godt kvifor den prøvande parafraseringa mi hadde falli igjennom på dette – akk, så kjende - diktet av Edith Irene Södergran.
Tre setningar som eg mot slutten noterte frå Mara Lee om fragmentering av kroppen, kjem her: 1. Det er ein tendens hos Edith Södergran i retning av å fragmentere kroppen. 2. Vald blir utført mot kvinnekroppen i litteraturen. (Og sitert frå kvinne: «Og ikkje mot meg, for eg har aldri ått kroppen.») 3. Kroppen er eit språk...


Her er leksikalsk stoff, bl.a biografisk stoff, om Edith Södergran .
Her er ei jamføring mellom Ebba Witt-Brattströms og Boel Hackmans analyser av «Dagen svalnar...» .
Her er ei jamføring mellom Ebba Witt-Brattstrøms og Gunnar Tideströms analyser av «Dagen svalnar...» .


Avslutningsvis kan eg - på grunnlag av desse (for ein stor del) sekundære kjeldene - peike på somme klårt ulike lesingar av diktet «Dagen svalnar...», alt prestert med Södergrans debutsamling Dikter, i 1916:

1) Gunnar Tidestrøms biografisk innstilte tilnærming til eit dikt som bygger på ei ung kvinne sine første - men medvitne - erotiske opplevingar med ein vaksen mann.

2) Ebba Witt-Brattströms lesing av russisk feminisme-påverknad, i eit arketypisk basert mann/kvinnedikt frå Södergran.

3) Mara Lees lesing av ein kunstnartematikk vikla inn i det erotisk forma diktet frå Södergran. Mara Lee fekk meg - på denne måten - til å lese Södergrans samla dikt i helga. Det var ei blanda oppleving av undring og ofse.




Ps 25/9-06: Den samla finlandssvenske modernismen, inkludert Edith Södergran, har fått ein aktuell kritikk i Kjartan Fløgstads roman Grand Manila.