Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Ruth Lillegraven og dei lengste dikta

Publisert 2006-02-02 14:56:32, sist endret 2016-11-18 15:03:04

Ruth Lillegraven og dei lengste dikta

Her: Kjønnsidentitet på personleg vis.
Får du lyst til å lese «Store stygge dikt»? Kanskje? Den kunstnarlege sjølvbiografiske estetikken held seg no eller aukar i styrke. Innafor poesien i Noreg finn han seg til rette i mange muntlege langdikt (t.d hos prisvinnaren av fjoråret, Geir Gulliksen). Innafor poesien har vi å gjere med opent sjølvbiografisk og vi har å gjere med tilsynelatande opent sjølvbiografisk skriving.

Her kjem teorien min for dikt: Dikt tyder noko og lever vidare i kraft av sin meir eller mindre gode analyse av kvinner og menn. = kort uttrykt... Slik religion er ankra opp i sex, er den gode seglføringa i lyrikken avhengig av kjønnsproblematikk og kjønnsidentitet. Lyrikk med energi skildrar kjønnsidentitet og kjønnsroller på ein personleg måte. Dette er moral, og det er samfunnsmessige målestokkar. Lyrikk kan eksplisitt ta opp ein vennskapsproblematikk, men slikt er framleis ein sjeldan vare i moderne norsk lyrikk.

Denne måten å sjå poesien på har eg delvis lånt frå surrealismen, meiner eg å vite, og frå andre litterære straumdrag etter den første verdskrigen. Arbeidarrørsla sto på og utvikla sitt opplysningsarbeid og si framstegstru. Også dei intellektuelle var med på denne samfunnsmessig høge bølgja. Det var nok ei ny tid med tru på opplysning, ei tid som avløyste 1880-åra sin eldre offensiv. (Eg har også ein særleg bakgrunn for å seie dette, eit tildriv frå slekta mi bakover med folkehøgskoleopplysning lenger tilbake, så det er sagt her.) I mi levetid har eg vel ofte sett føre meg at nye opplysande tider skulle avløyse det som er.


Første notat om Ruth Lillegravens Store stygge dikt
Dei lengste muntlege langdikta i 2005 sto Ruth Lillegraven for. Ho kalte dei for Store stygge dikt. Det fell meg enkelt å lese dikta hennar med dei brillene eg tar på ovafor og innleiingsvis. Store delar av boka hennar skildrar ein posisjon som gutejente, og det kjennest som ei utvidande verksemd i norsk poesi. Da er vi altså der.

Med Ruth Lillegravens debut kan vi snakke om det lågkulturelle langdiktet, i og med at dei har eit sterkt innslag av lågkultur, eg kjem vel tilbake til dette. Tendensen startar med dei to første orda i tittelen: Store stygge dikt... Her finst alt tradisjonen frå 1960-åra i norsk lyrikk. Jan Erik volds tittel frå den gongen: Mor Godhjertas glade versjon.Ja, startar også lågkulturelt dei første orda. Det er ikkje dermed sagt at Vold og Lillegraven manglar høglitterære kollar i landskapet. Og lågkulturelt er ikkje noko meir negativt enn positivt i mitt vokabular.

Eit slåande diktdøme som passar med det same: Det er ingen slump at Ruth Lillegraven i boka leverer det hittil beste (minne)diktet som eg har sett, om Noregs største journalist etter krigen, Erik Bye, ein journalist som rørte seg fritt frå ein Ingmar Bergmann-skodespelar som Bibbi Anderson til ein ukjend gruvearbeidar i Long-yearbyen... At Erik Bye fekk leve ut og utvikle ein jobb med å vere artist, kom i tillegg til journalist-yrket. Og det er ikkje berre dette at Erik Bye er journalist og artist, for faktisk har både Ruth Lillegraven og nemnde Jan Erik Vold affinitet til journalistyrket, noko som hjelper på utsynet deira. I Ruth Lillegravens dikt om Erik Bye femnar diktrøysta ei stor breidde, og poeten inkluderer «barndomen» sin og livet sitt.


Andre notat om Ruth Lillegravens Store stygge dikt:
Korleis blei debuten så mottatt, og korleis profilerer debutanten seg i intervju? Jo, debuten blei velviljug mottatt i mange aviser og blant publikum. Her serverer eg nokre døme frå nettet, på rekkje og rad. Les t.d Ottar Fyllingsnes sitt intervju i Dag og Tid. I slike intervju (og dertil i somme meldingar) kan du lese kven Ruth Lillegraven er, kor ho kjem ifrå og kva ho meiner sjølv om diktskrivinga. Ho jobbar elles med litteratur i eit forlag, på informasjonsplanet.

Hennar litterære ordrike lyriske form blir for det meste ikkje avvist av den norske pressa. Ingunn Økland uttaler eit raskt og prinsippielt ja til prosalyrikk og mangfald. Sjeldan blir vel ein kvinneleg nynorsk lyrikkdebutant synt ei slik interesse, her er forlaget sine mange presseklipp .

Og her er eit interessant og nærgåande nettmøte hos Olaug Nilssen ... Kva seier dei meir anonyme lesarane? Er dei klåre for Store stygge dikt? Joda, og det er bra, Store stygge dikt kom langt opp på Dagbladet si liste over ”lesarane sine favoritt-bøker”.

Ikkje mange av mottakarane heftar seg ved bruken av orda «stygge dikt» i høve til forma på dikta. Alt dette fortel meg at langdiktet med Lillegraven sine (bram)frie gloser går inn i gode delar av publikum. Landet ligg nok overmoge for tilsynelatande opent sjølvbiografisk strev i lyrikken. Likevel trur eg aldri at det straks vil komme altfor mange etterfølgjarar etter denne tydelege framgangen til Ruth Lillegraven. Langdiktet er ei for krevjande form til det. Og kravet er m.a ein intensitet og ein oversikt og ein utvikla rytmesans som Store stygge dikt har.


Tredje notat om Ruth Lillegravens Store stygge dikt
Vel. Eg er ikkje like så grei tilhengjar av mangfald som Ingunn Økland er. Eventuelt: Eg tar ikkje det liberale og bleike standpunktet til mangfald som Ingunn Økland tar i Aftenposten-artikkelen. Eg elskar ein konkret poesi, eg er dømd til å elske ein konkret poesi, og eg veit at eg ”har rett”. (Men eg tenkjer ikkje berre på «konkret poesi» i tydinga uavhengige enkeltord eller rett og slett lausrivne enkeltord fjerna frå setningar.) Eg er etter det konkrete liksom eit insekt kan vere etter lyset, eg er yrkesstolt og må te meg etter det. Ein enda større sans for poesi generelt har eg - alle sjangrar, alle segment, alle hundreår - enn det som eg trur Ingunn Økland har.

Eg er samd med Olaug Nilssen (nettstaden) i at FREDAGSKVELDEN MED BOB er eit topptreff i boka, og eg skal seie dykk kvifor det er eit topptreff. Diktet startar rettnok først med ein ølrunde med «bob» utpå ettermiddagen, men om kvelden er det genseren til guten, som eg-personen har fått låne av han, det dreier seg om, og det er vakkert og konkret gjort. Ein tittel som FREDAGSKVELDEN MED BOB er ironisk, men likevel eit sant og konkret bilete i eit alvorleg rollespel, eg meiner: eit spel med roller.

Tidsramma for heile diktsamlinga er konkret avgrensa, enkeltdikta dreier seg for det meste om tidsrommet september 2004 til januar 2005, derfor er bl.a tsunamien og minnediktet til Erik Bye (som levde 1926-2004) med. Eit enkelt dikt, ALLE DESSE LYDANE ALLTID, er bygd opp av berre små og registerte lydar i livet hennar, svært vakkert, er det ikkje, diktet, det handlar om sansane sjølv om diktet baserer seg på lydane.

Denne rekkja av langdikt er tematisk bundi saman, lik julebreva til slekt og vener eller lik kapitla i ein bestemt type roman. Eg-personen er innom og tematiserer det kulørte utan å vere kulørt (jfr Volds Mor Godhjerta). Eg-personen er innom gutaktige (& lågkulturelle) saker, slike som mange øl, eg-personen er innom transetankar, innom homsetankar. Ein kan ikkje anna enn å bli glad i denne eg-personen, som er så medviten og open om roller og identitetar. Det er eigentleg dette sterke medvitet som er det ”stygge” i boka, er meint å vere det «stygge» i boka, det som kostar mest, les eg, ikkje er det gjennomsnittslengda på dikta eller stor ødsling med gloser og kraftige enkeltbilete, jamfør igjen den treffande tittelen på boka.


Ps 20.februar:
Lommeformatet av Ruth Lillegravens Store stygge dikt er forminska, men nokså likeforma førsteutgåva, skrift og layout er altså forminska. Ein beat-forfattar er født.



Ps 12.november 2007: Det er først og fremst tanken i dikta som er «stygge», forstår eg, slik det også er ein «stygg» tanke i Karin Boyes Från en stygg flicka:
Jag hoppas du inte alls har det bra.
Jag hoppas du ligger vaken som jag
och känner dig lustigt och rörd
och yr och ängslig och mycket störd.

Och rätt som det är, så får du brått
att lägga dig rätt för att sova gott.
Jag hoppas det dröjer en liten stund...
Jag hoppas du inte får en blund!