Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Dans (ropte fela)...

Publisert 2005-11-19 17:54:03, sist endret 2014-03-23 18:05:09

Dans (ropte fela)...

Her var det fullt på dansegolvet...
Av og til kjem det dansefilmar eller dansebølgjer eller idolkonkurransar for dans eller læreplanar i skoleverket kor dans er promotert. Dette interesserer meg, bl.a som tidlegare musikklærar. I 1980åra dreiv eg ei kulturpolitisk verksemd gjennom spaltene i Klassekampen. Eg er positiv, og meir enn det, til all dans. Og da - som elles - argumenterte eg mot dokrinær segmentering av kulturen, for ikkje å seie mot fint inn-pakka synsing eller mot plump tåkeleggjing av eigen snevre smak og eigne fordommar. Eg skreiv også om dans.

Dans var absolutt ein arena og eit tema i det framleis protestantiske Noreg i 1980-åra. Dansen mangla den gongen ei kunstnarleg og kulturpolitisk plassering her i landet, i det heile tatt ei ny fortent konkret plassering. Og så omsider - i Klassekampen 17/11 2005 - sto ein fin kulturpolitisk kronikk av Fredrik Drevon, med den uvante tittelen ”Danse, ikke sove nå!”. Denne kronikken fekk meg til å dra fram ein eldre eigenprodusert avisartikkel frå 8/8 1988, han følgjer her, litt forkorta, frå den kjære revolusjonære avisa:
Det er kveld, og dette har eg å gjere med - . Men skrot. Sit seks timar nesten utan å røre på ræva. Forsamlinga blir etterkvart meir ør og ørsken. (...) Vin og sprit har dei forstand på, men dans - ? Potetløv på fingrane, eg kan ikkje gjere inntrykk på nokon med paprika og soyaolje på hendene. Motet søkk i djupe stolar.

Fredrik er saman med folk imot dei førr’, dei er saman utan å syngje, utan å danse. Diskoteket er for ungdommen. Og så den semre musikken dei har i dag på diskotek! Beatles, det var musikk, musikk med hår. Sit du stille og ser intelligent ut, tenkjer Fredrik, er du tryggast.

Eg trur eg dør, har ikkje nervar til dette. Og eg klarer knapt å konversere. Heller ville eg vori i barnehagen. Livsrytmen til ungane – du er ikkje så ulik dei kroppane. Men førtiåringane, dei tør jo ikkje for sitt liv snakke alvor eller spøke med alvorlege ting, førtiåringane - .


1. Redd oss, den som kan!


2. Helge veit: Somme trur ikkje det går an å danse utan å flørte. Og flørte er dei ikkje innstilte på for tida... Ein venn har venteleg høyrt om Sigmund Freud og det undermedvitne, og er blitt klok, blitt stinn. Han kan utanåt Cornelis Vreeswijks Kyss meg igjen-song om herr Fredrik Åkare og snart sjuttonåriga Cecilia Lind. Og songen er forresten forferdeleg banal.

Kva heiter det ikkje: ”... hon följer i dansen precis vart han vill.” Å danse set mannen praktisk talt i førar-rolle, tenkjer den frigjorde mannen, og kven skal underordne seg, om ikkje eit kvinnemenneske – du ryggar tilbake for dette, du kvir deg for ei slik oppgåve! Tenkjer denne vennen.

Før i salongen var det slik at somme sat langs veggen og venta på ein gut som bydde opp, men slik er det ikkje i salongen no. Jenta kan by opp guten. Jentene dansar gudskjelov saman. Og det er som sagt ikkje nødvendig å flørte. Å danse kan vere moro i seg sjølv. Eva Lundgren var med på Zorba-dansen i Hellas, der alla dansa saman - og uavhengig av kjønn, alder og nasjonalitet. (Sommar-minner i P2 den 19/7 1988.)

Det er så mange fordommar mot dans, fordommane sit godt i, progressive og dans er eit eige kapittel! Veit progressive noko om dans og kulturpolitikk og at dans er meir den pas de deux (=steg for to) og rock og vals - ?


3. Korfor er Noreg i toppen i handball og fotball damer? Kvinnerørsla i Noreg gir seg utslag på slike område, i slike lagspell, det påstår eg kvikt. Eg påstar vidare at dans er ein jentedisiplin pr. dato – og eit felt der jentene blir trykt mindre ned enn i rugby og ishockey og lyrikk og essay.

Det er derfor dans ikkje har høyrt med til den, av ein gutegjeng, styrte kulturpolitikken i AKP. Og det er derfor kulturminister Hallvard Bakke personleg berre peika ut eitt ballett-ensemble (av mange) som regionalt danseensemble i Bergen, heilt utan søknad eller prøvedans, - for så lite vører han ein heil bransje. I litteraturen eller i teateret ville ikkje noko tilsvarande ha skjedd. (Dansaren Inger Lise Eid, den 15/7 1988.)

Til vanleg i Noreg rører jentene seg meir i dans (dansen) enn gutane gjer, bruker kondisjonen og meire samansette stegsystem, det er prov nok, synest eg. På kvinnekonferansen Nordisk Forum blei ei måleriutstilling presentert med dans! Det optimale over dans viser kvinnene.


4. Dans er det berande elementet i Dans Design som knyttar seg til skodespelarar, filmfolk og biletkunstnarar. Anne Hege Simonsen siterer dei: ”Dansen er internasjonal på tvers av språk- og kulturgrenser.” Maskedans... Magedans.

Kven var det som starta kunstnarstefetten mot rasisme? Var det jazzmusikarane? Felespelarane? Nei, dansarane, - Indra Lorentzen. Det var dansarane som starta det, ikkje romanforfattarane, lyrikarane, kjeramikarane.

No var vi halvvegs. Orkar du meir av danseartikkelen, denne danseartikkelen? Javel. Og etter siste del av artikkelen min skal eg sitere litt frå Fredrik Drevon, 17/11 2005. Her kjem først nokre fleire «øvingar» til lesaren, frå 1988, slik at du kan sjå meir av heile feltet:
5. Prøv deg på dette: Er vals bra og progressivt? Usikker? Er polka bra og progressivt? Usikker? Gammaldansen er jo nesten religiøs med tjo og hei i aust og vest og Freddy Kristoffersen eller kva? Er folkedansen frå Noreg, springar, bra og progressiv? Og er twist bra eller kva? Samba er visst bra. Afrikansk Makeba, Miriam, er visst progressivt. Tullball å klassifisere i godtatt og mindreverdig, alle desse dansane er fine. Hadde eg berre beherska dei, tenkjer du vel, når du ser proletariatet setje i gang med å danse sine favorittar.

Proletariatet dansar. Sjølv om ikkje dans er dekadent, tenkjer du at aktiviteten er tvilsam under-haldning, noko naivt og umoge, noko som minner om ”fruktbarhetsdans” eller om ”krigsdans”. Eller det minner om løpetid, overgangsalder, panikkalder. Danse, det er vilt.

Derimot: Å sitje i Oslo eller Beijing og høyre på Bach og Beethoven er solide greier. Eg er samd i dette, - og eg høyrde den kvikke vokalgruppa Noble Noise 31.juli, det mest ”underhaldande” på repertoaret deira var og blei 1 x Bach. Men korfor dansar du ikkje til Beethovens femte? Blir sikkert oppstuss da, og sikkert også suksess. Eg pla grine i gamle dagar over Beethovens femte og klarte heller ikkje halde meg i ro under den enorme rytmen. Den borgarlege publiken var døden, syntes eg.


6. Når eg vaks opp, trudde eg dans var noko ein spurde damene om, derfor turde eg ikkje det - . Respekten for damene og dansegolvet var stor. Søster mi prøvde å lære meg steg. Far min var god til å danse, sa mor mi til oss. Favoritten hans var likevel Mozart. Og han lærte oss i tillegg nokre ”stygge” songar. Men vi dansa ikkje til slik song, vi var ikkje så ukultiverte.

Ein gong - og det var ti år før asylsøkjarane kom – meldte eg meg på eit kurs i internasjonal folke-dans. Der var 23 jenter og to gutar med. Det burde vori omvendt, mannfolk som er så vidsynte og folkelege. No hugsar eg lite av dette kurset på grunn av sparsam praktisering av ”troika” og ”The gay gordons”.

TV syner fram tevlingar i selskapsdans. Legg merke til kven som presenterer kunsten, - Knut Bjørnsen og Øyvind Johnsen. Det skulle vori Bjørn Nilsen og Sæmund Fiskvik.

Det er noko muffens med dei lange kjolane, ikkje sant, dei nakne ryggane, dei elegante mannskleda, den svaie ryggen, er det ikkje? Feminint, rett og slett – usj.


7. Hjernen tenkjer godt medan du går på beina dine, - opplevd det? Du har jo det. Er kultur eit helseproblem med dans som helsebot? Det ville i så fall vori urettferdig.

Artikkelforfattaren kunne ikkje halde helsa oppe på eit minimum utan å røre seg fleire kilometer. Da eg oppdaga dette, trudde eg først grunnen var at eg var skralare enn andre. No trur eg heller at akkurat dei er skrale som ikkje har ein kropp som protesterer og seier ifrå.


8. ”Dans!” ropte felen og skrattet på strengen - . Men dansen var på linje med spriten.

Så langt artikkelen min i Klassekampen 1988.

* * *

Fredrik Drevon har same ærend som eg hadde, i kronikken sin i Klassekampen17/11 2005. Eg siterer eit par avsnitt frå Drevons kronikk her:
Peter Ostwald, professor i psykiatri og forfatter av en bok om ballettdanseren Nijinsky, formulerer det slik: «Dans er den mest naturlige og instinktive av alle kunstuttrykk, og består av bevegelse i mønstre - en iboende egenskap i liv.»
Første steg på veien til å gjøre Norge til et bedre land er å oppfordre folk til å danse. Hver gang det er valg driver politikerne dirty dancing i kampen om våre stemmer. Dessverre foregår politiker-dansen kun på et metaforisk plan. Vår nye forsvarsminister, Anne-Grete Strøm-Erichsen, vil neppe fremme noe forslag om at marsjering bør erstattes med foxtrot på rekruttskolen. (Sitat slutt)
Kommentaren min: Likevel finst det lagidrettar i norsk toppidrett som plasserer dans og danseøving i treningopplegget - for å betre koordinasjonsrepertoaret. Og dette er lite offentleg kjend...

Fredrik Drevon er inne på mistrøystige konjunkturar for dans i følgjande avsnitt, som omhandlar utelivet i hovudstaden, med døme frå 1930-talet sitt Oslo og frå kaféar/diskotek i dag:
I 1930-tallets Oslo var pardans på restauranter og i dansehaller en adspredelse omtrent alle unge mennesker deltok i. Det er et paradoks at nordmenn i dag, til tross for universell aksept for både minimal påkledning og intim kroppskontakt i det offentlige rom, er livredde for å danse tett inntil en annen person.
På et skjenkested i Oslo i 2005 er det utenkeleg å by opp en fremmed til dans, selv om det spilles en aldri så enkel jazzballade i bakgrunnen. For det første ville det bli oppfattet som respektløst overfor noens «personlige sone», og for det andre er offentlig pardans rett og slett tabu. Mange er livredde for å drite seg ut. Man går ofte ut sammen på kafeer og diskoteker, men på dansegulvet skal man stå og jogge hver for seg. (Sitat slutt.)
I artikkelen min frå 1988 var eg litt inne på ei politisk vinkling, og det var noko Klassekampen greip fatt i med biletteksten under eit foto av Mosambiks nasjonale danseensemble, som gjesta Noreg i 1987, nemleg denne biletteksten: « - RV kan ikkje vinne fram før dansen blir forstått som den viktige uttrykksforma dansen er. (...)» Og kronikken til Fredrik Drevon frå 2005 konkluderer faktisk med ei politisk vinkling:
Dans handler om å utforske motsetninger og finne balansen. Som statuen av den dansende hinduguden Shiva Nataraj kan også vi tråkke vekk uvitenhet og illusjoner. Hvis krigshissere som Condoleezza Rice og Dick Cheney hadde begynt hver dag med en heftig cha-cha-cha, ville det ikke gå lang tid før de skaffet seg peace-buttons og sang som Huxley: «That you may dance, Bhairava, among the ashes/ That you may dance, Lord Shiva, in a place of flowers/ And I dance with you.»(...)

Ei lita etterskrift frå meg fredagskvelden 3.februar 06: NRKs Norge Rundt melder om dansetrend, om stadige fullteikna dansekurs og lange køar i Oslo... Høyrde du det, Fredrik!... Nok ei etterskrift (nov. 07): Fredrik Devon blei tangodansar i 2002, opplyste Dagbladet om.