Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  heikki heikki igjen

Publisert 2005-10-28 18:44:15, sist endret 2007-01-31 16:50:48

heikki heikki igjen

- - heikki heikki - foto i 1973 - ntb
Rundt kaféen Paletten ved Lille Lungegårdsvatnet i Bergen fanst på slutten av 1960-talet eit ungt og ekspensivt litterært miljo. Alderen på deltakarane var tjue år pluss/minus. Dei hadde rask og stor framgang, for åtte av desse folka deltok i ein antologi som forlaget Pax gav ut i 1969 i den nystarta lyrikkserien sin, under tittelen åtte fra Bergen. Og få år etter hadde både Stig Holmås, Alf T.Larsen, Gerhard Stolz, Rolf Larsen, Arild Steen, heikki heikki og Ceceilie Løveid, sju av dei, debutert med eigne utgjevingar.

Kva sto desse for kvar for seg? Cecilie Løveid blei snart ein leiande eksperimentell dramatikar, Stig Holmås blei, etter skolegang i Oslo, alt i 1970 ein leiande ml-lyrikar, Alf T.Larsen skreiv ei samling arbeidardikt, Gerhard Stolz har stått aller mest fram som bilet-kunstnar, Rolf Larsen deltok blant anna i tidsskriftet Profils hektiske avantgardistiske periode rett før 1970, og heikki heikki, som mellom anna hadde øyre for ready mades, opererte som ein slags (halvvegs) ml-lyrikar i første halvdel av 1970-åra med tre samlingar under døypenamnet sitt, Heikki Grøhn. Og den åttande da, Bjørn Holgernes, kva med han, - han blei eksistensfilosof ved Universitetet i Bergen. Dette er ein forfattar-generasjon frå Bergen, fem år yngre enn den enda meir divergerande forfattarflokken (ei stor tilflyttings-gruppe) i Oslo, dei som møttest gjennom tidsskriftet Profil åra 1965/1966.

Etter denne raske skissa over den unge forfattargenerasjonen på kunstnarkaféen Paletten og andre kaféar, Bergen, før 1969, skal eg setje på ei bokmelding som eg gjorde for avisa Varden - og som sto på trykk der 22.oktober, for ei lita veke sidan, altså:


Når eg blar opp i ei splintrande ny bok av heikki heikki, ventar eg å møte indianaren igjen, den gamle - eller den stolte - indianaren. Eg får ein slags mistanke alt ved tittelen her: ”svanene / så kvite / så svarte”. Hans Christian Andersen har alt brukt ein liknande metafor i det delvis sjølvbiografiske eventyret sitt om ”den stygge andungen”, altså soga om svane-egget som blir bortplassert til andereiret. Men heikki heikki hadde neppe vori heikki heikki om det ikkje hadde hatt seg slik at det verkeleg finst zoologisk svarte svaner.

Tekstane i boka er alle på tre korte liner, bortsett frå somme som er på berre to liner; og heikki gir tekstane sjangernemninga ”fliser”. Ein av dei første lyder slik:

gjekk ut i skogen
kom tilbake
med ei flis

Han spelar på dobbel tyding...

Ein del av poesitradisjonen vår definerer fenomena ut ifrå kva dei ikkje er. Tenkj på Rudolf Nilsens ”Nr 13”, der han priser eit land der fenomenet ”Nr 13” ikkje er. Eller tenkj på Edith Sødergrans diktverk ”Landet som icke er”. Slik bruker heikki namnet ”antipoesi”:

krise
antipoesi
sorterer under poesi

Ja, heikki heikki, som byrjar bli ein diktarmann på godt over femti år, debuterte, og deltok, alt som 19-åring i gruppeantologien ”Åtte fra Bergen”. I den nyaste samlinga kjem han med ei rekkje kommentarar til ulik poesi, eg skal sitere nokre av dei, men med berre få kommentarar:

det er den draumen
dei skulle bare visst
vi ber på

Dette er ein parafrase over Olav H.Hauges ”Dropar i Austanvind”, som Hauge slo så veritabelt gjennom med i 1966. Hauges mest kjende dikt var korte dikt til å fundere over.

dei naive
skal overleve
alt

Dette er til bergensaren Nordahl Grieg sitt kanskje aller mest kjende krigsdikt, ”De beste”, og til Bibelen. Vidare finst det tilvisingar hos heikki til Alf Prøysen, til ungdomsvennen Stig Holmås, kanskje til Peter Waterhouse (i diktet om bia og motorvegen), forutan til seg sjølv som debuterande 19-åring (”lite arsenikk”). Men indianarordet dukkar ikkje opp, ikkje direkte. Eit langt parti i boka, frå side 83 og utover, ivaretar heikkis samfunnskritikk:

dei dyraste
triksa
var dei billigaste

Sjølv om det finst både skepsis og ironi i denne boka, manglar det ikkje på eksistensielt alvor. Og heikki heikki beherskar det korte i det korte ved at han heller ikkje i det korte mistar bruken av det praktiske språket, i teksten sin. Eg siterer først ironi (eller skepsis), deretter eksistensielt alvor (slutt-teksten i boka):

dei som ikkje
er mot oss
er mot oss

orsak
orsak for alt absolutt alt
orsak

Når diktarar ber om orsaking, skal ein lytte. Og når ein ber om orsaking, slik slutt-teksten gjer, er ein samtidig stolt; lykkeleg er den som kan be om orsaking for noko (om ikkje for absolutt alt) og såleis gjere opp. Denne boka, som inneheld 96 tekstar (og er gitt ut på det nye forlaget splendid forlag), har eg ingen vanskar med å rekommandere. Og eg håper heikki heikki - det er eigentleg eit finsk namn, trur eg - kjem tilbake snart med meir litteratur.(Sitat slutt frå meg i Varden, med tre mindre endringar.)



Og ps 31/10:
Eg vil no ei veke etter komme med ørlite meir fordjuping, på nettstaden. Vi les jo diktbøker fleire gonger, og berre så godt vi kan. Dikt med fleire tydingar jobbar vidare i minnet og tanken, - dikt i det heile gjer det. Og bokmeldinga for ei vanleg landsdelsavis har ikkje same funksjon som den langsamare litterære analysen på ein nettstad for dikt.

Derfor tar eg fatt igjen. Ein meir oppsummerande tekst av dei mange treliners tekstane i svanene / så kvite / så svarte av heikki heikki lyder:
alt har eg
i meg
bare trådane manglar

Nettopp! Dette er fint, og «trådane» er det rette fleirtydige ordet.

Men for å kunne følgje opp den morosame, spørjande og nesten fiffige stilen i 2005-boka med ei ny bok må han kunne satse på det meir eintydige, tørre å velje innhaldet framfor alternativa, noko som er så vanskeleg i dag for mange forfattarar. Stikkordet i boka ”svanene...” er det fleirtydige, som eg alt har sagt, det fleir-tydige tilmålt i ei kort form, det skarpt fleirtydige, og kanskje kunne eg leggje til: Her er det flust av dei dyktige ordspela frå tradisjonen servert i radikalt miljø på kunstnarkaféen Paletten, Bergen.

Ta dømet ovafor (sitert i bokmeldinga mi i Varden):
dei som ikkje
er mot oss
er mot oss

Dette har minst to tydingar: 1) Alle er mot oss. 2) Gode vener syng ut.

Meiner forfattaren begge delar? Ja, eg trur det. I pakt med 1960tals-estetikk (eller 1960tals-dialektikk) syner diktet begge sanningane. Likevel har eg ei kjensle av at diktaren her mest meiner tyding nr 2, utan at eg kan tolke meg til akkurat det, og slikt kjenner eg som ein frustrasjon og kanskje ein feil.
må lære å utnytte
den ledige tida
mellom bildet og spegelbildet

Lausrivi frå tekstsamlinga ville dei fleste lesarane ta dette som ironi, fordi oppgåva verkar så usannsynleg vanskeleg. Men i samanhengen leitar eg som lesar etter ei konkret tyding ved sida av blodig ironisering over omgrepet ”ledig tid” og tidsriktige uttrykk som «tidsklemme»...

I 1970-åra utgav heikki heikki (altså under døypenamnet Heikki Grøhn) tre diktsamlingar som vitnar sterkt om politisk 1970tals-engasjement. Somme av tekstane i den nye boka hans speglar røynsler med dette politiske engasjementet. Til dømes kan den avsluttande orsak-teksten (sitert over) godt vise til ml-tida og seinare norske oppgjer med denne tida. Eg skriv kan, fordi dette berre er ein av mange alternative tolkingar av teksten.

Mest sannsynleg er hovudpoenget i teksten heilt bokstaveleg slik (sett opp prosaisk): Orsak! Orsak for alt, absolutt alt, orsak!

Denne lesinga av flisene syner nettopp problemet med ekstremt kortfatta dikting som skildrar og lagar flisar av og oppsummerer eit liv. Derfor må det komme noko meir, eg håpar på enda meir om «trådane i» heikki heikki - og (for all del!) støypt med det praktiske språket som er varemerket til denne tekstens ekspert, heilt frå ung alder av...


_____________
Ps 2.desember: I dag har Ragnar Hovland ein medrivande oversiktsartikkel i Klassekampen over alle som deltok i Åtte fra Bergen (1969), og han skildrar deira vidare merittar og lagnad. Han har henta ein del nyttige opplysningar frå Gerhard Stolz og Stig Holmås, fortel han. Og Hovland kallar artikkelen sin for folkeopp-lysning. Men han er som vanleg sikra og indirekte i sine karakteristikkar. Og han snakkar dyktig og opent for-seg-sjølv, det skal han ha.