Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Den unemnelege Kyka

Publisert 2005-08-31 13:32:30, sist endret 2014-01-28 18:10:43

Den unemnelege Kyka

God nyvunnen romanform, Kyka, & bokomslag med kombinert fram- og bakside.
Former i kunsten og litteraturen kjem tilbake og igjen. Ei form kan dukke opp i roman og neste gong i lyrikk, kanskje mange år seinare. Karin Moe (f.1945) debuterte i 1980 og gjorde seg sterkt gjeldande på første del av 1980-talet, både i litteratur og samfunnsliv. Og eg, som var aktiv (og blei sett god pris på) nett i denne tidsperioden, melde eit par av bøkene hennar. Denne meldinga av Karins Moes roman Kyka sto 28.nov. 1984 i Klassekampen.

Til slutt i omtalen vil eg, i eit tillegg, jamføre oppbygginga av romanen hennar med oppbygginga i Niels Lyngsøs diktverk Morfeus frå i vår. Da tenkjer eg t.d på eit parallelt og motsett gåande språknivå i begge verka.
«Ungar har stilt spørsmål, alle dei vanskelege og riktige spørsmåla. Alt frå ein tidleg alder blir dei små menneska koda inn med dei viktigaste opplysningane og sanningane, så dei kan alt, ungane. Dei spør og spør, borrar som datamaskinar. Den dumme vaksne kan svare: ”Ein dåre vil spørje meir enn ti vise kan svare.”

Ungar kan peike på punktet fordi dei ikkje ”ser” løgna, ikkje tar unnvikinga for god fisk. I Hans Christian Andersens eventyr om keisaren sine usynlege klede er det ein unge som først bryt ut og roper: ”Men han har jo ingenting på seg.” (Sitert etter minnet.)

Det undra meg derfor lite at Karin Moe i den første romanen sin let seksårige Kyka halde syns-vinkelen. Kyka (eller Katarina) må lære å lyge. Ho uttrykkjer det slik: ”Før kunne eg ikkje lyga. Visste ikkje det var andre ting enn det som var sant.” (s. 14).

Men så oppdagar ho at løgna finst og kan utnyttast: ”Det er blitt så mykje meir no eg kan lyga, sjå mor mi beint mellom augene og sei eg har vore på kaien når eg har vore i hyttene med kjærast-ane.” (sst.).

*

Det er gjort fine barneskildringar i norsk litteratur, og barneskildringane høyrer til det beste mange forfattarar har skrivi, til dømes gjeld dette Sigurd Hoel, Gabriel Scott, Tarjei Vesaas, Einar Økland. Hovudpersonen Kyka – som ikkje er den bortskjemde gutepjokken foreldra set si slektsvon til, men meir ei slik ei som er i vegen og gjer alt gali – ho skriv seg inn i tradisjonen til Torborg Nedreaas sine feira barneskildringar som var sett i samspel med verdssituasjonen kring 1914 og med bolsjevikrevolusjonen, når det gjeld det breiare lerretet; og samtidig grip forfattaren Karin Moe tilbake til Per Sivle sine soger.

Kyka er like mykje menneske som barn. Det ho blir vitne til av kamp i øysamfunnet, på alle mulege plan, der brotsverk og politietterforsking spelar ei viktig rolle, alt dette gir tilsaman ei ganske skarp samfunnsforståing. Boka opnar til dømes med at ungane diskuterer om kranglinga mellom dei vaksne har mest med puling eller med pengar å gjere. Kyka meiner pengar.

I boka er spørsmåla Kyka stiller meir eit ideal enn det er leiting etter starten på eit menneskeliv, slik som barneskildringar elles ofte er i litteraturen. Det skjer noko utover i romanen som eg enno ikkje kan forklåre meg, men som lesaren opplever - .

Eg vil påstå at dette er noko av det nye mennesket, og sorry for oss gutar vil dette Mennesket vere eit kvinnemenneske som vil påverke alle skildringar og alle kjempande og spørjande menneske. I så måte har Karin Moe med romanen i år innfridd dei forventningane det var rett å stille til henne etter debuten i 1980 og dei to bøkene i fjor. Dessutan er folkespråket, replikkane, no på topp, kven gjer henne det etter?

*

Romanen inneheld 29 korte og stramme novelleliknande kapittel (Jfr. Nedreaas, jfr. Sivle-sogene), med smalare spalte. Til gjengjeld er noko av margen fylt ut med ”kor”, røyster frå vaksne, frå midtpunktet i øysamfunnet, kaia, delvis med dokumentarisk preg for å gje betre utfylling av tida midt på femtitalet da Kyka vaks opp, og for å fylle ut heile Hordalandverda. Desse kommentarane til Kyka-forteljinga kan ein lese etter kvart kapittel eller seinare, som ei bok for seg.

Men ikkje nok med det. Frå baksida av Kyka byrjar ein anan tekst, som går heilt inn til midten av bandet. Det er røysta til ein ung arbeidslaus gut på ein annan plass i landet, ein som innimellom alt prøver å få kontakt med jenter.

Tittelen på denne delen er 1984, med undertittelen: ”Niklas Eggers aborterte skrifter”, denne undertittelen på grunn av det korte formatet (i forma nærmast ein prosalyrisk syklus på røysta til Niklas avbroti av røysta til ei jente, Eldrid); undertittelen er også på grunn av kontrasten til den opp-veksande jentungen på femtitalet, ho som går laus på alle motseiingane i samfunnet og vil ha greie på alt.

Kyka gjer lesaren til eit vitne i den store rettssaka, der vitna verkeleg må halde seg til det dei har sett i livet og bidra til domen om det som har skjedd. Eg kallar ho den unemnelege Kyka, fordi makta er redd, makta som rår i det sosialdemokratiske øysamfunnet.»
Så langt Klassekampen 28. november 1984. Og eg meiner at Karin Moes djervskap, både hennar breie samfunnsrøyst i alle disiplinar og kvasse litterære formspråk, er noko å lære av for alle. Når det gjeld å plassere formspråket i romanen Kyka, viser eg med ein gong til at Danmarks poet Niels Lyngsø har gjevi ut ei diktsamling i år der ulike røyster lyder på kryss og tvers. Og når eg seier på kryss og tvers meiner eg typografisk konkret.

Ved Niels Lyngsø Morfeus tenkjer eg sonettar, figurdikt, katalogdikt; eg tenkjer filosofiske essay om erkjenning og form - med grunnlag i duoen Lukrets/og den greske antikken sin beste dialektikar (Epikur) & eg tenkjer polemikk mot Lyngsøs poetvenner og framståande teoretikarar som Per Højholt og Søren Ulrik Thomsen; eg tenkjer på fleire novelleliknande forteljingar med merkelappen «Erindring». Da har eg nemnd noko av det som kjem på kryss og tvers. For ein pizza. Det er ein god og næringsrik kost.

Men Karin Moe gjekk altså føre - i Kyka.





Ps 22/4-2012: Ved eit seinare høve, det var i 2006, skriv eg eit portrettdikt om Karin Moe, eit dikt som kom på trykk i bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar:


omsider



Omsider fekk vi ei litterær dame som leiarkropp

Ho heitte Karin
Baudelaire – feminin. Same utsjånad
mest prosa

portrettlikskap men ikkje

Charles blir vel aldri ein verkeleg mann

Vi startar opp, sa Karin Moe