Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Biografiar i stort

Publisert 2005-06-17 08:00:05, sist endret 2009-02-19 11:55:05

Biografiar i stort

Ekteparet Marie og Knut Hamsun
Hugsar vi i fjor? Det var Marie og Knut i fjor. Om Marie og Knut har vi hatt filmar og skodespel – og i fjor haust kom altså to store biografiar. Det vil seie at Kolloen skreiv om Marie og Knut, i alle media, og Jørgen Haugan gjorde ein ”litterær biografi om Knut Hamsun”: Solgudens fall. Solguden er personen Knut Hamsun, som løyser seg frå nesten alle menneskelege band for sjølvutfaldinga si. Også i år, under hundreårs-jubileet for den frie norske nasjonen, kan det vere grunn til ein ny repetisjon eller gjennomgang av tilfellet Knut Hamsun.

Når det gjeld Knut Hamsun, er det eit breitt stoff å spenne opp, i og med at vi har stornazisten i tillegg til den verdskjende forførande diktaren. Og vi har noko å lære både av Kolloen og Haugan når det gjeld å rulle opp tidlegare tiders strev for å skjule stornazisten i norsk litteratur.

*

Både Marie og Knut (Hamsun) var stornazistar alt før verdskrigen, dei heldt begge fram med å vere det under krigen, og dei gjekk i grava utan å gå tilbake på sine politiske synsmåtar. Usemja mellom dei to undervegs, mange gonger, galdt, sett i forskarperspektiv, berre personleg taktikk eller makta i familien. Dette er mine ord, som eg trekkjer ut av kjeldene til Jørgen Haugan.

Og eigentleg er det vel Haugans ”litterære biografi” som er dristigast av biografiane og fortener mest ære – iallfall frå meg. Haugans søkelys på at den nietzscheanske modernisten følgjer gjennom Hamsuns heile forfattarskap – først gjennom 1890-åra, deretter heilt fram til etterkrigsboka frå oldingen Hamsun, apologien På gjengrodde stier(1949) – er verdt å få med seg... Haugan er dristig. Det er fascinerande lesnad, frå ein forskar, som heile det litterære etablissementet bør nytte høvet til å lese.

*

Som 20-åring las og opplevde eg mykje Hamsun, og i den tidlege diktdebuten min, BOK, finst ein rask parodi på den unge Hamsun-etterliknaren. Parodien på etterliknaren har fanga Hamsun best med setninga: ”I morgon skal alle snakke om meg!” Hamsun var nemleg ein litterær meister i forføring og ein like stor meister i dette å skape blest om seg sjølv og sine litterære ambisjonar. Han tok ingen omsyn utover dette formålet.

Eg ser ikkje på Hamsuns litterære verk som nazi-litteratur. Det gjer heller ikkje Haugan, sjølv om han utfører eit solid stykke arbeid med å finne også dei reaksjonære trådane litterært, som samsvarer med (eller peikar imot) Hamsuns klåre politiske syn. Knut Hamsun var - til overmål - personleg venn med Nazi-Tysklands propagandaminister Joseph Goebbels, og Hamsun sende Goebbels den store Nobelpris-medaljen sin (frå 1920) i personleg gåve, ikkje noko mindre enn det!

*

For den unge norske nasjonen, inkludert den norske regjeringa etter krigen, blei det mykje - dette viser Haugan overtydande - at ein av dei største nasjonsbyggjarane etter Bjørnson, Hamsun, sto lynande fram som nazist og landssvikar og blei der.

I desse tider feirar vi 100årsjubileet for norsk nasjonalt sjølvstende, dette gjer vi gjerne, og vi minnest dei som gav livet sitt under krigen for norsk fridom frå nazismen, dei mange sjøfolka og andre. Da må vi jammen ha slutta å ljuge om Hamsun. Les Ingar Sletten Kolloen og Jørgen Haugan, om du ikkje alt har gjort det, les desse som har gått gjennom kjelde-materialet. Ha ei god feiring.



Denne artikkelen blei trykt i Telemarksavisa Varden 7.mai 2005 (i omlag same versjon). Jamfør elles Jon Langdal sine ulike forsøk på å få professor Atle Kittang til å forstå samanhengen i Hamsun.



Ps 20/8-06: Mange søker og ser artikkelen min om Hamsuns biografi, når dei vil finne noko om dikta hans. Som ein service for dykk, når de først er her, skal eg sitere opningsdiktet i Knut Hamsuns diktsamling Det vilde Kor, frå 1904. Dette er eit av kjærleiksdikta hans, eg hugsar frå oppveksten at mor mi likte diktet, og eg gjer det også sjølv – med heile dette biletprega og muntlege kjærleiksdiktet si samtidig opne erklæring og rettframme parole:
Jeg knæler og rækker Hænderne frem
endskjønt jeg hører dit Nei.
Tag disse Blomster med Tak for dem
du pyntet med paa min Vei.
Jeg ser dig blusse som Roserne nu
og slaa dine Øine ned;
kan hende kommer du mangt ihu
av Sorg og av Kjærlighed.

Din Graat har dugget mit sind som Regn,
dit Smil var min Sol igjen,
Du skabte av Verden en vakker Egn,
min Sjæl blev en Have i den.
Det blomstrer – det blomstrer i Haven nu
og dufter fra alle Bed.
O kom ikke mere din Sorg ihu,
men bare min Kjærlighed!

Diktet er sitert etter Det vilde Kor «og andre dikte av Knut Hamsun, samlet utgave» (1959). Og han gav jo ut berre ei enkeltsamling dikt, ikkje meir. I ein eldre versjon av diktet over, som blei tonesett av Johannes Haarklou og attgjeven i antologien Norges melodier, heiter det: «O kom ei mere din Sorg ihu(...)». Dette blei vel opphavleg skrivi for å stette kravet til lik melodirytme i dei to strofene i diktet, skulle eg tru, men så tykte ekspertar seinare at «ei» (for «ikke») var for dansk eller for skillingsviseaktig kanskje.