Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Mindre sykling før snøen?

Publisert 2017-11-04 16:28:04, sist endret 2017-11-13 08:57:06

Mindre sykling før snøen?

«Syklar til jobb» er tittelen.
Foto: Morgenbladet
Det går mot den mørke tida. Vi sat og diskuterte, eit par kompisar og eg. For ein gongs skyld var emnet dikt, eit emne som eg no har følgd i mange tiår, medan dei andre to, etter kvart i livet, har konsentrert seg meir om romanfronten. Så kom vi, på grunn av meg, inn på sykkeldikt generelt, eit tema som eg også har skrive om fleire gonger. Da synte det seg at oversikta mi over produserte sykkeldikt var langt mindre enn det eg trudde sjølv. For iallfall finst kjende utanlandske klassikarar enno i omløp syklande (når vi tyr til nettet): Jamfør franske Yves Montand på Youtube La bicyclette... Sykkeldikta er fleire enn eg trudde.

Og ikkje å gløyme at stavangerske Gunnar Roalkvam har gjeve ut ei heil diktbok med sykkel i tittelen: «På sykkel mot stjernene»! (Denne forfattaren kjenner eg frå før, men ikkje nok.) Dette burde eg ha fanga opp når eg skreiv om sykkeldikt & Prøysen & Nordahl Grieg med treffsikker skildring av sykkelen og kjærleik i natur. På nettet fann eg også dette ømme og truskyldige sykkeldiktet av Roaldkvam (på Stavangerdialekt) i ein blogg. (Sykkeldikt synest gjerne truskyldige og det er heilt ok.)



Bønn for ein liden syklist



Må bremsene alltid virka,
og dynamoen gje lys te di lykt,
må skruene ver festa,
så du sykle framøve – trygt.

Må sedet ha gode fjøring,
bagasjebrettet romslige plass,
må dekkene aldri ponktera,
om du treffe på stifter og glass.

Må giren gli lett og villigt,
og ringå ha fine klang,
må du alltid ha gode medvind,
og loft fyllt av foglasang.

Må trenå ver lysegrønne,
og udsikten åben og vid,
må mildver, sol og blomster,
ver me deg i all di tid.


For å kunne vere meir rettferdig ved dette nye høvet på nettet må eg også nemne, til dømes, at forfattaren Einar Økland ofte har nemnd sykkel i forfattarskapen sin, seinast i diktboka Sykle i søvne (2015). Ferske sykkeldikt møter ein på som folks bloggprodukt... Men framleis finst det nok mange fleire vel-registrerte soldikt eller båtdikt enn det finst boklege sykkeldikt.



* Teksten til «La bicyclette» på Youtube er av den franske avantgardisten, poeten og filmskaparen Jacques Prevért (1900-1977). Trur eg. Ein stad på nettet såg eg at teksten var ved Pierre Barouh (også han ein svært allsidig og framståande kunstnar).