Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Førdefestivalen 2017

Publisert 2017-08-07 12:31:22, sist endret 2017-08-07 14:44:07

Førdefestivalen 2017

Ivar Orvedal. Foto: Solum forlag
Kulturfestivalane kvar sommar blir viktigare og viktigare i norsk og internasjonal samanheng. Av sommaren sine fine musikk- og kultur- festivalar må ein av dei aller største og beste vere den vestlandske –og internasjonale –Førdefestivalen 2017. Det er greit for alle å få ei slags oppsummering (også for oss som ikkje var der). Ivar Orvedal har gjort ei slik no. Avantgardisten Ivar Orvedal, som har ein fot med i det meste, låner vi øre til her:



DÅ VERDaS BESTE KOM TIL FØRDE


Det mangla ikkje lovord då Førdefestivalen 2017 omtala artistane sine i programmet. Tiltaket er nå gjennomført. Etter nærare gransking av seksten framføringar kan revisor skrive under på at festivalen sine ord står ved lag. Men det er synd at festivalen ikkje ordnar seg med eit billettsystem som det er lett å skjønne og som har budsjettalternativ slik at fattige entusiastar slepp å sponse dei rike sine gallaførestillingar med såkalla frivillig arbeid.

Det er ikkje så lenge sidan statsministeren vår snakka som om det ikkje er klasseskilnad her i landet. For slik kan det sjå ut for dei som året rundt lever gratis i ei festivalverd som aldri kunne eksistert utan at halve folkesetnaden arbeidar på fritida utan tilsvarande lønn og armslag. Frå alle som er økonomisk fri (ikkje minst oss bladfykar) til sjølv å velge frå eit tilsynelatande utømmelege tilbod har Førdefestivalen 2017 derimot ikkje problem med å få stempel som verdas beste.

Festivalen omfatta alt frå spesialkomponert buskspel-symfoni for eit særs uthaldande spelmanns(stor)lag (Nordic Sound Folk Orchestra), framifrå fado og cubansk, interessant kurskatalog, innslag med folkeopplysning, den obligatoriske dosen med reel og polka, fram til anarkistiske jødar frå NY som svor til Emma Goldman, «At the dances I was one of the most untiring and gayest» for å sitere eit hakk meir autentisk enn det vart gjengjeve av veteranane The Klezmatics. Og når det gjeld toneverda er det betalt godt for å få utarbeidd omfattande programtekst som eg kan tilråde. Dessutan, vedvarande salig i sjela om du følgde ruta nedanfor:

MOKOOMBA (Zimbabwe) - Tenk deg at Salif Keita då han var i toppform for omlag 30 år sidan (istadenfor å lengte til Kapp Verde for å synge saman med Cesaria Evora) etter råd frå Paul Simon (nyhekta på sydafrikansk a cappella) tok med seg Bootsty Collins (Parliament-Funkadelic) og reiste til Victoria Falls for å lage afrofusion basert på tradisjonelle sermoniar og harmoniar til ære for det livgjevande vatnet. Og ikkje minst lære av Thomas Mapfumo korleis dansemusikk på same tid kan vere hypnotisk og essensielt politisk. Etterpå tenkjer du ikkje på noke i det heile og nyt Mokoomba i fulle drag slik dei lyder nye og vitale i denne stund. Kanskje den mest samansette, veltrimma og samstundes forløysande (pop)musikken som kjem frå det afrikanske kontinentet i dag. Yndlingane frå den tidligare britiske kolonien er nå i ferd med å gjere verda til sin «koloni». Om deira kunstneriske karakter overlever suksess og hektisk turnéliv ikkje minst i Nord-Amerika er det eit desto viktigare kapittel i den transatlantiske musikkhistoria som er i ferd med å bli skrive.

Ta deg gjerne tid til å lytte til Thomas Mapfumo: «Lions Songs: Essetial Tracks in the Making of Zimbabwe». «The Lion of Zimbabwe» har budd i USA sidan 2000 (først i exil). Det er ikkje for seint å invitere han til Førde! https://www.youtube.com/watch?v=AO627BzBG6U
https://www.youtube.com/watch?v=x4LnZFwYVfY
Eller slik: Thomas Mapfumo

BITORI (Kapp Verde) - Chando Graciosa gjenoppdaga den nå 78 år gamle Bitori (Viktor Tavares) og har i tillegg invitert med musikarar med erfaring frå Cesaria Evora sitt band. Bitori sin melodiøse og energisk påståelege variant av funana får du gjerne kalle verdsmusikken sitt fullt oppegåande søskenbarn av sæle punk- og ska-idiomet og i alle fall ikkje mindre medrivande.

XABIER DIAZ & ADUFEIRAS DE SALITRE (Galicia) - Kvinnene sine eldfulle stemmer og djupe rytmar på tamburinar rekonstruert av den like glødande forskaren Xabier. Eit sjeldan autentisk streif av urkeltisk musikk samstundes som dei også har henta sangar frå repertoaret til ikoniske José Afonso.

FARGANA QASIMOVA ENSEMBLE (Aserbajdsjan) - Med ei kvinne sin styrke og menn sin vârleik, det mest dramatiske du vil finne av poetisk og spirituell mugam. Utan tonal likskap, men tenk deg korleis det kunne lyde om vi på same måte hadde teke vare på vår norrøne kulturarv og skaldekunst.

ANGELITE (Bulgaria) - Le Mystère des Voix Bulgares vart i Vest-Europa først utgitt av 4AD og toppa dermed dei uavhengige rockelistene på midten av åttitalet. Då vi runda 1993 hadde Trio Bulgarka allereie vore med på to av Kate Bush sine plater (der også Prince leverte sitt bidrag). «Rockets Tail» lyder like formidabel den dag i dag. Konserten i Førde var såleis ei gripande påminning om kven som stadig meistrar alfa og omega i det dramatiske fargespekteret i polyfonisk korsang.


Dette er berre vel halvdelen av Orvedal sine skildringar frå Førdefestivalen 2017. Så kjem resten her, og ein merkar seg heile vegen Ivar Orvedal sin kjærleik til overgripande montasje:


MAMADOU DIABATE (Burkina Faso/Austerrike) - Tettsitjande universalfunk med Mamadou sin balafon som kraftsenter. Gje meg eit vink om du kjem over anna like heftig og presis marimba-improvisasjon som dette, på denne sida av Stella Rambisai Chiweshes «Shungu, The Mbira Queen Live», Berlin 1994.

TINARIWEN (Mali) - Griotpoesi og manande ngonispel vart tvinga ut på lidingsveg til Amerika der den tok den forma vi kjenner som blues, ikkje minst i John Lee Hooker sin variant som i sin tur inspirerte Ali Farka Toure som etterkvart synte seg å bli føregangsgitarist i den ny elektriske blå bølga i Mali. Men framleis er det storkapitalen som rår og dermed makthavarar som prioriterar krig og våpenproduksjon. I dei seinare åra er den repeterande, manande blå musikken igjen tvinga ut på den vestlege verda sin endelause landstrykarveg. Kanskje er dette grunnen til at Tinariwen i Førde framstod temmeleg slitne.

ARVESØLVET (Norge) - Erlend Apnseth (fele og sag), Hilde Marie Holsen (trompet, sampling, elektronisk klang og -kollasj), Øyvind Hegg-Lunde (trommer og perkusjon) og Linda Gytri (trekkspel) framførde festivalen sitt viktigaste bidrag til å halde levande det særeigne ved tonearv og folkeminne. Dei fleste tradisjonsberarar freistar etterlikne og konservere dei einslege originale stemmene som skilde seg ut frå etterlikningstraumen. Godt då å høyre nye einslege stemmer som held i hevd den originale tradisjonen med å skilje seg ut.

SONGMEISTERMØTE (Norden) - Johannes Haarklou, obskure komponist, organist og frittalande musikkanmeldar ville likt det han høyrde i Haarklousalen då Ulla Pirttijärvi-Länsman, Berit Opheim og Lena Willemark innimellom tok steg ut av trygge råmer for saman å improvisere fram den spirituelle energien som er rituala si oppghavelege drifkraft i både heidenskap og religion. Song-autoritetar er dei alle og samiske Ulla har samstundes ubroten jordkontakt same kva ho målber.

FOLK ALL-IN GALLAKONSERT (Kosmopolitisk) - Ein og ein halv time med noke for ein kvar smak, sogar spelmannsdisco med funky brasseksjon (Folk All-in Band). Fellesnemnaren var den same som for opningskonserten med spelmanns(stor)laget som knapt greidde vente med å fyre laus sine førti spente armbrøst til Stortinget sin presidenten (må tru om namnet var Peer Gynt) hadde framført sitt opningsepos: NRK sin underhaldningsavdeling var der, jepp!


Ivar Orvedal



Frå det eine til det andre. Her er eit av Ivar Orvedals eigne samarbeid:

«Birgitte Bakke, ang, Ivar Orvedal tekst, perkusjon og prosjektleder, Elisabeth Vannebo, tuba og didgerido, Elisabeth Vatn, trøorgel, sekkepipe og diverse klarientter, Terje Isungset slagverk og munnharpe, Ellekari Sander vokal og Hildegun Øiseth trompet, flygelhorn og bukkehorn.»