Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Nulle poesi

Publisert 2017-02-02 12:35:26, sist endret 2017-02-21 14:11:33

Nulle poesi

Symbolet til Norsk kulturråd, eit råd som står inne for og fordeler offentleg støtte mellom anna til bokproduksjonen (her i landet).
Store forlag blei ramma, blei det sagt. Til det vil eg seie at store forlag har ikkje kjøpt ekspertise på ein slik måte at dei kan utvikle merkbart betre diktbøker enn mindre forlag kan. Eg rekna ut dette på tross av, og med omsyn til, stor skilnad mellom forlaga i innsende diktpakkar.

Ikkje dårlegare diktsamlingar eller diktbøker her i landet dei siste åra. I det store og heile, meiner eg. Ingen påstår at det har skjedd eit fall. Kulturrådet sine kvaltitetsutval har jobben med å ettergå utgjevingane, og det er i praksis forlaga (sitt arbeid). For å hindre utarting og misbruk av offentlege middel, rett og slett motverke degenerasjon av ein heil boksjanger, som til dømes poesi er. Dette vil eg tru, kan vere jobben.

Er det ein fordel om det blir gjeve ut færre diktbøker, underforstått betre (må det vere)? Slik folk i vurderingsutvalet sjølve meiner og har sagt opent til pressa ved fleire høve dei to siste åra. (Oppfatninga mi er, kort sagt, at mangfald og kvalitet kostar. Det er noko anna.)

Poesien aukar i omfang og har utvikla seg. Det er blitt ca sytti titlar i alt, kvart år dei siste åra. Og det verkar - for somme aktørar - å vere eit stort tal. Det som er sikkert er at med så store tal på utgjevingar vil det iallfall vere potensielt rett mykje arbeid både for poetar og for forlag, for media og for utsalsstader. Fleire av dei største forlaga har aleine gjeve ut meir enn ti diktbøker i 2016. Har dei nok arbeidskapasitet til dette? Når ein tenkjer på kor minimalt dei store forlaga rekk å prioritere dei vanlege gode diktbøkene med naturleg plass i media og i bokhandel.

Går vi no ned på talet til femti eller 35 (som det er å «halvere» hausten)? Bakgrunn kan vere pengespørsmål i kulturrådet. Bakgrunn kan vere «motgang». Forlaga sjølve må heller doble betaling til konsulentane sine. Og enda blir dette nokså magert for ei allsidig vurdering av manus. Det er småpengar vi snakkar om... Så: Kva er tema? er eit godt spørsmål i analysen. Innretning på lesar? er eit anna godt spørsmål rundt komposisjonen av ei diktbok. Forlaga må spytte litt i kvalitet for den hjelpa dei kan få tak i.

Har avisdiskusjonen fanga opp den sterke endringa i boksjangeren lyrikk? Dikt tar over domene frå roman og kortare prosa. Dikt er på trammen til å ta over for visdomsbøker, bønnebøker, reisebøker, artikkelsamlingar, politiske analyser, er i ferd med sjølv å la seg sjarmere av quiz og google, er i ferd med å vere på trammen til å ta over for og inspirere til teater. Populariserte (og godt redigerte) diktantologiar frå 2015 og 2016 har nådd langt ut med deltaking av klassikarar saman med dikt frå dei aller siste åra.

Eg repeterer: Tema er blitt viktigare nøkkel, det er følgeleg ikkje nok å skrive likt om livet slik det ser ut for eitt enkelt menneske. Ein annan viktig nøkkel er klåre tankar om korleis bøkene skal lesast. Lese gjennom fortløpande og følgje tråden? Boka er til å bla i eller bli skumlese først, slik som faglitteratur? Etc.

Kravet frå forfattarane til kulturrådet si godkjenning av kvar enkelt tittel må framleis vere: Å få tilbake klagenemnda igjen etter forsøket med ei suveren lita nemnd for heile arbeidet med kontroll. Vedtaka i kulturrådet dei siste to åra er ikkje blitt gode enno, men blir framleis vilkårlege. Dette syner at det må vere ein sjølvstendig klageinstans. Tenkj på at det konkrete vedtaket aldri blir grunngjeve med eit ord.

Det er eit pluss at ikkje storforlaga går fri lenger frå den formelle kvalitetskontrollen. Også roste og etablerte poetar treng gode råd og korrektiv og tid ved nye bøker. 13 diktbøker er nulla av kulturrådet i 2016, av dei er eit fleirtal komne frå dei meir kjende forlaga. Men så kjem det vanvittige: Gjennomsnittet av dei nulla er ikkje merkbart dårlegare enn gjennomsnittet på dei godtatte. Dette er Kafka.



Poenget mitt i det heile er at mangfald og kvalitet kostar.



Kulturrådet endrar på ordninga?


I 2016 er så langt desse diktsamlingene avviste av vurderingsutvalet og nemnde i avisene: Vilde Heggems «Kjolen» (Oktober), Lars Haga Raavands «Vannsikt» (Aschehoug), Marit Bolsø Brodersens «Dobbel V» (Aschehoug), Nelly Sachs’ «Dikt i utvalg», gjendikta av Astrid Nordang (Aschehoug), Cornelius Jakhellns «Kulden er de andre» (Cappelen Damm), Asbjørn Stenmarks «Bikkjeevangeliet» (Bokvennen) og Hans Anton Grønskag (Bokvennen). Av bøkene frå dei mindre etablerte forlaga er Fredrik Høyers «Grønlandsutraen» (Fanfare) avvist.