Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Gasspedal sitt format

Publisert 2005-05-28 16:48:06, sist endret 2006-02-20 09:24:20

Gasspedal sitt format

adressa til biblioteket gasspedal
Eit nytt bokformat er blitt lansert. Bokformatet er eit mindre, og det er noko som går enkelt ned i dei mange lommene, slik som tidlegare søte ”Ord om kjærleik” gjorde eller ”Shakespeares sonettar” eller andre svisker gjorde. Men bokformatet eg snakkar om her, er noko enkelt å produsere, utan å investere mykje kapital på farge eller forseggjort rygg. Formatet er til dels noko som poeten kan utføre heime på kjøkkenet og arbeidsrommet, nyeksperimentere med og dermed få dette snarleg vist for eit publikum.

Det er få eksempel på dette bokformatet frå godt kjende norske poetar som gjev ut bøker i vanleg fullformat. Men Jan Erik Vold gav ut Diktet minner om verden på vårt - eg meiner hans og mitt - Kommet forlag, i 2003, 30 små sider i eit opplag på 200.

Spesialistane på akkurat dette småformatet er forlaget Biblioteket Gasspedal i Bergen, som starta med å gje ut kortprosa-forfattaren Bjørn Skogmo og den visuelle poeten Vemund Solheim Ådland si første trykte samling, Sep pran ek.

Det er fleire prinsippielle sider ved småformatet i A6-storleik (15x10cm):
1) Format for det prøvande, og likevel det som kan overtyde bransjen om at her er det noko (Ådland), eller som kan hjelpe den rutinerte poeten - eller prosaforfattaren - til å halde kontakten med grasrota og under-grunnen (Vold).

2) Dette enkle småformatet går ned på det «estetiske», og dette er velgjerande.

3) Eit bokformat skapt for jakkelomma til folk og skapt for ei kortare samling enn det femti eller hundre fulle diktsider er. Standardane kan bli litt for mykje standard. Men elles vil dette A6-formatet etter kvart kunne gli inn i bransjen på linje med t.d eit vanleg ”dikt i utval”-format eller ein pocket av Jacobsens Nattåpent...

Utanom dette som er sagt hittil, finst det mellomformer og store område for utvikling. Den visuelle poeten Ottar Ormstad, som har sverga til kvadratforma i fullformat, har også gitt ut eit par små hefte på 12x12, hittil: smerte hjerte og y (gul poesi), begge i 2005.

No skjer det ei aukande eksperimentering med diktmediet, både det trykte og det framførande. Eit klårt trekk er at det visuelle ved presentasjonen av diktorda har fått langt større vekt. Så langt har det gått med lay out og grafikk at somme skiljer skarpt mellom visuelle dikt og «konkrete dikt». Pendelen har snudd, pendelen er i fart.

* * *

Biblioteket Gasspedal er aller mest eit forlag som gjev ut bøker, men det er også bibliotek pga eit eige einsarta bokformat og pga at utgjevingane er med på utviklinga av det ”nye litterære” Noreg/ det nye litterære samla Norden (med peikarar til Austerrike).

Gasspedal har gitt ut ein tekst av Peter Waterhouse - han bur i Austerrike - på 20 små sider kalla Blomster, etterfølgd av presist intervju, alt er døme på det enkle og effektive, pluss godt omsett frå tysk av Arild Vange, og dømet viser kor overraskande rommeleg 20 små sider kan vere. Det aller første diktet i boka, rivi laus frå toppen av side 3, lyder slik:
Det blinkende lyset der veien krysser jernbanelinjen. Denne blomsten synes å bli beveget i vinden, flakkende mellom skygge og lysrefleks.

For den enkle balansen si skuld vel eg ut eitt til, også det eit kort eitt, tatt frå midt på side 5. Og det kan godt vere du no tenkjer at Baudelaire har gjort eit kraftig innhogg i vestnorsk lynne og intellektuelt liv, når dette kjem via Peter Waterhouse og Arild Vange:
Sigarettautomat, en kunstig blomst, like vakker som en asters.

Til slutt siterer eg det første litt utstrekte prosadiktet, det er tatt ut frå side 7 og er ein nøkkel til verket, med eller utan Baudelaire. Og er ikkje dette vakkert?
Selv gatelyktene langs avkjøringsveien kan slås på med ordet skjønnhet. De blir ikke vakre av ordet, men litt lysere eller blusser opp; også blomstene rundt om står nå litt høyere og mer trafikkegnede eller trafikksikre. Med et slikt ord kan trafikken også saktnes og beroliges. Men i grunnen skjer ingenting. Noen såkorn legges i jorden. Å legge såkorn i jorden er naturlig. Gatelykten ruster på vindsiden, skjelver i vinden, fra bakken drikker den et slags rinnende vann, ved siden av en strikkevarefabrikk. Lykten blir brukt som et utplantet tre. Men kan beskytte gatelyktene. Idrettsplassen bak der er uten trær, men lyktopplyst. Varsomt, ennå uten støtte fra språket, berører naturen gatelykten og gatelykten naturen.

Eit godt døme på det nordiske og parolen «Avant Norden» er Gasspedal si sjette utgjeving, svensk-språklege Annelie Axén (ho er busett i Paris) sitt verk Langz, som eg les som ein roman, ein roman med stor presisjon. Langz er hennar første separatutgjeving, som altså Gasspedal har tatt seg av. Langz byrjar slik, og teksten kjem eigentleg i smal spalte med rett venstremarg og høgremarg:
10:57 DEN FJÄRDE NOVEMBER 2003

Mitt i rondellen stod ett monument. Två turister gick gennom en lysrörsbelyst underjordisk tunnel och kom upp under monumentet, som steg över dem i en båge, oöverskådligt hög och nådlös: liksom en historiens egen spegel, genom vilken turisten ser sin egen figur, förvrängd, men inte helt ubetydlig ändå. Hon följer en grekisk bård med blicken, längs fikonlöv och hieroglyfer, och ser metropolens ruinverk skrivet över munumentet på kors och tvärs.

* * *

Er det mykje dugnadsånd i Gasspedal? Nye generasjonar tar gjerne med seg dugnadsånda. Og dugnads-ånda trengst der det profesjonelle har gått i stå, dette kan vi jo sjå på så mange område i samfunnet sitt liv. I Gasspedal blir det gjort stort og effektivt arbeid på eit område der ingen andre, iallfall ikkje dei forretnings-messige forlaga, har tatt fatt. Forlaget er drivi av Susanne Christensen, Audun Lindholm (grunnleggjaren)og Øystein Vidnes, der Vidnes også opererer som formgjevar. Ein gratulasjon er send herifrå til staben i forlaget.

Prisen i utsal på bøkene frå Biblioteket Gasspedal er ein brøkdel av ordinær pris på diktsamlingar. Du får tak i nettoversikt over utgjevingar og lenker til bokmeldingar på denne adressa. Verk-oversikta er blitt nummerert med musikkryss frå # 1 til # 10. (Korleis og kor du får kjøpt, blir det også opplyst om.)

Der kan du lese om Das Beckværk (frå Danmark) - med undertittelen The democracy destination: Iraq - og dei andre utgjevingane i forlagsserien. Og med på utgjevingslista - vil eg nemne - er dei norske Monica Aasprong med (den første delen og varianten av) Soldatmarkedet, som er figurdikt (nær Åke Hodells 1960tals-tradisjon), og Øyvind Ådland med Møkster-hele sår på dagtid, der Møkster militærleir er så heldig å få bli skildra av Øyvind Ådland. Desse tre titlane av ti titlar viser ei forlagssatsing som nettopp ikkje unngår temaet krig og temaet krig i vidare meining.

Ei utgjeving - nr 10 i serien - skiljer seg ut ved rygg og sine 62 sider, prosaboka Z av Pål Norheim, same tittel som Costa-Gavras' oscarvinnande thrillerfilm frå 1969 om juntaen i Hellas. Z skal elles tyde «han lever» på gresk. Men scenen her er Afrika, med namn som Zanzibar, men med særleg inngåande skildring av Addis Abeba. Les ei entusiastisk melding for Pål Norheims Z på Gasspedals adresse ovafor, ei melding lenka hit frå Dagsavisen og Simen Hagerup. Nok ein gong: mykje litteratur igjen for hendig enkelt og lite format.

Tillegg: Ei lenke til eit intervju 25/5 med den danske forfattaren bak Das Beckværk finn du her.