Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Torild Wardenærs Forløp

Publisert 2017-01-08 17:25:05, sist endret 2017-01-11 12:15:33

Torild Wardenærs Forløp


Celle deler seg (dag 1).
Kjelda er Bioteknologiskolen.
Kan vi grabbe ulike freistande ting som vi er mest interesserte i og som ikkje har så mykje med kvarandre å gjere først? Og samle dette saman, kanskje gjere det meire nøkternt og sakleg, men spennande morosamt? Dette, trur eg, har Torild Wardenær prøvd å få til med 2016-boka si Forløp.

Kanskje du har andre idear no? Vil du først heller lese om eit eggjande og svært øydeleggjande kjærleikstilhøve mellom 2 (mellom mann og kvinne)? Da byrjar du straks med Henning Bergsvåg si nye diktbok Du er ikke her (Lesaren har eit slikt val)... Iallfall starta Torild Wardenær boka Forløp slik:


1



Ingen har begitt seg utendørs i dette været.
Dyr har søkt ly under snøen og bare noen forvillede fugler er fanget i
vinden og driver over huset i unnfangelsens hemmelige time.
Cellene er skjult bak tilblivelsen, og tilblivelsen er skjult,
men alt vil bli, vil bevegelse. Jorden går i bane rundt solen, solen og
fiksstjernene beveger seg i galaksene, jord og måne trekker i hverandre
med like store og motsatt rettede krefter og får stormen til å stå hardt
mot den karrige kysten og mot lavlandet og fjellene innenfor.

Meteorologene løfter telefonrørene av bakelitt, de ringer til Vadsø og
Ny-Ålesund mens det vage, uforklarlige drønnet av samtidighet pågår.
Det er det ingenting som kan påvirke, og dette vet de. De hører om
Douglas DC-flyet som krasjlander i snøen femti mil unna, men det går
ikke liv tapt. Kanskje er det fordi det er St. Lasarus dag. Meteorologene
sitter rundt om på stasjonene sine og tenker muligens på dette, men mer
sannsynlig er det at de tenker på fiskekvoten eller på den kalde krigen.
Er president Truman til å stole på, og hva kommer til å skje med det
spiondømte ekteparet Julius og Ethel Rosenberg? Meteorologene er
fornuftige mennesker, øvd i logisk tenkning, men tatt i betraktning
stormen fra vest og faren fra øst ser de bekymret ut denne 23. februar,
for det er midt i det tjuende århundret og mye skal overskues og
redegjøres for; Jan Mayen, Spitsbergen, Kong Karls land og Peter den
førstes øy.

Alt mens lyset fra nattbordlampen gløder som morild, alt mens 46
kromosomer blander seg, og cellene deler seg, og deler seg igjen.



Det syner seg klårt at Cellene som deler seg og deler seg att, det er cellene i eit menneskefoster. Vi følgjer ikkje berre dette fosteret i det vidare, men også faktiske historiske hendingar og annan samanhengjande gang... Og det ulike men samanhengjande, kva har alt dette med kvarandre å gjere? Spørsmålet er vel tema for boka, plassert i ei sjeldan og effektfull montasjeform. Eg liker godt dei faktiske detaljane, til dømes «telefonrørene av bakelitt» (slik det var).

Nokon blir fødde midt oppe i storpolitikken, såg vi i dømet her. Og så er det poeten sjølv som blir fødd nett i november, og unnfanga alt i februar, det vil seie når boka startar i februar 1951! (Slikt finn og forstår eg med wikipedia.) Det personlege må vere ein god grunn for å velje dei ni månadane i 1951 som utgangspunkt (og emne) for boka.

Kva som blir dei ulike forløpa og dermed koplingane eller montasjane utover i teksten, kan vi følgje. Her skal boka sin styrke ligge. Likevel endrar heilskapen seg ein del for denne lesaren. Men det går godt å lese denne boka fleire gonger. Ikkje minst fordi ein kan undersøke og ikkje undersøke opplysningar ved ulike lesingar.

Namna Ma og Pa, i tredje stykke (stykka er nummererte), høyrest først så amerikansk ut. Dette er eit ungt par som dukkar opp i boka. Dei to er nokså unge etter notidig standard (22 år gamle?), men ikkje etter standarden i 1951, sjølvsagt. Dei er svært interesserte i vitskap, i storpolitikk og musikk (t.d Arnold Schønberg). Smittar over på lesaren. Synsvinkelen er intellektuell, latinske gloser blir nytta i musikk og medisin. Klassisk musikk er sjølvsagt. Litt avstand har teksten fått her, trur eg, sjølv om eg personleg set pris på desse interessene, med mi røynsle for alderen min, fødd under krigen. Samstundes er boka (i stykke nr 17) inne på stjerneteikn (dvs. «væren»); spådomskunst?

Etter kvart (i stykke nr 23) giftar Ma og Pa seg; det har å gjere med svangerskapet som har komme langt. Ved eit hopp i tidsrekning (i stykke nr 29) får vi også vite når Ma og Pa døyr. Da - og dermed - overlet eg boka til den enkelte lesaren.