Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Eldre stil og stoff?

Publisert 2016-03-25 16:29:28, sist endret 2016-10-19 16:55:36

Eldre stil og stoff?

Magne Larsen deltok med dikt i TV2s tevling Norske talenter, og han kom langt. Foto: TV2
Enkelte folk kan vere nokså aktive med diktskriving i mange år utan å debutere. Grunnane kan vere mange. Stilen som er brukt, kan komme i vegen for poeten, komposisjonen kan alltids vere for tynn, temaet i boka er ikkje godt nok fokusert, men heller for utspedd. Dette er iallfall årsaker å gjette på. Likevel kan desse poetane vere røynde og svært gode opplesarar, syner det seg, og dertil populære artistar i nærmiljøet. Dei kan til og med komme langt i store dikttevlingar. Her er to døme på dyktige artistar som har slitt med å debutere som bokforfattar eller ikkje fått respons i forlag på nasjonal basis.

83 år gamle Magne Larsen fekk debuten sin først etter at han kom langt i TV2s konkurranse Norske Talenter i november 2015. Eit av dikta frå TV2, relativt langt, skal eg sitere fullt ut. Og dette diktet blei plassert først i boka som blei trykt i hui og hast rett etter konkurransen (og seld mange tusen av); diktet ber tittelen MANNEN I GATA


Jeg er mannen i gata,
en av de små, grå menn
vel, ikke liten bestandig
du kjenner meg kanskje igjen

Jeg ropte i protest ofte
jeg døde i gater av blod
jeg skrek og løp i redsel
fra dem som med makta sto

Ofte vendte jeg gryggen
til alt som ble krevd av meg
atter andre ganger
var jeg en bror for deg

Du ser meg nok sjelden alene
jeg er jo en mann av en flokk
men plukker du ut meg på gata,
er jeg da ensom nok

Kom ikke da med spørsmål
spør ikke hvem jeg er
da får du aldri svaret
du ser meg jo foran deg her

Du skjønner at mannen fra flokken
er ikke virkelig da
han døde i går ved fronten
men glemte å si ifra

Han spiller som bajas en scene
han står i den kristne hær
og derfor sier jeg, venner
Jeg vet ikke hvem han er.


Eit ikkje minst utmerka muntleg dikt er dette, der «jeg» i diktet er handsama dyktig. Enkelte liner i diktet er faktisk frapperande: «du ser meg jo foran deg her» og «han står i den kristne hær» mellom andre. Kor mykje rekte likevel Magne Larsen å få skikkeleg forlagshjelp som basis for ei utgjeving tidlegare? Og kor god tid fekk forlaget i ei hektisk tid rett før jul på å styre boka i dei aller beste banene? Same kva blei det ei samling med interessante og til dels verdfulle dikt for litteraturen vår. Boka til Magne Larsen rommar ikkje så få typar dikt og fekk tittelen Dikt og fanteri.


Olaf Lundheim, Levangsheia, nådde heilt opp til teten i landsfinalen for slampoesi for få år sidan. Lundheim har gjeve ut både prosa og poesi lokalt, dvs i Kragerø. Poesi har han brukt lengst. Dette er større og mindre bøker laga for det meste på eigen kostnad og seld ved eigen distribusjon. For lengst er Lundheim no blitt pensjonert skytebas, og dermed har han fått både meire tid, og fleire krefter, til å setje inn på skrivinga og inn i meir framføring av dikt rundt i Telemark fylke.

Frå den siste boka hans, I burka mot alderdommen, som kom ut i 2015, siterer eg det filosofiskpoetiske diktet «Friluftslivets år»:


Vi som bor i hus der hjemme
tross vår sjel er primitiv
pakker sekk mot helg og høytid
og drar ut på friluftsliv

Følger gamle geners lengsel
skuer blåner fra en klippe
mens det rangler i en lomme
i det trygge nøkkelknippet

Og vi tålte nattens mørke
regn og sol og sukkersavn
for det stod ei helg i mente
på hotell i København

Alt vårt levde liv på jorden
uten tak og livd og varme
ga oss savnet etter savnet
av det enkle livets charme


Dette er eit kompakt fasettert dikt... Diktet har eit klårt filosofisk utgangspunkt og er samstundes utstyrt med poetiske grep og konkrete bilete. Når han skriv om «København», tenkjer eg jo på «Broder» Aage Samuelsen frå Skien. Olaf Lundheim voks opp i eit religiøst miljø, som han opponerte imot ved å predike naturvern på ein poetisk og ofte humoristisk måte (sjølv om han av yrke var skytebas).

Desse to poetane som eg har nemnd i artikkelen, er gamle og dyktige, dei har sine stilar (Magne Larsen er t.d god på dialekt) som dei begge vekslar mellom. Ikkje minst er dei gode på det muntlege. Men desse poetane blir ikkje lett tatt imot av skriftkulturen i nasjonale fora. Skriftkulturen er stadig for trong. Og trass i dette er slike bøker som Dikt og fanteri av Magne larsen og I burka mot alderdommen også ein markant del av 2015-lyrikken. Er det fordi stilen og stoffet er eldre? Nei, berre delvis difor. Bøkene har gode kvalitetar. Difor.




Ps 12/8 - 2016:

Poesislamkonkurransen på Gvarv i går, som i hovudsak blei ein rein standup, tykkjer eg, samla mykje folk framfor utescena. Som del av Kartfestivalen. (Eple står sterkt i Gvarv). Konkurransen var iscenesett av den dyktige teatermannen Lars Vik (kjem frå Friteateret i Porsgrunn). Vel. Også ei slik konkurranseform gjekk Olaf Lundheim sigrande ut av. (Han sigra som vi veit, når han var med på slammen her for få år sidan.) Og dermed blir det ein ny finale for Olaf Lundheim i Oslo. Det skjer fredag 27. nov. på Black Theatre.