Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Første delen av førelesinga 23/1

Publisert 2016-02-03 09:23:33, sist endret 2016-04-07 15:27:56

Første delen av førelesinga 23/1

Inger Elisabeth Hansen si bok med framside som myntar på turvande navigasjon og lange tradisjonar.
Kva har Torgeir Rebolledo Pedersen sams med Odveig Klyve, Inger Elisabeth Hansen, Jan Jakob Tønseth, Målfrid J Frahm Jensen osv? dei har gjeve ut diktbøker i 2015. Eg har lese femtitre nye diktbøker frå i fjor, no - og fått vurdert ein boksjanger sterkt utsett for redaksjonelle nedskjeringar i dagspressa og manglande gåpå, men forenkla fokus, hos litteratar. Diktbøker er betre enn sitt eventuelle rykte. Eg speida etter «gleder ved nye norske dikt» og dertil såg etter farar i farvatnet. Ein fare kan eg nemne med ein gong, likesæle. [Frå denne første delen av førelesinga her går under lenke vidare...]

Det var eit godt kunst-år, sto det forklårt i Klassekampen sånn rundt årsskiftet. Kunsten er eitt felt. Kva med diktbøkene – var det eit godt diktbokår? Talet på diktbøker eg har lese: Det passerte femtitre. Lese og levd med. Men eg har budd meg på dette gjennom å lese ein god del nye dikt via bøker dei siste ti åra. Så i 2015: først nippa eg til enkelt-dikt, møtte tema og diktspråk, fortærte enkeltdikt i rykk og napp, fekk hjelp av Aud i prosessen. Somme vriene utgjevingar venta eg ei tid med å lese heilt gjennom, og dei kom da i eit anna lys. (Det er i saka sin natur.) Eg som har brukt å presentere, burde no også kritisere og rangere, tykte eg.

Somme av bøkene som eg opna, tok tak i meg med ein gong, slik eksempelvis dei første orda som eg las, fanga, i diktdebutanten Maria Dorothea Schrattenholz si bok Atlaspunkt med sin - utover i boka - science fiction-ståstad. (Diktet frå boka:)


så reiser du deg
står helt oppreist
står rak og sterk
mellom trærne
som bærer atmosfæren
du er her nå
fanget i oksygenet
men med frihet
til å puste



Greit å byrje å puste, godt å byrje med å puste ved ei slik bok. Poetisk direkte, ikkje bruk av klisjé.



Ei mykje omtalt og godt seld utgjeving i fjor, var den rutinerte og eksperimenterande poeten og artisten Torgeir Rebolledo Pedersen si diktbok Åstedsblomster. Eg byrjar der pga sterk temakonsentrasjon omkring sorg og familie. [Meir om temakonsentrasjon seinare.] No tar eg det høvesvis nøye med Torgeir Rebolledo Pedersen, og dertil punktvis:


1. Du blar opp. Det startar for så vidt kronologisk og tradisjonelt med kjernefamilie og søneforteljingar. Alle menneske har ein barndom og ein pubertet. Det er rett. Og denne første levetida går aldri heilt etter oppskrifta som folk hadde inne i hovudet sitt. Høyrer med at denne første levetida set seg oftast skeivt på minnet etterpå, dessverre, fordi ein mangla noko å måle med når det skjedde ting... Her er familie-konstellasjonar som mange gladeleg vil kjenne seg att i, trur eg, det byr dikta i Åstedsblomster på. Og eit diktpublikum er blitt meir open for det sjølvbiografiske enn på lenge på grunn av identifikasjon og tru på reelle fakta.

Neste del av boka: Ikkje på grunn av plot eller samanhengande soge, - men fleire rike motiv gjer at ein følgjer betre med her. Og etter kvart blir boka ein page-turner. Kva er det som skjer? Boka handlar om livet, boka handlar om livet frå den augneblinken som det skjer nok med ein person. Så enkelt er det. Det syner seg at breidda i motiv gjennom dikta heller blir ein fordel enn ein mogleg distraksjon for lesaren.

Dermed blir tilhøvet til føregåande generasjon, og spesielt til faren til poeten, gjeve ei ny og utvida meining, og tilhøvet er blitt enda betre skildra på det viset i denne boka, enn den same poeten har makta i tidlegare utgjeving. Også her kjem poeten sitt tilhøve til den nære og tidvis fjerne sonen inn...


2. ÅSTAD er ein stad der partane samlast. Ordet åstad smaker av tvist og oppgjer, og ordet er både teknisk og vitskapleg og har samstundes noko uforsonleg eller delvis skjebneskapt (som blir krinsa inn). På desse «stadene» i livsløpet er det også blomar og blømande bilete i boka. På stadene der poeten har vore, blei eit liv til, eit liv har gått føre seg heilt breitt og interessant, absolutt vanskeleg og med nok motbør, men med alvor og tyngde. ÅSTAD er arbeid.

«Steder gjenoppstått» er også eit uttrykk frå boka. Og denne røynsla er, same kva, noko som skjer for alle eldre menneske. Mange hendingar kjem poeten fleire gonger tilbake til i diktboka og i forfattarskapen. Og meir enn det. Omgrepet «åsteder» er brukt, ser eg, i sjølvaste titteldiktet i boka Erfaring og forsvinning frå 2010, slik (sitat frå boka) :

(...)
åsteder er vi
og steder stedt til hvile
(...)

Da var forfattaren 61. Dei ømmaste opplevingane og minna skal det likevel mykje til for «å stede til hvile».

Rebolledo Pedersen er frapperande spissa formulert og slagferdig alltid, tenkjer eg som har lese han, han er støtt munn-rapp og skarp i fortid som i notid. Og poeten har fått noko stort å skrive om i skrivelivet sitt og ta ansvar for, noko som treng stadig nøyaktig detaljarbeid.

Rebolledo Pedersen er surrealist i språket i sine mindre «utsnitt». Han har vore spesialisert og hekta på eigen språkbruk liksom Triztan Vindtorn var på sin bruk. Like metta i det brukte ordet, og full av overraskande snurrkast, er dei to. Hos Rebelledo Pedersen er det likevel større hang og kjærleik til kvardagsspråket, vane-språket vårt som – rett lese – rommar ei ovstor mengd av faste uttrykk og vendingar og som haustar og som komprimerer den almenne viktige røyndomen for oss alle, om vi enn gløymer det i vanens sterke automatiske makt.


3. Særleg to typer bruk av (eller kritikk av) faste uttrykk gjer seg gjeldande hos RP. Det er dei trykkfeil-liknande orda som nettopp ikkje er trykkfeil. Tvert imot syner demonstrativ trykkfeil, eller ei godtatt forsnakking eller god medviten lesefeil, same slags tiltru til verdien av feilreaksjonar som forskaren Sigmund Freud synte og analyserte. Og det oppstår også dei midt imellom vanleg biletbruk og dei ekstremt trykkfeil-liknande godsakene: Til dømes kjem denne tittelen: «Kropper fødes sjeles på» (s 12). Her blir dei svært innarbeida språkuttrykka sele på og sele av utnytta av poesien.

Kvar til sitt bruk: Også flust med døme på det enkle og faste i ord finst, slike ord som dikttittelen «Mors ensomhet», i diktet på to heile sider med følgjande passasje lånt [Sitat frå boka]:


(...)
men mor er ikke hel ved
mor er av ymse virke
indianer og spanjol
svensk og norsk
sky og tilknappet og åpen og frivol
sansbar dansbar skjør og selvbevisst
vi holder veldig av mor
(...)



4. Tida er inne til å få sitere eit fullstendig dikt igjen. Det diktet som er heilt gira ned til viktig «knagg». Diktet kjem direkte etter det sceniske titteldiktet, «Åstedsblomster». Og det har tittelen «En knagg har navnet ditt». (Vi les da s 35 i boka:)


En knagg ved døra her på badet
har navnet ditt
knaggen din barndom
hang og slang på
en knagg i meg som metafor for deg
å henge minner på
min engang innadvendte
magre lille sønn
hvor hadde du forsiktigheten fra
om ikke fra meg?

når snudde det?
da du tok mandlene og la på deg
åt og åt og satte blikket
rett i alle og nesa på en sky?
eller da du fikk en bror å være stor for?
du som knapt
fikk tørket av deg valpefettet
før du gikk ut av tiden

men knaggen her har navnet ditt
håndkleknaggen etter deg
her alt henger på knagger
som spørsmål etter deg



Dette diktet er inngangen til fleire minnedikt om same unge person... Skrivemåten og innhaldet slår, og han er treffande i dei høvesvis mange lengre dikta, der eit fleirtal av dikta i boka er to sider lange. Og det er bra her. Poeten både tilpassar seg tendensar i tida og bruker nye gode sider hos seg. Og det held i massevis.


5. Han har utvikla sin generasjons lyrikk hittil. Og han har tilpassa seg nye sug etter det røyndomsnære, det som kan lett dokumenterast. Men ikkje - frå hans side - gjort for å mele noka kake. Rebolledo Pedersen høyrer til dei i aldersgruppa si som tok god utdanning, men brukte ho ikkje, ikkje direkte, og klarte seg heller med eit lite utkomme. Ei framferd som kom brått på foreldreidealet...

Torgeir Rebolledo Pedersen kastar nytt lys over eit generasjonsskifte etter krigen. Poeten syner at ingen av generasjonane, korkje foreldra eller avkomet, skjønte at dei, trass i usemje og den sterkt skiftande tida dei alle levde i, likevel var lojale mot kvarandre. Og boka hans syner også korleis dei, trass i kollisjonar, var lojale mot kvarandre. Denne lojaliteten gjeld like mykje, ser det ut til, for den unge ml-generasjonen, dei som laga «eigen butikk» politisk. Hos Torgeir Rebolledo Pedersen er iallfall all mogleg lojalitet uttrykt, inkludert kjærleiken. I Åstedsblomster finn lesaren sider av dette gjennom ulike godt forståtte og skildra familiescener og familietilhøve.


6. Poeten sin debut i 1983 med boka Tidr var ein svært mogen debut. Tittelen var ein variant av ordet tider. Titteldiktet, eit konkretdikt, var døypt «knape tidr». Diktet tok jappetida på pulsen. Torgeir Rebolledo blei straks eit sjølvsagt medlem av dei aksjonerande stuntpoetane, saman med bl.a nemnde Triztan Vindtorn og Karin Moe. Diktet «knape tidr» var ein direkte inspirasjon for stuntpoetane sine språklege og materielle aksjonar.

Utdanna arkitekt var Rebolledo Pedersen, det må eg nemne, og han skriv interessant om dette valet i diktet «Himmelbrev til far» i Åstedsblomster (s 20). Sørg for å lese heile diktet, som byrjar slik, og tenkj gjennom det. [For meg eit kjensleladd sitat frå boka:]


Ditt største ønske for meg
var at jeg måtte bli arkitekt som deg
et ønske som ble innfridd fort
og fort forrådt
ditt nest største ønske
fikk du heller ikke oppfylt
men jeg har oppfylt det
sju år etter at du trakk ditt siste sukk
er jeg her for deg
i det St. Petersburg du så i alt du leste
(...)




Farmor er hippie


Barnedikt for vaksne? Jo. Det kan nok skje; for Målfrid J. Frahm Jensen kjem med ei illustrert bok som poeten nemner «Barnedikt for vaksne». Bok illustrert av Per Dybvig. La oss byrje med byrjinga.

Det diktet eg skal sitere, tener bl.a som presentasjon av hovudpersonen, «farmor», i boka. Så desse siterte orda er det første diktet, opningsdiktet som også er titteldikt: «Farmor er hippie».



farmor er hippie
nei, ønsker hun var
hun elsker mange, men mest bestefar

hun tegner et tegn
make love, not war
spiller luftgitar med blomster i hår

kjole som flagrer
kropp som er naken
takker min Gud, jeg ser ikke baken

hun plukker sin sopp
koker pussig te
og ser mot månen, en ost faller ned

osten må lagres
en jarlsberg, se her!
musene danser, de ser hvor den er

så hviler hun seg
på moskusskinnfell
som savner sin kjærest på Dovrefjell

moskusskinnfellen
sensommer og vin
kvelden er sliten, men farmor er fin

jeg elsker farmor
og klassisk gitar
blomster og bier, og tippoldefar



Den som er «eg» i dikta i boka, ser vekselsvis opp til «farmor», vekselsvis elskar «farmor». Og vi får å gjere med ei kollektiv familieverd, der «eg» ofte kan vere barnebarn av «farmor», men av og til kanskje svigerdotter av «farmor» eller vere andre i familien. Og det vil seie ulik alder på personar som har synsvinkelen i dikta.

Kva med feminisme i dikt? Diktet over, saman med andre dikt i Frahm Jensens bok, ber om å bli høyrde i høve til feminisme, særleg via det demonstrative kjønnsrolle-brotet hos farmor. Og figuren «grandmoster» kjem inn i dikta alt frå dikt nr 2 og er med på notane i det vidare. Farmor ønsker iallfall å vere ein type hippie - eller ein slags bohem - eller ho skal berre prøve ut noko som skil seg tydeleg frå det mest vanlege og kanskje stengde.

Meir eller mindre feministiske val kan vere: kvinnesakskvinne eller eit meir personleg opprør eller delta i ein typisk felles aksjon. Boka stiller enkelte spørsmål. Boka fortel. Og «barnedikt for vaksne» er ein viktig undertittel for å setje dikta i rett kontekst. Dette blir ikkje den einaste gode diktboka i dag som er «barnedikt for vaksne».

Frahm Jensen har eit godt diktarleg overskot og byggjer på ein bra basis av kommuniserte idéar. Til det diktarlege overskotet høyrer ei dyktig rytmehandsaming og sprettent tilfang av ord, inklusive rimord. Ifølgje baksideopplysningar skal Farmor er hippie vere «ulikt alt anna forfattaren har utgjeve». Forfattaren er samstundes aktiv på fleire felt og er relativt produktiv. Frahm Jensen har no gjeve ut si sjette diktsamling eller diktbok. Iallfall kan poeten vere ganske så stolt av boka i år, tykkjer eg. Lesaren kan vente seg ei morosam diktbok for mange, med realisme og problem innafor draumane og skildringane... Eit fargerikt og utfordrande portrett av ei kvinne. Dessutan har norsk poesi noko å lære av overskotet i denne poesiboka.

Den historiske hippie-rørsla var ei amerikansk protestrørsle som voks fram på midten av 1960-åra... Fullt i gang på 1970-talet var kvinnekampen i Noreg. Farmora i diktboka er også inspirert av punkrørsla ti år seinare, det at musikk og kultur kunne komme nedanifrå…





Eg startar denne forelesinga med å demonstrere breidda i den norske poesien i dag, særleg syne breidda i det beste. Det var tanken min. Inger Elisabeth Hansen går vi til no


Til det som blir Ungommens kritikarpris, er i alle fall to diktbøker nominerte, dette er bøker av Inger Elisabeth Hansen og Øyvind Rimbereid. Det vil ta tid for ungdomsjuryane å lese seg gjennom åtte nominerte bøker. Først i mars er jobben gjort ferdig. Tiltaket er bra: det å finne ut kva ei oppveksande slekt meiner.

Eg vil gje dykk ei grei smaking av Inger Elisabeth Hansens bok Å resirkulere lengselen, avrenning pågår. Diktet dreier seg om å oppfylle noe religiøst forstått. Og det blir interessant å lese det innstendige og svært fokuserte som skjer gjennom gjentakinga, den innstendige nesten-gjentakinga. Det blir slik at vi byrjar å fatte kva diktet rører opp i - og slår fast at saka er verkeleg og viktig:


En engel er et tårn av soldater
Fritt etter Krigsrullen i Dødehavsrullene



Når krigsporten åpner:
Først i slagsrekken englene
Et tårn av soldater er englene, en engel er et tårn av soldater
På tårnenes alle skjold skal erkeenglenes navn være risset
Rett skal de være risset
Navnene som gir rett
De som skal falle blir felt fordi spydet er kastet av engler
Spydene blir kastet for å felle de som er falne
Spydene kastet av engler feller de som er falne fra
Den frafalne falt fra

Fallen fra er taperen

Den som er merket, er merket

Den som er ikke
er ikke



Det som eg les inn i dette diktet laga for verda vår, er noko horribelt: Korleis ei religiøs tyding av krig er, iallfall er for IS. Generelt kan ikkje noko verdsleg lovverk frå internasjonal rett setje seg opp imot ei religiøs tyding for dei i IS.

Også nominert til «Brageprisen», og det som einaste lyrikkbok i klassen vaksenbok skjønnlitteratur, det blei Inger Elisabeth Hansen! Her er grunngjevinga som juryen gjorde for nominasjonen [Ord som eg trur eg kan slutte meg til] (sitat):

«Disse diktene setter natur i sammenheng med kultur, dagens rødlistede arter i forbindelse med historiske hendelser. Men kan poesi virkelig utsi noe om jordens økosystem og tolke naturens mange tegn? Tekstene er ofte i dialog med romantikken, og suger næring fra mange religiøse og mytiske kilder for å skaffe innsikt og for å motvirke dagens destruktive krefter. I en svært helhetlig diktsamling med store sprang mellom grenseoverskridende perspektiv og det aller minste naturvesen, holdes verket sammen av et stringent språk. Det er lavmælt, men samtidig insisterende. Dette poetiske språket formulerer bilder, korrespondanser og en fantasiflukt der spørsmålet om utgangspunkt, perspektiv og navigasjon blir påtrengende. Bilder av gamle navigasjonsinstrumenter er godt integrert i teksten, sikten og blikket er sentralt. Det er dette blikket diktsamlingen hele tiden reformulerer. Og derfor kan også denne poesiens kunnskap, fantasisprang og humor være med på å gi oss både trøst og håp». [Ps 7/3-2016: Som vi veit vann også poeten denne prisen. Medan Ungdomens sin kritikarpris gjekk til romanen Redd barna av Tiril Broch Aakre.]




Eg vel meg igjen noko stikk motsett i diktbøkene eg las:
George Mackay Brown med dikt frå heimstaden Orknøyane


Det vesle Nordsjøforlaget baud, rett før jul, på mange perler av poeten George Mackay Brown, som levde livet sitt på Orknøyane, frå 1921 til 1996, i enkle, og i førstninga, harde materielle kår.

Dette er ei sjølvstendig «Dikt i utval»-utgjeving, der Jostein Sæbøe (samarbeid med Hanne Bramness) har vald ut og gjendikta ein god porsjon dikt frå Mackay Brown om fattige og veike sitt verd og korleis dei, slik det heiter hos forlaget, «alle deler skjebnen, også med naturen».

Eit sentralt utfordrande og komprimert dikt frå samlinga The Year of the Whale (1965) er nok "Bestarium for véret”. Einhjørning og desslike høyrer med i eit bestarium, saman med andre dyr:



REGN
Einhjørningen stig fram or det brotne biletet. Blaute hovar
har drukna kornet i lys.

VIND
Ein fiskar væter fingrane. Augnevippa
til den grå hingsten slår is i blodet hans.

SOL
Ein streng sommar. Månaden eg sat på berget
steig éin fisk opp, med buken i vêret, eit glimt av død.

TORDEN
Korn, hummar, saueull hausta i full fart – no
strandar kvalen på det blå skjeret!

FROST
Stiv urørleg blom, blom på likstrå
vis oss klårleiken i blod, stjerner, eple

SKODDE
Den soldyppa øya var brått ein sau
bortkommen og fåvis, skjelvande i tjukk, våt ull.

SNØ
Haust, ein papegøye i ny fjørdrakt ser skræmd på
den rare kvite katten. Han fyk inn under rosebusken.



Og vi kan gå til noko av det motsette hos poeten Mackay Brown: Diktet «Voggevise for Lucy» er henta av gjendiktaren frå For the Islands I Sing (1997), som må vere ei posthum utgjeving, ei av fleire slike, iallfall tre, posthume utgjevingar, sidan forfattaren døydde i 1996 (75 år gammal). Diktet «Voggevise…», som skal vere til Lucy Rendall, er berre vakker og sannferdig for folka det handlar om, og heilt passe humoristisk (medrekna verknad av alle framlydsrima, eks: vekstar -- vesen).



Voggevise for Lucy


Lat alle dalens vekstar og vesen
samlast no,
og be det nye
barnet om å vere med på festen.

Rogn og lam og vatn salt og søtt
be det nye
barnet med i den fløymande
dansen i dalen,
ein lovnad og eit løfte.
Einsame var dei lenge, alle i Rakwick, før
Lucy kom til dei, med klårleik og lys.



Dette er ikkje «Lucy in the Sky with Diamonds», men Lucy for heile den mindre dalen på øyane. Eg ser det så grant føre meg. Vi har jo alle sett kor mykje eit nyfødd barn kan ha å seie. Diktet er ikkje overdrive.

Også det lengre diktet «Vandrande spelemann» - tatt frå Nothern Lights (1999) – er posthumt, det er utgjeve fleire år seinare. Og det har episk trykk lagt like i munnen på spelemannen. Nordsjøforlaget si ferske utgjeving byr alt i alt på mykje spennande lyrikk. Utan at eg har den engelskspråklege originalen føre meg og kan jamføre den med den norske versjonen, vil eg iallfall seie at gjendiktinga er frisk og biletrik og samtidig melodiøs. Gjendiktaren har brukt sitt skjønn godt. Takk til både forlag og Jostein Sæbøe for at de har henta George Mackay Brown inn til oss!



Tidleg i 2015, før eg tinga diktbøkene på forlaga, kom eg til at det var ca fire boktitlar når det gjeld lyrikk på kvart store forlag. Til slutt auka dette talet med 50 % for desse store. For t.d Cappelen Damm har både Odveig Klyve, Terje Dragseth og Karin Fossum kome ut som eit tillegg til førstelista for meg. Ja, diktbøkene på Cappelen Damm har altså klatra heller seint opp på den offentleggjorte planen. Det er nett sjangerbøkene på dette forlaget eg vil kommentere no. Først eit figurdikt hos Klyve. Sjå også lenka etter figurdiktet...


Slike forma figurar og konturar kan lesaren møte i Odveig Klyves bok. Forstørra her.



Til ANDRE DEL AV FØRELESINGA: Dermed går stafettpinnen for førelesinga 23/1 på Litteraturhuset vidare (til omtale og vurdering av Odveig Klyve og dei andre) HER.