Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Vaksen lyrikk

Publisert 2015-07-10 19:32:10, sist endret 2016-01-03 14:07:09

Vaksen lyrikk

Foto: Jan Jakob Tønseth er ein av poetane som gjev ut ny diktbok i 2015, boka hans er ei bok som er komme ut allereie og som får god mottaking. Og Tønseths lyrikk er «vaksen» lyrikk i mange tydingar av ordet.
Det går mot felles og lengre ferie, og passande lektyre må nokon og einkvar skaffe seg. Kva med ei heilt ny lyrikkbok, som kan finnast for deg i bokhandel eller folkebibliotek? Når det gjeld folkebibliotek, så presenterte kulturfondet ei alfabetisk liste over alle innkjøpte bøker i 2015 i kategorien «lyrikk - vaksne» til biblioteka... Den same tittelen skal komme i bokhandelen til lanseringsdato. Her leverer eg ein slags kopi av lista med samla innkjøpte lyrikkbøker. Ordna alfabetisk etter forfattar [med to unntak] - tittel - forlag:


Antologi. Sværen, Jørn H. (red.) Den engelske kanal 2015 Kolon forlag
Bergquist, Kristian. Ild til oss Oktober
Bolset, Maiken Horn. Teorier om nærhet Cappelen Damm
Brenno, Anders. Vampire Yeah Aschehoug Forlag
Brown, George Mackay. Fiskarar med plog *gjendiktning Nordsjøforlaget
Brødet og eselet. Wærness, Gunnar og Skotte, Henrik Eurokor H//O//F - House of Foundation
Cadiot, Olivier. Om diktekunsten *gjendiktnig Audiatur
Dale, Hildegunn. Ein halv dag Samlaget
Despard, Annabelle. Ved helt riktig måne Cappelen Damm
Eriksen, Frank. Uroen reiser hode Solum forlag AS
Erstad, Veronika. Eg er så nær morgonen eg kan komme Samlaget
Garaguso, Roberto. Eg ser framleis huset du budde i Margbok
Gleize, Jean-Marie. Tarnac, en forberedende handling * gjendiktning Audiatur
Groth, Camilla. Et sted der ute er jeg lykkelig Flamme forlag
Haugane, Karin. Anna Wunderlichs sang Gyldendal Norsk Forlag
Håland, Atle. Han Flamme forlag
Håland, Kjersti Wøien. Panikk! Flamme forlag
Hånes, Øivind. Tanken på det pelagiske Gyldendal Norsk Forlag
Jensen, Målfrid J. Frahm. Farmor er hippie Commentum Forlag AS
Kallåk, Lise-Marte Vikse. Månen landa i natt Margbok
Kjelnæs, Marjun Syderbø. Rot Tripp *gjendiktning Bokbyen Forlag
Langeland, Morten. Den egentlige kommunen Flamme forlag
Lasaque, Aurèlia. For å la salamanderen synge (gjendiktning) Oktober
Lax, Robert. En ting som er *gjendiktning Oktober
Pedersen,Torgeir Rebolledo. Åstedsblomster Oktober
Reines, Ariana. Coeur de Lion *gjendiktning Samlaget
Rimbereid, Øyvind. Lovene Gyldendal Norsk Forlag
Sande, Hans. Kunsten å somle Gyldendal Norsk Forlag
Schrattenholz, Maria Dorothea. Atlaspunkt Oktober
Senderud, Kjersti Bronken. Fall- og lytteøvelser Oktober
Snyder, Gary. Rip rap og andre dikt (gjendiktning) Bokvennen Forlag
Solberg, Margaret. Jeg tenker på øksens nødvendighet Liv Forlag/ Forlagshuset i Vestfold AS
Stabell, Tone Gleditsch. En kanne sterk og god dag Margbok
Stalsberg, Tom. All right, himmelen Aschehoug Forlag
Søilen, Magnus Grova. Livretter Tiden Norsk forlag
Thorsen, Terje. Ned mot null Flamme forlag
Tønseth, Jan Jakob. Muntre dødsdikt Cappelen Damm
Wichne, Erlend. Hav, sløyd Flamme forlag
Woxen, Hege. Endelig står verden på hodet Tiden Norsk forlag
Wærness, Gunnar. Brødet og Eselet: Hjulet No Comprendo Press as
Økland, Einar. Sykling i søvne Samlaget
Østreng, Cecilie Cottis. Mingvasevann Tiden Norsk Forlag
Aas, Margrethe. Vy Tiden Norsk Forlag


Ps 28/9 og 25/11 Nokre fleire titlar er det komme til, registrerer eg, etter juli, samstundes som nokre titlar på lista over uteblir. Desse under har eg sett og stort sett fått:

Carmona-Alvarez, Pedro: Samtaler med onkel Nica og tante Viola Kolon
Bly, Robert: Dei dømde meg til tusen år i glede Ura Forlag
Dragseth, Terje. Jeg skriver språket Cappelen Damm
Elstad, Paal Maage: Kun en liten del av universet Vigmostad Bjørke
Fossum, Karin. Vi som er døde Cappelen Damm
Gundersen, Eirin. Du er menneske nå Gyldendal
Hansen, Inger Elisabeth. Å resirkulere lengselen, avrenning pågår Aschehoug
Harvey, PJ og Murphy, Seamus. Den opne handa Samlaget
Klyve, Odveig: La oss ta den blå himmelen med storm Cappelen Damm
Lyster, Janne-Camilla. melk kåpe sand måpe Tiden
Opstad, Steinar: Kjærlighetstapene Kolon
Tjeltveit, Solveig M.   Noo gode gnu Samlaget


Her er entra over førti bøker for i år. Eit kritikarseminar på Lillehammer i mai endte med openhjerige utsegner om tilstanden for lyrikken i landet. Kritikaren Cathrine Strøm laga heldigvis referat, som kom i form av ein heilsides kommentar i Klassekampen 27. juni (Bokmagasinet).

Temaet på seminaret blei marginalisering av lyrikken når kritikaren er bortimot taus omkring lyrikken som kjem - og media ikkje blir brukte. Innleiaren på seminaret, poeten Gunnar Werness, hevda til dette at også «slapp kritikk» av lyrikken er betre no enn denne togna, dette tause.


Vel. Slik las eg hovudpunkta i Strøm sin resymerande kommentar:
1. Poetane sjølve må ta ansvaret for marginalisering av ny lyrikk, blei det sagt på seminaret. No når poetane ikkje lenger melder poesi. Personleg hadde Gunnar Werness ikkje lenger råd til å skrive om lyrikken, opplyste han forsamlinga om.

Poetane i dag må setje seg inn i «korleis det litterære krinslaupet fungerer», meinte Audun Lindholm, som er redaktør for tidsskriftet Vagant. Han sa at poeten Jan Erik Vold si bok frå 1975, Entusiastiske essays (som er komme i seinare opplag), kunne vere «ei passande innføring» for poetane (ifølgje Strøm). Dette er nok i og for seg eit godt råd.

2. Kva så med kritikarane sjølve? Ikkje dei heller skriv om lyrikk. (Kva med Audun Lindholm sjølv og tidsskriftet hans, spør eg da. Kva gjer tidsskriftet Vagant, som blir rekna for Nordens største tidsskrift i sin sjanger?) Strøm refererer frå seminaret at kritikarane må stå på overfor redaktøren for å få skapt ein større plass til lyrikkomtale. Er poesien dømd til å tape overfor «profitt-maksimering og klikk-vennlegheit»? (Uttrykka er Cathrine Strøm sine, og ho helte vel imot å svare ja på spørsmålet om poesien er dømd til å tape).
På seminaret i Lillehammer kom det likevel fram ei viss personleg redsle frå kritikarar for å skrive om lyrikk, noko som var til dels overraskande å møte. Interessant å få høyre no iallfall, tykkjer eg. Men ingen kritikar på seminaret blei nemnde med namn av Strøm, i det interessante og truleg gode og truleg uttømmande referatet hennar. Nett her må diskusjonen halde fram, tydelegvis.

Er kritikarane i dag redde for å skrive «slapp kritikk», dvs dette for meg upresise som den nokså siterte avisa Klassekampen lenge har åtvara mot? (Jamfør Gunnar Werness si presisering fremst i referatet til Cathrine Strøm.) Eller er mange kritikarar blitt engstelege for å styggbomme på vanskeleg lyrikk; eller så er dei tvilrådige overfor enkel, men kritisk lyrikk? Vi veit ikkje her. Og sjølv er eg lenge poet og entusiast og introdusør og mindre av ein kritikar.



Så: Tilbake til godferien vår, namna Hildegunn Dale, Annabelle Despard, Torgeir Rebolledo Pedersen og Jan Jakob Tønseth, alle er på lista over og alle allereie komne ut, dei kan du trygt ta med deg. Elles kan du jo bla litt i hyllene og fiske noko med deg utan å ta skade av det. Den sist nemnde, Jan Jakob Tønseth, han har døypt boka si MUNTRE DØDSDIKT og andre dikt, og ho byrjar slik (med den stramme rytmen):

Jeg ligger i min seng på hospitalet
from som et lam og nylig operert.
Nå er jeg sammen sydd og bandasjert.
Jeg våken er og er i det reale.

Jeg delirerer ikke. Månen måne er
og på mitt nattbord ingenting til pynt,
med blomster og Kong Haakon heller tynt.
Her ligger jeg og teller mine tær.

Jeg borte var. Jeg kjente ingen stikke
og skjære i meg. Alt var mørkt og øde…
Så om jeg møtte Jesus vites ikke.

På hospitalet våknet jeg og ei i Rosensale.
Og heldigvis. For det er først som døde
de fromme uaflatelig sin Jesum tale, – i Rosensale.