Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Fuglar i manesjen? Fuglar i livet

Publisert 2015-07-01 15:57:10, sist endret 2015-07-02 10:27:30

Fuglar i manesjen? Fuglar i livet

Stær lagar skyformasjonar i Israel. Foto: Reuters
Naturen sluttar aldri å interessere. Følgjande nyare notat om fuglar er samla til denne artikkelen:

1.

Kva er det vi høyrer når vi går ut? April er ikkje berre tåke og krig. Det er fuglesong eller fuglekvitter. Det er kommunikasjon. Også for oss. Ikkje minst under denne nye tida på året da vi her i landet byrjar på noko nytt. Fugleklubbar lokalt registrerer artar som syner seg. Og for poetar som elskar det som flyg og manøvrerer og som har oversikt og som syng -- også for slike poetar er tida fin. Vel, poetar liker at egg skal bli lagt.

“Og vesle lerka ho hev det so”. Slik som lerka trur på vår, det blir det evig uttalt hos Per Sivle. Sjølv om lerker no har fleire alvorlege problem. Teksten “Småsporven gjeng i tunet” er i og frå Haugtussa, som blei skriven av Arne Garborg. Kor mykje har fuglane sams med menneska? Framleis kan vi ikkje svare fullt ut, men ser iallfall noko. Dette likeverdige interesserer også poetane, inkludert dei moderne poetane.

Både lundefugl og lerke er - hos den aller ivrigaste nolevande fugleskildraren av poetane, som er Kjersti Ericsson - utryddingstruga. Men menneska er ikkje like nære undergangen eller kva? Flink til å jamføre fuglelivet med menneskelivet er Geir Gulliksen i diktboka frå i fjor med tittelen Ung trost klokken fem om morgenen i en brusende alm. Men han gjer jamføringa på ein spesiell og effektiv poetisk måte. Det er ikkje for ingen ting at boka hans til utlån kan stå på venteliste på biblioteka. Kva skjer til dømes her i diktet «(voksen spurv)»:


(voksen spurv)

I juli har ungene hans for lengst vokst opp
han har ikkekontakt med dem lenger
de sitter på ledningen der han pleide å sitte
nå er han for seg selv igjen
en langt mer voksen spurv enn han var i januar
med fettete frak og mørk hette
han holder seg i nærheten av henne fortsatt
selvom hun har dannet par med en annen
han spriker med sjaskete fjær i nakken
han håer at noenskal komme å nappe idem
plukkelitt på ham og gjøre alt godt igjen
om morgenen roter han seg lenger bort enn han pleide
mot slutten av dagen flyr han utslitt hjem
tvinger seg til ikkeå se på det fuktige


2.

Kva er vi i stand til å vite om dyr eller fuglar sine kjensler? skriv Geir Gulliksen i eit etterfølgjande essay til diktsamlinga si. Gulliksen grip til filosofar og forskarar. På den eine sida har vi René Descartes, som meinte at dyr slett ikkje har kjensler. Heilt på den andre sida kjem Charles Darwin. Og der siterer Gulliksen Tim Birkhead, som formulerte at Darwin ikkje var «i tvil om at fuglar og pattedyr opplevde kjensler (frykt, sinne, avsky, overrasking, sut og lykke). Og Birkhead noterte vidare: «Seinare har andre føyd til sjalusi, sympati, byrgskap og så vidare.»

Sjølv hevdar poeten Geir Gulliksen at «det er lett for oss å tilleggje dyr menneskelege eigenskapar. Det er nesten umogleg for oss å la det vere».


3.

I år har eg vore ute etter dikt om fuglar, men ikkje etter fleire sedvanlege moderne dikt om den eine fuglen (svarttrosten) som poeten speglar seg i på grunn av finsongen og kanskje fasongen. Geir Gulliksens diktbok frå i fjor har eg alt nemnt her på nettstaden som eit godt arbeid. Eit ønskemål for meg kan vere at Kjersti Ericsson gjev ut samla diktbok om hennar mange syn på fuglelivet. Vel. Døme på eit heilt nytt fugledikt er iallfall Jan Wilsbergs «Måkene»:

Først så jeg to av dem.
Deretter flere, og til slutt hele flokker
på åkrene og engene i Lørenskog,
fra Lørenskog kirke og like til husene
som markerer at en er kommet til Strømmen,
på mark som senere på året
vil tilhøre gult, modnende julikorn
og beitende hester med dekken mot kulda.

Hva er det som skjer ?
Hvorfor forlater de sitt habitat i fjorden
og trekker kilometervis innover land ?
Er det for mange av dem der ute,
eller er det for lite næring
i det de finner like under havflaten ?

Beskjedne og stille spankulerer de rundt,
idet de arbeider hele dagen.
De bikker på hodene, lytter, aner,
og med ett strekker de nebbet ned i mulden
for å fange en mark,
selv på dager uten regn.

Kloke av skade holder de seg på trygg avstand,
men deres mørke taushet åpner seg
og lar meg vite:
«Tro ikke at dette er noen sjøfuglenes bankett!
Dette er ikke fuglenes Max, Burger King eller McDonald’s,
det er verken Jensens Bøfhus, Friday’s eller Egons.
Her sliter vi uten for stor forventning
fra tidlig morgen til natten faller på,
og hva vi finner, er akkurat nok
til å bringe oss over til neste dag.»

Furuset, den 15. mai 2015


Diktet har stått i ei avis. Tips frå lesarar om andre dikt tar eg gjerne imot. Tida som vi lever i, ikkje minst i Noreg, er nok open for ei allsidig skildring av fuglelivet, det trur eg.