Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Lawrence Ferlinghetti og Jan Erik Vold

Publisert 2015-01-22 19:19:21, sist endret 2016-05-24 20:32:15

Lawrence Ferlinghetti og Jan Erik Vold

Ja, Lawrence Ferlinghettis samling San Francisco Poems (2001) med dikt frå heile karrieren til da.
Ein poet som gjendiktar USA-poetar er Jan Erik Vold. Og den niande USA-poeten som Jan Erik Vold gjendikta eit volum av, blei Lawrence Ferlinghetti. Vel, Ferlinghetti er ein flott Grand Old Man på 95 år i dag. Og han har vore sentral aktør på diktområdet heilt frå 1950-talet... Det starta for Vold med:
William Carlos Williams: LOVE (1969 og 2012)
Jamfør Williams ( som levde 1883-1963 ) sine kjende korte sanselege, konkrete varme dikt; dei var delvis i slektskap med Jan Erik Volds eigne ultrakorte i spor, snø (året etter gjendiktinga) og også delvis i slektskap med korte nummer i den same sin Mor Godhjertas glade versjon. Ja (utgjeve året før gjendiktinga av Williams kom).

Volds val var ein bra start på det å introdusere mange amerikanske poetar og dertil ein litteraturhistorisk pangstart for «muntleg» lyrikk. Etter debuten med Williams kom så dei følgjande gjendiktingane (valde til dels av meir samtidig poesi enn det Williams kunne vere):

Robert Creeley: Alt er vann/om du ser lenge nok (1972)
Bob Dylan: Tarantula (1972 og 2005)
Bob Dylan: Damer i regn (1977 og 2005)

Frank O’Hara: Solen ute på Fire Islands & andre dikt (1983 og 2006)
Wallace Stevens: Mannen med den blå gitar (2003)
Richard Brautigan: Å føre krig mot den gjengse maratonprosa (2004)
Wallace Stevens: Keiseren av iskrem (2009)
Og no sist altså Grand Old Man (og den nesten samtidige i praksis)
Lawrence Ferlinghetti: Og homer kom, så ut som Odyssevs (2014)

Dette har blitt 7 amerikanske poetar (og 9 band omsetjing) gjennom så mange år, frå 1972 til 2014... Kvifor kjem Lawrence Ferlinghetti så langt ute i rekkja? Når Vold og Ferlinghetti har så mykje sams som dei faktisk har, kunne ein tru at Vold nokså straks kasta seg på oppgåva - eller at han tok Ferlinghetti fatt t.d på nittitalet.

Det er nærliggjande for meg å jamføre dei to. Iallfall tar eg dette med å sjå den uungåelege likskapen mellom to poetar som noko av utgangspunktet mitt når eg sluker gjendiktinga. Ja, eg tar lesinga av Ferlinghettis dikt i norsk bunad også ut ifrå kjennskapen min til aktøren Jan Erik Vold. Jamfør andre artiklar som eg har skrive og som ligg ute på nettet, t.d dei to artiklane «Jan Erik Vold som avantgardist» og den aller første «Jan Erik Vold og Jan Erik Vold». Her kjem nokre notat:
1. Igjen spør eg: Kvifor så seint da, og så veldig langt ute i rekkja hos Vold for Ferlinghetti? Det kan ha noko med Volds stramme journalistiske praksis og innstillinga hans rundt denne praksisen å gjere. Og han skal same kva formidle poesi og all den amerikanske og til dels muntlege og uakademiske stilen. At Ferlinghetti liknar på Vold - det er ikkje så svært mange som liknar såtildeigradar - kan ha fått gjendiktaren Vold, når han skriv i ettertida av Ferlinghettis første diktbøker, til å nøle, enda han tidleg introduserte Ferlinghetti sine fortenester i artiklar, til dømes oppkomsten av Jazz and poetry. Artiklane kom i god tid før Vold debuterte sjølv og enda lenger før hans svært muntlege og livlege Mor Godhjerta (og også før samarbeidet med Jan Garbarek).

2. Parallellane mellom dei to er så mange, og likskapen i uttrykk er så stor, at ein lesar stadig trur han er inne i eit Vold-dikt under lesinga av den føreliggjande boka på norsk. Eg trur det både er pga av tone og utvikla tema og diktarleg program. Og det er ikkje noka dårleg kjensle hos lesaren å ikkje få forklart, men likevel få registrere parallellane mellom poetane gjennom diktteksten som kjem.

3. Ok. Det som dominerer gjendiktingsboka, med utvalde dikt frå Ferlinghetti sin fulle karriere, er ikkje korte dikt, men breitt forteljande dikt, inkludert herlege «Autobiography» (SELVBIOGRAFI) lansert i bok 1958 og som opnar den første avdelinga av Volds fine gjendikting no, pluss står trykt i tidsskriftet Vinduet 3/2014.
Ja, omsetjinga av det usedvanlege og forbausande sjølvsagde diktet SELVBIOGRAFI skal eg seinare leggje ut på nettstaden... Her skal eg sitere det mykje kortare og likevel nokså sjølvbiografiske POETEN SOM FISKER. Dette diktet er utgjeve etter at Ferlinghetti, som fekk mykje røynsle med sjøen og sjøfart, hadde passert 90 år:

Nå som jeg er blitt eldre
ser jeg at livet har halen i munnen
og andre poeter andre malere
ikke lenger mine rivaler
Det er himmelen som er utfordringen
himmelen som stadig må tolkes
enda astronomene lytter så godt de kan
med sine store elektriske ører
himmelen som uavbrutt hvisker oss
universets dypeste hemmeligheter
himmelen som ånder inn og ut
som om den var innsiden
av kosmos’ munn
himmelen den ytterste pynt av land
og samtidig den ytterste rand av hav
himmelen med sine mange stemmer og ingen gud
himmelen som oppsluker et hav av lyd
og kaster det tilbake til oss
lik en bølge mot en vegg av vann
Hele diktverk hele leksikon
rullet sammen i et tordenskrall
Hver solnedgang en action painting
og hver sky en bok av skygger
som fuglenes vokaler
gråteferdig flyr tvers igjennom
For fiskeren er himmelen klar
selv i gråvær
Han ser den som det den er:
et speil for et hav
i ferd med å styrte over ham
i hans vesle båt på den mørke horisonten
Vi må tenke på fiskeren som poet
alltid ansikt til ansikt med eldgammel virkelighet
der ingen fugler flyr før storm
Og han vet hva som er i vente
innen det lysner av dag
og han er selv sin beste vaktpost
der han lytter til universets lyder
og synger ut det han ser
av de levendes land


Dei første linene i diktet - «Nå som jeg er blitt eldre/ ser jeg at livet har halen i munnen/ og andre poeter andre malere/ ikke lenger er mine rivaler» - er noko litt kvardagsleg filosofisk og nok ikkje mynta på han sjølv berre, men helst på alle. Orda er først og fremst ord til alle lesarar.

I det heile kunne stilen til Ferlinghetti vere tilsynelatande upretensiøs, målt med det oppstasa og meir tradisjonelle diktidealet før og samtidig med og etter den amerikanske muntlege poeten. Seinare dikt hos Ferlinghetti kunne også bli ein annleis og meire kritisk poesi. I etterordet til dikta nemner Vold t.d «syrlege bemerkninger til dagens poeter». Og kritikk kunne vere inkorporert i strofene hos Ferlinghetti, slik som denne valde passasjen eit stykke uti det lange titteldiktet om «Odyssevs». Dette titteldiktet var elles sju år før diktet «På havet» over, fann eg ut. Les berre det temperamentsfulle, men også analytiske i det følgjande...:
(…)

- Og likevel, likevel – fortsatte Homer den store rapper –
Vil jeg fortelle dere at poesien
ikke lenger er hva den var
for det fins ingen Ulysses til å fortelle historier
Åh, lån meg ører lån meg tårer
alle dere fingerknipsende hippe poeter
begavet med «ubegavelse»
dere dekonstruerte language-poeter
dere frenetisk utfrika cut-up-poeter
dere forhåndsinnstilte konkretister
dere pissoarpoeter gryntende av grafitti
dere cunnilinguale poeter
dere t-bane-swingers som aldri svinger dere i bjørka
dere øyenløse ikke-realister
dere selvformørkede supersurrealister
dere nuyoricanske buldrebasser og gangsterrappere
dere sengekammersvisjonære
og skap-agitprop-makere
dere Groucho Marxist-poeter
og overklassekompiser
(som sover til langt utpå dagen
og snakker om proletariatet)
dere forfatterkurslyrikere
dere sagbrukshaikumestere
i bondeland-USAs hjerte
dere elskere av selvmordspoeter
dere poesiens zenbuddhistbrødre
dere poesiens avdankede professorer
og alle dere diktanmeldere
som drikker poetenes blod
alle dere diktets politikonstabler –

(…)
Grundig. Når diktet her listar opp så reint mykje, og kanskje alt som er (og som verkar spesialisert), blir det heile humoristisk. I diktutsnittet les eg enkel kritikk mot ein drøss grupper eller lause merkelappar innafor lyrikken som ein sams kritikk. Kva er sams? At noko som er litt moteprega eller gruppebestemt, skal vere altfor viktig i heilskapen.

Sjølv gjorde Ferlinghetti krigsinnsats under verdskrigen, og han gjekk i fengsel i staden for å støtte eller delta i Vietnamkrigen. Forleggjar var han, og han hadde omsorg for dei ofte upraktiske samtidige eller litt yngre beat-gutta som han gav ut gjennom det nystarta forlaget sitt. Han oppnådde omgåande gode resultat som forleggjar. Hugs Allen Ginsbergs store utgjeving Howl (som måtte trenge rettssak)! Pocketbokhandel starta Ferlinghetti samstundes med forlag. Kosmopolitten og San Fransisco-patrioteten, og som den publikumsretta han var og blei, innafor poesien. Her er tre nye notat:
a. Dikta til Ferlinghetti kjem til sin rett når dei blir lese, da lyser både det muntlege og det ærlege og opplevde og det dokumentariske enda meir.

b. Han var ikkje sjølv ein «beat», men først og fremst «konkret» i haldninga si til verda. Og rett og slett blei han den store avantgardisten mellom dei amerikanske poetane på 1950- og 1960-talet, slik eg ser det. Han var ein som starta opp, gjekk føre og gjorde jobben på ei rekkje område. Av alt var han også bilekunstnar.

c. Vold er laid back, som om han pustar ut, både i dikta og i etterordet; dette skjer i flamme forlags typiske layout og stramme format. Og: Vold har jammen hatt god råd når han har venta så lenge med å slå til med Ferlinghetti på norsk.
Volds eigne artiklar der Ferlinghetti var med som ingrediens utruleg lenge før gjendiktingsboka, kom i avis og tidsskrift i starten på 1960-åra. Artiklane er gjentrykte tiår etter i Entusiastiske essays. No gjennom etter-ordet til Ferlinghetti-boka refererer Vold rikeleg til Kate Næss sine tidlege omsetjingar av Ferlinghetti og det same til Jon Sveinbjørn Jonssons og Kolbein Falkeids bok-innsats på 1990-talet for den amerikanske poeten.

Jan Erik Vold var i USA sommaren 1956 (blei sagt i eit intervju 89) og same stad eit heilt år 62/63. Den siste satsinga var eit blinkskot, eit år med både jazz og litteratur. Og han studerte under Hugh Kenner, ein ekspert på blant andre Samuel Beckett og William Carlos Williams (men også på Eliot og Pound). Vold var i USA som ein nysgjerrig og som ein slags journalist og registrerte rått mykje, utan å fatte heilt med det same, trur eg, korleis både miljøet i San Fransisco og det i New york var rosina i den lyriske pølsa. Men kven andre her i gamlelandet fatta vel dette på den tida, eg har ikkje støytt på noka kjelde... Ein note: Det aller første verket som Jan Erik Vold gjendikta til norsk, var av den sveitsiske prosaisten Peter Bichsel i 1968, med deira tilforlatelege Egentlig ville fru Blum bli kjent med melkemannen - og altså året før Vold byrja å komme med gjendiktingar på relativt nye amerikanske poetar.

Det enkle og strenge omslaget på boka med både Jan Erik Volds introduksjon til og gjendikting av Ferlinghetti...
Eg får ei riktig god kjensle under lesinga av «33 dikt av Lawrence Ferlinghetti», med boktittelen: Og Homer kom, så ut som Odyssevs.