Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Skuld for kaoset?

Publisert 2015-02-03 19:28:07, sist endret 2016-03-15 12:25:53

Skuld for kaoset?

Andletet til Josip Broz Tito. Han regjerte Jugslavia i mange år etter verdskrigen, og han heldt landet saman og var også uavhengig av både vestblokk og austblokk for å bl.a byggje opp konferansar rundt alliansefrie statar i verda.
Serbia, Serbia, Serbia. Dåverande leiar av kommunistpartiet, Slobodan Milosevic, gjorde eit drastisk utspel i Kosovo 1987, og han starta eit par år seinare sosialistpartiet av kommunistpartiet og blei deretter vald til president i Serbia i 1989, før han raskt var vald president i reduserte «rest-Jugoslavia» og fungerte som det lenge og heilt fram til år 2000. Tordentalen som bygde på mange hundreår gamle - og enkelte nye - myter, heldt Milosvic på det historisk symbolske Kosovo Polje i 1987 (nær dagens Pristina), der tyrkarane hadde møtt serbarane i eit veldig slag på 1300-talet. Og Milosevic inspirerte og oppmuntra såleis skarpt til eit hardhendt serbisk-leidd styre og generelt til sjåvinisme. Talen fekk følgjer ikkje berre i Kosovo, men over størstedelen av det røslege, samansette Jugoslavia. Som vi veit budde folkegrupper både her og rundt der og praktisk talt utover alle områda, også i Slovenia. Han var ikkje betre enn det, Milosevic, enn at han fekk starta det nye store nasjonalistiske ballet i landet, og mange danseglade dansa meir og meir; det endte med alle mot alle og full oppløysing av byggverket. -

Avgjerande å hugse, også i tiåra fram til 2015, er at den 23. mars 1989 mista Kosovo, der albanarane var i klårt fleirtal, ein oppnådd status som autonomt distrikt i Serbia, og året etter blei parlamentet i Kosovo stengd. Fram til da hadde albanarane i Kosovo, slik mange forklårte, hatt det betre enn dei hadde det i andre delar av Jugoslavia. Korleis det i 2015 er skapt for Kosovo - eller «Kosova» - med stadig stasjonerte framande soldatar for å halde ro og orden, blir ei anna sak og er ikkje emne for denne framstillinga. Ærendet mitt i artikkelen er først og fremst å pukke på den soleklåre rekkjefølgja av meir enkle historiske fakta i åra 1987-1991, desse åra før landet eksploderte i stadig mindre delar.

1987-1991. Det som skjedde var i realiteten slutten på det skjøre byggverket Jugoslavia, som (kroaten) Tito hadde styrt med til dels hard kustus gjennom ei årrekkje... Heile byggverket etter krigen var eit vedtatt og eigentleg godt gjennomtenkt kompromiss, kan ein kanskje tru. Der måtte ikkje den langt største republikken Serbia, med det langt største militære potensialet gjennom svært lange tider, få uforholdsmessig stor makt i føderasjonen av delrepublikkar. Dei som laga kompromisset, visste kva dei gjorde. Synd at det rakna! (Folk har også i det daglege lett for å gløyme årsaka til at ein valde å gjere eit kompromiss.)

Svært få norske journalistar var i Serbia da dette hende heilt på slutten av 1980-talet og fram til 1991. Sett bort frå Bjørn Egil Eide var kanskje ingen der. Eg veit at Eide var i Jugoslavia i 1990 fordi ambassaden vår i Beograd snakka om han når eg var der. No må eg komme med nokre eigne røynsler kring dei hektiske avgjerande åra. Nett 1989, da ein viktig Berlinmur fall, var eg nemleg norsk deltakar, støtta av UD, på litteraturfestivalen i Montenegro (i byen Bijelo Polje). Roleg var det der, men ein del var tabu. Og året etter var eg fleire stader i Jugoslavia. Også med serbiske forfattarar i Beograd var eg, eg var på privat besøk i Makedonia hos slektningar av venner heime i Noreg, og eg møtte fleire forfattarar og dertil enkelte offisielle representantar for majoriteten i Kosovo, som var albanarane, når eg var i Kosovo. Det siste skjedde fordi eg og forfattarforeininga i Noreg hadde sett søkelys på den Kosovo-albanske forfattaren Adem Demaci sine lange opphald i jugoslaviske fengsel. Og i 1990 blei Demaci sett fri frå fengsel. Demaci tok seg av meg da eg kom til Pristina, byen som hadde meir eller mindre vore hovudstad - eller iallfall sentret - i det tidvis autonome distriktet Kosovo.

Samstundes som eg var i Kosovo, skjedde det saker i Serbia, i 1990 var det valkamp og val. Berre enkelte få politiske parti var fascistar, men alle dei 46 partia som stilte til val i Serbia, var utan unntak sjåvinistar; dette forklarte ein tilsett på den norske ambassaden meg. På ambassaden kasta dei no 95% av serbisk informasjon i papirkorga fordi den var upåliteleg og eigentleg berre skrot. Dei sa nok dette til meg for å førebu meg på kva som venta meg.

Hos serbarane blei mykje som kunne vori sunn realitetsorientering snudd på hovudet. Alle ville utslette serbarane, sa dei sjølve. Slovenarane, kroatane og Kosovoalbanarane ville alle utslette serbarane, fortalde poeten Ljiljana frå Beograd meg som ei slags tillitsfull opplysning for meg. På ambassaden hadde eg høyrd at serbarane såg på seg sjølve som noko slags jødar eller som eit slags Israel. Dei sjølve meinte seg også å vere eit kristent bolverk for Europa mot dei fårlege muslimane. Les her: dei skumle albanarane (kanskje slik som tyrkarane lenge var). Dette meinte den norske ambassaden var eit utbreidd serbisk synspunkt eller var blitt ei slags fast trusvedkjenning. Fleire stader såg eg portrett av Milosevic som lyste i serbiskortodokse kyrkjer (litt helgenaktig), den stunda som eg var i området... Serbarane var også mot den utanrikspolitikken som Tito hadde ført i tida fram til han døydde året 1980, det vil seie den sterke nøytrale eller alliansefrie jugoslaviske utanrikspolitikken.

Aldri trefte eg noka røyst, mellom dei fem-seks-sju forfattarane som eg møtte og snakka med, som hadde noko godt å seie om ein einaste albanar, heller ikkje om pasifist-leiarane Rugova og Demaci. Ikkje eingong Ljubisa Rajic, svært kjend i Noreg under NATO-bombinga av Serbia ni år seinare, Beograd-professoren som eg trefte mange gonger, hadde plassert noko slags atterhald i den einsidige serbiske analysen av albanarane. Rajic var god i norsk litteratur og streng med serbisk litteratur, men hadde ikkje noko fordelaktig å seie om Demaci eller om Rugova, enda Rajic visste at eg skulle vidare til Kosovo og snakke med folk der. Han forsto og innimellom kritiserte kroatisk overdriven nasjonalisme, men ikkje overdriven serbisk nasjonalisme. Da skjønte eg at heile nasjonen Serbia var ute å køyre. Men også dei serbiske folka tok vel imot meg som norsk representant og håpte at eg ville sjå på alt slik som dei sjølve såg på det. Men eg hadde ingen grunn til å gjere det. (Og dette endra seg heller ikkje dei følgjande åra for meg.)

Vi nærmar oss slutten her. Kort tid etter, i løpet av 1991, hadde fire delrepublikkar forlate Jugoslavia, først gjorde Slovenia det, deretter Kroatia, same veg med Bosnia og Makedonia i sør. Til og med serbarane i delrepublikken Montenegro, med same religion og det meste sams, ville ut av samrøret med Serbia. Men det skjedde ikkje effektivt før i 2006. Eg seier dette berre for å rekapitulere ein del av dei viktige hendingane som gjorde inntrykk på folk i samtida. Det fanst sjåvinisme også hos andre enn serbarane i Serbia eller hos den serbiske minoriteten (eller for den del hos albansk majoritet) i Kosovo, noko anna ville vore uråd.

I den viktige posisjonen som han fekk i 1987, var Slobodan Milosevic ingen gullgut for Serbia eller for Jugoslavia, det har utanverda skjøna, og han er ein hovudansvarleg for katastrofane. Han sleppte helvetet laus med det han gjorde alt i 1987. Folk som kjem utanfrå, treng ingen ytringsfridomspris dersom dei seinare hevdar at Milosevic var ein som sto imot det vonde eller liknande. Sjølv var eg imot den nemnde NATO-bombinga i Serbia og brukte delar av 17. mai-talen som eg hadde på Levangsheia i 1999, til å kritisere NATO sin luftkrig, noko som ingen den dagen - eller etterpå - kritiserte meg for. Serbia var ingen uskuldig aktør før alle krigane i Jugoslavia starta, krigane som øydela den gode viljen i området for lang tid framover, meiner eg. Og NATO sitt fatale mistak i 1999 med å bombe sivilsamfunnet, til dømes i Beograd, endrar ikkje på det.

Er det noko som manglar for å fylle ut det destruktive biletet? Skulle vi også straks trenge å saumfare:
Krigen i Kroatia
Og krigen i Bosnia (til 1995)?
Og Krigsforbrytartribunalet i Haag (frå 2003)?
Knappast gjer vi det. Dei som straks orkar å gå vidare frå 1991 og følgje soga fram til i dag, kan fylle opp frå wikipedia eller lese artiklar i aviser og tidsskrift. I dag må vi berre ønske dei som styrer i Serbia no og heile folkesetnaden der, lykke til med å få landet på fote. Det same må vi gjere med dei som styrer, og med heile folkesetnaden, i dei andre delane av det tidlegare Jugoslavia. Håper nytt samarbeid mellom dykk sjøvstendige republikkar kan vere eller bli eit godt førebilete for andre og større makter i ei krigersk og mistenksam og kontrollerande verd, der dei største vel ikkje er dei fredelegaste. Tvert imot.