Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Er fem knop berre ei hindring?

Publisert 2014-10-15 10:24:41, sist endret 2015-09-08 09:04:05

Er fem knop berre ei hindring?

Ein båt prislønt på messe. Men har desse som skal føre båten, røynsler innanfor den lokale skjergarden og dertil sjøvett? Det ser ikkje slik ut. Og prosessen med meir regulering av fartsgrenser er same kva i gang. Dette var slik i 2014. Og no - ?
Her i landet har mange kommunar fått ei fartsgrense på 5 knop nær land, på grunn av for mange fritidsbåtar som har hastverk, og må styrast av regulering. Som mange veit er Kragerø med si store, fine kystline ein av dei mest vitja plassane og dertil best utstyrte feriemåla når det gjeld båtpark. Men kan kosen og sommarfreden bli enda betre? Eg har tillatt meg som tidlegare lokalpolitikar å blande meg inn i diskusjonen kring ei kommunal høyring som er avslutta nettopp. Med følgjande avisartikkel:

Fartsgrensene til sjøs i Kragerø


“En sommer er over. Men minnene…” Fartsgrensene i Kragerøs øygard har vore ute på høyring og skal opp snart. Lesarar av KV har sett ein diskusjon mellom Kragerø Frp og hamnesjef Terje Sandik om kor mange båtar det eigentleg finst hos oss. Terje Sandik dokumenterer at det skjer ei stadig aukande registrering av nye båtar, og han (og høyringsutkastet) har eit poeng i at dette er argument for at differensieringa av fart som kommunen har gjeve seg inn på, må følgjast opp vidare. Ein annan ting som ein kan spørje seg om, er kor mykje tatt i bruk båtane våre i røynda blir. For til og med på sommarstid har vi som bur her, fått det travelt med andre syslar enn skjærgardsliv.

På vatnet er eg jamnleg i gang. Men eg er ikkje så ivrig etter å få oppleve kor få sekund båtførarar demonstrerer at dei kan bruke frå A til B, eller kunne høyre om rekordar som ein båtførar har skaffa seg på strekninga frå A til Å. Eg ønskjer heller å bli overtydd om at båtfolket trivst rundt omkring. Eg ønskjer å oppleve at båtar med mast seglar. Og det er gildt i ro og mak å passere seglbrett på fjorden og møte kajakkar eller vanleg få helse til folk med godt humør i snekker og koggar. Kan eg håpe på at det blir meir av slikt i framtida og mindre av «europaveg» og knuffing frå dei med raske fartøy som må prøvast ut.

La meg ta eit sund som døme. Sundet som eg frekventerer jamnt, eit bynært sund mellom Skrubben og Furuholmen, er i sesongen fartsfylt og fylt av bråe bølgjer, og eg ønsker meg ofte ein annan båtkultur der. Vi med toppfart på båten oppe i fem, seks knop, vi kan likevel vere gjennom og forbi på relativt kort tid. Men korleis er det med å kjenne seg sikker og ønska den tida det skjer?

Finst det argument imot fartsgrensene? Enkelte av dei som har levebrød i samband med øygarden og skjærgarden, fryktar kanskje dei blir ramma av at det blir fleire differensierte fartsgrenser gjort (pga nye fartsbygde farkostar og pga allment større og sterkare båtar), slik som somme i restaurantbransjen frykta for tap ved innføringa av røykelova i si tid. Men det vil nok vise seg denne gongen at alle vinn på betre kunnskapar og køyrekultur på sjøen. La oss ta debatten om kva som er viktigast og kva som skal til.

Helge Rykkja




Ps 17/10-2014:

Det gjekk greit med saka i hamnestyret. Ei øvre generell fartsgrense på 30 knop innaskjærs, pluss at det blir fleire 5-knopsskilt i tronge passasjar, er resultatet. Lokalavisa sin rapport frå debatten i hamnestyret nemner ulike poeng og serverer eit typisk kaotisk foto frå båtlivet . Dermed skal kystverket ta saka vidare og gje ei endeleg godkjenning av dei nye lokale reglane. Passasjen som eg skreiv om, dvs sundet mellom Skrubben og Furuholmen (som reelt er ei busett øy), kan da få fartsgrense på 5 knop.



Ps 21/5-2015:

Kva gjorde kystverket? Kystverket følgde opp alle vedtaka i hamnestyret i Kragerø om fartsgrenser som skal gjelde innaskjærs. Dessutan har det no komme nasjonalt påbod om å ha på redningsvest. Førebels omfattar dette småbåtar inntil 8 meter lengde.



Ps etter sommaren 2015

Jo, det har lenge vore 5 knops fartsgrense i trongare sund i skjergarden. Saka er at dei nye, strengare reglane som blei innførde, til glede for mange i år, gjeld også 5 knops toppfart i breiare og mykje brukte farvatn nærare byen. Dette er noko som gjeld om sommaren, da turistsesongen fører med seg mange farty og mange «leikety». Perioden er frå 20.juni til 20.august. Ein ting til er ny: 30 knop er blitt høgaste tillatne fart heile kalenderåret i skjergarden. Og du verda så fin sommar det blei på vatnet i ferieavviklinga, spesielt i sundet mellom Furuholmen og Skrubben! Ein kunne slappe av og ta livet med ro og sjå med kjærleik på dei andre farkostane hit og dit!