Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Montasjar frå Picasso til Berget

Publisert 2014-07-31 13:50:43, sist endret 2015-01-19 17:59:11

Montasjar frå Picasso til Berget

Foto ved Kristin Folsland Olsen:

Kristin Berget, som er blitt ein av lyrikarane i undersøkinga her av montasje lese i bokåret 2013... Andre del av denne artikkelen kjem separat.
Det gjeld å fange det verkelege når ein skildrar. Kan montasjar vere metoden? Også i lyrikken? I denne artikkelen ser eg på montasje i kubismen og dadaismen overført til dagens norske poetar, både montasje mellom verket sine delar og «montasje i kontekst». Denne samla undersøkinga var opphavleg gjort til eit føredrag halde på Litteraturhuset i Oslo, mai 2014. Aller først eit dikt om arbeid:

DUGURDSKVIL MED DEBUSSY (ARABESQUE)


Eg rettar ryggen. Sju kubikk tømmer inn i dagsverket.
Kledd i eige salt. Klebrig
mot skuldrene.

Saga rusar ned.
Snør gjennom blodårer. Muskelvev.
Nervetrådar.

Trykkjer ned stoppknappen.

Eit klaveranslag.

Ei glenne i nevane
der meisene samlar seg i flokkar.


Dette diktet av Terje Tørrisplass, fødd 1957, var interessant for temaet mitt. Tørrisplass skriv om arbeidet som tømmerhoggar i diktboka si. Boka, frå 2013, har tittelen Glenne. Ordet tyder ei lysning i skogen, glenne blir laga av naturen eller gjennom skogsarbeid; og vi kjenner ordet igjen frå slutten av diktet, sjå «der meisene samlar seg». Meisene var og er selskap for ein som jobbar i skogen, vil eg tru. I diktet viklar musikken seg inn i kroppsarbeidet på ein musikalsk måte - og omvendt.

Med innslaget av Debussy får vi ein nærleik mellom kunst og liv, musikken følgjer arbeidet og viklar seg inn - . Eg tenkjer samstundes på poeten Arvid Torgeir Lie, som i eit dikt frå 1970-åra forklårte at Carl Jularbo «innførde våre musklar i musikk». Men altså arabiske Arabesque er brukt her, ei ikkje-europeisk og likevel internasjonal form er tatt. Dermed ser eg eit slektskap mellom stødig kroppsarbeid og tankearbeid, det vil seie noko som ligg nært eit utopisk element i dette diktet og blir utvikla også i boka som heilskap.

Vi kan sjå ein spegel av dette slektskapet i eit tilbakeskodande dikt om mor til poeten sine gamle gjeremål:

SLAKT


Skogen suste svart under Storskørrnatten.

Griseskrotten hang skolda i stubbebrytaren.

Mor rørte sorga si inn
i griseblodet

og song

«Naglet til et kors på jorden».


Altså: Ein «musikk til arbeidet» også denne gongen, begge gongane, i takt med tidsalder og norsk soge fortalt. Tømmerhogging som profesjon saman med Debussys Arabesque kaller iallfall eg ein mikromontasje (i boka Glenne).

Når det gjeld ein av dei grunnleggjande parolane til den store klassiske avantgarden, nemleg kravet om nærleik mellom kunst og liv, så er Terje Tørrisplass sine skildringar ikkje mindre oppfyllande enn mange av dei meir urbane minimalistane sine skildringar er blitt i stort. Så ta dette tredje diktet, eitt litt lengre eitt, der både fly og konkret skogsdrift er med - . Jerpe er ein skogsfugl.

GJENNOM SIKKERHEITSKONTROLLEN


Ein blank kalenderdag. Barfrosten sit i pannebrasken.
Ein kvass vind klemmer i nakkesvaien. På terminalen står eg
enno slepene nær.

Det luktar skog her, seier reisande.

Det er vinddraget
som ikkje kan halde tett om livsformer.

Eg har snødd inn i det. Trødd meg fast i det.
Her er mose nok til å gni sårheita ned i.
Himmel nok

mellom kronene
for eit klarert sjølvbilete.
Erfart og gjennomlyst

for alle reiser, alle avskjedar
alle mulege og umulege
heimkomstar:

Blafrande jerpe. Fallande gran.



Eg nemde mikro-, mikromontasje. Derimot så er heile diktboka Hennes ansikt av Kristin Berget, fødd 1975, ein makromontasje, ein særdeles skarp makromontasje. Og dette er Kristin Berget på topp. Forfattaren har, i Hennes ansikt, kobla saman tradisjonell våpenbruk i jaktsamanheng med jakt etter kjærleik med sex i ei lesbisk setting. Dobbelt overraskande er det å ta eit ofte mannleg nærings- eller hobbygrunnlag som jakt på vilt mot ein lesbisk situasjon med sterke ustyrlege kjensler. Ein lesar er kanskje van med «trofé» frå ein heterofil samanheng eller, for den del, høyrt soger om homsebarar. Men boka til Berget er noko avgjort nytt.

Slik opnar Hennes ansikt:

Sorterer ammunisjon etter kaliber
Har skutt inn våpenet

Nettene går med til Todesfugen
rense kruttslam fra geværløpet sluttstykket og kammeret

Vet ikke om forskjellen mellom død og død
er tydeligere enn den mellom liv og død

Når søstre forlater hverandre
jakter de hverandre fortsatt i drømme

Oljer løpet
setter geværet klart ved utgangsdøra


Kort fortalt om diktet: Her er dei fleste trådane i boka melde. Varslande våpenbruk først. Og så Todesfugen, som signaliserer død og litterære vibrasjonar. Elementet «Når søstre jakter hverandre» er likevel det som gjeld i boka. Men for å forsterke temaet via noko nært kjem dikt som følgjer dyrespor, slik som dette:

Idet jeg våkner hører jeg hjortedyrene raute
ser etter spor i grålysningen

Når jeg slipper hundene løs
finner de dyresøvngropene

allerede forlatte men fortsatt varme
som om de vil tillate en hvile


Jakta med hundar og ladde jaktvåpen er verkeleg stoff, noko også lesbiske - eller meir nøytralt «søstre» - som jaktar kvarandre, er. Det fortel denne boka (om). Heile Hennes ansikt er ein montasje, som sagt, ein einaste makromontasje kobla saman av jakt på bytte i jaktterreng med kjærleiken sin jakt på partnar, der det siste er sjølve poenget med koblinga. Også denne montasje-boka kom i 2013. Dei fleste bøkene i denne undersøkinga kom ut i 2013 eller er nesten like ferske som det.

Framleis skal vi som lesarar halde oss i skogen, om ikkje strengt innafor skogsdrift eller jaktterreng, men no flytte over til poeten Kristin Auestad Danielsen sitt siterte «som om» skogsdikt frå 2012, lånt frå boka Merk mine ord, åleinemor:

Ho knelte ned som var det ein skogbotn,
som var det for å høre røtene gro.
Ho knelte ned mot det sovande barnet,
som var det eit alter, som var det ei grav.

Ho la munnen mot den sovande foten,
som var det ein mosegrodd stein.
La halsen opp mot ein himmel,
vise Gud jekslane, drøvelen, gapet.


Eg finn dette å vere eit rørande usentimentalt dikt om eit sovande barn, som litterært blir plassert på skogbotnen, med ei konseptuell tilnærming. Jfr boktittelen. I diktet kontrasterer det heilage mot det nøkterne, slik det skjer på tilsvarande vis i bibelen sitt juleevangelium. Det heilage i diktet ikler seg versmål og ein tradisjonell rytme, men står utan obligatoriske og slitte enderim. I staden for eit enderim til «røtene gro» kjem eit enkelt men kontrasterande bokstavrim gjennom: «som var det ei grav». Den konseptuelle poeten Auestad Danielsen tillet seg å nesten nyte og ekselerere i «som om»-bilete samtidig som poeten demonstrerer det å utforme nyvers på eldre litterær skole. Det er mykje kontrast alt i alt, i diktet, og dette kjennest som del av ein vellykka montasjeteknikk.

Arbeidet mitt med denne artikkelen ser eg som del av - og eit framhald av - det nordiske avantgarde-fokuset som tok til på 2000-talet. Når eg byrja med målmedvitne avantgarde-studiar for fem-seks år sidan, lånte eg definisjon av avantgarden brukt av eit seminar i Tromsø som formelt var del arbeidet til eit større nordisk nettverk for avantgarde-studiar:
”Sentralt i avantgardismen står formeksperimentet og bruddet med kunstens tradisjonelle fremstillingsformer, samt en fundamental kritikk til kunstinstitusjoner og samfunnssystemer”.
Denne definisjonen er formelaktig som ein matematisk formel, altså noko som heng nøye saman. Allereie denne fleirdelte forklåringa (av kva som står sentralt) inneheld ikkje så lite avklåring. Men i enkelte forskararbeid som er blitt gjort, saknar eg andre del av definisjonen! Formeksperimentet og generelt formspørsmål kjem brått einsidig plassert i framgrunnen, ser eg, i pakt med moter og verkty hos det vi må kalle borgarlege krinsar. Same kva kan ein også djupe ut definisjonar av noko som har vore og lever vidare. Seinare har eg sjølv, i løpet av dei nemnde fem åra, fått gå gjennom avantgarden si meir praktiske soge og forstått resultata meir, vi snakkar om ein hundreårig svært interessant tidsepoke heilt frå ca 1905 av og fram til no, med svære verdshendingar som bakgrunn og grunn. Ikkje minst har eg søkt til nordiske resultat av avantgarden, og da får eg heller dette større biletet føre meg:
1) Kunstinstitusjonane gjennomkritiserast eller fell bort.
2) Stadig ny nærleik mellom kunst og liv. Eller: Kunsten skal gå meire opp i livet.
3) Andre prinsipp som er uråd å uttrykkje kort her: Viktigast av det er montasje i utforming, pluss det utopisk-politiske elementet på innhaldsida av kunsten.
4) Det skjer mykje på tvers. Stil i kunst og litteratur og musikk blir frigjort frå tid og hierarki. Og det blir mogleg å forstå tidlegare tiders kunst og litteratur på ein betre måte, slik ein kan observere dette blir gjort etter at avantgarden har verka i fleire omgangar.

Ei gruppe av diktbøkene som har komme ut i Noreg dei siste ti åra, opererer med samlande tema, konkret utforma. Det er riktig å seie at på 2000-talet dukka det opp konsentrerte tema for diktbøker. Og det hadde samanheng med ei nyvakna interesse for avantgarde i kunsten her i Noreg. Jamfør orda «fundamental kritikk av samfunnssytem» (sjå over). Desse bøkene representerer også ei neglisjering av eller «kritikk» av kunstinstitusjonar, det vil seie kanalane for boksal når det gjeld lyrikk, sjølv om få i denne gruppa bøker har lykkast med å nå verkeleg breitt ut. Eg vil tru at forfattarane har nådd enkelte segment som ønsker stoff om nære samfunnstema, noko som kan vere verdfullt nok.

Her har eg lånt frå Det andre blikket av Odveig Klyve, ei bok som kom i 2006:

Eg trykkjer på heisknappen
Dørene glir opp til
den innestengde lufta av nykokt kaffi
og urin

Du sit i ein stol med gummihjul
og ansiktet ditt lyser når du
ser meg
Er det deg
seier du
Og eg ser at du leitar
etter namnet mitt
at du kjenner meg
men namnet er borte
Du lyser i glede
der du sit
med restar av egg på haka


Ubønnhøyrleg sjukdom er dette, full katastrofe, men likevel kontrastert med det eksistensielle rollebytet i tilhøvet mellom dei to i diktet. Her er alzheimer tatt opp som ei stor rokkering av kjærleiksroller. La meg kalle det: dei største brikkene i spelet «Kven som blir tørka rundt munnen for matrestar?» Dottera får sjansen til å gjengjelde mora sin første omsorg og minnast hennar kjærleik. Montasjen, slik eg les boka, er ein ubønnhøyrleg nedbrytande sjukdom kobla på eit eksistensielt rollebyte i eit livslangt tilhøve mellom to menneske.

Odveig klyve er elles filmmakar, ho har gjendikta palestinsk feminisme til norsk lyrikk. Barnelitteratur er også hennar felt. Med det same kan eg føye til at Kristin Auestad Danielsen også er dramatikar og at Bård Torgersen, som vi kjem til etter kvart, er både romanforfattar og komponist.




Før eg går vidare med fleire døme frå norske poetar, ønsker eg å presentere eit måleri av Pablo Picasso, eit svært kjent måleri som finst på nettet i ulike fargenyansar.

tekst..





Sjå på biletet.
a) To afrikanske skulpturelle hovud er montert inn på personane til høgre i biletet.
b) Picasso var inspirert av ei utstilling av afrikansk kunst, m.a. med treskulpturar, trur eg. Utstillinga var i Paris 1904. Ta ei lita pause her.



__________
Framhaldet av denne artikkelen om diktmontasje i avantgarde-samanheng er komme (ferdig to veker etter den første).