Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  ... på Hamar med slakt

Publisert 2014-03-23 17:51:57, sist endret 2014-06-04 20:02:23

... på Hamar med slakt

Dag Solstad held opningsføredrag på samtidspoesi-festival i Hamar 2014, med «På Hamar med slakt». Foto: Aud Støle
Samtidspoesifestivalen på Hamar er ei gild sak for Hamar kommune, som ligg i eit tradisjonelt & kulturelt fylke, Hedmark, og nettopp har satsa stort på kulturhus, eit av dei største i landet. Det er heller ikkje for sterkt for meg å hevde at Hamar iallfall er sentret for forsking på nyare norsk poesi.

Eit foredrag starta opningsmøtet på poesifestivalen 2014. Og den æra hadde romanforfattaren Dag Solstad. Med ei Prøysenvending kalte han føredraget sitt «På Hamar med slagt». Det var sterke reaksjonar på den nye romanen hans, romanen med den lange årstalstittelen, som fekk Solstad til å spele på ordet «slakt». Og den ofte (i Noreg) leiande forfattaren Dag Solstad gjekk energisk ut imot fleire bokmeldingar, og ikkje minst tok han opp andre utspel frå Aftenposten. Avisa nærma seg ein kampanje mot romanen, hevda Solstad, og han dokumenterte dette og anna ved hjelp av sitat, til stor glede for publikum på opninga. Aftenposten var nemleg bange for at romanen skulle få den skjønnlitterære Brage-prisen.

Meiningane om Dag Solstads forfattarskap, og særleg meiningane om forfattaren som aktør, er sprikande. Ein kan spørje slik: Er forfattaren «kommunist»? men er forfattaren «reaksjonær»? er forfattaren heller berre «kulturkonservativ»? jammen er forfattaren det eine eller det andre av det forkastelege. Eg meiner å sjå eit anna mønster hos denne forfattaren: Det vil seie: Solstad er i bøkene sine avantgardist. Og han gjer rett når han, til den sterke nye intervjuboka skrive av Alf van der Hagen (boka som har fått Brage-prisen for faglitteratur), ser på seg sjølv som ein avantgardeforfattar frå 1960-åra.
Meldt, som nytt: Foredraget til Dag Solstad held han også i Oslo, Trondheim og Bergen.
Mottakinga hos enkelte litteratar og bokmeldarar er ein reaksjon på avantgarde i litteraturen - eller på «montasje i kontekst» (det same som «readymade»). Og dette kan vere årsaka til at Solstad er i spesielt god form og dyktig kamp-humør. For det var han verkeleg; alle på Hamar Teater merka og sette pris på det. Eg var ein av dei som var til stades. Aftenposten fekk svar på tiltale, når forfattaren gjekk grundig gjennom bokmeldingar og siterte utspel, utspel negative og avvisande til den siste romanen hans. Forfattaren hadde tydeleg ei eiga glede av å stadig gjengje og uttale tittelen på romanen sin: Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896.

Det er ein ny kamp om Solstad igjen. Ettersom også andre romanar av Solstad med påstått «keisame» delar blei trukne inn, fakta-delar eller oppramsingar eller skøytetider. Dertil kjem så romanar på 2000-talet, det vil seie delar av romanen i 2002 med tittelen 16.07.41 (som er identisk med fødselsdatoen til forfattaren) og i enda større grad den neste, i 2006: Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman... Les fotnoten min til slutt i denne artikkelen, tillegget mitt, som er ein enkel utgravd del av ein tidlegare artikkel på denne nettstaden.

Ja, han er i grunnen ein 1960-tals forfattar og ikkje 1970-tals forfattar, har Dag Solstad hevda i Alf Van der Hagen si heilt nye og Brageprislønte intervjubok med Solstad, tittel: Dag Solstad. Uskrevne memoarer. Merk side 235 (der Solstad vil ha sagt): «Jeg var jo selv opptatt av å være en moderne, avantgardistisk forfatter da jeg skrev de første bøkene. (...)»

Seinare hos van der Hagen går det fram at Solstad stoler på draumane i periodane når han skriv sine romanar, og let draumane avgjere kvarhelst romanen, på visse tidspunkt, skal ta vegen. Dette er da ein tradisjonelt surrealistisk metode. Som romanforfattar er Dag Solstad ein surrealistisk forfattar, sjølv om han samstundes har stor sans både for fakta og for faget historie. Og han har eit nyttig fotografisk godt minne, noko som blir dokumentert i det same biografiske og sjølvbiografiske intervju-verket. Kan eg kalle verket ein ny biografisk avantgardistisk sjanger (der også gamle oppvekstkameratar av Solstad er konsultert for sjekke minnet)?

Eg har også ein ny samletese som høyrer med her: Heile tiåret 60-talet, med Georg Johannesen og Kjell Heggelund frå den litt eldre garden, var eit surrealistisk dominert tiår og generelt påverka av avantgarde. Dertil var sansen for det konkrete godt utvikla. Men samtidig fanst det i Noreg ein redsel for forvanskande merkelappar, ein avsmak for det ufolkelege, dette hindra til dømes Profil-forfattarane, der Dag Solstad høyrde til, å flagge sambandet til den klassiske avantgarden på tydeleg vis. La meg no ta ei stutt jamføring. Kjell Erik Vindtorn var fødd om lag samtidig med Profil-gruppa, og Vindtorn ønska å flagge surrealismen, når han berre kom på banen, men dette blei nokre år seinare. Og retninga surrealisme, iallfall innom litteraturen, tok det nok lenger tid å marknadsføre i Noreg. Det surrealistiske passa heller ikkje veldig godt for klimaet da å komme med, når dei politiske 1970-åra var starta, når da Vindtorn fekk debutere. Men han gjorde det lell, klistra seg på surrealismen.
Utgravd del av ein tidlegare artikkel på denne nettstaden i 2005: A. Dømet Dag Solstad:

Dag Solstad overraskar noko med romanen sin i 2002. Men denne reaksjonen har vi ikkje grunn til å få. Solstad fekk i året 1967 sitt første litterære gjennombrot - det var iallfall eit gjennombrot for dei som følgde med - med den friske og freidige tekstsamlinga Svingstol. Teorien for verket er ikkje berre eksplisitt i mange delar av verket, men heile ballet startar med: ”Vi vil ikke gi kaffikjelen vinger”, ei slags programmatisk opning. Svingstol rommar faktisk fleire av komponentane i 2002-boka hans, eg ramsar opp frå mi eiga lesing: det kollasjeaktige spekteret av prosastilar, inklusive massemediet sin stil, uttalte og tydelege sjølvbiografiske innslag, reiseskildringar, politisk skildring (i teksten ”Moskva”) som minner om eit parti i teksten om Aust-Berlin i 2002-boka. Svingstol rommar katalog-estetikken, nærveret av ein volumiøs by (Oslo). Samanhengen mellom Solstad 1967 og 2002 kan forklåre kvifor det skulle bli Solstad som Røssaak hadde til det klåre kardinaldømet på norsk roman i sterk omskaping, når det nettopp gjeld å iscenesetje «sjølvet». Solstads estetikk går tilbake til ein første litterær offensiv frå han, og til eit første litterært gjennombrot for han, det i 1960-åra.

Ei viktig lenke tar eg med til slutt, lenke til Ingunn Økland si bokmelding av Solstad i Aftenposten (29. okt. 2013).