Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Konkret i poesi?

Publisert 2005-01-30 18:24:46, sist endret 2014-03-23 17:34:35

Konkret i poesi?

Den norske lyrikaren Marte Huke
Eg har hang til ein konkret poesi i motsetnad til bl.a påstandspoesi. Sjølvsagt er eg ikkje imot påstandar i poesien, men tilknytinga som innhaldet har, skal også vere konkret festa, dersom eg skal tru på innhaldet. Det konkrete i poesi har ei rekkje sider, og det har ikkje minst noko med sansane å gjere: Det visuelle, det lydlege og det språklege og det dokumentarbare, først og fremst dette vil eg bruke her, sjølv om det også finst andre sider ved det konkrete i språk.

Konkret poesi har fleire gonger vori oppe som term og parole, t.d her i Norden i 1960-åra, men denne gongen lar eg bruken av konkret gå fritt forbi det vanlegaste litteraturhistoriske om 1960-åra. Eg nyttar berre enkle og nesten sjølvsagte diktdøme i det følgjande og siktar mot dei ferske døma frå siste bokhaust - som det mest spennande - til dømes Marte Hukes Se sol, til dømes Vemund Solheim Ådlands Profylaktisk skjønnhet.

1. Det visuelle i poesi:
Er poesien visuell eller ikkje? Her vil eg starte roleg med vers og noko velkjend. Når ein setter opp vers, blir det visuelt, skal vi merke oss, berre sjå: Eit Inger Hagerup-dikt skrivi om til prosaoppsett først, det blir slik: «Døden er en gammel snekker. Og han kan sitt fag. Aldri har han skoftet noen time eller dag. Jobber trofast i mitt hjerte like til det siste hammerslag er slått, og han er ferdig med min kiste.» Kjendest det så bra? Vel, betre slik at akkurat dei same orda blir stilte som vers (og det var nok meir som vers ho skreiv dei frå første stund, Inger Hagerup, og iallfall ikkje slik som turnert ovafor):

Døden er en gammel snekker.
Og han kan sitt fag.
Aldri har han skoftet noen
time eller dag.

Jobber trofast i mitt hjerte
like til det siste
hammerslag er slått, og han er
ferdig med min kiste.

Sjå det, no har vi fått opp versdeling og vers, tilsaman åtte versliner eller to sågodtsom kongruente strofer når det gjeld stavingar og rytme; eit lite Hagerupdikt som er blitt trykt og sitert ofte, det er tett, musikalsk, har alvorleg tema. Versdelinga skaffar fleire tydingar, alle er tydingar som går på temaet død og det ubønhøyrlege - med biletet av eit nødvendig «fag».

Versdelinga syner fram enderima, dette er også visuelt (ikkje berre den lydlege rytmen og det lydlege ved rimet). Kva gjer versdeling elles? Versdeling gjer mykje, for versdeling heftar og seinkar farten på lesinga, slik at det meirtydige kan komme fram og kjem effektivt ut til oss: «Og han kan sitt fag.»

Eit par plassar i strofene blir det såkalt versbinding (enjambement). Versbinding møter vi når ei logisk-grammatisk samanhengjande ordgruppe strekkjer seg frå eitt vers over i eit anna. Versbindinga med «noen/ time» og versbindinga med «siste/hammerslag» trer fram som brot. Dei korte verslinene rundt versbindinga «er/ferdig» understrekar det harde menneskebort-arbeidet som døden gjer: hammerslag er slått, og han (=døden) er. Deretter avslutninga om arbeidet: ferdig med min kiste.

Versdeling som skaffar fram versbinding, det er ein ting. Versdelinga hos Hagerup kastar heller ikkje på båten den prosaiske hovudmeininga, påstanden, i setningane, men gjer merksam på utfyllande meining; versa gjev meir forførande kjensle til utsegner «gøymd» innafor setningane. Du les både bortover og vidare vanleg vertikalt; du les kvar enkelt versline meir isolert for seg, og dette er snodig å merke, det skjer noko elegant her. I diktet les vi «Aldri har han skoftet noen» og vi les «like til det siste» på ein heller upompøs måte, det må ein seie er bra, om døden.

Eit fullstendig ulikt døme på det visuelle i ei diktside er heile fjerde side i Audition for fenomener uten betegnelse (2004) av Ottar Ormstad:

LENG RENG SENG

LING RING SING

LONG RONG SONG


Ottar Ormstad var i tidsskriftet Profil rundt 1970 og skreiv alt på slutten av 1960-talet visuelle dikt, «figur-dikt». Men prøver på typiske figurdikt som Audition for fenomener uten betegnelse vitterleg rommar (dvs i andre halvdel av boka), får eg ikkje gjengitt med verktøyet mitt her. Den etterfølgjande sida, dvs femte sida, i 2004-boka hans er slik (med bokstavar som kan sjåast på god avstand)(og vi skulle helst sett «orda» slik dei står heilt uvanleg store utover boksidene):

LANG RANG SANG TANG

LENG RENG SENG TENG

LING RING SING TING

LONG RONG SONG TONG


Eg lar det stå slik. Så langt minner det om permutasjonsdikt, «datamaskindikt», á la Apollinaires dikt Linda eller Jan Erik Volds Kommet-bok blikket - eller like gjerne Volds «nasjonalsang» kulturuke.

Du kan sjå ei Ottar Ormstad-utstilling desse aprilvekene i Bærum kuturhus. Her er boksidnene i formatet 70x70. Poenget ved dette ligg i at «konkret poesi» har fleire tilknytingar til biletkunst (og fleire kunstartar). Til Norden kjem dette frå den svenske målaren og forfattaren Øyvind Fahlstrøm, i 1954 og i 1961.

2. Det lydlege i poesi:
Hørsla er ein annan sans, ein viktig poetisk sans. Det lydlege i poesi kjenner vi til, og vi veit om sambandet til musikk, mange poetar blir inspirerte av musikk, musikarar likar versa til Inger Hagerup. I «Døden er ein gammal snekker» kan vi snakke om versmål og metrisk bundne vers, eit fasttømra system, og ein del av systemet her er enderim, noko lydleg. Rima i versa til Inger Hagerup over er lydlege, slik alle rim er, dei deler opp setningar i porsjonar, og samtidig er rimorda fag/dag og siste/kiste sentrale nøkkelord i heile teksten om døden som ein snikkar.
Jobber trofast i mitt hjerte
like til det siste
hammerslag er slått, og han er
ferdig med min kiste.
Det er lydar som blir gjentatt, -ag/-ag i første strofe og -iste/-iste i andre strofe. Men ikkje nok med det; dessutan blir det trykksterke -ag også gjentatt i ordet hammer-slag i andre strofe. Vidare: framlydsrim (som må vere frampå trykksterke stavingar) kjem i tillegg til enderima for å banke fram rytme, nemleg framlydsrima ha-/ha- i trykksterke hammerslag og han; det er også framlydsrim med sl-/sl- i trykksterke slag og slått, slik at nest siste versline får tildelt fullt utstyr, full rimrustning, før det roar seg ned i sluttlina og kista er ferdig.

Eg nemner dette lydlege arbeidet her, og eg vil gjerne påstå følgjande: Wildenvey, Rudolf Nilsen og Inger Hagerup er dei i det førre århandret som kan få musikk ut av såpass sterke lydlege verkemiddel, fordi dei kan kunsten å integrere verkemidla i det naturlege talespråket som utgangspunkt. Vi snakkar om norsk poesi.

Eit kort døme, døme først og fremst på det lydlege nivået, er tittelen/tittelsida på dikt nummer to, det lange lydlege diktet, i Se sol (2004) av Marte Huke:

Kom
Tom
Rom


Denne tittelen/tittelsida liknar på rimord utan setningar, rimord utan trykkstyrke og utan vekt, men nytta som teikn og potensiell meining med stort rom rundt, altså noko som liknar på rimord og altså noko lydleg, men er plassert visuelt på boksida. Eg kjem tilbake til diktet slik som det held fram, nedanfor (under p. 4) At ord er bokstavar...

Uttalen av orda Kom/Tom/Rom er uviss, les vi o-lyd eller å-lyd i orda, kanskje les vi med o-lyd i Tom/Rom - og les inn ei koda melding? Dette kan sjølve diktet som følgjer gje ein peikepinn på eller gje eit prov på, eg følgjer ikkje dette vidare her. For merknadene er ikkje meinte å vere ein uttømmande diktanalyse, men døme på det lydlege i poesi.

Generelt med det visuelle og med det lydlege i poesi, slik vi har møtt det i diktdøma lånt hittil, er at desse faktorane oftare heng saman enn støytar kvarandre heilt bort. Og kvifor skal vi nøye oss med berre ein faktor - eller ein enkelt sans - om gongen?

3. Det språklege i poesi, dvs språkkritikken:
Meir av det konkrete i poesi er språkkritikk, i seg sjølv eit stort og uoversiktleg tema. Eg tenkjer aller mest på det konkrete tilfanget som kan påvisast, det språklege materialet som avslører verda. Her er det på sin plass å hente diktdøme frå 1960-åra, nemleg eit typisk kortdikt frå Poesi (1968) av Helge Rykkja:

Alle folk er til å skru på
De gir seg


I dette kortdiktet er det noko med språket, la oss sjå på det. Dette er parallelle forløp med dobbelttydingar som gjeld på den eine sida menneske og på den andre sida skruar. Dette gjer menneske til noko konkret. I diktet blir menneske til noko konkret, nesten slik som kunsten blir gjort til noko fast i den politiske utsegna til Lenin/ deretter Mao, her sitert etter sitatutgåve frå Peking 1967 på norsk, side 333: «Den proletariske litteraturen og kunsten er en del av proletariatets hele revolusjonære sak, eller som Lenin sa, et lite hjul og en liten skrue i revolusjonsmaskineriet.» Diktet ovafor kommenterer dette synet på det faste og avgrensa. Og diktet delvis motseier biletet av det faste og avgrensa, det faste og avgrensa ved mennesket og kunsten, delvis stadfestar diktet konkret-gjeringa av menneske.

Ordet «skru» er eit mangfaldig ord. Eit av dei parallelle forløpa i diktet er det seksuelle, jamfør den engelske slangvarianten av screw. Liksom alle religionar er erotiske og har reglar for det erotiske, er alle dikt erotiske i ein viss forstand, har ein erotisk dimensjon, dersom det er dikt. I dette diktet kjem språkkritikken springande med fleire konkrete tydingar og med avsløring av samanhengar. Går det bra slik?

I Inger Hagerups dikt ovafor er hjarteslaga styrt av døden, for døden er aktiv i hjartet, jobbar der. Kroppen blir til slutt kiste. Likninga her er allegorisk tenkt meir enn konkret medisinsk tenkt. Kvifor er døden i hjartet, og ikkje t.d i magen eller i hjernen eller i lymfeknutane? Det er mange slags sjukdomar i aldringa av det levande mennesket, langt fleire enn angina og hjarteinfarkt. Hjarteslaga, når dei er jamne, liknar eit ur; går ikkje heilt på same jamne måte som eit lite ur eller ei veggklokke, men det liknar.

Er det dokumenterbart at døden er i hjartet, at døden er i hjartet til den som eldast, eller er det kjensla av å gradvis miste kjærleiksevna som diktaren skriv om? Eg spør sidan det er noko usagt, noko som glimrar med sitt fråver i diktet, eg spør sidan vi har med ein kjærleiksdiktar å gjere. Kjenslemessig er hjartet sentralt hos henne, ikkje minst er påkjenningar på «hjartet» eit tema for henne. Jamfør Det tatoverte hjerte og jamfør Fra hjertets krater.

Kanskje er også snikkaren sentralt hos Inger Hagerup, liksom hjartet er, at det er derfor ho tyr til biletet av snikkaren, når ho skriv om døden. Ein kan ikkje seie at snikkaren er eit mykje brukt ord i norsk poesi, sjølv om både Wildenvey (humoristisk anekdotisk) og Olav H. Hauge (humoristisk sakleg) har brukt ordet svært sentralt i kvart sitt dikt. Er det altså konkret når Inger Hagerup liknar døden med ein gammal snikkar i diktet sitt ovafor? Svar: Både ja - og nei.

4. At ord blir sett og forstått som bokstavar i poesi - og lydar i poesi
Meir av det konkrete: Det er ein tendens i ny norsk poesi til å peike på at ord er bokstavar; og poetar vil også vere fysisk merksame på det kroppslege. Det lange diktet til Marte Huke som vi var inne på og som begynte Kom/Tom/Rom, forsyner seg av alfabetet, særleg vokalane. Vi blar til utsnitt to av diktet, som er side 16 i boka. Her kjem Å, ordet å, lyden å, bokstaven å:

Jeg går inn i ansiktet
Jeg kjenner på huden
Jeg kjenner på øyet
Nesa. Munnen, å munnen
Å, munnen

Jeg forsvinner inn i munnen
Jeg tar tak i tennene, holder meg fast, holder
Å i munnen. Meg i den varme ånden
Drøvelen dirrer i åpningen ned til svelget, magen
Jeg holder munnhulen åpen, vidt gap der pusten kommer ut


Bra registrert og konstatert. Og bokstavlydane blir jo forma i munnen, om enn bokstavlydane blir heilt ulikt plasserte med/i munnen sine ulike dialektar og språk! (I dette diktutsnittet finn vi elles ti versliner, men ikkje metriske vers og her er meir forsiktig versdeling, ei klår versbinding ved «holder/Å». I staden for rimlydar i metrisk verssynging så smett annan oppatt-taking inn, det er oftast setningsdelar, og det er setningsdelar sentrale for meininga, som blir repeterte; ikkje for hovudmeininga sin del, men for lyden sin del og for det insisterande og poetisk intense sin del og for nyanseregisteret i ordet som blir repetert, sin del).

Eit liknande diktutsnitt, alt i alt like konkret, meir vekt på språkkritikken og meir komprimert enn det siste dikt-utsnittet hos Marte Huke, serverer Vemund Solheim Ådland i Profylaktisk skjønnhet (2004), sjå side 47:

Så tar jeg alt med skje - inn i munnen.
Tann og gard. Hus, heim, alt jeg tar inn i munnen.
Inn der, og der er du.


Dette er eit komprimert kjærleiksdikt, eit ekte kjærleiksdikt, skrivi lett og elegant. Og det er humant av Marte Huke og Vemund Solheim Ådland, meiner eg, å skrive så vakkert om munnen, når det er skrivi så mykje positivt om auge og øyre, ja, mennesket sitt auge og øyre. Vi blar vidare i Profylaktisk skjønnhet, og to sider vidare skriv Ådland slik (brått dramatisk lite av syntaks og ord, haugar opp lausrivne bokstavar og lydar og visuelle forkortningar og legg att eit skrantande skal av typografi og rettskriving og rim):

Prikk pret. Jak. Pumpeklange! Vi te ly o ek.
JOK Vek. Tøkk Prok Dra. Lak
Am; lin. Em. Splak o ekse.


Er dikt å tale i tunger? Dette diktet handlar om bokstavar, og minner om tale i tunger, med innslag av ulike faktiske historiske språk: urnordisk, østnordisk, norsk, fransk osv. Slike dikt som dette, som ofte er uttalt kroppslege og som innfører ord som ikkje finst i norsk, har Ådland gitt solide prøver på i dei to bøkene han har gitt ut, han lagar ein breiare veg der Øyvind Berg og andre før har laga sti.

At ord er bokstavar (lydar) i poesi blir altså utvikla både i metriske vers av eldre kaliber og i ny norsk poesi, i ein ny poesi som stort sett unngår metriske vers. Eg burde nok tatt opp eit eige punkt om bruk av dialekt, for dialekt hentar nettopp lyden og viser noko autentisk. Likevel kan dialekt gje eit framandarta skriftbilete i poesien. (Og korleis skal dialekten til ein person lesast høgt av ein person med heilt annan dialekt?)

I så fall ville eg ha skrivi om dei mest aktive og innsatsviljuge Stavanger-poetane, slike produktive poetar som Øyvind Rimbereid og Arnt Birkedal; men det fører for langt å utføre dette konkrete dialekt-momentet i ein og same artikkel. (Rimbereid startar den siste diktsamlinga si med eit ovlangt dikt tufta på nykonstruert framtidsspråk i Stavanger. Birkedal leverer metriske vers til gruppa Vamp, og han debuterte alt i 1983 med Balladen om hålet i dørå.) Stavanger-poetane, som innbyrdes har ulik agenda, har likevel tradisjon og røynsle og autoritet - og kva dei har. Kva treng poesien? Jo, poesien treng autoritet.

Kort, kort - og amputert frå diktkroppen: I ei modernistisk bok frå i fjor om universet og om overleving er staden konkret og dialekten konkret, når den sungne setninga først i diktet «Septemberskru» er slik:

Og akkurat då bler det mulig
å hørra jubelen løfta seg
øve byen øve Vålandstårnet.(...)


Desse par lausrivne verslinene frå Solaris korrigert demonstrerer pedagogisk enkelt at ord er bokstavar, overraskande bokstavar, i poesi. Og verslinene frå Øyvind Rimbereid 2004 peikar på at det finst ein konkret veg frå stjerna sola til Stavanger-distriktet, like så vel som til andre distrikt - og i omvendt retning. Sola er eit spørsmål i nyaste norsk poesi.

Ha det bra med det konkrete
Generelt om det konkrete i poesi er det å seie at det konkrete verkar frigjerande, men samtidig framandarta, særleg når det er for nytt; på grunn av vanens makt og på grunn av at makta rår. Generelt om sansane våre vil eg leggje på lasset at vi er framande for sansane våre og roter oss bort i sløve uprøvbare påstandar, vi snuser i ein haug av minner som vi kjæler med, men ikkje testar nok. Men konkret-diktet gjer ikkje den feilen. Eg har hang til ein konkret poesi.


Kjelder

* Inger Hagerup: Strofe med vinden (1958).
* Ottar Ormstad: het still, «førtifire kvartogrammer» (2003) og Audition for fenomener uten betegnelse (2004).
* Marte Huke: Delta, dikt (2002) og Se sol (2004).
* Vemund Solheim Ådland: Sep pran ek, dikt (2003) og Profylaktisk skjønnhet, dikt (2004).
* Øyvind Rimbereid: Solaris korrigert, dikt (2004) o.fl. tidlegare diktbøker.
* Arnt Birkedal: Balladen om hålet i dørå, (1983) og Hynsahus (2004) o.fl.
* Dan Ringgaard: Digt og rytme (2001), Gads Forlag, København.
* Hallvard Lie: Norsk verslære(1967), om bl.a definisjonen av «versbinding».
* Helge Rykkja: Tofi-debatten og norsk verslære (1979), hovudoppgåve, Universitetet i Oslo.



Ps: I artikkelen over har eg berre indirekte jamført metriske vers og andre typer vers. Om tilhøvet «bundne former» kontra «frie vers» i Norden rundt 2000 så les artikkelen «De bundne former og avantgarden» av danske Dan Ringgaard.

Sjølv om dette tilhøvet i poesien er lite drøfta i artikkelen min, er det vel eit like viktig spørsmål som det generelle spørsmålet om det konkrete i poesien. Dessverre er norsk poesidebatt ikkje oppdatert, så vidt eg kan sjå; og enda verre så er heller ikkje norsk poesi særleg oppdatert på nyutvikling av metriske former. Derfor dette tipset til Dan Ringgaard her, eit tips som eg fekk av Ole Karlsen.




Eit ps desember 2009:

Eg gjekk igjennom artikkelen språkleg og endra detaljar. Dessutan ønska eg å trekkje fram eit par trekk ved 2000talspoesien i Noreg slik han har utvikla seg, som ikkje er med i det skrivne over, bl.a det konseptuelle .