Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Innesperra og fengsla

Publisert 2013-12-12 10:20:04, sist endret 2014-08-29 10:50:32

Innesperra og fengsla

Fengselanlegg på Robben Island.
Også Gilles Dessou-Gouin hamna i politisk fengsel. Dessou-Gouin var frå Benin og rømte frå fengsel der.
Det følgjande var desember-bokmelding i Romsdal budstikke. Boka, Tunge nøkler rasler, fekk terningskast 5. Redaktøren ønskte at eg leverte terningkast. Eg siterer dikt og omtalen, det vil seie teksten min i avisa, med minimal endring her:


For ikkje lenge sidan fekk seks tyrkiske journalistar enorme livstids-dommar. Det hender at journalistar blir snikmyrda. Ein av dei største figurane i soga om fengselsstraff var politisk fange, og han er blitt 95 år og var nyleg svært sjuk medan verda følgde med. No er han gått bort. Ja, Nelson Mandela sitt namn kjenner mange. Eg såg eit dikt her som minte meg om Mandela:

Naken tilgivelse

gjør tankene våre sanne.

Bare forsoningens vei

setter ordene våre fri.

Tettere på

kommer du ikke.


Dette er ikkje skrive av Nelson Mandela med 27 år i sørafrikansk fengsel, men av ein som har vore fengsla i midtafrikanske Benin, og som no prøver å skrive dikta sine om vanskelege fengselsopphald direkte på norsk, nemleg den franskspråklege diktaren og journalisten Gilles Dosseau-Gouin. Han kom til Noreg i 2005 for å bli fribyforfattar i Molde, før han slo seg ned og grodde røter her i Noreg.

Eg skreiv ”vanskelege fengselsopphald”. Slik lyder eit anna dikt av Dosseau-Gouin lånt frå den ferske boka Tunge nøkler rasler, eitt av nokre fleire dikt som eg treng til denne bokmeldinga:

Myggens fiolinstemme


Fengsel
rommer ingen tvil.
Fillete klær,
fillete dyner,
tanker om døden
foran og bak.
Marerittenes opphav.
Husk
aldri å lukke vinduet,
Myggene
vil kose for deg,
med sine fiolinstemmer.


I siste del av diktet er ”fengselsfuglen” blitt indirekte og ironisk og kjensleladd, og dette kjem saman med det nøkterne og nakne i cella. Men skildringa i boka Tunge nøkler rasler kan også vere naken, sår og ubeskytta, slik som i diktet rett før myggene, frå boka:

Skrik og gråt


Skrik.
Gråt.
En skjelving gjennom natten.
Skrik.
Gråt.
Tårer av is på hjertets tak.


I somme dikt kjem fangen si katolske tru, som også er forfattaren si tru, fram. Men oftast er skildringa i dikta berre konkret, skildringa anten av omgjevnader eller kjensler. Fengsel kan bety både styrke og veikskap. Og handsaminga frå fangevaktaren si side skiftar frå den eine måten til den andre (sitat): ”Det onde mennesket her inne/ ler med nøklene, spytter rødt/ mot meg/ på livets bunn.” Dikta i Tunge nøkler rasler famnar sterke kjensler og kjem i bråe overgangar.

Adem Demaci, som blei kalt ”Kosovas Nelson Mandela”, vitja eg og intervjua eg i 1990, da han kom ut etter 28 år i jugoslaviske fengsel. No skreiv enkelte kommentatorar at han hadde blitt torturert, men sjølv sa han klårt ifrå om at dette hadde han ikkje blitt. Men det er også eit spørsmål om kva harde fengsel og langvarig innesperring kan gjere med ein politisk fange. Og det spørst også kva denne etter lauslatinga finn det best å leggje vekt på, til ein politisk strategi ute i det fri, velje konsekvens framover anten det er frå fangen si side eller frå andre i landet si side. Med dikt er det noko anna.

Sikkert er det at dikta om fengselsopphald i Tunge nøkler rasler opnar for ulike tolkingar, boka syner det fulle spekteret og er noko vi treng å sjå. Den store tyrkiske diktaren og dristige politikaren Nazim Hikmet, som levde eit dramtisk liv, blei verdskjend etter andre verdskrig for dei vakre dikta sine til kona si, dikt og dagbokblad som var skrivne i fangenskap både før krigsutbrotet og medan verdskrigen gjekk føre seg. Og han blei først frigjeven i 1950, men måtte gå i langvarig eksil.

Beninske Dessou-Gouin kom i fengsel etter sin debutroman (1996). Han har i alt gjeve ut ei rekkje bøker på morsmålet sitt, fransk, fleire i Quebéc, Canada: både dikt og essay. Da forfattaren kom med si første bok på norsk, samlinga En fremmed i Hustadvika, i 2011, av dikt som opphavleg var skrivne på fransk og seinare omsette til norsk, la eg merke til den friske poetiske stilen og såg korleis han tok traktene til mi farmor sin fødestad, Ytre Romsdal, på kornet. Sjølv seier han etter den boka som han no endeleg sjølv skreiv direkte på norsk, at norsk har ”korte setningar”, og norsk er meir rett på sak. Dette stemmer nok. Iallfall har han brukt den norske metoden i Tunge nøkler rasler, der tunge nøklar tyder solide dører og innesperring. Her er det første diktet i boka, ”Dystre silhuetter”:


Tunge skritt
hamrer i gaten,
tusen føtter i rekker
mot porten min,
så: knoker av stål.

Dystre silhuetter,
lik kråkene
som tynger mitt hjerte
hver eneste natt.


Forfattaren har skrive ei bok som kostar og krev arbeid med ein sjølv. Forfattaren sitt steg vidare inn i definitivt norsk er ikkje berre viktig for Molde og Romsdalen og norsk poesi, men ein solidaritetsjobb som tyder sitt også for dei drepne journalistane og for dømde og forfølgde forfattarar og innesperra politikarar rundt om i verda.




Ps 2. januar 2014
(ikkje i avisa)

Ein mindre del av Tunge nøkler rasler behandlar omstillingsfasen etter fengselet. At mennesket treng ein omstillingsfase er i seg sjølv tankevekkjande. Eg tykte likevel ikkje at eg hadde plass innafor bokmeldings-formatet (som eg nok har strekkt ut) til å omtale denne delen av boka spesielt, men gjer det no.

Livet etter fengselet startar svært prøvande for den fengsla. Og diktet ”Nattens sølvpapir” får vere opninga på eit nytt liv. Her kjem det fram alt i dikttittelen noko som eg heller ikkje har vektlagt spesielt i Romsdals budstikke, nemleg forfattaren si evne til å skape bilete. Andre korte døme på denne evna er diktuttrykk som ”havgapstripen” og ”sølvrød horisont”. Lesaren stoppar opp ved slike bilete og ser. Sjå sjølv.