Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Eg forska som liten gut

Publisert 2013-08-21 10:38:24, sist endret 2015-04-14 15:07:42

Eg forska som liten gut

Ja, Josephine Baker med bananar rundt livet. Lånt frå The World by us. Bananane rundt livet blei først brukte i Paris 1926, og dei var ein avantgardistisk montasje.
Om eg ofte utforska og var forskande som liten, både inne og ute, slik dei fleste menneske prøver det ut som små, vil eg no som 70åring også forske og prøve ut, setje saman. Eg er i gang med å studere og skrive om delar av avantgarden i kunsten og litteraturen. Og derfor siterer eg kva den tyske professoren i litteraturvitskap Peter Bürger formulerte i 1974 om vitskapleg debatt, i den kjende og velsiterte rapportboka Om avantgarden:
”(.....) Jeg tror det ville innebære et vesentlig fremskritt i den vitenskapelige debatten hvis det ble en selvfølge at hver enkelt forsker begrunner sitt valg av gjenstand og problemstilling.”
Når eg skriv her, reknar eg meg altså som forskar. Iallfall vil eg prøve å grunngje valet mitt – å studere avantgardismen - med ei sjølvbiografisk skisse. Og denne skissa gjeld tidlege opplevingar og tidlege estetiske syslar. For at eg identifiserte meg sterkt med ulike avantgardistar, må eg også seie; og avantgardistar har lang tradisjon for å finne fram til nye sjangrar, slik det var blitt vanleg å finne fram til i Norden på 1960-talet mitt. Og seinare, i det siste tiåret hos oss, har faktisk noko av det same skjedd. Avantardistar lar seg aldri binde eller avgrense av ferdige sjangrar, tvert imot.

Dei som har observert ungar sitje og lære å spele piano, har kanskje høyrt ein spelelærar som tel for dei, så det nesten går i gullande rein matematikk. Det vesentlege blir i alle fall å halde på tempoet. Men: Kanskje sit ungen og tel takta inne i seg i staden for å gje seg til rytmen, rytmen som er sjølve det musikalske (etter mi meining). NB: Rytmee vil vere gjennomtrengande og god også for lyttarane. Men det var ingen av mine kjære to velmeinande musikklærarar i fortid som hadde som prosjekt å forklåre og lære meg den store skilnaden på takt og rytme. (Og skilnaden kunne eg nok gjere betre greie for no i ettertid.) Pedagogar gjorde feil, meiner eg. For pedagogar meinte før at ein skulle først krype før ein kunne gå, enda ein delvis hadde rytmen i musikk inne for å springe også når ein spelar - . Eg har gjort eit tidleg val i denne artikkelen. Ja, eg vel å starte med problem i musikk innanfor eit avantgardistisk tidsrom.

*

Sjølv blei eg som pioanospelande - og send frå eitt lite musikkstykke til eit anna lite musikkstykke - van med å lese og delvis hugse pianonotene, som var som små greie teikingar på store ark. Og speleoppgåvene som eg fekk, var utan unntak musikkstykke skrivne med noter. Når eg fekk spele populærlåta ”Nidelven stille” for blide fru Rakvåg, så var dette basert på eit innkjøpt dobbelt noteark med bilete av det kjære større maritime Trondheim sentrum. Større enn Levander. Men i alle fall var det smart av henne å velje for meg ein så kjend radiomelodi, der eg kunne lene meg på valserytmen. Langt ifrå alle var så heldige som meg på den tida.

Kjend med er eg at det i seinare, og meir moderne, tider også har funnest andre og friare læremetodar for undervisninga i piano eller orgel (eller synthesizer) enn den rådande måten for piano og orgel under 1950-talet. Dette har hjelpt mykje for Musikk-Noreg! Pianoet vårt heime var elles eit blankt svart og høgt møbel i husværet, inkje anna hos oss hadde nett denne mørke fargen bortsett frå symaskina, noko som var under-streka av dei svarte tangentane mellom dei enda fleire kvite - . Elles var vel dette instrumentet framleis eit kvinneleg musikkinstrument, i motsetnad til kva som fanst i nabolaget av fele og trumpet og menn, for desse siste instrumenta var den gongen meir maskuline instrument. Dessverre var Noreg eit utviklingsland i høve til mange siviliserte musikkslag og i høve til ei allsidig musikkopplæring, om ein jamførte med heile Europa frå aust til vest.

Dessverre var eg ikkje så god til å sitje og øve metodisk ved pianoet, eg gjekk fort lei av det som skulle vere nødvendig, mange repetisjonar av det som ein ikkje fekk heilt til, enda foreldra mine orka å høyre på strev og filing i same sak. Det var iallfall ikkje dei som stoppa meg. Å terpe på teknikk og respektere vald og påskrive fingersetjing frå læraren var ikkje mi beste sak. Dermed kunne ein unnalurar over tangentane som eg alltid dessverre var, heller ikkje få stor nok framgang med Mozart. Å ”klunke” piano var nok for meg, medan eg stadig kikka halvvegs på notar. Å spele heilt utan notar blei eg aldri opplært eller oppmuntra til. I viktig barneskolealder var eg altså meir interessert i å lage eigenkomponert musikk, ikkje altfor teknisk intrikat. Og eg brukte da notene til å skrive opp musikk som eg fann fram til via å utprøve lyden på dei svarte og kvite tangentane.

Første eigne ”opus” spelte eg etterpå i nabolaget og sendte deretter stykket inn til barnetimen på radio. Det fanst ikkje TV, berre radio da, og barnetimen var eit svært sentralt program. Kanskje ikkje så ønskeleg var det på den tida å gjere slikt som å sende inn amatør-musikk, men det tenkte eg lite over. Eit par år seinare laga eg eit stykke med overvekt på heiltoneskala, C – D – E – Fiss – Giss – Aiss, utan at prinsippet var gjennomført totalt i melodien. Det let orientalsk, eksotisk. Og eg tykkjer at denne tidlege musikken som kom til meg, interesserer meg den dag i dag... Dessutan «improviserte» eg. Eg improviserte kanskje ein «atonal» musikk, ein musikk med tett klang og agerande rytme - og som var heilt uråd for meg å prøve å skrive opp. (Dette var før bandspelaren, som ein etter kvart kunne fått til å gjere opptak på.) Bror min meiner at eg burde nemne mitt første «opus» meir enn eg plar gjere, stykket som hadde tittelen «Steppe Kanino», der han vil ta inn assosiasjonar til tidleg 1900-tals avantgarde. Men frå denne Steppe Kanino-musikken er det vel aller mest dei mange «modus»endringane å nemne her. Likeså kan nemnast det spesielle og spretne i tittelen, som viser - sjølvsagt - til «harepusdiktet» ein god del år seinare, det er nemleg med debuten min som skrivande poet på BOK. Eit avantgardistisk verk.

Heime hadde vi i bokhylla eit svært eittbandsleksikon, som ikkje så heilt få familiar hadde i heimen den gongen: Musikkens verden, utgjeve i 1951. Eldre klassiske perler for etterkrigstida, men også innslag med t.d. den amerikansk-franske og mørkhuda songaren og dansaren Josephine Baker, i sceneaksjon med bananar festa rundt livet, på kabaret i Paris. Røysta henner, ei lys, men mjuk røyst, høyrde eg først mykje seinare. Men kombinasjonen av mørkhuda og dans og bananar gjorde inntrykk på meg. At det var avantgardistisk montasje og at det hadde antirasistisk brodd, fekk eg forstå meir av seinare. Stikkord på scenen i Paris: kanskje sydlandsk, sydfrukt, sunt og godt. Eg hugsar eit tv-intervju, frå 1970-åra, som vår eigen Erik Bye hadde med ei aldrande Josephine Baker, spunne i Erik Byes eigen utvidande og nybrytande engasjerte og varme intervjuform.

Josephine Baker på scenen var jo eit «dikt», ville eg seie no, og ho kom godt med i mi debutbok BOK i året 1966, ikkje minst på bakgrunn av fotoet i Musikkens verden. Kor er vi no komne i 2013? Det blir forska på slikt. Året 1966, med BOK og Jan Erik Volds og mitt Kommet Forlag, er blitt utvikla som forskingstema. Rundt dette temaet har eg også sjølv tatt del i forskingsarbeidet, og eg skal følgje opp. Jamfør her mitt eige utgangspunkt i ein debattartikkel om definisjonen av avantgarden i praksis .

*

Her bryt eg av. Flyttinga av heim kom på oss.
Det hadde blitt mykje flytting på oss i vår familie. Da eg var seks, snart sju, år hadde vi flytta frå Skogn etter kort tid og tvers gjennom Levanger by til den nybygde delen øvst på Bruborg, var den gong Frol kommune. Dette eit lite stykke frå sentrum av nabokommunen Levanger. Bruborg hadde optimistiske familiar som prøvde seg med villaer, halvparten var vanlege hardtarbeidande arbeidsfolk. Og der leigde far og mor oss inn i ein etasje med plass til fem sjeler. Vi hadde flytta igjen etter fire år til leige på ein bondegard heilt på toppen av Skogn, Bamberg heitte garden, og han låg der det no berre er ei friluftskyrkje og utsikt. Også frå den nye bustaden vår kunne vi sjå Trondheimsfjorden på lang avstand. Frå dei fleste husa innover i den nye grenda vår, der det var små ungar og vanleg med to til fire ungar i kvar familie, var det, det merka ein på lyden frå familien, ein vaksen person med litt praksis i musikk, dvs vil seie korps, fele eller piano, på den tida.

Meir om nabolaget. Tvers over kjønn gjekk det føre seg.
Rundt meg i nabolaget budde det fleire ungar som fekk liknande pianotimar som eg fekk, oftast frå heftet Leksen en lek, og vanlegvis med skiftande hell. Dessutan var det i husa rundt oss og litt meir tilfeldig komne eit fleirtal av jenter i våre nærmaste aldersgrupper. Og ikkje få av desse prøvde piano, noko ein også høyrde øving frå, ofte på akkurat dei same musikkstykka. Ein annan ting var at alderssamansetjinga med bror min og meg og desse nære jentene, pluss det at mora vår ønska ein open heim for nabolaget, berre la ting til rette for felles leik tvers over kjønn. Ute var det ball-leikar det ofte gjekk i, stikkball og «slå ball» for alle. Men straks vi blei litt større og fekk vidare aksjonsradius, kunne vi kaste oss over meire (den gong!) kjønnsspesifikke syslar med likesinna, for meg blei det særleg enkelt bryggefiske eller båtfiske med spesielt godt agn, det kunne vere sild frå Trondheimsfjorden og børstemark gravd ved fjære sjø.

Tilbake til musikken: Fru Rakvågs haldning skapte meg.
Fru Sundnes, nærmaste pianolærar for ein heil flokk jenter, var streng med sine, og berre dei aller beste av desse likte disiplinen hennar. Eg hadde altså fru Greta Rakvåg nede i byen, i Storgata; sikkert heldigvis, for musikkgleda fekk eg halde på, og den heldt seg gjennom livet. Greta Rakvåg var opphavleg svensk og gift med ein kjend musikk-kapasitet som lærar Kolbein Rakvåg. Hos dei var det aldri berre dei nye rikdoms-symbola i den klassiske orkestermusikken som Mozart og Beethoven etter Händel og Bach som tydde noko alvorleg i musikken.

*

I landet, etter kvart, blei eg og ein heil generasjon imponerte over jazzen sin fridom og fres. Vi helsa jazzen sin improvisasjon velkommen, ein improvisasjon som eg riktignok ikkje blei opplært i. Og eg likte dertil folkemusikken, den ulike folkemusikken sine rytmar, i det heile tatt likte eg mykje som var litt fritt og folkeleg og sprettent, einkvar med sin nebb. Eg likte dette utan å vere plassert midt i ein tradisjon, men i utkanten av tradisjonane. Og seinare skjønte eg brått at den pulserande jamne ”beat”en også var vesentleg hos den klassisk store tyskspråklege superkomponisten Ludwig van Beethoven og dertil hos lyriske og lyrikkinteresserte Franz Schubert.   

Som tenåring fekk eg så mykje mat og vaks så kraftig i lengderetninga at eg mista balansen og slutta hos spelelærar ei lengre tid. Og det hadde også noko med briller å gjere. Eg byrja med briller i første klasse, men dei blei knuste. Da eg omsider fekk briller igjen på gymnaset i Elverum, såg eg betre på tavla, men ”avstanden til beina« liksom endra seg på nytt. Dessutan var eg plaga av for sterkt sollys før eg, mykje seinare og på eiga hand, byrja med ei innebygd ”solbrille”, da ikkje for å likne på fransk filmregissør, men for å vere opplagt også i sterkt sollys. Karakterane mine på gymnaset var typisk nok alltid mykje betre til jul enn i juni. Dette var eg åleine om å ha. Eg veit så vel at den store variasjonen i prestasjon hadde samanheng med sollys i junitida. Bra at årsavslutningane ikkje var i den superlyse snørike påsketida.

Vi hadde hatt nynorsk dei første åra på barneskolen, og vi fekk unge og ferske lærarinner i dei tre aller første skoleåra, og dei likte eg, såpass at skole annankvar dag inne i Frol (Hegle skole) var perfekt for meg. Balanse i livet mellom det å følgje med og greie seg sjølv. Men eg var venstrehendt i tillegg og burde såleis ha skrive med penn og blekk, som skrivereidskapen var da, frå høgre mot venstre, slik som med skrifta i fleire andre globale kulturar.

Det var jazz ja. Jazz på noter møtte meg i eit hefte for boogie-woogie, låtar skrivne av Pete Johnson, eit hefte som eg kjøpte og dessverre lånte bort og mista. Hugsar enno at den lange og enkle effektive i C først i heftet var best. Da eg mange år seinare kom til Bergen som vaksen og fekk musikkelevar på Nygård skole, var det ein av elevane der, son til ein ven av kjenningen min Kjell Heggelund, ein som kunne den same boogie-woogie’en som eg hadde lært meg, og spelte nett denne på ei års- eller juleavslutning for heile skolen. Guten hadde dessverre også ein blodig draum på grunn av meg, sa han, kanskje sidan eg den gongen gjekk med stort Mao-merke utanpå jakka. Men jazz for meg på tidlegaste Elverum var først og fremst den tilsynelatande personleg smålåtne Louis ”Satchmo” Armstrong, han var ein suveren kombinasjon av ruskande sterk beat og mykje sprudlande spas og sjeldan oppvisning i musikk som fridom. Spesielt den originale og banebrytande, eg ville seie konkretpoetiske, fantasisongen hans, scat, fenga meg.

*

Den franske kulturen var uungåeleg.
Franske visemelodiar hadde russen og lærarskoleelevar brukt i sine revyar og sine framføringar på byen sin utandørsscene ved marknadsplassen i Levanger. Eg hugsar at melodien til ”Pigalle” blei brukt. Det var slik det var: Tida tok dei franske visemelodiane. Eg som smågut var ikkje noko unntak i tida. Avantgarden hadde i Paris lenge funne sin kosmopolitiske hovudstad. Songar med tekst av avantgardistiske Jaques Prevert byrja å sive inn, inkludert versjonar med artisten Juliette Greco, tidleg i 1950-åra. Etter kvart blei det meir fransk lånt til Noreg. ”Sur les Ponts de Paris” blei på norsk til ”Under den hvite bro”, ein norsk tekst som kunne bli parodiert. Men melodien på radio var den same kvar gong. Det var mange bruer å oppleve og tenkje på og vise til også i Levanger, over sundet, over elva, over bekkar.

Kulturen samla seg og delte seg.
Vi delte både jazz og det franske, den 16 måndader yngre Olav, bror min, og eg. Det franske kom gjennom eldre førebilete lokalt for oss småungar, gjeve saman med NRK radio sine drypp. Dessutan følgde eg tidleg opp folkemusikk, som har eit visst slektskap med mengda av jazz; eg høyrde folkemusikkhalvtimen, styrt av Rolf Myklebust, med norsk hardingfele eller balkanske treblåsarar i ein viss improvisasjon. Gjorde lyttinga aleine, ved å konferere utvalde programpostar på NRK radio. Mange ungdommar høyrde vel villig vekk på Radio Lux, som var kanalen Radio Luxembourg, popradioen, særleg mot kveldstid, da var lyttetilhøva best i eteren. Vi hadde ikkje hatt engelskopplæring på landsskolen i Frol. Og når eg etterpå kom flyttande til andre klasse i realskolen på Elverum, da hadde klassen min der byrja året før med tysk, som eg måtte prøve å ta att. Dette forsterka preferansen min for realfag, der eg etter kvart hevda meg.

Kor lenge varte preferansen for samlefakta?
Eg var med på ein trend, for brygge- og sjøfiske som eg hadde vore med på og overvar lenger nord, og nyhende i havforskinga og matsituasjonen i verda pluss bøker som AKU-AKU av Thor Heyerdahl, alt dette fekk meg og andre til å interessere oss for realfag. Likevel blei det bom slutt: Mest fordi realfagsmiljøet på Blindern i Oslo, når eg kom dit, var innsnevrande og sjølvgodt og skuffa meg og fordi lærebøkene i kjemi og biologi var engelskspråklege og amerikanske, skifta eg brått beite over til Nils Treschows Hus og tok ein akademisk eksamen der (eit greit avslutta »mellomfag") i musikkunnskap. Denne fekk inkludert diverse praktisk musisering, eldre harmonisering og blokkfløytespel. Ein kan også sjå det på ein annen måte. Det skjedde noko i tida. Eg ville vere med der det skjedde. På den andre sida av Blindernvegen.

Avantgardistane var ofte kommunistar.
Noko politisk kom inn og er sjølvsagt viktig for vegen min mot avantgarden. Eg blei tidleg kommunist, og på gymnaset i Elverum måtte eg til med mitt bidrag. Foreldra mine var ikkje kommunistar, men min onkel var det, så eg hadde enkelte kommunistgener. Og på denne tida (1961) splitta ein fraksjon ifrå Arbeidarpartiet ut og danna eit nytt parti, SF, Sosialistisk Folkeparti. Desse folka hadde fått lite fotfeste i Elverum så langt, men Hedmark fylke hadde derimot bygd opp sine stolte kommunistiske tradisjonar. Skogsarbeidaren Emil Løvlien, frå Løten, nabokommunen til Elverum, sat på Stortinget for NKP, det gjorde han også når eg gjekk på gymnaset (namnet på skoleslaget er no vidaregåande). Eg blei sett til å preike eller forsvare partiet NKP i oppsette obligatoriske diskusjonar i klassen vår på gymnaset. Det blei sagt at fransklæraren vår, Olsen, ein eldre kar, var kommunist; han var iallfall ein grei kar. Også dette gjorde meg mildare stemt mot det franske språket.

Eg fekk noko til å stemme. Det var berre gjennom avantgarde at eg fekk noko til å stemme.





Om tidsintervallet mellom dette og debuten min med avantgardeboka BOK i 1966 skreiv eg for verket Norsk avantgarde.


Kva er soga til Josephine Baker? Ein svensk tekst om henne.