Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Postmodernisme versus avantgarde

Publisert 2013-05-12 09:33:01, sist endret 2016-05-27 17:01:49

Postmodernisme versus avantgarde

Andy Warhols Marilyn Monroe-versjonar er plasserte liksom i eit spegelkabinett, her med ein agerande og kanskje kopierande eller parodierande etterliknar (av MM). Foto: Celebview.info
[Sjølv om denne teksten ikkje er ferdig og fullt ut kvalitetssikra, blir han publisert likevel, dette på grunn av ønska og venta tilbakemeldingar og innspel - .]

Andy Warhol reknast ofte som postmodernist, ein av dei mest tonegjevande i feltet. Postmodernismen og avantgarden - er dette det same? Ofte er dei samanfallande og forvekslande blitt brukte i det angelsaksiske språkområdet, men slett ikkje slik på det europeiske kontinentet; dette hevdar Per Bäckström i boka Norsk avantgarde. Og det må nok vere den meir klassiske ordbruken i Europa som vi i Noreg skal halde oss til, for den gir betre meining for oss.

Det å vanskeleggjere tydinga som omgrepet avantgarde har på det europiske kontinentet, skaper mange mistydingar i praksis, ikkje minst for oss i Noreg, som også ofte ser til USA . Det er snakk om veldig ulik språkbruk, ifølgje forskaren Per Bäckström i innleiinga på Norsk avantgarde: bortimot skilde språkområde når det gjeld noko så analytisk som avantgarde.

Dei seinare åra har eg forska på avantgarden og vil halde på med det vidare. Slik vil eg kort definere den klassiske avantgardismen innan kunst og litteratur og musikk (og andre estetiske felt) rekna frå tidsrommet for rundt rekna hundre år sidan:
1) Kunstinstitusjonane gjennomkritiserast.
2) Ny nærleik mellom kunst og liv. Eller: Kunsten skal gå meire opp i livet.
3) Dessutan anna ved avantgarden som er uråd å uttrykkje kort her. Viktigast av det er montasje og det utopisk-politiske elementet.
4) Det skjer mykje på tvers. Stil i kunst og litteratur og musikk blir frigjort frå tid og hierarki. Og det blir også mogleg å forstå tidlegare tiders kunst og litteratur på ein betre måte, slik ein kan observere det blir gjort etter at avantgarden har verka.
Så: Derimot postmodernismen eller «sein modernisme» vil seie dette som berre kanskje er nytt men korkje djupt provoserande eller blir brukt særleg entusiastisk. Postmodernismen kan ha liknande atributtar som avantgarden ofte har. Og begge kan sidestille t.d popkultur og tidlegare høgklassisk kultur. For også postmodernismen riv vekk underordninga av dei ulike kultursfærene eller fjernar det som er att av dei ulike vertikale sfærene frå det estetiske feltet eller pussar bort skilja i dei vitskapelege fagområda, men verkar samtidig for likegyldig og uengasjert til å røre oss eller bry oss. Postmodernismen eller «sein modernisme» kan tene mykje pengar ved å skape eller følgje opp motebølgjer eller forsyne seg tilfeldig av «det estetiske matfatet», ikkje minst av definerte stilepokar, han er altså fritt eklektisk, men ikkje dialektisk og lysten på større samfunnsendring i betre sosial retning i samsvar med folkelege krav.

Per Bäckström jobbar med ordbruken i forskinga og definerer skilnaden mellom postmodernismen og avantgarden, og han forklarer side 30 i den nemnde boka, i opningskapitlet: Postmodernismen rår ikkje over ei «politisk-utopisk drivkraft» (sitat) som avantgarden har hatt og framleis har som sitt vegval. Vi snakkar om 2 sterke rørsler i det estetiske og dertil også i vitskapen. For meg er dette skiljet oppklårande. Det stadig oftare nytta ordet postmodernisme blir i Noreg brukt vekselvis om både avantgarde og postmodernisme, vekselvis i negativ og positiv meining. Det er eit problem for debatten her i Noreg at «avantgarde» frå (og gjennom) amerikansk gjengs ordbruk blir utlagt om noko som er definitivt postmodernisme, slik eg forstår Per Bäckström at skjer. Han er redaktør for den store antologien Norsk avantgarde saman med Bodil Børset.

Ved å gå tilbake til avantgarden sine røter frå hundre år tilbake, kan ein setje ting på plass: ved å seie at postmodernismen er komme til rundt 1960 innafor borgarskapen sitt domene og verdsbilete. Når ein ser tradisjonane meir ut ifrå hovudklassane i samfunnet og ikkje minst ut ifrå borgarskapet sine ulike historiske samfunnshierarki og verdihierarki, da blir skilnaden på postmodernismen og avantgarden mykje klårare og også hendig i bruk for den som er engasjert.

Postmodernismen avgrensar seg dagleg berre til uskuldig pynt eller irriterande eller fiffig dekorasjon, når ein ser postmodernismen historisk mot avantgarden. Det byggjer ofte opp ein lokal akademisk debatt om postmodernisme i høve til det såkalte «ekte historiske» og «den reine byggestilen» i norske byggesaker og enkle norske arkitektur. Men all verkeleg debatt rundt postmodernismen blir meiningslaus om ein ikkje set opp avantgardismen som det levande og viktige alternativet. Samfunnet utviklar seg heile tida. Både avantgarden og postmodernismen byggjer på ei historisk utvikling i det norske samfunnet. På grunn av auka kommunikasjon, meir utdanning og på grunn av liberalisert verdshandel, fell snevre faggrenser heilt ifrå laugsvesenet sine farne tider, og på den måten blir mange delar av det moderne samfunnet automatisk gjort tverrfagleg og i dei seinare åra tverrkunstnarleg på stadig nye måtar.

Ei anna og kanskje meir kalkulert avsporing av dei verkelege alternativa i det notidige samfunnet er når avantgarden blir oversett eller kritisert for å vere for politisk eller for populær og til og med for simpelt lettfatteleg. Peik berre på det som passar for kritikaren. Og der og da veit ein ikkje i media kva avantgarde har å seie eller er til for, eller ein vil ikkje vite det.

La oss sjå på Andy Warhol ein augneblink, ein kunstnar sagt å vere den største postmodernisten hittil. Han kom frå reklamebransjen og innleidde popkunsten, men produkta gjekk nokså snart i eitt med reklame- og varesamfunnet. Han oppnådde som kunstnar personleg ein uendeleg stor kommersiell suksess. Hans diverse kjende Marilyn-portrett gjorde Marilyn Monroe til eit symbol på USA med ikon-versjonar av glamour, liksom nådd ved noko av eit lykketreff. Publikum såg bort ifrå at Monroe menneskeleg og estetisk, og trass i gode eigne prestasjonar i humoristiske filmsjangrar, var fanga i ei felle. I Warhol sine bilete manglar ein montasje, ein sterk montasje, det som er så viktig i avantgarden. Illustrasjonen over denne artikkelen, med både foto og posering, er variantar av glamour. Dei nakne cola-boksane på Warhol sine bilete manglar også tydeleg montasje utover reklameverda og blir uomgjengeleg symbol på ei stormakt som USA og fridom for handel for dei store...

Postmodernismen stilte med nye ting og var såleis eit ektefødt barn av avantgarden som oppsto førti år tidlegare. Men eplet kan falle langt frå stomnen. Derimot norske Per Kleiva, som tilhørte avantgardistiske Gruppe 66 i Bergen, brukte snart det popkunstnarlege utgangspunktet sitt til montasje med politisk siktemål. Den same prosessen hadde den norsksvenske kunstnaren Kjartan Slettemark. I Bergen såg eg ei utstilling der Slettemark skar opp og gjorde om mange verkelege colaboksar til blomar av metall.
Ein anekdote har eg bruk for: Ein dag synte far min meg eit bilete av Marilyn Monroe, portrett som eg med ein gong registrerte som blondine og ikkje noko nytt for meg. Det var elles eit foto, trur eg, ikkje ein Warhol-versjon. Kva for eit år det var, hugsar eg ikkje. Eg var da ung skoleelev. Og han var godt vaksen mann, godt utdanna. Men som vanleg hadde vi ikkje same oppfatning av ting som skjedde. Og eg stolte meir på mi eiga dømmekraft (eller draumemål) enn far min si «uspesifiserte» ytring og hans generasjon sine tenketankar. Og eg hadde større sans for heilt andre artistar og kvinner enn Marilyn Monroe, til dømes stoppa eg ved Juliette Greco (på same alder som Monroe), henne hadde eg funne eit interessant og oppdatert foto av i eit fransk blad 1963. Forresten lever ho enno, Greco, og er 86 år.
Vi tar også ein anekdote om besøket i Neuschwanstein sør i Tyskland: Ja, mi no avlidne kone og eg var på tur til Neuschwanstein saman med eit anna par, eit homsepar. Dei hadde plotta ut ei særeigen slottsoppleving for seg og oss. Vi tok fly til Frankfurt Am Main og tog vidare derifrå til heilt sør i landet. Målet var slottet til Ludwig II, monarken som berre var konge av Bayern og levde til han brått gjekk bort i 1886. Han hadde etterlikna den franske solkongen Ludvig den fjortande, 200 år før, i prakt og i det pompøse, men åtte ikkje den sentrale plassen som flate Versailles var for Ludvig den fjortande, til å reise sitt storslegne slott på. Landskapet til Ludwig II var eit fjell-landskap. Men heile anlegget i Bayern likna eit tidleg tenkt Disneyland. Og er no i alle fall ein enorm turistmagnet. Inni fjellet ved slottet var det utstyrt og omskapt ei naturskjønn grotte til eit enormt konsertlokale, som Richard Wagner brukte hos Ludwig II til å utvikle somme av sine quasihistoriske operaframføringar over middelalder-mytiske tema. Også komponisten Wagner var velkjend for å blande tidsepoker, og alt dette låg i «den tyske tida». Eg tar med dette fordi det minner meg sterkt om postmodernismen.
Likevel er saka mi her ikkje så mykje å straffe postmodernismen, å dissekere og syte over postmodernismen. Det som eg ønsker, er å peike på og kaste lys over avantgardismen. Og i denne artikkelen legg eg heller ikkje vekt på postmodernistiske tenkjarar, men litt meir på postmodernistisk kunst og arkitektur. Ja, kritikken mot postmodernismen har vore filosofisk, anten er postmodernismen ikkje vitskapeleg eller ikkje samfunns-engasjert. Postmodernismen flyttar fokus frå kunnskap til kunnskapens grenser. Postmodernismen kan gjere ulykke til eventyr. Men slike filosofiske debattar har for ein stor del gått over hovudet på dei fleste, dessverre for dei mange si forståing av avantgardismen.

Derfor skal eg også ta eit nærliggjande og banalt eksempel: For tre år sidan kjøpte eg og du eit husbankhus som i seinare tid var blitt påbygd fleire gonger, blant anna med nytt rom, med garasje og veranda. I stova vår fanst, når vi kjøpte, «takstokkar», dvs simulerte brunbeisa takstokkar som folk trur er ekte, men likevel er «fake»; med nyttige hole rom tvers over tak for kablar og leidningar. I stova er også brukt lette snirkla isopor-lister mellom vegg og tak, dei gir inntrykk av å vere fine kvitmåla trelister, og slikt kan lett narre folk, men«fake» igjen. Dette bygningsinnslaget les eg som postmodernisme i interiørarkitekturen. Men sett privat gjer aldri dette ikkje-autentiske noko for oss; for vi som bur her er fullt ut opptatte av romløysingane i huset, dvs plassen vi kan bruke til ulike formål; og vi fortel alltid dei som vitjar oss, om dette lureriet i interiøret, til folk som heller ikkje synest interiøret gjer dei noko. Eg har sete mange år i bygningsrådet i kommunen; og noko heilt anna ser eg på juks og luring i det offentlege rommet, for der skal arkitekturen i bygga vere «lesbar» utan vanskar, og slik kommunen også legg opp til at det skal vere ved påbyggjing på eldre bygningar. Dette er i uterommet der alle ferdast og ofte trivst på sin måte, iallfall gjer dei det i ein historisk liten treby som den vi kjenner så godt her.

Eg har ei bøn: La oss oftare halde diskusjonen på eit jordnært plan. Konklusjon: Dermed er tida der til eit fornya program for avantgardismen. Modererte men sterke manifest passar best i ei verd der stormakter deler alt mellom seg via nyliberalismen. Men slike tema bryr nok ikkje postmodernismen seg om og splittar folket med «nytale».

Avantgardisten over tangentane, teikna av Aud Støle

Etter denne prøvande framstillinga kjem så det opphavleg lettskrivne diktet mitt om avantgardismen:




Eit improvisert dikt om avantgarde

I avantgarden finst retningar
det skulle berre mangle
Postmodernismen er ikkje ein av dei.
Det står noko vanskeleg å leve opp til
Avantgarde er noko stort og sterkt,
men likevel aldri puslete og nærsynt
eller akademisk og kortsiktig

Det nye som avantgardismen riv med seg
og til oss, er ikkje sjølvtilstrekkeleg
eller slutten på noko
Når sola står opp
fangar synet opp fleire sansingar,
lydar kjem til, klårt at livet rører seg

*

Avantgardistane, dei som er det,
treng ikkje å vere samde om eitt og alt
og sitje rundt bordet
Avantardisme er ingen religion
som sviktar

*

Avantgardismen kan tykkjest vere
stygg og hard og kontant først,
men er vakker,
sterk og livet nært

Da ein retteleg kunne
famne si avantgardistiske
sjel, skjønte ein straks
verda av kunst og musikk



____________
Ps 23. mai 2013:

Ottar Ormstad - som eg innimellom diskuterer avantgarde med - har bede meg om å definere stramt kva eg legg i «postmodernismen» når eg skriv. Å definere stramt ligg nok likevel fram i tid for meg, men eg har observert visse interessante sider og ein stadiag pågåande diskusjon. Viktigast: Postmodernismen fjernar mange skranker. Og det som eg observerer, er da følgjande:
- fjernar mange tradisjonelle skilje mellom høg- og lågkultur (slik avantgarden byrja på og heldt fram med, seinare i 1960-åra t.d)

- fjernar tidlegare over- og underordning av kulturepoker

- men forelskar seg, dessverre, i enkelte kulturepoker (slike som vikingtida, til dømes sogene om Olav den heilage og andre resirkulerte vandresoger)

- står for aukande oppheving av faggrenser, kanskje i pakt med den alminnelege samfunnsutviklinga

- gjer det lett for seg, ensar ikkje ordinære viktige vitskapelege arbeid og vitskaplege fakta, men vil i staden serve den nyliberalistiske makta for å vere ”til nytte”

- generelt (for postmodernisme) er ei overvekt av skiftande kulturelle straumdrag på kostnad av vitskap og særleg nøktern eller presis kunnskap om økonomisk basis

- spjåker seg ut i gevanter, som burde kunne leggjast bort eller iallfall visast til ordinært museum.

- går uanfekta og likesælt i eitt med reklamesamfunnet

- har mest affinitet til rikmannsliv og kjendisliv

- kvart menneske har ikkje noko sentrum for eg-kjenslene sine og plass for sin eigen vanlege etikk, men har berre mange roller utan konsekvens for kvarandre, kvart menneske skal kunne vere ein splitta multipersonlegdom
Alt i alt fryktar eg ei postmoderne-dominert tid i Noreg, der berre byråkratmakt og rikdom tel og fellesskap nedanifrå og etikk blir meir uforståeleg enn i dag, der internasjonale konvensjonar blir gjorde til inkje i landet vårt, der menneskerettar kan bortimot kjøpast og seljast og der ei forlokkande lettkjøpt forteljing er like mykje verdt som eit godt forsøk på å tolke historiske kjelder og reelt innsamla data, og der små kulørte rollespel prøver å erstatte sjølve livet og kjærleiken mellom attkjennelege personlegdomar.