Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Ver rein, ikkje skiten! er kravet?

Publisert 2013-04-03 12:35:08, sist endret 2013-06-29 13:13:15

Ver rein, ikkje skiten! er kravet?

Komponisten Arne Nordheim i eit studio juli 1967. Merk det tidstypiske utstyret han hadde, med fleire bandspelarar, av Nordheim brukt til å komponere, og med tidstypisk bunad slips/ lys skjorte.
Foto: Jan Erik/Scanpix.

Når Arne Nordheim døydde, oppsumerte NRK slik: «Eit langt liv med politisk aktivisme og brei kunstnarleg utfalding (...)» Arne Nordheim levde 1931-2010.
Kvinnekampen i Noreg hadde sin avantgarde som ikkje minst sørga for ei almenn røysterett i landet, for hundre år sidan var dette ein gigantisk siger. Ein avantgardisme tenkt for det breie folket, kunne ein leggje til. Merk: Alle er ikkje like, like er dei aldri, og få vil vel nekte for at kvinnekampen hadde sine sjølvstendige og særmerkte personlegdomar...

Føregangskvinner og -menn, kan ein seie. Korleis går det føre seg i kunst og litteratur og musikk med avantgarden?

Slik som med punkta 1-4 vil eg kort definere den klassiske avantgardismen innan kunst og litteratur og musikk og andre estetiske felt for rundt rekna hundre år sidan, dette gjeld mest resultatet i praksis (og eg ser også den fornya avantgardismen i 1960-åra gå etter omtrent dei same linene i praksis):
1) Kunstinstitusjonane gjennomkritiserast.
2) Ny nærleik mellom kunst og liv. Eller: Kunsten skal gå meire opp i livet.
3) Og mykje anna som er uråd å uttrykkje kort her. Viktigast av det er montasje og det utopisk-politiske elementet.
4) Det skjer mykje på tvers. Stil i kunst og litteratur og musikk blir frigjort frå tid og hierarki. Og det blir også mogleg å forstå tidlegare tiders kunst og litteratur på ein betre måte, slik ein kan observere det blir gjort etter at avantgarden har verka.
* Det finst ei historisk oppsummering av den optimistiska program- og manifestskrivinga for rundt hundre år sidan. Den danske avantgarde-forskaren Tania Ørum oppsummerer forskarklassikaren Peter Bürger sine funn på denne måten (tips: Med «avantgarderørslene» er tenkt på kubismen, dadaismen og futurismen og, litt seinare, surrealismen):
«(...) Disse avantgardebevægelsers fælles kendetegn er, ifølge Bürger, at de ikke blot forkaster forudgående kunstretninger, teknikker og representationsformer, men kunsten som helhed. De udgør således et radikalt brud med kunsttraditionen, idet de vender sig mod selve kunst-institutionen med det mål at reintegrere kunsten i livspraksis – og dermed også grundlæggende, for ikke at sige revolusjonært, at ændre det kapitalistiske samfunds opbygning og funktionsmåde, så en ny livspraksis kan oppstå, hvor kunsten ikke fungerer som en autonom sfære adskilt fra hverdagslivet.»
* Fleire som uttaler seg formelt offentleg til norske media, meiner at det knapt finst avantgarde i norsk litteratur, det har eg inntrykk av; om da ikkje det er så gale at dette stakkarslege fråveret gjeld heile fjøla av norske kunstuttrykk og norsk musikk, samtidig. Og er det noka glede ved avantgarde eller snurten av avantgarde?! Her saknast noko, ja. For ti år sidan meinte til dømes ein dansk observatør at det einast er dei to einslege diktutgjevingane på Kommet Forlag ved året 1966 som er heile avantgarden i norsk litteratur. Observatøren hadde lese, og nok forlese seg på, nyteori om visuell poesi; det vil eg tru, sjølv om det faktisk var eg som sto for den eine av dei to utgjevingane i 1966, nemleg BOK... I dag skal vi nok smake gjennom ein fornya porsjon av reinleikskrav i oppfatninga av kunst og litteratur og musikk. Men reinleik var på ingen måte - og vil i framtida heller ikkje bli - aller fremste kjennemerke for soloppgangen i avantgarden! Tvert imot er nylaga og original montasje ein sikker peikar.

* Og det finst fleire uheldige tankebanar i sirkulasjon, slike som denne: Sidan dei velkjende aktørane Jan Erik Vold i poesien og Arne Nordheim i musikken er så tydeleg ”milde” og respektfulle overfor tradisjonen, så kan dei neppe vere råkalde avantgardistar. Eg ser at dette svært misforståtte er tilfelle i mottakinga av avantgarde, enda både poeten frå Briskeby og komponisten frå Larvik (og seinare på Grotten) har nettopp avantgarden sitt stolte hovudmerke montasje som viktigaste komposisjonsmåte, og det enda begge karane har vore meistrar i å endre eller skifte eigen personlege stil når dei skaper det eigne kunstnarlege. Og begge utfordra jo stadig dei litterære og musikalske institusjonane i det moderne Noreg og sprengde litteratur- og musikkbyråkratane sine grenser for takt og tone.

* At ein avantgardist er forplikta til å spytte på forgjengarane og ikkje forstå dei i hundre år, det har vi vel ikkje rappa frå ”guru” Picasso og heile avantgarden si stordomstid rundt - rundt og noko etter - første verdskrig? Tvert imot er det nettopp avantgardismen hos Picasso og co, og den seinare avantgardismen hos både Nordheim og Vold oppe i Noreg, som gjer dei i stand til å forstå og lese tradisjonen retteleg. Noko liknande er vel den tyske forskaren Peter Bürger inne på i standardverket Om avantgarden, når han finn at den historiske avantgarden, avantgarden som sette inn for hundre år sidan, har slept fri tidlegare epokar sine stilar og på den måten gjort eit strategisk arbeid (for alle).

* Men det er eit løp å kunne følgje med! På eit visst tidspunkt sakka vel Noreg etter? Dette at landet Noreg på sin måte har sakka etter, treng likevel ikkje føre til at utlandet skal sjå ned på og bagatelisere alle norske røynsler og sørge for at vi heile tida treng drasse rundt med eit husmannskompleks. Også små «avkrokar» i verda har gjeve viktige bidrag til avantgardismen. Nordmenn fekk, på grunn av gode norske isfrie hamnar, krigs-røynsler som Sverige og Danmark ikkje fekk, sure og bitre krigsrøynsler som utvikla den heimlege nasjonen på ein annan måte enn tilsvarande i dei tidlegare kolonimaktene og grannelanda våre Sverige og Danmark...

* Dei skapande artistane Arne Nordheim og Jan Erik Vold blei tidleg internasjonale og tverrkunstnarlege. Vold utvidar livspraksis i norsk (og europeisk) poesi ved å fokusere på nærmiljø i storby og ved å montere jazzverda på poesiverda og omvendt. Han utvidar livspraksis i norsk poesi ved å ta inn venner og familie og kvardagsleg empati og etikk som storleikar i poesien, noko som var utypisk for modernismen. Og Nordheim blei heilt frå byrjinga av oppglødd over klassisk og moderne poesi, m.a Ovid, Catullus, Dante, Peer Gynt, Ungaretti m.fl. Kanskje kjennest det for lyttarane som svært motsetnadsfylt at komponisten samstundes pregar det musikalske lydbiletet med svært moderne og nye avanserte elektroniske innslag og ofte byr på spesiell utnytting av tradisjonelle musikkinstrument? Nettopp det tverrkunstnarlege nemnde eg, og her er eit moment: Ein av Nordheims beste vener og gjensidige inspiratorar blei Frank Zappa.


Arne Nordheims i eit læreverk (og i andre bøker)

Vi må berre innom eit bestemt norsk læreverk i musikk: Når Aschehoug kom med sitt epokegjerande nye musikkverk for ungdomsskolen ca 1980, var Arne Nordheim-kapitlet i verket ein ”bankers” i det beste og mest avantgardistiske norske musikkverket hittil for alle. Eit enda betre kapittel for elevane enn kapitla om Watermusic eller ”Eine kleine Nachtmusikk” eller «Carmen» eller «Musikk og instrumenter fra fjerne land» eller også «Beatles og Liverpool-bølgen» osv.

Arne Nordheims musikk var fantasieggjande og fekk mange elevar til å tenkje vitskapleg og engasjert. Også titlane på musikkverka hans var gode innfallsportar og passe internasjonale. Til dømes ville ein nordheimsk komposisjon til verdsutstillinga i Osaka 1970 teoretisk ta 102 år å spele av, dette var eit reint lydbandverk, det gjorde inntrykk. Fantasieggjande var ikkje minst lærebokskildringa av bilethoggaren Arnold Haukeland og Arne Nordheim sin felles store lydskulptur utandørs i Skjeberg, basert på plasserte fotoceller som gjorde om lysimpulsane til lyd og blei gjort slik at blinde på sin måte kunne ”sjå” den store skulpturen når dei rørte seg fritt rundt i terrenget.

I eit av Nordheims antikrigsverk, Eco, nytta han på si side eit stort orkester og fleire kor, får vi vite i denne læreboka. Og samstudnes med den tids lydband brukte han her såkalte tonegeneratorar, og han tok i bruk datamaskiner. Kort sagt om dette: Eit stort framsteg for norsk musikkundervisning var ei lærebok med gode medbringande lydkassettar og spennande lærestoff om aktuelle Arne Nordheim.

Vi snakkar om ei tid i 1980-åra da det norske skoleverket framleis hadde råd til rikeleg med utdelte lærebøker til elevane og også råd til mange klassesett med tilleggsbøker. Men Aschehoug trykte dessverre ikkje oppatt og oppdaterte dette eineståande læreverket. Eg skreiv at Nordheim ofte blei inspirert av - og tok utgangspunkt i - lyrikk. Derfor vil eg demonstrere og for skams skuld få sitere eit par av dei mange brukte dikta hans frå verdslitteraturen. Eitt dikt henta frå romerske Ovid, er «Lacrimae», her ført til norsk ved Henning Hagerup:

Tårer


Hun ropte mens tårene strømmet:
«Hellige fjærkre, la vingene piske og hamre mot brystet,
la harde, rispende klør merke de dunmyke kinn!»
For noen blir gale mens andre kan rive løs hår fra hodet,
taust sørger noen, mens én forgjeves vil påkalle moren,
én klagar, én stivner, én venter i ro, én griper til flukten,
men uansett hva som er nattens skjebne, forteller
i morgen med stødig røst: Du har sviktet meg stygt.


Med det same nemner eg, og siterer, eit dikt av Guiseppe Ungaretti, gjendikta til norsk av Trond Svånå. Dette er eitt av fleire tekster som dreiv Arne Nordheim til verket «Tre Voci» (=tre røyster):

Skrik ikke mer


Slutt å drepe de døde,
skrik ikke mer, skrik ikke
hvis dere enda vil høre dem,
hvis dere håper å ikke gå under.

De hvisker umerkelig,
de lager ikke mer støy
enn gresset som gror,
lykkelig hvor mennesket ikke går.


Dei mange opplysningane om Arne Nordheims omfattande litterære inspirasjonar kjem tydelegast fram i den relativt seine intervjuboka Klingande ord. Samtaler med Arne Nordheim, utgjeve i 2001. Denne boka burde gjevast ut på nytt og brukast meir.

I Andreas Bergslands flotte artikkel for Norsk avantgarde blir det godtgjort at Arne Nordheim utvikla sin elektroakustiske musikk frå midten av 1950-talet. Samtidig forma Nordheim (saman med Finn Mortensen, Knut Nystedt og Egil Hovland) gruppa dei omtalte som «Gruppen». Og samtidig med avantgardismen sin heldt komponisten Arne Nordheim alltid på det grunnleggjande menneskelege, meiner Bergsland, der også «tema som kjærleik, einsemd og død» ofte var gjennomgåande. Og Arne Nordheim «heldt på tilknytinga til tradisjonen, sjølv i sin mest radikale periode», les vi, og dette tilhøvet var noko som Nordheim sjølv vektla!

Som Alf Prøysen var Arne Nordheim knytt til NRK. Arne Nordheim kom tidleg til NRK, går det fram av artikkelen, sidan teknisk utstyr, som var eit viktig mål og middel for han, fanst der i institusjonen. Den norske kollegaen av Arne Nordheim, Knut Wiggen, seinare busett i Stockholm, hadde same behov og oppnådde å få tilgang til internasjonalt studio i toppklasse der i svensk radio, går det fram av artikkelen om Knut Wiggen i «Norsk avantgarde».



Litt om Norsk avantgarde og Jan Erik Vold

Det store forskararbeidet Norsk avantgarde kom i 2011 og har til no fått ei laber offentleg mottaking. Når meldaren Ellef Prestsæter skulle kommentere Jan Erik Volds introduserande artikkel om konkret poesi for eit norsk publikum (1965/66), og Prestsæter forklårte nybrotsarbeidet Norsk avantgarde i Klassekampen for vel eit år sidan no, da legg han storsleggja til når han skriv: «Derfor er det slående at Vold, til tross for at han bruker ordet 'avantgarde', målbærer et kunstsyn som er uforenlig med svært vanlige oppfatninger av hva avantgarde innebærer. Her heter det for eksempel at kunst handler om å uttrykke kunstnerens 'egenart' og at om Vold 'kan fornemme et levende sinn bak [det konkrete] diktet, så er det kunst' for ham. (Sitat slutt)» Altså uforenlig med kva avantgarden står for, og kanskje diskvalifiserande for aktøren Vold? er mi tolking av bokmeldaren. Og Vold har eg tidlegare, i bokform og på nettet, framstilt som avantgardist.

Neste avsnitt i avisomtalen frå Ellef Prestsæter lyder slik: «I lys av at avantgarden gjerne forstås som antitradisjonalistisk (noe som ikke utelukker at avantgardistiske praksiser kan knytte an til fortiden på ikke-tradisjonelle måter) er det dessuten påfallende at Vold tvert imot hevder at kunstnerisk eksperimentering eller opprør dypest sett 'virker ajourførende for tradisjonen'.» Dette er igjen noko avvisande hos Ellef Prestsæter. Han skrotar Volds avantgardisme. Slike avvisande dommar frå meldaren av Norsk avantgarde bruker han så stort sett til å byggje opp mot denne sluttsatsen i artikkelen (sitat): «Om avantgarden spiller en viktig rolle i norsk kulturhistorie, framstår imidlertid fortsatt som et åpent spørsmål (stitat slutt).» Tenkj det! her har meldaren vel gått lenger enn han trong eller? Veit ikkje Ellef Prestsæter noko om den rolla og den påverknaden som avantgardistar, ikkje minst sett internasjonalt, har hatt for all kulturhistorie i eit moderne samfunn som det norske (omsider) blei, inkludert arkitektur og design, mote og reklame, film og popmusikk og biletkunst?



Eit improvisert dikt om avantgarde

I avantgarden finst retningar
det skulle berre mangle
Det står noko vanskeleg å leve opp til
Avantgarde er noko stort og sterkt,
men likevel aldri puslete og nærsynt
eller akademisk og kortsiktig

Det nye som avantgardismen riv med seg
og til oss, er ikkje sjølvtilstrekkeleg
eller slutten på noko
Når sola står opp
fangar synet opp fleire sansingar,
lydar kjem til, klårt at livet rører seg

*

Avantgardistane, dei som er det,
treng ikkje å vere samde om eitt og alt
og sitje rundt bordet
Avantardisme er ingen religion
som sviktar

*

Avantgardismen kan tykkjest vere
stygg og hard og kontant først,
men er vakker,
sterk og livet nært

Da ein retteleg kunne
famne si avantgardistiske
sjel, skjønte ein straks
verda av kunst og musikk



Tidsskriftet Vagant har, i mars 2013, intervjua Tania Ørum, koordinator i det nordiske nettverket for avantgarde-studier .