Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Oljelandet

Publisert 2013-03-15 09:23:44, sist endret 2013-04-29 11:03:48

Oljelandet

Tjæresand-prosjektet i Canada kritiserast for å auke utsleppa av klimagassar ytterlegare. Anlegget i Fort McMurray produserer olje frå tjærehaldige sandlag. Foto: AFP Photo/Mark Ralston


Den norske Forfattarforening, som organiserer 600 skjønnlitterære forfattarar, hadde årsmøte nyleg, og forfattarane er no visse på at det etterlengta målet med ein inkluderande ny boklov for å sikre fastpris-system er godt innan rekkjevidde! Styret i foreininga har halde fram med aktivisering av forfattarane, ei linje som blei opparbeidd under Anne Oterholm og held stødig fram under Sigmund Løvåsen sitt leiarskap; ikkje minst er aktiviseringa god når det gjeld å invitere spesielt, og sleppe til, nye og unge forfattarar for oppdrag i organisasjonen. Forfattarklubbane, som Oterholm fekk i gang igjen (på dei store forlaga), dei møtest, noko som verkar positivt på sjølvtillit hos forfattaren, i høve til forlag, samt fremjer kortare liner for organisasjonen til dei ulike sakskompeksa i forlagsdrift.

Det nyaste som blei spikra på årsmøtet, er at eit uavhengig skribentnettverk for miljø skal setjast i gang - . Nettverket vil kunne gje gje råd til skribentorganisasjonane i miljøspørsmål. Statoil sitt gigantiske oljesand-prosjekt i Canada blei diskutert solid på årsmøtet, og det vil komme meir aktiv motstand frå mange norske forfattarar etter kvart. Styret skal arrangere eit medlemsmøte om klimaendringar i haust. Noko liknande har aldri før hendt i organisasjonen si soge, som (i tillegg til viktige aksjonar) har romma kampar om foreininga si sjel og foreininga sine oppgåver.

Fleire på årsmøtet, av dei som skulle ha oversikt, meinte at dette siste årsmøtet er bortimot den viktigaste hendinga i forfattarforeininga si soge. Sjølv vart eg DnF-medlem i 1970, og eg tykkjer dei siste åra, med sine store ytre endringar og takla utfordringar i marknaden for bøker, har vore langt den finaste fasen i foreininga si soge.

Personleg tok eg ordet imot den staten som oljeNoreg er blitt. Omlag slik som rett under blei innlegget mitt, ført over i skriftleg og lausrive form:
På eit eller anna tidspunkt går vi over frå politikken til etikken og omdømmet.

Vi gjer dette når den norske staten har hopa opp eit petroleumsfond på 4000 (fire, deretter tre nullar) milliardar kroner.

Utover at oljefondet spreier sine investeringar rundt i verda, investeringar som ikkje er altfor etiske, og utover noko overføring til det norske statsbudsjettet, så betaler staten, frå seg sjølv, for alle oljeselskapa på norsk sokkel si oljeleiting...

Statoil er no mest kjend for det enorme oljesandprosjektet sitt i Canada. Men Statoil opererer i 50 land, dette er ein stor del av landa i verda, og det skjer altfor fritt og hemningslaust.

Ei anna sak som vi kanskje tenkjer på: Kven er den største våpenseljaren i verda etter folketalet? Det veit vi vel alle?

Tre spørsmål til forfattarforeininga har eg å komme med:
1. Kvar blir det av miljøet (i verda)?
2. Jussen (i alt) stoppar vel ingen i dag - og har vel heller aldri gjort det før?
3. Kan forfattarane redde omdømmet sitt, forfattarane som gruppe (og ikkje ein einskild forfattar)?

I tillegg til å referere innlegget mitt på årsmøtet, kjem ein konklusjon her på dei tre spørsmåla rett over: Ja, eg er imot oljelandet og vil i staden ha framtidslandet. Ja, eg ser at rekneskapen over «oljelandet» er fælsleg - om enn nasjonalbudsjettet for fedrelandet aldri så mykje eser og eser opp som ein god bakst.




Ps 15/4-13:
Ein tosider i Dagbladet: 274 norske forfattarar rår Statoil å trekkje seg ut av tjæresandprosjektet i Canada .



Ps 17/4-13:
Her er tre årstal som representerte ein revolusjon i styringa av Noreg: åra 1814, 1884 og 1945. Eit langt, fire avissider langt, men svært oversiktleg og imponerande essay av Rune Slagstad finst om den nakne og reelle styringa av Olje-Noreg: Den nye samfunnsstriden .