Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Sjølvkritikk for eit dikt

Publisert 2005-01-13 22:11:21, sist endret 2011-10-17 16:49:29

Sjølvkritikk for eit dikt

Han som ikkje ler og er midt på bildet, det er Georges Brassens.
For eit år siden blei eg kontakta av ein journalist som er interessert i lyrikk, for enquete om dikt, eg hugsar ikkje ordrett oppdraget, men ymse forfattarar skulle drive litt sjølvkritikk av sitt siste verk, friviljug. For meg galt det da Eit hus mellom andre (2003), og eg sette i gong med eit svar som eg har enno. Tilfellet ville at avisa fekk for få svar på ønsket sitt til poetane, tykte avisa, så enqueten blei ikkje noko av, slik inntil vidare... Dette blei eg fortalt, og eg tviler ikkje på forklåringa, når eg aldri nokon gong har sett ein enquete med diktsjølvkritikk i akkurat den avisa - eller i andre aviser, for den del.

Men eg har på pc'en den skrivne sjølvkritikken min, altså eit ekte dokument som blei lokka fram og kom fram. Og det er ikkje naturleg for meg å halde ein slik kritikk for meg sjølv, og løynd for lesarane av dikta mine, no altfor lenge. Dette som innleiing til analyse av to dikt. I høve til den opphavlege enquete-teksten er analysen blitt utvida (til nesten det ukjennelege) her:

Del 1: Om å SMILE
Altså. I mi diktsamling Eit hus mellom andre står det eit dikt om å smile. Eg-personen i diktet er ikkje «så dyktig til å smile», men distanserer seg klårt frå «den brutale og triste» personen. Eg-personen beundrar Georges Brassens og fortel ei soge om det, men undrar seg mykje over kvifor denne ikkje smiler på bileta. Deretter opnast diktet (berre trykk no) opp på slutten, ved konstateringa av at «Heller ikkje Juliette Greco smilte. Få smilte.» Slik er altså diktet Den brutale triste (ikkje Georges Brassens), og i diktet er det rom for tolkingar:
1) Eg-personen og Brassens/ Greco liknar kvarandre og høyrer til ei alvorleg gruppe.
2) Folk smilte ikkje så mykje før i tida.
3) Artistar smiler ikkje i utide. (Iallfall var det heller lite av smil før, med få unntak.)
4) Seriøse menneske smiler aldri for mykje.
5) Er du lykkeleg, du som les diktet?

I si springande form opnar diktet for mange tankar. Og diktet stiller vel lesaren spørsmål som dukkar opp etter lesinga. «Kor blind er eg?» spør eg-personen i diktet, slik eg-personar i fleire klassiske norske dikt har spurt før. Altså opning utover, inkludert utover i litteraturen.

Del 2: Om det TRUFASTE
Ein motsats til smile-diktet mitt i boka er - frå den same boka - diktet med tittelen Det var skikkelege ting; og eg vil prøve å forklåre dette her. Iallfall opnar tingdiktet - og kanskje vennediktet - Det var skikkelege ting slik, med to versliner:

Tinga, der eg oppheldt meg,
var heile tida vennene mine.

Men desse opningslinene viser seg dessverre å vere vill-leiande eller verkar nokså ironiske, slik vi skal sjå. Ein rekapitulasjon av diktet (som blir resitert i sin heilskap til slutt) kjem her: Det nemnast ein fjord, og tyttebærnabbane, dei svarte svalene blir nemnd, likeså dei raude beitande kyrne som plasserte seg. Diktet (s 33) det skal ikkje nemne dei aller største felles tinga som sola og stjernehimmelen, og diktet skal heller ikkje rope ut om ukjende menneske som ser på meg.

Er dette diktet vellykka og opnar det seg på same måte som det første diktet eg nemnde? Lesi saman med dei andre dikta i boka, der det nettopp er menneske, mange menneske, til stades, er det blitt klårt for meg at «tingdiktet» her skjuler for mykje si store og bratte motseiing, og det er poetisk for slurvete. Diktet nesten skjuler si motseiing, som ikkje er menneske kontra ting, men dei felles tinga kontra slike personlege, eigde ting som kunne vere (kva skal vi velje?) ein poppel i hagen din, eit skåp frå besteforeldra, ein fetisj, eit smykke osv. Også slike private eller personlege ting kan jo vere følgjesveinar i lang, lang tid for somme, mange, utan at tinga blir nemnde og roste i Det var skikkelege ting, nei, ingen av dei blir roste, faktisk. F.eks er poppelen på Kjerkehaugen plassert på felles, kommunal grunn. Meir presist hadde det vori å starte slik:

Ting, der eg oppheldt meg
var heile tida vennene mine.

Altså ikkje fullt så generelt uttaler diktet seg da, og ettersom det skrid framover, passar diktet til denne opninga. Og nærleiken i meter er absolutt ikkje det som er utslagsgjevande, tvert imot.

Eg har nok høyrt enkelte seie at dei likar dette diktet i Eit hus mellom andre, f.eks har Jan Erik Vold vori innom det og vurdert det høgt. Men eg vil endre på diktet, er nøydd til det. For publikum er det lett å bli dåra av overflata på eit katalogdikt som dette, som eg no siterer i sin heilskap, med ei retta opning på diktet:

Ting, der eg oppheldt meg
var heile tida vennene mine.
Ikkje alltid setlane, og heller ikkje alltid fødde
menneske var det. Men tinga kom eg
iallfall tilbake til. Desse følgde
eg ofte trufast, og dei følgde meg opp:
F.eks ferjeleiet med stadig avgang
f.eks den himmelhøge gamle svartpoppelen på
Kjerkehaugen med alle daglege feiringar
F.eks Trondheimsfjordens rolege breidde
F.eks tyttebærnabbane med små mellomrom
f.eks signalfargane som kom og inviterte seg
F.eks dei raude beitande kyrne som plasserte seg
og f.eks dei svarte svalene på skrå under det blåe
Det var skikkelege ting
Derfor må eg prise tinga og ære dei,
dei viktige og trufaste og mest varige som eg får
Dei aller største felles tinga som sola og
stjernehimmelen og elden
skal eg ikkje nemne, og heller ikkje rope ut om
ukjende menneske som ser på meg.


Eit PS til artikkelen: Mange svartpoplar blir tjue meter høge. Veksten blei flytta til Noreg som prydbusk & tre, t.d frå Sør-Europa. Og i Kragerø, som var ein viktig sjøfartsby og har henta seg mang ein sydlandsk vekst, kallast poppelen for Balkanpoppel, liksom for å leggje vekt på innvandrarstatusen som treet har.


Kjelde:
Helge Rykkja: Eit hus mellom andre (diktsamling 2003), først diktet s 58-59 og deretter diktet s 33.