Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Kva avantgardistar liker?

Publisert 2013-03-05 18:50:19, sist endret 2013-03-09 10:41:42

Kva avantgardistar liker?

Anne Karin Elstad (1938-2012). Foto: Lars Eivind Bones
Det er store krefter i tilveret, familie og slekt, kjærleik, klasse, nasjon, stat. Og det er ikkje alltid at f.eks. slekt har vore like i skotet og akta på. Anne Karin Elstads to romanseriar hadde eit godt grep om turbulente tilhøve mellom dei store kreftene i tilveret. Og dei fire bøkene om Julie Storvik, ho blei fødd år 1900, tar lesaren gjennom tida med kriser og smittsame sjukdomar, to verdskrigar og norsk kamp om EEC i 1972 og folkerøystinga da, da Julie giftar seg igjen, er blitt 72 år gammal. Denne romanserien blei avslutta av Elstad med fjerde og siste band i året 2000... Elstad blei heidra med ord og stille under årsmøtet til Den norske Forfatterforening no i helga som var, fordi ho var ein av dei tre medlemmane som gjekk bort i fjor. Eg var med der på årsmøtet, og eg tenkte da nett på den romanserien av Elstad som vi nyss hadde lese heime, Julie-bøkene. (Dei andre to forfattarane som vi heidra, var poeten Alf Haugland og multikunstnaren Odd Børretzen.)

Apropos familie, her er eit innskote døme: Odd Nordstoga har gjort ein song som i det siste er blitt mykje populær i songtevlingar og ofte ønska på radio. Noko av grunnen må vere det demonstrative temaet og ok snekring av visa. Der blir det så konkret som ”ein farfar i livet” (og Odd Nordstoga er nok ingen farfar blitt enno sjølv med sine førtiein år på baken):


Ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein goffa å springe ned til
som alltid har lyst på ein kaffikopp
og til å kaste bort tid på ein liten kropp
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha

Ein farfar i livet skull´ alle ha
Ein bessfar å vende seg til
med alt som ein går rundt og lurar på
I farfar sitt naust er det alltid råd
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha


Ein farfar i kjeldress skull´ alle ha
som luktar av olje og sjø
Og med lommene fulle av gamalt skrot
Det er mykje få bruk for i goffas rot
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha


Ein farfar sitt fang det er godt å ha
For farfar har vore her før
Med heile sitt liv ligg han framom deg
Og spør du, ja, bessfar han viser veg
Ja, ein farfar i livet skull´ alle ha


Dei fire første romanane frå Anne Karin Elstad var ein serie som starta med Folket på Innhaug i 1976, noko som utgjorde debuten til forfattaren (fødd i 1938)... Begge romanseriane hennar skildrar både land og by og sambandet imellom, saman med generasjonsstraumen. Innhaug-serien, med Magret som hovudperson, går føre seg i tida 1810 - 1870, ei tid da nordmenn budde i distrikta, og da primærnæringane var innkomsten for dei fleste. Odelsamfunnet var kanskje langsamare enn utviklinga ute i verda. Og kvar enkelt bondegard sysselsette mange folk, sjølv om vestlandsjordbruket var organisert annleis og meir kollektivt enn jord-bruket lenger austpå. Handlinga i Innhaug-serien strekkjer seg geografisk frå fjellbygder i Sør-Trøndelag til bondebruk ved kysten av Nord-Møre, med innskotne handelsreiser til by.

Det neste fotoet her har med Julie-serien å gjere:

Øydeleggjing av ein by, bortimot slik Anne Karin Elstad skildrar den tyske terrorbombinga av Kristiansund i april 1940, med resultatet 900 hus i byen totalskadde. Foto lånt via nett frå: Kopervik og omegn historielag.


Anne Karin Elstad skriv frå seg ein overlegen romankomposisjon i begge seriane, tykkjer eg, og skaper ei rad store augneblinkar. Vi avantgardistar må berre gje oss over. Vi er ikkje stil-fetisjistar og toler innslag av vekebladspråk. Når det kjem til vendingar i handlinga, da er vi letta og grin med romansituasjonen, saman med dei mange lesarane som interesserer seg for romankunst og menneskeleg lagnad, det vil seie dei mange som skjønar kva som er stunder av fellesskap og store augneblinkar. Eg seier ikkje dette for å utrope Anne Karin Elstad til avantgardist, men for å seie ifrå om kva vi avantgardistar liker.


Eg kjende arbeidardiktaren Alf Haugland, som altså døydde i fjor, han er fyldig omtalt på wikipedia. Diktet «Reine hender» er frå samlinga Røynsle i 1984:


Vonar at
Reagan
og dei andre venene våre
får gjort seg ferdig i
Nicaragua og
El salvador
i god tid før
olympiaden i
Los Angeles

slik at dei kan
oververe leikane i
fred
for Maria Garcia Vilas
og andre
umenneske